Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aktuelt

Her finn du aktuelle nyhende som praksiskonsulenten ynskjer å formidle til samarbeidspartane våre. Spesielt ynskjer vi å gi informasjon til allmennlegar om aktuelt samhandlingsstoff som er relevant for dagleg praktisk og fagleg oppdatering. Vi tek gjerne imot stoff til denne sida!

25.04.24

Tilbod om lymfødembehandling i kommunane

Samhandlingslegane har fått spørsmål frå fastlegar omkring tilbod om lymfødembehandling. Helse Førde gir ikkje lenger dette tilbodet og ikkje alle kommunar har fysioterapeuter med denne kompetansen. Mari Bårdvik, Seksjonsleiar for klinisk fysioterapi og førebygging i Helse Førde har hjelpt oss med å skaffe til veie oversikt over kor tilboda finst i kommunane.  
Lista under er dei tilbod ho fått informasjon om så langt.  Kjenner kolleger til fleire fysioterapeuter som gir dette tilbodet takker vi for tilbakemelding og vi skal då oppdatere lista.  

Bremanger: 
Fysioterapeut Asle Førde, tfl 99418919

Sunnfjord: 
Aktiv Fysio - og manuellterapi i Førde, Aud Vassbotten Storøy, tlf 46920369.
Fysio/ ergoavd Naustdal, Nora Karoline Berge, tlf 57816039.
Magnus Liene ( helprivat), tlf  99377451

Kinn:
Florø, spesialfysioterapeut Camilla Mæland Fosse, tlf 91734430 ( fram til januar / februar 2025).
 
Gloppen:
Fysioterapeut Jannicke Felde, tlf 95828896

Stryn: 
Olden: Drageset Akupunktur og Fysioterapi AS, Fysioterapeut Jørn Sunde Drageset, tlf 41654128

Høyanger:
Lavik Helsesenter, Fysioterapeut Steffi Storch, tlf 99219340.

04.04.24

Endringa i tilbod ved Helse Førde si avdeling ved Sunnfjord Medisinske Senter i Florø. 

Helse Førde har lagt ut informasjon på sine nettsider og som her blir formidla av Samhandlingslegane.

«Styret i Helse Førde vedtok i januar 2024 å redusere medisinsk klinikk sine tilbud i Florø frå 01.04.  Styret opna samstundes for å kunne tilpasse endringsdatoane noko dersom hensiktsmesssig for drifta. Avdelingane har no planlagt endringane, og tidspunkta blir som følgjer i tabellen» - jfr lenke.

Tidsplan for endringar ved tilbodet i Florø - Helse Førde HF (helse-forde.no)

21.03.24

Helseatlas radiologi, MR

Interssant info om bruk av MR kolumna - samanlikning mellom sjukehus og foretaksområder bl.a. Helse Førde området.   
Dette helseatlaset omhandlar bruk av polikliniske MR-undersøkelser av kolumna (ryggrad) for busette i helseforetaka sine opptaksområder.

Atlaset består av tre tema. Det første er ein samleanalyse for fleire MR-undersøkelsar som inkluderer heile eller deler av kolumna. Dei andre to beskriv dei vanligste MR-undersøkelsane av kolumna, lumbosakral- (korsrygg) og cervikalkolumna (nakke).

Helseatlas (skde.no)

14.03.24

Endring avtalepraksis ØNH på Nordfjordeid og i Førde.

1. april overtar Oddvin Bjørge (Eid ØNH) for John Arthur Kvamme (Nordfjord ØNH) i 50% avtalepraksis på Nordfjordeid.
Bjørge er èin erfaren ØNH lege, med bakgrunn frå ØNH Sentralsykehuset Ålesund og Medi3 Ålesund.
Ingen endring av åpningstid eller tilbud, framleis søvnregistreringar.
Same dato utvidar Kvamme (Sunnfjord ØNH) frå 50 til 100% i Førde.  Han jobber i avtalepraksisen mandag til torsdag og ved ØNH avdelinga på sjukehuset fredager.  I praksisen i Førde startar han no opp med søvnregistrering. Pasientar kan og henvisast direkte dit til vurdering ifht høyreapparat.

Avtalespesialistpraksis i augesjukdomar i Florø - utlyst no for andre gang......

Florø har hatt augelegepraksis sidan tidleg på 90 talet - dei første åra på Florø sjukehus og sidan 2001 ved Sunnfjord Medisinske Senter.  I tillegg til pasientar frå Florø har praksisen også hatt pasientar frå nærområdet - inkludert Bremanger og Naustdal.  Augelegen i Florø går av for aldersgrensa i løpet av dette året og Helse Vest har utlyst heimelen frå 1. september i år .  Kolleger i allmennpraksis har stor nytte av lokal augelegepraksis for samarbeid og for å kunne tilvise pasientar.   Med dei kapasitetsproblem det er i augelege-faget for tida vil  manglande augelege i Florø sjølvsagt medføre betydeleg problemer både for legar og pasientar.
Om nokon av våre lesarar kjenner til augelegar som det kan vere aktuelt for å søke på denne stillinga så ta direkte kontakt med vedkomande!  Lenke under til stillingsannonsen og Sunnfjord medisinske senter sine nettsider.

100 % avtaleheimel i augesjukdomar i Florø - Helse Vest RHF | legejobber.no

Sunnfjord Medisinske Senter – Samhandling under same tak (sms-senteret.no)

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) - endring i organisering

Wenche Sjåstad, seksjonsleiar for Habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Førde har sendt epost til samhanldingslegane der ho skriv:

Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) er frå 01.04.24 ikkje lenger seksjon under Barneavdelinga, vi er flytta til Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. I denne samanheng er det viktig at fastlegane får informasjon om at dei frå no må sende tilvisingane til HABU ved Barnehabilitering@90447.De skal likevel vere trygge på at dersom tilvisinga går direkte til Barneavdelinga, så har vi rutine som sikrar overføring til rett seksjon. Elles er alle telefonnummer og e-postadresser som før.

Botox ved tensjonshovudpine - avgrensa tilbod om behandling ved nevrologisk avdeling Helse Førde.

Samhandlingslegane har fått spørsmål frå allmennlegar vedr tilbod i Helse Førde for botox-behandling for hovudverk.  Avdelingsoverlege Stig Hegrestad svare:
"Det er pr i dag ikkje etablert indikasjon for Botox-behandling mot tensjonshodepine. I heilt spesielle og terapiresistente tilfelle er unntaksvis dette likevel blitt praktisert her hos oss, men det har etterkvart blitt innstrammingar av denne praksis. Vi har elles hatt enkelte pasientar der det viser seg at det ved nærare gjennomgang også ligg føre migrene og som såleis fell inn under indikasjon.
Det foregår studier på Botox ved tensjonshodepine ved NTNU. Dersom det er pasientar som ynskjer å være med kan dei gå inn på heimesidene til Norhead og melde si interesse. Dei vil så bli kontakta direkte av studiesjukepleiar med tanke på inklusjonskriterier etc."



 

07.03.24

Omlegging av logistikken ved igangsetting av fødsel

Overlege ved kvinneklinikken Trude H Folkestad skriv i ein epost til Samhandlingslegane.  "Mandag 4. mars starter vi med poliklinisk induksjon. 
Dvs dei gravide møter til avtalt tid i poliklinikken. Her blir dei tatt imot av jordmor og det blir tatt CTG. Ballongkateter er førstevalg når ein ikkje kan ta vatnet. 
Dei som er friske og bur nær nok kan reise heim med ballong. ( ca 30 min reiseavstand dersom det ikkje er spesielle utfordringar på vegen, som td rasfare)
Dei som bur lengre vekk men er friske, bur på Sunnfjord hotell eller pasient hotell. ( eiga avtale. Jordmor i poliklinikken bookar rom til dei)
Når mennene vil være med bookar ein dobbeltrom. Det vil då bli ein kostnad på 200kr som paret sjølv må koste.  Dei betaler då direkte til hotellet. 
Dei med risiko blir i avdelinga som før. Dette er identifisert i prosedyren. Vedlagt ligg pasientinformasjonsbrosjyren.

Igangsetting av fødsel Førde sentralsjukehus - pasientinfo.pdf

 

Polikliniske obduksjonar

Marita Osland, førstesekretær/ IT- ansvarleg ved avdeling for patologi i 
Helse Førde har sendt oss ein epost der ho bl.a. skriv: "Vi får inn i mellom telefon frå kommunelegar i Sunnfjord og Nordfjord om følgjeskjema for obduksjon. Vi har ikkje elektronisk løysing for dette enno og opplever at dei sender tilvising via DIPS for å be om obduksjon. Då får ikkje vi dei nødvendige opplysningane vi treng for å utføre medisinsk obduksjon. Det er viktig at dei brukar skjemaet som er til dette formålet. Mellom anna er det viktig at dei kryssar av for om dei har vore i kontakt med politiet. Legg ved eit skriv om korleis ein kan finne skjema på heimesida til Helse Førde. Der kan ein fylle ut skjema i PDF- format, skrive ut og sende med gravferdsbyrå når dei transporterer MORS til sjukehuset." 

Laboratorietenester - Helse Førde HF (helse-forde.no)

Finne obduksjonsbegjæring på helse-forde.no.pdf

 

08.02.24

Aktuelle lærings- og mestringskurs 2024

Rikt utvalg av kurs ved LMS som kan vere aktuelle for pasientane våre og der henvisning frå lege må foreligge i mange tifeller.  Aktuelt no er bl.a. diabetes type 2 (grunnkurs), pårørandekurs til diabetesbarn, tinnitus, hjerneslag, å leve med demens, bruk-av-høyreapparatkurs, sjukleg overvekt, lungerehabilitering, barn med epilepsi, atrosekurs, leve med og etter kreft. Fullstendig oversikt finnas på nettsiden til Lærings- og mestringssenteret. 

Lærings- og meistringssenteret - Helse Førde HF (helse-forde.no)

 

11.01.24

Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, informasjon til kommuneoverlegar, fastlegar og legevaktslegar

Lin Hjelmeland Finjord, Fagutviklingssjukepleiar ved Overgrepsmottaket Sogn og Fjordane har sendt informasjon vedrørande tenesta.  Ho skriv at dei opplever at det i dag er for få fastlegar som tilviser pasientar til overgrepsmottaket.

Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit akutt-tilbod til personar utsette for seksuelt overgrep, og tilsvarande for dei som er utsette for vald i nære relasjonar. Overgrepsmottaket er lokalisert ved legevakta i Førde (SYS IKL) og har døgnberedskap. Tilbodet er sjølvsagt frivillig for den overgrepsutsette. Ved overgrep vert akuttfasen (for sporsikring) rekna frå 0 – 4 døgn etter overgrepet, og ein kan finne gode  spor inntil ei veke etter overgrepet. Vi tek og i mot pasientar der overgrepet ligg lengre attende i tid, dersom det vert vurdert som hensiktmessig.

Informasjon frå Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.pdf

Oppdatert informasjon om pakkeforløpskoordinatorane for kreft

Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.

Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid for pasientar og pårørande er mandag til fredag fra kl 0900 -1300. Ved fråvær av forløpskooordinator bør ein ta kontakt med behandlande avdeling.

Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid for pasientar og pårørande er mandag til fredag fra kl 0900 -1300. Ved fråvær av forløpskooordinator bør ein ta kontakt med behandlande avdeling.

Oversikt forløpskoordinator Helse Førde_pr 01.12.23.pdf

14.12.23

Status og utviklingstrekk for Sogn og Fjordane Helsefelleskap

Denne rapporten er utarbeidd av Samhandlingsbarometeret https://samhandlingsbarometeret.no/ på bestilling frå Helse Førde ved utviklingsdirektør og samhandlingssjef. Den presenterer status og utviklingstrekk for sentrale statistikkvariablar i dei seinare åra for Sogn og Fjordane helsefellesskap. Data er basert på tilgjengeleg statistikk i Samhandlingsbarometeret, som igjen bygger på data frå NPR (Norsk Pasientregister), KPR (Kommunalt Pasient- og 
brukerregister), FHI (Folkehelseinstituttet), SSB (Statistisk Sentralbyrå), Nasjonale Kvalitetsindikatorar (Hdir.) og Vestland fylkeskommune si Folkehelseundersøking frå 2022. Alle data i barometeret er i utgangspunktet relevante for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, og såleis også for arbeidet i 
helsefellesskapet.

Rapport 2023 - Status og utviklingstrekk for Sogn og Fjordane helsefellesskap – Kopi.pdf

Nedlegging av analysen albuminkorrigert calsium 

Kalsium førekjem i tre former i plasma: 40% er proteinbundet, 10% dannar kompleks med anioner, og 50% er fritt. Ved analyse av total kalsium bestemmast alle tre formene. Fritt kalsium er den biologisk aktive fraksjonen som vi har nytte av å kjenne til.

Nedleggelse av analysen albuminkorrigert kalsium - oppdatert.pdf

Samarbeidsmøte mellom samhandlingslegane og laboratorietenestene i Helse Førde

Nyttig samhandlingsmøte der tema som nye analysepakker, viktigheita av kliniske opplysningar ved mikrobiologiske prøvar av sår og puss samt informasjon av nytt prøvetakingsutstyr for mikrobilologi var tema. 

 Samhandling lab-legekontor 07.12.23.pdf

Laboratorietenester - Helse Førde HF (helse-forde.no)

Akutthjelpararodninga

En ny rettleiar gir kommunar og helseforetak eit verktøy for å styrke beredskapen ved å lage gode avtaler med akutthjelparane sine organisasjonar. – Rettleiaren skal bidra til betre struktur og kvalitet på akutthjelpartenesta, som har vore eit livreddande tiltak i snart 15 år, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Helen Brandstorp.

Ny veileder for akutthjelpere - Helsedirektoratet

Forløpskoordinatortenesta for pakkeforløp kreft

Her finn vi oversikt over koordinatorer med telefonnummer ved dei ulike kreftpakkeforløp i Helse Førde.  Nyttig å skrive ut eller lagre på eigneleg plass når det er behov for kontakt - enten frå lege eller pasient.  

Oversikt forløpskoordinator Helse Førde_pr 01.12.23.pdf

23.11.23

Papirrekvisisjon og prøvetakingsetikettar med pasient frå Helse Førde når prøver skal takast ved fastlegekontor.

Pasientar i Helse Førde får no med seg både papirrekvisisjon og prøvetakingsetikettar når prøven skal takast på legekontor.

Etter overgangen til DIPS Arena i Helse Førde får pasientane no med  seg ein annan type papirrekvisisjon til Laboratorie for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Førde. Dei vil då ha med seg ein laboratorierekvisisjon og etikettar skrivne ut frå DIPS.  Det vil gå fram frå utskrifta kva prøver som er rekvirert. På etikettane står det kva prøveglass som skal nyttast. Etikettane setjast på prøveglasa og sendast saman med utskrifta frå DIPS. Det er viktig at signatur prøvetaker, prøvetakingsdato og tidspunkt vert påført utskrifta som sendast saman med prøva.  Dersom fastlegen ynskjer kopi av svaret, påførast HPR nummeret til legen på same utskrift.
Labanalysar i Helse Førde - Blodprøver rekvirert frå spesialisthelsetenesta som takast på fastlegekontora (helse-forde.no)

Endra rutiner for legemiddelhandtering i ambulansetenesta - ordinering etter prosedyre

Ambulansesjef Stian Sægrov og medisinsk  rådgivar Rune Larsen har sendt ut denne informasjonen som no samhandingslegetenesta i Helse Førde deler på våre nettsider.

Helse Førde utviklar kontinuerleg tilbodet i ambulansetenesta, m.a. legemiddelinnhald. Dei seinare åra har tenesta innført trombolyse ved STEMI, fentanyl har erstatta morfin, NSAID (ketorolac) er innført og no sist, ketamin er innført som adjuvant smertelindring.

Endringane har vore sondert og drøfta i «akuttmedisinsk samhandlingsforum», forankra i delavtalen om den akuttmedisinske kjeda mellom kommunane og Helse Førde. Forumet har vore ein viktig dialogpartnar i prosessane, kor representantar frå Helse Førde, dei større legevaktene og fleire kommuneoverlegar møtest kvartalsvis.

Ambulansetenesta sine rutinar for legemiddelhandtering har til no vore slik at ein i kvart enkeltoppdrag har fått ordinasjon med vaktlege eller innleggande lege.

Endra rutiner for legemiddelhandtering i ambulansetenesta - ordinering etter prosedyre.pdf

Ansvarsforhold i ambulansetenesta Helse Førde.pdf

Tiltakskort medikamenthåndtering - etter prosedyre_Helse Førde.pdf

Oppdaterte og reviderte analysepakker i Dips interactor

I samarbeid med samhandlingslegane i Helse Førde har no laboratoria oppdatert og revidert forslaga til analysepakkane som ligg i Dips interactor og der allmennlegane kan får råd om aktuelle analyser ved diverse tilstander (skriv i søkefetet).  Analysepakkane inneheld også det som mange kontor oppfatter som «interne prøver» .  Desse kan slettast under rekvisisjonen og takast lokalt – evt. så blir alle analysane gjort i Førde /Haukeland. 

Revisjon av analysepakkane er forsøkt gjort i tråd med «Kloke valg» og etter tung involvering også av erfarne allmennlegar bl.a. samhandlingslegar i Helse Bergen.

Revisjon i analysepakker Dips interactor.pdf

Dialogmøte mellom samhandlingslegane og Psykiatrisk klinkk i Helse Førde torsdag 26.10.23

Tema som blei drøfte var samarbeid om pasientar underlagt tvang, orientering om oppretting av FACT team i Sunnfjord og Ytre Sogn, orientering om ordninga med felles henvisningsmottak i psykiatrien (som no også gjeld avtalespesialistar i psykologi og psykiatri) og problemstillingar omkring innlegging av pasientar ved Psykiatrisk klinikk.  Referatet er vedlagt.

Samarbeidsmøte PKO- Psykiatrisk klinkk Helse Førde 26.10.23.pdf

09.11.23

Vitamin B12 mangel og behandlinga av slik tilstand

Det har vore nokon runder vedr B12 siste halvår – ikkje minst etter at referansegrensene blei heva.   Etter eit møte med samhandlingslegane i Helse Førde presisere Anne Lise Monsen, overlege ved laboratoriet i Helse Førde i vedlegget  korleis B12 mangel skal oppfattast og kva behandling som er aktuelt når. 

Ein nyleg publisert internasjonal artikkel ho har forfatta i samarbeid med ein kollega er også vedlagt.

Behandling av vitamin B12 mangel-til fastleger Helse Førde.pdf

Vitamin B12 – a scoping review for Nordic Nutrition.pdf

Fastlegar for digital tilgang til journal i heile Helse Vest området

Margrete Lexow Wie, Prosjektleiar Digital samhandling Helse Vest IKT, har sendt epost til samhandlingslegane der ho orienterer om korleis ein frå 21.11.23  får tilgang til pasienten sin journal via Kjernejournal.

Sjå lenker og vedlegg:

Fastleger får digital tilgang til journal.pdf

I denne videoen viser NHN hvordan du bestiller tilgang til pasientens journaldokumenter gjennom Kjernejournal for ditt legekontor:

Journaldokumenter i Kjernejournal - Slik bestiller du tilgang (vimeo.com)

Deling av pasientens journaldokumenter gjennom kjernejournal - Norsk helsenett (nhn.no)

26.10.23

FACT  for Sunnfjord og ytre Sogn​

​​Helse Førde ved psykiatrisk klinikk DPS dag, har starta arbeidet med utgreiing av FACT for Sunnfjord og ytre Sogn. FACT (Flexible Assertive Community Treatment) er ein samhandlingsmodell mellom spesialisthelsetenesta og kommunen. Modellen rettar seg mot personar med alvorlege psykiske lidingar og med store samansette utfordringar. ​
FACT Sunnfjord og ytre Sogn.pdf

19.10.23

PKO skifter namn

PKO ordninga endrar namn til «Avtale om samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og fastleger»  og praksiskonsulent blir «samhandlingslege»
Avtaleparter i denne reviderte rammeavtalen er dei fire regionale helseforetakene og Den norske legeforening. Protokoll er underteikna 16.08.23, med virkedato frå 01.01.24.
Ordninga skifter namn frå Praksiskonsulentordningen (PKO) til «Avtale om samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og fastleger». Det spissar målgruppa for ordninga.  Då blir også begrepa praksiskonsulent og PKO-leiar avvikla.  Det er ikkje landa nokon kortversjon/forkortelse for ordninga enno. 

Alisportalen Helse Vest

Minner igjen om alis-portalen der sjukehusa i Helse Vest legg ut ledige stillingar  for ALIS legar som treng sjukehuspraksis. 
https://alis-i-sykehus.ihelse.net/

Samhandlingsdag Barn og unge – for Førde BUP og kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn

Samhandlingsdagen blir arrangert 16 november 2023 på Scandic Sunnfjord hotell for Førde BUP og kommunane Sunnfjord, Fjaler, Kinn, Askvoll, Solund, Hyllestad og Høyanger
Tema for dagen: Korleis samarbeider vi rundt barn med angstproblematikk som treng hjelp frå begge nivå og jobbar saman for dei beste løysingane og rett hjelp på rett nivå?
Målsetting for dagen: Nettverksbygging, samordning og felles forståing av utfordringsbildet mellom dei personane som samarbeider for barn og unges psykiske helse på tvers av kommune og sjukehus
Målgruppe: Leiarar og sentrale tilsette som arbeider med barn og unge i oppvekst og helsesektoren i kommunane, og BUP (Til dømes: Leiarnivå, rektorar, barnehagestyrarar, fastlegar, kommuneoverlegar, barnevern, PPT, skulehelseteneste, helsestasjon)
https://samhandling-sfj.no/samhandlingsdag-barn-og-unge-for-forde-bup-og-kommunane-i-sunnfjord-og-ytre-sogn/


Siste nytt om eMeistring

eMeistring er vegleia psykologisk behandling via internett. Innhaldet i behandlinga er evidensbasert og basert på kognitiv atferdsterapi. Kontakten mellom terapeut og pasient skjer skriftleg via nettet. Behandlingsprogrammet har vist seg å vere like effektiv som ansikt-til-ansikt-behandling. To av tre pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget har fått god effekt.
Pasientar kan melde seg på sjølv eller få tilvising av fastlegen. ​
https://helse-forde.no/emeistring

eMeistring informasjon.pdf

​E-læringskurs i sjølvmordsforebygging for allmennlegar

NSSF skriv: Nasjonalt senter for forsking og- forebygging av selvmord (NSSF) har utarbeidet  et e-læringskurs i selvmordsrisikovurdering som er spesielt egnet for allmennleger. NSSF ønsker at flere skal vite om kurset og gjennomføre det. 
Kampanjen rettet seg mot befolkningen over 18 år, med mål om at flere skal søke hjelp ved selvmordstanker og psykiske vansker som kan øke selvmordsfaren. Helsedirektoratet samarbeidet med flere regionale aktører om kampanjen.
Forskning viser at et flertall av de som tar sitt eget liv har vært i kontakt med fastlegen sin det siste året før de døde. Fastlegen har derfor en viktig rolle i å fange opp og hjelpe personer som har selvmordstanker. I forbindelse med kampanjen anbefaler vi et e-læringskurs i selvmordsrisikovurdering for allmennleger. Kurset er gratis og åpent 
https://selvmordsrisikovurdering.no/

Gratis e-læringskurs- diabetesomsorg på legekontor

Noklus skriv: Ønsker medarbeidere på ditt legekontor mer kunnskap om diabetes og Noklus diabetesskjema? Noklus publiserte forrige uke et nytt e-læringskurs som gir grunnleggende diabeteskunnskap tilpasset behovet for medarbeidere på legekontoret.

Medarbeidere samhandler daglig med pasienter med diabetes og det er derfor ekstra viktig at de har god forståelse for og grunnleggende kunnskap om sykdommen. 
Vi anbefaler at alle medarbeidere på legekontor tar kurset som tar ca 30 min - må logge inn på "Min side" i Noklus portalen:
​https://portal.noklus.no/Account/Login?ReturnUrl=%2f

Tilvisingar till Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

PBU sender her informasjon om tilboda sine.  Der er framleis lange ventelister i Sunnfjord og Nordfjord år det gjeld tilvising til BUP,  men dei prioriterer så godt dei kan. Siste tida har det vore god kapasitet på UPH. Vedlagt er lenke som kan vere nyttig ved tilvisingar. 
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/informasjon-til-tilvisar-og-fagpersonar

Tilvisingsrutine til Habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Førde

Tilvising skal sendast som vanleg elektronisk henvisning, “Den gode tilvising”. For å få den informasjonen som trengst bør det brukast sjekkliste. Dette er viktig for å sikre at det blir gitt rett informasjonen som er nødvendig for å vurdere tilvisingane.  Sjekklista som er vedlagt i eiga lenke under kan enkelt leggast inn som ein mal i legens EPJ og brukast på dei få tilvisingane ein sender vedr desse pasientane.  

Eit godt habiliteringsresultat for barn og unge er eit gjensidig ansvar for kommune og spesialisthelestenesta. Det kommunale hjelpeapparatet har det daglege ansvaret for habiliteringa.   Spesialisthelsetenesta skal bidra til å bygge opp den kommunale kompetansen, og yte tenester som krev særskild kompetanse.

Tilvising til Habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Førde.pdf

Sjekkliste ved tilvising til HABU.pdf

07.09.23

ØNH spesialist John Arthur Kvamme overtar avtaleheimelen etter Helge Hagen og navnet blir Sunnfjord Øyre Nase Hals.

1. september 2023  går ØNH spesialist Helge Hagen av med pensjon. John Arthur Kvamme overtar avtaleheimelen og navnet blir Sunnfjord Øyre Nase Hals.Uendra 50% avtalepraksis, opent mandag og torsdag. Kvamme fortset med 50% avtalepraksis på Nordfjord sjukehus, Nordfjord Øyre Nase  Hals.
Opent som før, tirsdag og onsdag. Fredagane er Kvamme overlege på FSS.
Adressene for elektronisk tilvising ligg i NHN adresseregister både på namn og firma.

Nye retningslinjer for livmorhalsprogrammet.

Det er nye retningslinjer for livmorhalsprogrammet. 
No er det HPV test for alle mellom 25-69 år og test anbefallt kvart 5 år. 
Viser til kreftregisteret for meir informasjon.

Tilvising for operasjon av varicer.

Karkirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssykehus registrerer at det er stor pågang av henvisninger gjeldende spesialistvurdering av venøs insuffisiens i underekstremiteter.
Venøs insuffisiens (varicer/åreknuter) i underekstremiteter er en vanlig og vanligvis ufarlig tilstand. Det kjennetegnes ved ikke-fungerende veneklaffer og reversert blodgjennomstrømning i vener som leder til økt venøs trykk og åreknuter. Tilstanden er kronisk, og en stor del av befolkningen vil ha en livslang risiko for ytterligere utvikling av åreknuter uavhengig av kirurgisk behandling. I de fleste tilfeller er det ikke behov for noen annen behandling enn kompresjonsstrømper. Info til FL venøs insuff.pdf

08.06.23

Nye Førde sjukehus sin kvinneklinikk og barne- og ungdomsavdeling​

​Spennande presentasjon i digitalt møte den 05.06.23  av ​​Nye Førde sjukehus sin kvinneklinikk og barne- og ungdomsavdeling som opnar hausten 2024.  Reknar med at ikkje så mange av kollegane fekk dette digitale møtet- så legg ut presentasjonen og ein liten oppsummerande videosnut her. 
Nye Førde sjukehus_KK og barn_Møte med kommunane 5 juni 2023.pdf ​​
https://vimeo.com/830553088/98e3607017?share=copy ​

01.06.23

Samkonsultasjon- videomøte i psykisk HV for voksne mellom første og andrelinjetensta.  

Samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og kommunar i nedslagsfeltet. Totalt er det 
13 kommunar i Indre Sogn og Nordfjord som er starta med utprøving. Prosjektet gjeld
bruk av digital samkonsultasjon mellom kommunale helsetenester, 
spesialisthelsetenesta og pasient med psykiske lidingar.
Aktuelle pasientar er psykisk sjuke personar med helsetilbod/helsehjelp både frå 
kommunale helsetenester og spesialisthelsetenesta. Prosjektet fokusera på korleis 
overgangar og oppfølging av pasientar med omfattande behov kan bli betre ved bruk 
av videokonsultasjon.
Metoden er tilgjengeleg for kommunar også utanfor prosjektet og er i stor grad i dagleg bruk ved slike møter.  Ved slike tverrfaglege møter kan takst 14 brukast av allmennlege. 

Digital samhandling_videomøte for oppfølging av pasient i PHV.pdf   
Prosedyrebeskrivelse - Digital samkonsultasjon alvorlig psykiske lidelser _med logo og QR-kode.pdf
 

Samarbeidsmøte mellom PKO og labtenestene i Helse Førde

Fleire tema interassant for kolleger ute -sjå lenkane.  

​​

 

11.05.23

​Manglande kapasitet innan endokrinologi. Informasjon til fastlegar​

Overlege / endokrinolog Geir Hølleland skal jobbe 20 % frå 01.06.23 mot dagens 91 %. Dette inneber at vi ikkje har endokrinolog i Helse Førde som kan ta pasientkonsultasjonar. Hølleland skal jobbe med  pasientadministrative oppgåver, noko undervisning og elles bistå med støttetenester til diabetessjukepleiarar m.fl. 

Tilvisingar skal framleis sendast Helse Førde, medisinsk avdeling, og vil bli vurderte av Hølleland. Avdelinga vil inntil vidare ta hand om pasientar med diabetes. 
Det blir vurdert kven av pasientane som må tilvisast vidare til Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Vågen spesialistpraksis i Bergen. Pasientane blir informerte om vidaretilvising og dialogmelding vert sendt tilbake til tilvisande lege. I samarbeid med HUS, vil legar i spesialisering ( LIS 2/3) i Helse Førde ta tilpassa konsultasjonar. 

Volda sjukehus har ikkje kapasitet til å ta pasientar frå Helse Førde. 

Det vert jobba med rekruttering av endokrinolog, men det er ikkje utsikter til å få tak i ny på kort sikt.

Nefrologane Astrid Dale og Mona Løvø har ikkje kapasitet til å svare på spørsmål innan endokrinologi utover diabetesfeltet. Spørsmål frå fastlegar må stillast direkte til vakthavande lege på endokrinologisk seksjon, HUS. Skriftlege førespørslar om diabetes sendast til Førde sentralsjukehus, medan spørsmål elles innan endokrinologi må sendast til HUS.
Manglande kapasitet innan endokrinologi. Informasjon til fastlegar mai 23.pdf


Informasjonsmøte om tilbodet til kvinneklinikken og barne- og ungdomsavdelinga i Nye Førde sjukehus. 

 Målgruppa er tilsette ved helsestasjonar, legekontor og andre i kommunen som har kontakt med tenestene.  
 Tid og stad: 5. juni 11.30 – 12.30 via Teams
 
Ynskjer å informere om: 
Føde- og barseltilbodet
Gynekologi og operasjonstilbodet
Avansert heimesjukehus for barn og familiesentrert nyfødtintensivomsorg.
Det tas gjerne imot spørsmål,  om eventuelle ønskjer og behov frå kommunane. 
Påmelding innan 1. juni til Marit Kleiven via e-post: marit.kleiven@helse-forde.no​ 

Etter påmelding sendast det ut ei teamslenke for deltaking.  
 Ansvarlege: 
Avdelingssjef for kvinneklinikken Trude Hansen Folkestad
Avdelingssjef for barne- og ungdomsavdelinga Hildegunn Styve Borkamo 
Marit Kleiven 
Seniorrådgivar, Fag- og utviklingsavdelinga
Programstab, Pasientens helseteneste

Fagdag i regi av psykiatrisk klinkk 2024

Psykiatrisk klinikk fekk gode tilbakemeldingar på fagdagen for fastlegar og spesialistar 21.04.23 med tema Tvang- forebygging av tvang i psykisk helsevern for vaksne . 
Evaluering viser eit samstemt ja til spørsmål om årleg fagdag i regi av Psykiatrisk klinikk . Vi ønsker allereie no å formidle at det vert ny fagdag i april 2024.
Utfyllande informasjon om dato, stad og tema vil komme​
04.05.23
Innføring av aldersjusterte kliniske beslutningsgrenser for B12 og folat​
Laboratorium Medisinsk Biokjemi og Blodbank (LMBB) erstattar referanseområde med kliniske beslutningsgrenser for analysane B12 og folat.
Frå 17. april vil referanseområda for B12 og folat bli endra til aldersjusterte kliniske beslutningsgrenser. Ei klinisk beslutningsgrense angir nivået der vitaminmangel er sannsynleg, medan eit referanseområde angir intervallet der verdiane til 95% av antatt friske personar ligg. Endringa vil gjere det lettare å identifisere pasientar med mangel 
Dei nye kliniske beslutningsgrensene finst på labanalyse.helse-forde.no: https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/246.

​Klinisk skrøpelighetsskala

(CFS)Klinisk skrøpelighetsskala er ein norsk oversettelse av den canadiske Clinical Frailty Scale. Utfyllande informasjon om skalaen og gode råd om bruk finst på Legeforeningens nettsider (legeforeningen.no), under fag hos Norsk forening for geriatri.  Skalaen blir mykje brukt i samhandlinga mellom nivåa i helsetenesta og er nyttig i funksjonsvurderinga til den enkelte pasient.  
https://lvh.no/symptomer_og_sykdommer/eldre/om_eldre/klinisk_skroepelighetsskala_cfs

https://www.legeforeningen.no/foreningsledd/fagmed/norsk-forening-for-geriatri/fag/tester-og-registreringsskjemaer/​

30.03.23

Kul i bryst

Astrid Rege, overlege ved kvinneklinikken SFF har sendt epost til PKo der ho skriv: "Kvinneklinikken opplever at vi stadig at vi får henvisingar på kvinner med funn av kular i bryst. Elles i Europa høyrer mammakirurgi stort sett  til Gynekologi, så det er ikkje så merkelig at mange fastlegar velger å sende henvising til gyn.
Eg vidaresender desse til kirurgisk avdeling, men dette medfører vanlegvis lengre vurderingstid av henvisingar (først kan henv ligge eit par dagar på gyn, så nokre dagar på kir).
Kan du på ein eller annan måte forsøke å vidareformidle ut til dine fastlegar at mammasjukdomar høyrer til kirurgi, og at henvisingar må sendast dit?
Vi har forøvirg gjort ein avtale med kirurgen om at mastittar i samband med amming skal gå til KK.​​"

Som mange av kolleger veit så tilvisast dei fleste av desse pasientane til mammografi via interactor - radiologi.  Her blir det gjort mammografi og u.l. og om kirurg skal involverast blir dette gjort via brystdiagnostisk senter.  

23.03.23

​Beslutningsgrenser på B12 og Folat ved overlege Anne-Lise Bjørke Monsen

Digital undervisning torsdag 16. mars kl 15.00-15.45 - lenke til gjennomført undervisning ligg her:  https://vimeo.com/808672153​
Anne-Lise Bjørke-Monsen er spesialist i barnesykdommer og i medisinsk biokjemi, overlege ved laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Førde. Ho har i ei årrekke arbeidd forsking på vitaminer, sporelementer og miljøgifter hos ikkje-gravide, gravide og ammende kvinner og barn

 

Endring av fraser og behandlingsråd fra Osteoporosepoliklinikken

Overlege Anja Myhre ved revmatologisk avdeling skriv til PKO: 
Det har akkurat vært en ny revisjon av prosedyrene på osteoporosepoliklinikken. Det er nå 2 år siden vår siste store revisjon. Så her kommer litt informasjon om dette, fint viss du kan formidle dette til fastlegene. 
Det har skjedd store endringer i både diagnostikk, behandling og oppfølging av osteoporose de siste årene, og det er en gledelig utvikling. Jeg får mange forespørsler fra fastleger, og det er en meget nyttig, effektiv og for meg hyggelig måte å kommunisere om disse pasientene på. Det er mer fokus på den totale bruddrisikoen som avgjørende for om man skal behandle, og for valg av behandling. Her er DXA-måling en del av et puslespill, men ikke fasiten. Viser til den nasjonale prosedyren for oppsummering, denne ligger i appen Metodebok, på norskrevmatologi.no/osteoporose, eller via nettsidene til Norsk revmatologisk forening. Det er et pågående arbeid for å lage felles nasjonale retninglinjer på tvers av fagruppene revmatologi, ortopedi, endokrinolog og allmennpraksis. 

Sjå heile notatet i lenka under.  
Endring av fraser og behandlingsråd fra Osteoporosepoliklinikken.pdf

16.03.23

"Helse i arbeid" - presentasjon i "Paraplyen"

​​​Nyttig samarbeidsprosjekt der fastlegar som treng avklaring ifht sjukemeldte kan tilvise pasient til fysikalsk-medisinsk avdeling og der pas får vurdering av fleire faggrupper.  NAV sine representanter i HelseIArbeid er ein del av teamet som treffer pasienten.    
Paraplyen HIA.pdf

16.02.23

Felles tilvisingsmottak i psykisk helsevern -ny ordning frå 1.mars 2023.  

Tilvisingsmottaket på DPS vil vurdere om pasienten har rett til helsehjelp og ev. setje ein frist for helsehjelpa. Deretter vil dei så langt råd sende tilvisinga over til avtalespesialisten for vidare oppfølging. Det er helseføretaket som er ansvarleg ved ev. fristbrot, og ein kan difor oppleve at tilvisingar vert tildelt annan instans dersom det er naudsynt for å oppfylle retten til helsehjelp innan fristen som er sett. Eit alternativ vil i slike høve vere at pasienten seier frå seg retten til helsehjelp innan fristen for å stå på venteliste hjå vedkomande spesialist

Felles tilvisingsmottak i psykisk helsevern_ny ordning for tilvising til avtalespesialist i psykisk helsevern.pdf

 

Samhandlingsmøte mellom PKO og kvinneklinkken

​26. januar blei det arrangert eit samhandlingsmøte mellom PKO og kvinneklinkken, Helse Førde.  Mange og viktige tema i samhandlinga mellom klinkken og allmennlegane blei drøfta - jfr momentlista under.  

Nye rutiner for oppfølging av cytologisvar - jfr flytskjema i lenka under
Tilvising til tidleg ultralyd (som no  er eit tilbod til alle gravid!) - viktig å differensiere i Tilvisinga om dette gjeld fosterdiagnostikk eller terminbestemmelse.  Jordmødre i kommunehelsetenesta foretar nok no mange av desse tilvisingane men viktig at fastleger som tilviser er klar over dette ​
Tilvising til sexolog - eiga stilling ved kvinneklinikken
Tilvisingar frå private ultralydaktører og private gynekologar i området
Ventetider og avvisning av tilvisingar.  50-60 % av tilvisingar til kvinneklinkken har ikkje fått gjort gynekologisk undersøkelse av tilvisar/resultat av undersøkinga ikkje notert i tilvising.  Dette gjer prioriteringsarbeidet meir utfordrande og kvinner som burde vore sett på raskt, må vente lenger enn naudsynt. 
Heile referatet med detaljer frå momentlista over finnast i lenka under

Samhandlingsmøte_PKO og kvinneklinikken 260123.pdf

Informasjonskriv til gravide som skal til tidleg ultralyd (002).pdf

 

​​Informasjon om Eldremedisinsk poliklinikk på Førde Sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus

Eldremedisinsk poliklinikk, Førde Sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus, er ein del av medisinsk poliklinikk. Det er eit tilbod for pasientar frå omlag 70 år med samansette problemstillingar.
Kven kan tilvisast til Eldremedisinsk poliklinikk?
Eldremedisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing i forhold til desse problemstillingane:
      - Demensvurdeing
- Førarkortvurdering
- Komorbiditet/ polyfarmasi / brei geriatrisk vurdering
- Førde: brei geriatrisk vurdering for personer med hjertesjukdom
Informasjon om Eldremedisinsk poliklinkk_Førde og Eid.pdf


​Påvising av okkult blod i feces - nokon tankar

Det har vore endring i testar ein brukar for å påvise okkult blod i feces.  Hemofec er ikkje lenger tilrådd som stadard test, og mange personar får no også tilbod om deltaking i nasjonalt screeningprogram.  Då er det immunologiske testar som blir brukt. 

PKO har hatt dialog med overlege Torgeir Finnfjord om saka og stilt nokre spørsmål til han.  Han har gjort seg nokon tankar som er vist i lenka under. 
Bl.a. skriv han: "Dette er et felt som er vanskelig å forholde seg til. Det finnes ingen nasjonale anbefalinger om testpraksis og denne vil i stor grad påvirke ressursbruken. En annen utfordring er at pakkeforløpet ikke forholder seg til negativ test og henvisning til pakkeforløp for CRC. Videre er det som dette illustrer, ulike tester med ulike egenskaper som gjør det hele enda mer vanskelig. Dermed synes jeg det er utfordrende å komme med noe entydig svar eller holdning"
Jfr lenka under samt referanselenker som nok også kan vere nyttige å klikke seg inn på. 
Påvising av okkult blod i feces_ved Torgeir Finnjord.pdf
https://www.brukerhandboken.no/
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC8284629/

 

02.02.23

Helsepersonellkommisjonen legg fram si utgreiing torsdag 2. februar​

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/helsepersonellkommisjonen-overleverer-nou/id2949137/​

22.12.22

Fagdag i Helse Førde for fastlegar og spesialistar vedr forebygging av tvang i psykisk helsevern for vaksne​

Psykiatrisk klinikk, Helse Førde ønsker velkommen til fagdag for fastlegar og spesialistar ved Scandic Sunnfjord hotell 21.april 2023.
Det blir søkt om godkjenning frå DNLF som valfritt kurs og frå Norsk Psykologforening som vedlikehaldskurs.
Ronny Cassells belyser temaet frå ein fastlege sin ståstad. Evy-Helen Helleseth oppdaterer oss på lovverk. Bjørn Henning Østenstad vil snakke om samtykkekompetanse og Ewa Ness tek for seg to emner, sjølvmordsrisikovurdering og akutt behandling av emosjonelt ustabile tilstandar.
Vi legg opp til erfaringsbasert dialog mellom deltakarar og forelesarane.
Invitasjon med program og påmelding kjem.​
Teaser fagdag 21.04.2023.pdf

​​​​https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/tvang-forebygging-av-tvang-i-psykisk-helsevern-for-voksne

"Purring" på tilvising skal sendast som dialogmelding!  

Seksjon for  kliniske fagsystem skriv til PKO at Helse Førde har hatt ein god del tilfelle der ekstern tilvisande lege sender purring på tilvising som «ny tilvising». Avhengig av kven som vurderer tilvisinga her, vert den i nokre tilfelle vurdert på nytt og kjem på ventelista i tillegg til den som allereie ligg der. 
Det skal brukast dialogmelding ved purring på tilvising som er sendt frå før.

PTA/ audiometrivedlegg på pasientar ved tilvising med audiologiske problemstillingar.

ØNH avdelinga skriv til PKO om at mange tilvisingar til høresentralen ikkje innheld nødvendig dokumentasjon med audiometriopplysningar.  Saka har tidlgare vore omtalt på PKO nettsidene og i "Nytt frå PKO".  Dei skriv:  "Dette er i ferd med å bli dårlegare att, og det ser ikkje ut som korkje erfarne eller nye legar ute konsekvent tek med dette. OG-nokon prøver men skriv at dei ikkje får lagt ved audiogramma i elektroniske tilvisingar, medan nokre greier det. Kunne de ha teke ein gjennomgang på dette, og sett på kva som er problemet, og om det kan løysast? Kanskje nokre har løyst ei datateknisk utfordring, og nokon ikkje?
Nokre skriv at dei ettersender audiogram med post, men det er IKKJE til nytte for oss, for då er henvisinga allerede vurdert, og vi kan ikkje la dei ligge til vi har fått ev. brevpost. Det blir for tungvindt i dokumentstraumen vår. "
PKO minner om at det er enkelt å kopiere inn i tilvisinga audiometriresultat som nok dei fleste legg inn i journal eller lab på ein eller annan måte uansett.  "A Pure Tone Average (PTA) refers to the average of hearing threshold levels at a set of specified frequencies: typically 500, 1000, 2000 and 4000 Hz".... så her held det å føre opp høreterskelen ved desse målingane.  
 
15.12.22
Samhandlingsbarometeret

​Samhandlingsbarometert er ein kunnskapsbank mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.  Den blei i si tid etablert rundt Helse Førde og kommunane omkring.  Etter kvart  har barometeret​ vorte ein nasjonal kunnskapsbank, men informasjonen er  lett søkbar ned på kommunenivå.  Siste oppslag handlar om kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) og bruken av desse.  
https://samhandlingsbarometeret.no/​


Oppdaterte samhandlingsnettsider for Helse Førde med nytt visuelt uttrykk

​Samhandlingssidene i Helse Førde har mykje viktig og interessant stoff - også for allmennlegetenesta.   Sidene blir redigert av samhandlingssjefen og samler det meste av dokumentasjon som har med samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane å gjere.  
https://helse-forde.no/samhandling-i-sogn-og-fjordane​

Rekvisisjon av poliklinisk obduksjon​

Ståle Sund , overlege ved patologisk avdeling i Helse Førde, har sendt epost til PKO som vi vidareformidlar jfr under.  ​

Rekvisisjon av poliklinisk obduksjon (sykehusobduksjon, kfr. obduksjonslova) MÅ rekvireres som før – dvs. på dertil laget obduksjonsrekvisisjon eller alternativt i fritekst der det må fremgå at omstendigheter vis a vis politiobduksjon er avklart («ikke rettsmed. obduksjon»), og at pårørende ikke reserverer seg mot obduksjon. Det vanligste er at slik rekvisisjon følger avdøde til sykehuset, dette i samråd med byrået som bringer inn avdøde. Det er sikrest dessuten alltid å ta kontakt med patologiavd. telefonisk på forhånd, der kan også omstendigheter rundt dødsfall diskuteres ved behov.​  
Rekvisisjon av poliklinisk obduksjon.pdf


Rutetider for Intern transport i HF for jul og nyttår 2022​

Info frå transportadelinga Helse Føre.  Vedlagt følgjer rutetider for Intern transport i HF for jul og nyttår 2022.  Informasjonen vert også lagt ut på HF si Intranettside under driftsmeldingar.  Det er viktig at ein informerer vidare til dei som elles er berørt av interntransport i HF, og som ikkje står på denne e-posten 
Ta kontakt om noko er uklart
Torstein Solset
Avdelingssjef HF / Transportkoordinator intern transport HF
24.11.22
Pilotprosjekt ved nevrologisk avdeling vedr diagnostisering av tidleg demens.  Ber om tilvisingar.  
Andreas Håkansson, kst. nevropsykolog ved nevrologisk avdeling Helse Førde har vore i kontakt med PKO og har sendt denne informasjonen etter møtet: ​

"Vi skriver til Dere for å informere om et pågående pilotprosjekt ved Nevrologisk avd. i Førde. Prosjektet har som formål å utvikle bedre verktøy for tidlig identifikasjon av demens. Målgruppen er personer i aldrene 50-85 år med lette kognitive symptomer uten direkte funksjonssvikt i hverdagen. Personene bør være relativt friske, uten sykdom eller skade med direkte betydning for kognitiv fungering (dvs. ikke tidligere slag, hodetraumer eller annen sykdom/skade med sentralnervøs påvirkning). ​​"
Brev til fastlegekontorene_kort info_HT-22.pdf
Brev til fastlegekontorene_informasjonsblad om studien_HT-22.pdf

​​​​Tilbod om sexologisk rådgiving i Helse Førde 

Karianne Røssummoen Øyen, spesialsykepleier/sexologisk rådgiver i Helse Førde skriv i ein epost til PKO:  ​
"Fra oktober -22 ble Karianne Røssummoen Øyen ansatt som sexologisk rådgiver i 30% i Helse- Førde(en dag i uken). 
Øyen har mulighet til å ta imot pasienter med ulikt definerte kjønn, og i ulik alder. Hun kan også bidra med rådgiving til annet helsepersonell eller andre aktuelle samarbeidsparter om tematikken seksualitet. ​
Nyhetsbrev tilbud om sexologisk rådgivning.pdf

17.11.22
Oppdatert luftveistatistikk​

Bent-Are Hansen, avd. sjef/smittevernlege skri i ein epost til PKO: 
"Endelig er vi i gang med å publisere oppdatert luftveistatistikk igjen. Her finner dere tall for både innlagte og ambulante prøver. Legger ved link men er også å finne på mikrobiologisk avdeling sin internettside. 
https://helse-forde.no/seksjon/laboriatoriehandbok_mikrobiologi/Sider/Luftvegstatistikk.aspx

Alt klart for oppstart av tarmscreening

I november blir dei første invitasjonsbreva til screeningprogrammet for tarmkreft sende ut til alle 55-åringar i landet.​
https://helse-forde.no/nyhende/alt-klart-for-oppstart-av-tarmscreening

Gratis SKIL-kurs i bruk av radiologiske undersøkelser. Påmeldingsfrist 15. desember 2022​

SKIL (Senter for Kvalitet i Legekontor) har sendt ut informasjon om dette kurset: 
"SKIL og Helse Vest ønsker å invitere smågrupper i Rogaland og Vestland til kurs i bruk av radiologiske undersøkelser. Vi ønsker å understøtte fastlegers behov for tilgang til oppdatert kunnskap og støtte til å henvise riktige problemstillinger til riktig type undersøkelser. Kurset er GRATIS for dem som melder seg på innen 15. desember.
Kurset er laget for smågrupper, hvor smågruppeleder melder på sin gruppe. Gruppen møtes to ganger med 3 måneders mellomrom. Kurset er godkjent som 8 valgfrie timer til etter- og videreutdanning i allmennmedisin etter ny og gammel ordning, og treffer flere sentrale læringsmål. Deltakerne vil få oversikt over egen henvisningspraksis gjennom en portal utviklet av Helse Vest IKT, og gjennom gruppemøtene får du mulighet til å endre og påvirke praksis gjennom diskusjon med dine kolleger.Vi skal måle effekt av kurset, og alle påmeldte må starte enten i løpet av januar 2023 eller april 2022. De som starter i januar, må ha sitt andre møte i april. Når du melder på gruppen din, velger du en første møtedato i januar. Halvparten av de påmeldte blir så trukket ut og finner nytt møtetidspunkt."
https://www.skilnet.no/kurs/radiologi-rad/​
 

Informasjon til dei som kjem til tidleg ultralyd ved Førde sjukehus

Kvinneklinikken i Helse Førde skriv i ein epost: 
"Hei gode samarbeidspartnarar
Vi opplever at mange av dei som kjem til tidleg ultralyd ikkje er godt nok  informert. 
Eg har tidlegare sendt ut eit informasjonskriv med QR kode. 
Denne var utgått på dato. Den må oppgraderast frå you tube kvart år. 
Eg har no oppdatert denne. 
Videoen kan de også finne på heimesida vår og Ullevål sjukehus si heimeside. 
Ber om at de distribuerar denne oppdaterte informasjonen til alle som henviser kvinner til tidleg ultralyd"
Informasjon til deg som kjem til tidleg ultralyd ved Førde sjukehus.pdf

Informasjon om fosterdiagnostikk på ulike språk
Vidare skriv ​Kvinneklinkken Helse Førde:   "No er det oversatt informasjon om tidleg ultralyd til følgande språk: Arabisk tyrkisk, polsk, ukrainsk, russisk, vietnamesisk, litauisk, somali og urdu.  Lenke i vedlagt pdf fil. Desse kan skrivast ut og delast ut til aktuelle pasientar.
10.11.22
Avansert heimesjukehus (AHS) for barn og unge - nytt tilbod i Helse Førde
Helse Førde vil i løpet av september 2022 starte opp ein forsøksperiode med avansert
heimesjukehus for barn og unge (AHS). Det er barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde som er ansvarlege for tilbodet.
AHS tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom (0-18 år) heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand, og om barn og familie ønskjer det.
Målet er å kunne tilby sjukehusbasert heimebehandling til barn som krev hyppig behandling i spesialisthelsetenesta, som eit alternativ til sjukehusopphald​
​​
 

06.10.22​
Ledig stilling i 20% som praksiskonsulent i Helse Førde med hovudansvar for Sogne-regionen.  

Jan Ove Tryti har etter 11 år som PKO med hovudansvar for Sogne-regionen gitt seg.  Dette p.g.a. andre og nye oppgåver som han har måtte prioritere.   Difor er stillinga lyst ledig.  
 
- Søkar på stillinga treng ikkje ha sitt fastlegearbeid knytt til Sogne-regionen men vil ha hovudansvar for kommunikasjon med legane i kommunane i denne regionen og mot Lærdal sjukehus
- svarfrist 3 veker
- stilling som PKO gir rett til fritak for tilplikta kommunalt arbeid
- stillinga er vanlegvis avlønna på timebasis som honorar, men fastlønn er også muleg. 
- i etterutdanninga for spesialitet i allmennmedisin gir arbeid som praksiskonsulent to poeng per arbeidsdag - inntil 120 poeng for godkjenningsperioden (5 år).  
- PKO i Helse Førde jobber mykje frå heimekontor/lokalt kontor og dei fleste møter skjer via videolink.  Ein del reising må likevel påreknast.  
- PKO har eigen kontorplass i det nye Anga-bygget ved Førde sentralsjukehus, ved lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal og ved Sunnfjord Medisinske senter i Florø.  
- PKO arbeidet er givande og spennande. God fagleg oppdatering gjennom tett kontakt med fagmiljøa i Helse Førde-området fylgjer med på kjøpet.  Noverande leiar for PKO ordninga har vore praksiskonsulent i Helse Førde sidan 2009. 

Praksiskonsulent allmennlege Sogn - Referansenr. 4560746058.pdf

Fredagsmøter i Helse Førde

​​​​​​Annakvar fredag kl. 08.00 – 08.45 presenterer ulike avdelingar eit tema i auditoriet v/ Førde Sentralsjukehus. Tema’ene er ofte medisinsk faglege, men forelesninga er opent for alle interesserte.
Presentasjonane vert overført via denne lenka:
https://join.nhn.no/webapp/conference/712403?callType=video
OBS: Lenka fungerer ikkje i nettlesaren: Internett Explorer
https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/fredagsmote/

15.09.22
Informasjon til gravide om tidleg ultralyd

Trude Hansen Folkestad, avdelingsjef/overlege ved kvinneklinkken Helse Førde har sendt epost til PKO. Ho skriv: 
"No har Helse Vest åpna for å ta imot alle gravide til tidleg ultralyd. Helse Førde kan ta imot alle frå 1. november 2022.  Vi opplever at mange av dei som er henvist sålangt ikkje har lest informasjonen eller sett informasjonsvideoen som er laga av OUS. 
Eg har lagt ved eit informasjonskriv. Vi ønsker at de gjev dette til kvinna/paret når de henviser henne til oss. 
Eg minner om at vi i Førde kun tek imot rettighetspasientar til NIPT som har indikasjon for alder. 
Dersom det er genetisk sjukdom som er årsak skal dei henvisast til fostermedisinsk senter ved Kvinneklinikken på HUS."
Informasjonskriv til gravide som skal til tidleg ultralyd.pdf

Ny pasientløype rus starta opp 22. august

Kva: Eit samarbeid mellom Seksjon rus ved Nordfjord psykiatrisenter og Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus, men gjeld pasientar frå heile Helse Førde-området.  
Mål: Sikre rask og samordna hjelp til personar med alkoholavhengnad når.
døgnbehandling i spesialisthelsetenesta av medisinske årsaker ikkje kan vente​.
 
08.09.22
​Rekruttering av lungesyke til Pust Deg Bedre- prosjektet
​Innovasjonsprosjektet Pust Deg Bedre starta hausten 2021 ein pilot kor ein ønskte å ta det digitale verktøyet i bruk i kommunane. Kinn (Florø), Sunnfjord og Fjaler kommune vart med i piloten kor målet var å skaffe seg erfaring med bruk av verktøyet i 1. linjetenesta, før Pust Deg Betre vert implementert regionalt og etter kvart også nasjonalt. 
Prosjektleiar har ila året vore på «lungelunsj» på ulike legesenter i Fjaler, Skei, Florø, Førde og Sande. Her fekk fastlegane informasjon om prosjektet og vart beden om å tilvise lungesjuke etter gitte kriterium til fysioterapeut for behandling. Fysioterapeutane i dei ulike kommunane fekk så ei grundig faglig oppfrisking samt opplæring i verktøyet Pust Deg Bedre. 5 superbrukarar var klar til å ta imot pasientane.
Prosjektet fekk ila fysste halvår i 2022 fornya støtte for å gjennomføre implementeringa i 1.linjetenesta, både gjennom innovasjonsmiddel i Helse Førde og prosessrettleiing av InnoMed.
Påminning til fastlegane om rekruttering_1.pdf

01.09.22
Manglande melding til telefonsentral/innskriving ved innlegging av akutte pasientar
Tom Ole Dyrstad, seksjonsleiar Akuttmottak har kommunisert med PKO vedr mangler ved melding til innskriving/telefonsental ved innlegging av akutte pasientar.  Gjeld hovudsakleg innleggingar der det ikkje er konferanseplikt, men også der ein har likevel har kfr med Lis  Han skriv bl.a. om saka slik: ​
"Litt oppdatering på manglande melding om pasientar. Sidan 17/8 er det registert om lag 25 pasientar som ikkje er meldt til Registrering. Majoriteten av desse gjeld pasientar til med, ort og kir.
Både, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er representert i dette. I nokre tilfelle er det snakka med lege i spesialisthelsetenesta (men pasienten er ikkje blitt registrert i DIPS). Det er tilfelle der det heller ikkje er sendt innleggingsskriv.
Manglande kommunikasjon medfører ekstraarbeid, når det er uklart kor pasienten skal og kva som er planlagt. I eitt tilfelle blei det brukt 30 minutt før ein klarte å avklare dette. I fleire tilfelle er tidsbruken 10-15 minutt."
 

Tidsavgrensa førarkort ved behandlingskrevjande diabetes

Melding frå Statsforvaltaren: Alle med diabetes som bruker blodsukkersenkande legemiddel må innan 1. januar 2023 levere helseattest til Statens vegvesen for å få nytt tidsavgrensa førarkort
Lister utan fast lege
Her kjem info om saka frå Helse Veste IKT
"Vi har registrert at noen legekontorer som har «lister uten fast lege» har begynt å opprette tjenester for dette i Norsk helsenetts adresseregister. Vi har også fått beskjed om at denne tjenesten benyttes eksempelvis av vikarleger når de henviser/rekvirerer og de mottar da også svar elektronisk til denne tjenesten.
Dersom en pasient er registrert i Helfo med en «liste uten fast lege» som fastlege (og denne ikke har navngitt vikar registrert inn i Helfo) blir det som regel sendt papirsvar til denne «fastlegen» adressert til «liste uten fast lege», men ovennevnte løsning gjør det mulig for Helse Vest å sende elektroniske svar tilbake på disse pasientene. Dette gjelder såfremt at det enkelte legekontoret er registrert med en «Fastlege, liste uten fast lege»-tjeneste i Norsk helsenetts adresseregister.
 Vi ser at dette gir en gevinst for både Helse Vest og de enkelte legekontorene ved at vi slipper papirforsendelser på mange dokumenttyper, dokumentene kommer fortere frem til mottaker og er sporbare.
 Helse Vest IKT oppfordrer derfor legekontorer som har slike lister å kontakte sin journalleverandør for å få opprettet en i Norsk helsenetts adresseregister og melder tilbake til oss på samhandling@helse-vest-ikt.no når dette er gjort slik at vi får lastet inn tjenestene hos oss raskest mulig.
Konsulent ikt
Helse Vest IKT
www.helse-vest-ikt.no"

09.06.22
LMS tilbod 

Kari Longvastøl, Koordinator Lærings- mestringsenter/Psykolog har sendt epost til PKO der ho skriv: ​
"Ønsker gjenta informere om kurs og opplæringssida vår der fastlegar, anna helsepersonell, pasientar og pårørande kan finne informasjon om kommande kurs som vert arrangert i samarbeid mellom lærings og meistringssenteret og dei ulike avdelingane på sjukehuset. Her ligg det informasjon både om kommande kurs og om kurs som går meir eller mindre fast gitt nok deltakarar. Dei fleste kursa krev tilvising frå fastlege og mange er diagnosespesifikke.
To nye kurs som vert arrangert er kurs for vaksne pasientar med complex Regional Pain Syndrome (CRPS) og deira pårørande, samt kurs for vaksne pasientar med psoriasis og deira pårørande. "
https://helse-forde.no/arrangementer
 

19.05.22
Prosjekt for utgreiing av tidleg Alzheimer​

PKO har hatt møte med Andreas Håkansson, nevropsykolog ved nevrologisk avdeling i Helse Førde.  Han har ansvar for eit prosjekt for utgreiing av tidleg Alzheimer.  I etterkant av møtet skriv han til oss: "Vi skriver til Dere for å informere om et pågående pilotprosjekt ved Nevrologisk avd. i Førde. Prosjektet har som formål å utvikle bedre verktøy for tidlig identifikasjon av Alzheimers sykdom. Målgruppen er personer i alder 50-85 år med lette kognitive symptomer (fremst hukommelsevansker) uten direkte funksjonssvikt i hverdagen. Pasientene bør være relativt friske, uten sykdom eller skade med direkte betydning for kognitiv fungering (dvs. ikke tidligere slag, hodetraumer eller annen sykdom/skade med sentralnervøs påvirkning).

 

05.05.22
Overgang frå morfin til fentanyl som opioid i ambulansetjenesta i Helse Førde

Ambulansetenesta i Helse Førde planlegg overgang frå morfin til fentanyl som opioid våren 2022. Då dette er eit legemiddel som tradisjonelt sett ikkje har vore bruk i ordinær legevakt, samt med avgrensa bruk i akuttmottaka, vel vi å informere bredt ut til aktuelle samarbeidsaktørar i akuttkjeda. Endringa er drøfta i akuttmedisinsk samhandlingsforum i Sogn og Fjordane i møte 4.mars.
 
Fentanyl i ambulanse.pdf

28.04.22
Helse-I-Arbeid

Pasientar som er sjukemeldte og der det krevst avklaring ved fleire aktører kan no tilvisast til dette tilbodet i Helse Førde.  Tilvisinga sendast elektronisk på vanleg måte adressert til "Fysikals medisin og reha​​​bilitering" via NHN adresseregister.  NAV er involvert og er fysisk tilstades ved avklaringa og kan vere eit godt supplement til det lokale samarbeidet mellom pasient, arbeidsgivar, NAV og fastlege.  ​
Are Mikael Lillebø, seksjonsleder ved FMR har sendt info om helseiarbeid.  Han skriv bl.a. ​ "HelseIArbeid er starta opp som eit tilbod ved Helse Førde, i avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering. Tilbodet var i første omgang for pasientar frå NAV region Sunnfjord, men er no gjeldande for alle pas. frå gamle Sogn og Fjordane. Vi har laga ein kort informasjonsvideo om HelseIArbeid (2 minutt og 18 sekunder) som vi håpar du tek deg tid til å sjå jfr nedste lenke. " 

 Meir informasjon finn du i lenkene det er vist til i presentasjonen: 


https://stolav.no/Documents/Rapport%20prioritering%20helse%20og%20arbeid%20endelig.pdf%20endelig.pdf.pdf​

 
Om spørsmål knytt til HelseIArbeid, ring FMR pol 5783 0417

​17.03.22

Informasjon om ny avtalespesialist for auge-pasientar

Frå 1.april vil augelege Ingunn Støfring starte opp avtalepraksis i Førde sentrum, samlokalisert med augelege Bolstad på Elvetorget. Det vil vere felles inngang, venterom og hjelpepersonell. Avtalepraksisen er flytta frå Sogndal til Førde, då Helse Vest etter gjentatte utlysingar ikkje fekk søkarar til Sogndal. 
 ​
Informasjon om Arbeidsrettet behandling for angst og depresjon ved Institutt for Psykologisk Rådgivning (IPR)
Behandlingstilbodet kan no også givast i Førde. ​
Informasjon om Arbeidsrettet behandling v IPR.pdf

​​

10.03.22
ALIS portalen Helse Vest​

Utmerka portal for leger i spesialisering som treng sjukehuspraksis.  Her kan ein bl.a. legge inn ynskje og få opp varsel når noko blir ledig.  Tung involvering her frå Helse Førde ved Kristin Breivik, overlege ved Nevrologisk avdeling​ og utdanningskoordinerende OL​.  
https://alis-i-sykehus.ihelse.net/
Video om ALIS-portalen Helse Vest​​​

Bytte av laboratorieinformasjonsystem ved Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)

LMBB i Helse Førde byter helga 12-13. mars 2022 laboratorieinformasjonsystem. Ein del av analysane vil i den forbindelse endre namn som følgje av at alle laboratoria i Helse Vest skal bruke same analysekodeverk. Oppdatert kodeverk vil vere tilgjengeleg frå 12.mars. 
Rekvisisjonar som er oppretta før 12.mars vil bli avvist når dei blir sendt til LMBB. Vi ber difor om at det etter denne datoen blir bestilt nye rekvisisjonar. 
OBS! Programvare for elektronisk samhandling, som td. Dips Communicator, må vere starta og innlogga i helga.​
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/197​


Erfaringskonferanse innan psykisk helse og rusarbeid

Hald av datoane 11. og 12. mai 2022
Etter 2 år med pandemi er vi endeleg klare med første erfaringskonferanse for psykisk helse og rusarbeid i kommunane og Helse Førde.
Erfaringskonferansen har som målsetting å sette søkelys på dei viktige områda som 
helsefellesskapet skal samarbeide endå tettare rundt i åra framover.​

Erfaringskonferanse innan psykisk helse og rusarbeid.pdf
 

Prosedyre Sotrovimab​ - nyttast til å hindre utvikling av alvorlige forløp ved Covid-19 hos pasientar i risikogruppe

Fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug skriv i ein epost til PKO:  "Helse Førde har tilgjengelig ei begrensa mengde av medikamentet Sotrovimab som skal nyttast til å hindre utvikling av alvorlige forløp ved Covid-19 hos pasientar i risikogruppe. Behandlingen må gis tidlig i sjukdomsforløpet. Fastlege/legevakt kan kontakte Helse Førde for vurdering av om ein pasient er kandidat til behandlinga. Sjå vedlagt prosedyre.  Ber om at prosedyren blir gjord kjent blant fastlegar/legevakt."

 

Ukrainske borgarar med opphold i vårt nærområde som treng transport til behandling.

Avdelingssjef Trude Njøsen Helgås skriv i ein epost til PKO:  "Vi har ikkje fått retningslinjer for korleis vi ev. skal handtere transport av borgarar frå Ukraina.
Inntil vidare ber vi difor om at det i desse tilfella blir skrive raud rekvisisjon og merke den med «Ukraina».
Ber om at dette blir informert vidare til den det måtte gjelde". ​

10.02.02
Om ungdomsmedisin på nettsida til Helse Førde​

​​​Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde har no lagt ut informasjon på nettsida til Helse Førde om overgangsløp for ungdom til vaksenavdelingar. Vi sakser frå nettsida:  

Mange ungdomar opplever overgangen frå barne- og 
ungdomsavdelingar til vaksenavdelingar som svært brå.
• Forsking syner at dårleg planlagde overgangar frå ung til 
vaksen heng saman med auka risiko for dårleg oppfølging
og andre komplikasjonar.
• Ungdom har konkrete, aldersbestemte rettar knytt til 
informasjon, medverknad, tilrettelegging og eit
undervisningstilbod tilpassa alder og utvikling.
• Nasjonale undersøkingar syner at helsetenestene er 
dårleg tilpassa ungdomar.
• I Helse Førde ønskjer vi å sikre at ungdomar får gode 
overgangar frå barne- og ungdomsavdelinga til 
vaksenavdelingar. Gode overgangar skal bidra til å fremje 
helse, meistring og livskvalitet, samt sikre ungdomars rett 
til medverknad.

Les meir her
https://helse-forde.no/Documents/Ungdomsmedisin.pdf​

4. dose Covid vaksine til immunsupprimerte​

​​​Fagdirektør Asle Kjørlaug svarer ut eit spørsmål vedr 4. dose Covid vaksine til immunsupprimerte og evt ​informasjon til pasientar om dette.​  Han skriv:  "Helse Førde kjem som hovedregel ikkje til å sende ut nye brev til pasientar som skal ha 4. dose korona-vaksine sidan det er dei same pasientane som fekk brev frå oss ift 3.dose i primærvaksinasjonsprogrammet. Nokre pasientar, for eksempel dialysepasientar og pasientar i aktiv kreftbehandling, vil kunne ha behov for å sette dose på riktig tidspunkt ift behandling – desse pasientane vil få info om dette av sin behandlar i spesialisthelsetenesten. "​

 

27.01.22

Informasjon fra Helse Vest IKT angående overgang til ny versjon av meldinger: Svarrapport 1.4 og Rekvisisjon 1.6

Helse Vest IKT skriv i ein epost til legekontora: "I forbindelse med nasjonal plan for overgang til ny versjon av meldinger skal støtte for mottak av svarrapport 1.4 og rekvisisjon 1.6 være på plass hos alle aktører innen 1. februar 2022."
For dei aller fleste legekontor i Helse Førde området vil dette vere ein rein informasjon om ting som skjer automatisk og som ikkje vil ha nokon konsekvens for drift.  Er nokon i tvil om sin status etter å ha lest vedlegget i lenka kan Helse Vest IKT kontaktast.​
Informasjon fra Helse Vest IKT angående overgang til ny versjon av meldinger.pdf

 

20.01.22

​​Bytte av laboratorieinformasjonsystem ved Helse Førde ved Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)

PKO har fått epost frå LMBB der dei skriv: "Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde, skal helga 12-13. mars 2022 bytte laboratorieinformasjonsystem. Dagens laboratorieinformasjonsystem DIPS Lab blir erstatta med Unilab.
LMBB ber om at ein fram til 12.03.22 reduserer rekvirering av blodprøvar med 
prøvetakingsdato etter 12.03.22. Etter systembytte må alle prøver som er rekvirerte
tidlegare behandlast manuelt og vil ta lenger tid. Når nytt system er i drift, vil 
rekvirering fungere som før.
Ved spørsmål kontakt:
Ansvarleg avdeling: Lab. for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Kontaktpersonar: Robin Sørland 
E-post: robin-andre.sorland@helse-forde.no"

Bytte av LIMS - eksterne rekvirenter.pdf

Hald deg oppdatert om ny info frå labtenestene i helse Førde: 
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo

23.12.21

Informasjon frå taktisk samhandlingsgruppe til kommunane desember 2021

Samhandlingsgruppa skriv i eit felles notat som nyleg er sendt ut: "Vi har no stått samla, kommunane og Helse Førde, gjennom 2 år med pandemi. Den aktuelle situasjonen med aukande smitte av fleire agens, høgt sjukefråvær og nye fråværsreglar medfører behov for tiltak, og vi syner til lenke  "Mellombels delavtale om samarbeid ved større smitteutbrot mellom Helse Førde og kommunane" som vi har vore samde om gjennomgåande i heile pandemien.
Målet med informasjonsskrivet er å sikre effektiv, nyttig og forsvarleg helsehjelp til våre pasientar. Ein ber om at denne informasjonen vert distribuert til alle legevakter og vakthavande legar i området. Fortløpande informasjon frå Taktisk samhandlingsgruppe er lenka.  
Informasjonsskrivet er tredelt: 
- Del ein inneheld informasjon om korleis Helse Førde har planlagt for mottak av mistenkte koronapasientar til innlegging. 
- Del to inneheld informasjon om gjeldande kriterium for utskriving når koronaepidemien aukar på. 
- Del tre inneheld informasjon frå mikrobiologisk avdeling. ​"
Informasjon frå taktisk samhandlingsgruppe til kommunane desember-21.pdf
skillelinje
Dialogmeldingar

​Fleire avdelingar i Helse Førde slit for tida med å svare ut dialogmeldingar fortløpande.  Ver obs på at ting som haster må ringast på, evt sendast tilvising.  Den enkelte som sender dialogmelding må sjølv holde greie på det som er sendt ut slik at ein kan etterspørre evt manglande svar.  Nokon vil også få tilbakemeldingar på at problemstillingane som er reist er for omfattande til å svarast ut i dialogmelding.  Minner om at dialogmeldingar i hovudsak kan sendast på pasientar som har vore tilvist og der ein samhandlar om oppfylginga.  Nokon avdelingar svarer ut spørsmål på pasientar som ikkje er tilvist, men det er som ekstra service og ein kan ikkje forvente å få svar på slike dialogmeldingar.  Minner også om at all info som er lagt ut i dialogmeldingar kan lesast av pasienten på Helse Norge.  

skillelinje
Stor pågang av tilvisingar til barne- og ungdomspsykatrien (PBU) 
Toril Taklo, avdelingssjef for PBU har sendt info til PKO der ho ma skriv: "Som de er kjende med har pågangen av tilvisingar av pasientar til psykisk helsevern for barn og unge  (PBU) vore høg ei god stund. Samstundes har vi hatt dårleg gjennomstrøyming då dei pasientane vi alt har hatt inne har fått det vanskelegare under pandemien. Dette har gjort at vi ikkje har avslutta så mange saker som vi vanlegvis gjer. Vi har fått ekstramidlar for å tilsetje meir folk, men har hatt utfordringar med å rekruttere. Dette gjeld særleg i Førde. Presset på tenestene har vore stort over 
tid, og såleis og på dei tilsette. Dette gjer at vi ikkje klarar å sette opp fyrste time innan fristen til nye pasientar, rett og slett fordi vi ikkje har terapeutar som kan ta inn nye saker. Vi går difor mot fristbrot i fleire saker, både i Førde og Nordfjord, Sogn har ein meir overkomeleg situasjon."
Stor pågang av tilvisingar til PBU.pdf
skillelinje
Tidleg UL i året 2021/22 i Helse Førde. Fødande >35 år kan takast imot i Førde frå januar 2022.  
Trude Hansen Folkestad Avdelingsjef/overlege ved Kvinneklinkkeni Helse Førde har sendt epost til PKO med oppdatering vedr tildgeg ultralyd.  Ho skriv ma: ​
"På bakgrunn av stortingsvedtaket (prop. 34 L. (2019-2020) Endringer i bioteknologiloven mv.) er det eit pågåande arbeid med korleis vi skal innføre tidleg 
ultralyd i helseføretaka. Dette er eit stort arbeid, der alle avdelingane som har gjort 
rutineultralyd skal kunne tilby tidleg ultralyd til alle gravide. 
Det er skissert ei gradvis innføring, som er avhengig av at helseføretaka får på plass naudsynt kompetanse. I Helse Førde er 3 legar og 2 jordmødre under utdanning for å kunne gi kvinnene dette tilbudet. Det er bestemt at vi skal som fase 1 ta imot alle kvinner > 35 år eller som har krav til fosterdiagnostikk til tidleg UL og NIPT test frå 15/10-21. Vi kan i Helse Førde ta imot kvinner >35 år frå januar 2022. "
Tidleg ultralyd 2021-2022.pdf

Pasientinformasjon med video på Helse Førde sine nettsider
https://helse-forde.no/behandlinger/graviditet-tidleg-ultralyd-med-nakketranslusensmaling

skillelinje
16.12.21

​​Ortopedikurset

​Minner igjen om ortopedikurset i mars/april 2022  To halve dager som webinar og ein dag fysisk på Eid, Førde og Lærdal på ulike dager.  ​​​ Kurset er no godkjent som emnekurs for allmennlegar med 15 timar.  Ligg også på legeforeninga sin kursportal.  Enno få påmeldte men vi forventar stor interesse og aktiv påmelding no framover.  
https://www.legeforeningen.no/kurs/2021/12/34692/#tab1

Emnekurs i ortopedi for allmennlegar - Helse Førde-området.pdf (helse-forde.no)

skillelinje

Pakkeforløp kreft

​​Helse Førde har laga ei ny og oppdatert nettside om pakkeforløp kreft.  Viktig og nyttig info til allmennlegane. Bla står det om forløpskoordinatorane, deira rolle og korleis få kontakt med dei.
"Eit viktig tiltak er forløpskoordinatorar ved føretaket som utgreier og behandlar kreft. Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid frå 08.00-15.00. Forløpskoordinatorane vikarierar for kvarandre i feriar, slik at det alltid er nokon tilgjengelege"

https://helse-forde.no/behandlinger/pakkeforlop-for-kreft​

skillelinje
​Samarbeidsmøte mellom PKO og radiologisk avdeling

​​Den 09.12.21 vart det arrangert halvårleg møte mellom radiologisk avdeling i Helse Førde og PKO.  Møtet tok for seg mange praktiske tema i samhandlinga mellom helseforetaket og allmennlegane.  Av tema som blei drøfta var presentasjon av saker frå pasient-tryggleiks-utvalget, aktivitet og ventetider, svartider, diverse info, VeRaVest og eigne saker frå  PKO - jfr vedlegg.  

08.12.21 Samarbeidsmøte radiologi PKO.pdf
skillelinje

Samarbeidsmøte mellom PKO og Barne- og ungdomsavdelinga (BUA)

16.12 vart det arrangert eit samarbeidsmøte mellom PKO og BUA.  Blant sakene som var oppe var tilvisingar rundt enurese - og obstipasjonsproblematikk, ​​​​viktigheit av å få med historikk på høgde-vektutvikling, samarbeid omkring dårleg regulerte diabetesbarn/ungdom, avansert heimesjukehus og Prosjekt Ungdomsmedisin i Helse Førde.  
Samarbeidsmøte mellom BUA og PKO_161221.pdf

​02.12.21

Henvisning av ØNH-pasientar i Helse-Førde med særleg vekt på hørsel.  

Einar Solheim, overlege hørselssentralen og Karianne Strønen, avdelingssjef ØNH-kjeveavdeling har sendt ein epost til PKO.  Dei skriv: "Dette brevet er meint å klarlegge korleis ØNH-organiseringen og særs hørselutgreiing/ høyreapparat-tilpassing og kontrollar skal skje i gamle Sogn og Fjordane, samt ei lita rettleiing i kva som må vere med i henvisingane ved audiologisk problemstilling.​
Henvisning av pasientar til undersøking av hørsel i Helse Førde.pdf
skillelinje

Avtalespesialist i ØNH Helge Hagen utvider spesialistpraksisen​

Spesialist i ØNH Helge Hagden har slutta som overlege ved ØNH avdelinga ved Førde Sentralsjukehus.  Han har som kjent i lengre tid hatt ein avtaleheimel i ØNH praksiss i Førde.  Helse Vest har frå 1. oktober i år auka driftsheimelen til 50%.  Dette har gitt auka kapasitet.  Helge Hagen har sendt ein epost til PKO om saka som er gjengitt i lenka under.  
Avtalespesialist i ØNH Helge Hagen utvider spesialistpraksisen.pdf

skillelinje

25.11.21

Emnekurs i ortopedi for allmennlegar – 15 timar- i Helse Førde - området.  Sett av datoer!!  

Emnekurset blir arrangert i samarbeid mellom ortopedisk avdeling i Helse Førde og PKO.  Det blir arrangert som eit kombinert webinar (10 timar fordelt på 2 dager) og eit fysisk kurs (5 timar 1 dag).  Legane må delta på heile kurset for å få det godkjent som emnekurs.  
Meir info kjem.  
Påmelding innan 15.03.22 til PKO - normund.rolleiv.svoen@helse-forde.no

Veke 13: Webinar - totalt 10 timar
Onsdag 30.3.22 - kl. 08-13
Torsdag 31.3.22– kl 08-13 
Veke 14: Praktisk seminar totalt 5 timar med fysisk oppmøte; kl.10-16 
Tysdag 05.04.22 Nordfjord sjukehus 
Onsdag 06.04.22 Lærdal sjukehus  
skillelinje

Prøvesvar på Helse Norge
I epost frå Margrete Lexow Wie, prosjektleiar Innsyn prøvesvar står det: ​
"Det er stor etterspørsel fra pasientene etter å se flere typer prøvesvar på Helsenorge. Resultat av koronaprøver vises allerede, og fra slutten av november 2021 vil pasienter i Helse Vest ha muligheten til å få innsyn i flere typer prøvesvar på Helsenorge. Dette er prøvesvar som er internt rekvirert i Helse Vest,  og i hovedsak omfatter det patologisvar og svar på radiologiundersøkelser. Prøvesvar som er bestilt av fastlegen vil ikke vises på denne måten, og pasientene må selv kontakte fastlegen for å få disse svarene.​" 
Les meir om saka i lenka under
Prøvesvar på helsenorge.pdf
skillelinje

​18.11.21

Avtalespesialist i augesjukdomar flytta frå Sogndal til Førde frå 01.04.22

​​Jfr epost frå overlege Ingunn Støfring augeavd. FSS. 
"Eg ser at det er eit behov for informasjon ut til fastlegar, spesielt i Sogn, vedrørande situasjonen rundt avtalespesialistar i fylket. 
Frå 01.04.22 startar eg opp drift av augepraksis i Førde i same lokaler som augelege Bolstad.  Dette er ein avtalepraksis som er flytta frå Sogndal til Førde, då ein ikkje har klart å få nokon til å ta over praksisen i Sogndal. 
Etter 01.04.22 kan henvisningar altså gå til denne praksisen.  Før denne dato lyt henvisningar gå til Helse Førde eller andre avtalespesialistar i fylket. "

skillelinje

Tiltakskort fastleger - virussesong
Barne og ungdomsavdeling har sendt epost til PKO: "Fekk denne tilsendt via Avdelingsoverlegegruppa i Barnelegeforeninga (sjå vedlegg). Er utarbeida som hjelp til primærhelsetenesta i høve virussesongen. Har hatt den innom eiga legegruppe i Barne- og ungdomsavdelinga".   Tiltakskort fastleger - virussesong.pdf
 

 

 Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane

 

I Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er det frå 1. mai 2022 ledig verv som vara for legekyndig medlem. Søknadsfristen er 15. januar 2022.​
https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/psykisk-helse-og-rus/ledig-verv-i-kontrollkommisjonen-for-sogn-og-fjordane
11.11.21

​Informasjon frå Barne- og ungdomsavdelinga i Førde (BUA) angåande handtering av barn med bronkiolitt.  

BUA skriv bl.a. i sitt informasjonsbrev:  "Det er for tida RS-virus sesong, og ved Barne- og ungdomsavdelinga i Førde (BUA) merkar vi en betydeleg auke i henvendingar for ØH-vurdering. Heldigvis er det få av barna med luftvegssymptom som kjem til BUA for vurdering, som treng innlegging i sjukehus. 
Vi ønskjer eit godt samarbeid med legevakter og fastlegar. Vi set pris på at de ringer for å rådføre dykk, og ta gjerne diskusjonen med oss om barnet treng innlegging eller ikkje.
Vi vil under kort oppsummere kva barn som vanlegvis har behov for innlegging ved bronkiolitt. Dette er uavhengig av kva virus som er mistenkt å vere utløysande årsak (RS-virus, rhinovirus og humant metapneumovirus er dei vanlegaste)".
Informasjon om bronkiolitt til legar i primærhelsetenesta Helse Førde.pdf

Nye opningstider ved mikrobiologisk avdeling

Mikrobiologisk avdeling har endra opningstida ved molekylærbiologisk seksjon frå 25.10.21.  Dette kan føre til auka svartid på luftvegsprøver. i Tillegg får det konsekvensar for varsling av koronaprøver. Sjå lenka.  

Opningstidene er no som følgjer:

Samhandlingsmøte mellom PKO og psykiatrisk klinikk
24.11.21 blei det arrangert eit samhandlingsmøte mellom PKO og psykiatrisk klinkk. Blant tema her var planlegging av innhold i psykiatrisk fagdag i 2022,  
og depotinjeksjonar/medikament på pasientar som er på TUD (pasientar på tvang utan døgnopphald).  
Møte med PKO 04_11_21.docx.pdf

04.11.21

Midlertidige innføringar av konferanseplikt i medisinsk avdeling, Helse Førde.  

Hildur Thingnes,  Seksjonsleiar Medisinsk legeteneste FSS informerer: ​
Dei fleste innleggingar i medisinsk avdeling er naudsynte etter vurdering av kommunelege/legevakt. Som rutine vert det praktisert direkte innlegging utan konferering med LIS 2-vakta ved FSS. 
I periodar med stor pågang/overbelegg kan det innførast konferanseplikt der LIS 2-vakta skal vere med og vurdere moglege alternativ til innlegging saman med innleggande lege. Leiarar i medisinsk avdeling evt. ansvarsvakta har mynde til å setje i verk konferanseplikt. Vedkomande gjev beskjed til sentralbordet som så vidarekoplar telefon frå kommunelege til LIS 2-vakta. Ved oppheving av konferanseplikta skal sentralbordet få beskjed slik at ordninga ikkje varer ved lenger enn naudsynt. 
Eldremedisinsk poliklinikk ved Nordfjord sjukehus opnar opp att i desember 2021.
I 2013 opna vi tverrfagleg eldremedisin poliklinikk ved Nordfjord sjukehus, som det første tilbodet i oppbygging av geriatritilbodet i Helse Førde.  Dette har vore eit godt tilbod for geriatriske pasientar i Nordfjord. Etter ei periode der dette tilbodet har vore midlertidig nede, er det gledeleg å melde at tilbodet opnar opp att i desember 2021. 
Eldremedisinsk poliklinikk i Førde opna i 2015. Frå 2019 er  6 senger på medisinsk avdeling i Førde avsett til akutt geriatrisk kardiologi. Nye Førde sjukehus er planlagt med fullverdig geriatrisk sengegruppe for heile Helse Førde frå 2024.
Dei eldremedisinske poliklinikkane er tverrfaglege geriatriske tilbod lokalisert på medisinsk poliklinikk. Ved Nordfjord sjukehus har vi også psykiater i teamet, noko som er ein styrke for tilbodet. Mange geriatriske pasientar har kognitive utfordringar. Demenssjukdom kan gje nevropsykiatriske symptom der psykiater har best kompetanse. 
Poliklinikkane er eit reint elektivt tilbod og skal gjennomføre utgreiing, diagnostisering og avklaring der det er hensiktsmessig. Den viktigaste oppfølginga vidare føregår i kommunen. Ved demenssjukdom er det viktig med etablert kontakt med kommunen, inklusive hukommelsesteam ved avslutning på poliklinikken. 
Eldremedisinsk poliklinikk er primært tilbod for geriatriske pasientar over 70 år, men det er ingen absolutt aldersgrense. 
Pasientane kan tilvisast til kognitiv ugreiing, medikamentgjennomgang, funksjonsvurdering/fallvurdering, generell indremedisinsk vurdering og førarkortvurdering der ein har behov for ekstra bistand frå spesialisthelsetenesta. 
21.10.21
Samhandlingsmøte mellom PKO og ortopedisk avdeling

​​​​14.10 blei det arrangert eit digitalt møte mellom PKO og ortopedisk avdeling.  Bla. deltok ortoped og overlege Kristian Humborstad og ny overlege/ryggkirurg Nils Hendrik Gerhard Richter.  Richter kjem frå Hagevik og har framleis eit nært samarbeid dit. Ryggpasientar blir eit samarbeid no mellom ortopedisk avdeling Helse Førde, nevrokirurgisk avdeling ved HUS og ortopediseksjonen ved Hagevik.   Det vil komme noko meir systematikk omkring utgreiing, tilvising og behandling.  Humborstad og Richter laga presentasjoner til dette møtet som ligg ved her.  
Det er no avtalt at vi arbeider mot eit emnekurs i ortopedi med ortopedisk avdeling Helse Førde som arrangør og der PKO bidreg.  Planen er at kurset skal arrangerast våren 2022 som eit kombikurs - digitalt og fysisk.   10 timar digitalt (småbolker) og eit 5 timar praktisk kurs med fysisk oppmøte.  Det kjem meir info.  

2021 10 14 Møtereferat PKO_Ort.pdf

2021 10 14 PKO_skulder.pdf


20211014_Rygg_i_førde_pk.pdf

07.10.21
Status Covid og samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane.

Taktisk samhandlingsgruppe har hatt to møte i september. Kvart møte vert innleia med
statusoppdatering frå kommunane og Helse Førde. Tema denne månaden har blant anna vore testkapasitet, korleis organisere dose 3 for immunsupprimerte pasientar, TISK-strategi, testing ved innlegging og testing av pasientar før utskriving til pleie og omsorgsteneste.  Helse Førde og kommunane vil halde fram og møtast annakvar veke så lenge det er innmelde saker.
Fullstendige referat frå møta finn du her
https://samhandling-sfj.no/taktisk-samhandlingsgruppe/

 

Slik er den nye sjukehus-kvardagen

Saksa frå Helse Førde si internettside:

​​Ein normal kvardag på sjukehuset, med auka beredskap i tilfelle endringar i smittesituasjonen. Kva inneber dette i praksis for oss i Helse Førde?​​

Frå og med sist laurdag har Noreg vore i ein ny fase, skildra som «ein normal kvardag med auka beredskap». 561 dagar etter at pandemien starta, 12. mars 2020, gjekk Noreg over frå kontroll- til beredskapsstrategi.
Vi må framleis rekne med nokre tiltak framover. Vi står framfor ein haust og vinter som kan gje store utfordringar når det gjeld koronavirus, influensa og RS-virus samtidig. Styresmaktene ber difor helseføretaka om å ha planar klare for at mange pasientar kan bli innlagde med smittsame sjukdommar.
Vi er plikta til å ha beredskap for god kapasitet på analysar, og for auka sjukefråvær blant tilsette.
Pasientar skal framleis avklarast med tanke på smitte. Det er framleis viktig å avgrense risikoen for smitte inne i sjukehusa, både for å beskytte sårbare pasientar og eigne medarbeidarar.
Du skal framleis halde deg heime om du er sjuk, og teste deg om du har symptom på luftvegssjukdommar. Dette gjeld også for dei som er vaksinerte.
Avgrensingar på tal personar i møterom, slik dei var under covid, blir avvikla. Det same gjeld restriksjonane for besøkande slik dei var under covid. 
Den nye kvardagen inneber at restriksjonar i Noreg stort sett er fjerna. Unntaket er kravet om isolasjon for dei som er sjuke av Covid-19.
Endringane gjeld blant anna karantene og testing. Vi skal framleis gjere smittesporing i sjukehusa, og det er viktig at vi får informasjon dersom tilsette eller pasientar testar positivt.
Vi minner også om å ikkje gløyme det sjølvsagte: God handhygiene!
Full oversikt over tiltak, råd og reglar finn du HER (lenke regjeringen.no).
HER kan du lese FHI sine korona-råd.
HER kan du lese FHI sine råd om forsterka smitteverntiltak i helse- og omsorgstenesta.
 

Samhandlingsmøte mellom PKO, klinisk kjemisk lab(LMBB), mikro og patologi

PKO har regelmessige møter med avdelingane i Helse Førde.  Møta omhandler i hovudsak samhandlinga mellom avdelingane og allmennlegetenesta. I tillegg blir vi oppdatert om nyheiter frå avdelingane.  Referatet kan vere nyttig lesnad for kolleger ute. 

Møtereferat_PKO samarbeid med LMBB_mikro_patologi_16.09.21.pdf

Nyttig nettside med detaljert info og brukerhandbøker
https://helse-forde.no/laboratoria

30.09.21

Tilskotsordning for ALIS-avtale

Målet for tilskotsordninga er å auke talet på fastlegar i kommunen, redusere talet på ledige fastlegeavtaler og auke stabiliteten blant allmennlegar i spesialisering. Søknadsfristen er 16. november 2021
Auke i tal ALIS-avtalar er eit viktig tiltak i Handlingsplan for allmennlegetenesta 2020-2024, og tilskotet skal bidra til å dekke kommunens meirutgifter ved inngåing av ALIS-avtalane. Målet for tilskotsordninga er å auke talet på fastlegar i kommunen, redusera talet på ledige fastlegeavtalar og auke stabilitet blant allmennlegar i spesialisering.
Tilskotet kan søkast for ALIS i næringsverksemd og for ALIS tilsett i kommunen. Fastlegevikarar utover eit års varigheit vil og kvalifisera for tilskot, så framt dei har ALIS-avtale.
https://www.statsforvalteren.no/nn/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/helsetenester/tilskotsordning-for-alis-avtale/?utm_source=nyhetsbrev&utm_medium=epost


Pakkeforløp hjem for kreftpasienter

Høringsbrev
Bakgrunn
Helsedirektoratet fikk i 2018 i oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet å utarbeide Pakkeforløp hjem for kreftpasienter. Oppdraget var å utarbeide og implementere pakkeforløp hjem for kreftpasienter i løpet av en 3-årsperiode.
Pakkeforløp hjem for kreftpasienter skal sikre forutsigbarhet for pasientene og kvalitet i utredning og behandling, både i spesialisthelsetjenesten og i kommunal helse- og omsorgstjeneste. Det er et spesielt fokus på psykososial oppfølging av pasientene (og ev. pårørende), og bl.a. roller og ansvar i spesialisthelsetjenesten og i kommunen beskrives.
Pakkeforløpet skal bygge på eksisterende strukturer, rolle- og ansvarsfordeling i helsetjenesten, samt gjeldende normerende produkter, de nasjonale faglige retningslinjene for kreft og pakkeforløpene for kreft mv.
https://www.helsedirektoratet.no/horinger/pakkeforlop-hjem-for-kreftpasienter

16.09.21​​​​
Pasient - og pårørandeopplæring gjennom LMS -  kursside og kommande kurs

Kari Longvastøl​, psykolog og koordinator Lærings- mestringsenter (LMS) har sendt eposte til PKO der ho ma skriv: 
Her kjem info om kurssida der fastlegar og pasientar/pårørande kan finne informasjon om kommande kurs for pasient og pårørande som vert arrangert i samarbeid mellom lærings og meistringssenteret (LMS) og dei ulike avdelingane på sjukehuset. Først står der generell informasjon til pasientar/pårørande om kurs. Nederst på sida ligg alle kommande kurs som er planlagte i haust. 

Ein finn også sida via helse-førde si hovudside og trykke på «kurs og opplæring». 
LMS vil i løpet av hausten også lage ei liste over kurs som går jamleg, dvs ofte kvar haust og vår, eller ein gong i året, men utan fast dato. Planen er at den skal leggast ut på same side. 
LMS informerer også spesifikt  om eit heilt nytt kurs for pasientar med psoriasis og deira pårørande, som har kursdato onsdag 24.11.21
Kurset var planlagt i september men grunna få påmelde vart det utsett til november.  
Dei fleste kursa krev tilvising frå fastlege til den spesifikke avdelinga som arrangera kurset, og somme er avhengig av nok påmeldte for å bli gjennomført.  Informasjon om tilvising står inne på arrangementsida til det  enkelte kurset.
https://helse-forde.no/arrangementer


19.08.21
Nytt Livsstyrketreningsprogram 15.september 2021 - Læring og meistring -avdeling Florø. 

 

LMS avd Florø startar opp nytt Livsstyrketreningsprogram 15.september 2021.Tilbodet var tidligare ein del av raskare tilbaketilbodet, men er no ein del av det ordinære tilbodet til Lærings og meistringstilbodet i Helse Førde med særs fokus på å meistre livet og jobben.  Målgruppa er pasientar med samansette plager knytta til muskel- og skjelett, stressreaksjoner, utbrenning og lettare depresjonar .
Obligatorisk informasjonsmøte 6. september  kl 13-14 påmelding til informasjonsmøte innan 1. september Det er mogleg å delta digitalt på informasjonsmøte.
Sjølve kurset er planlagt med fysisk oppmøte om smittesituasjon tillater det.
Grunna korona situasjonen kan det kun være 6 deltakarar pr gruppe.
Meir info : https://helse-forde.no/arrangementer/livsstyrketrening-meistre-livet-og-jobben-2020-09-07
Du finn meir bakgrunnsinformasjon på den nasjonale sida
https://www.livsstyrketrening.no/

Norges Blindeforbund avdeling Sogn og Fjordane med informasjonsprosjekt

Blindeforbundet avd Sogn og Fjordane har i desse dager lagt ut på sine nettsider informasjon om sitt informasjonsprosjekt vedrørande blinde og svaksynte.  Vi trur dette kan vere aktuelt å vite noko om for allmennlegar.  Vi har tross alt desse brukarane på våre lister, og difor legg vi ut denne saka på PKO sidene. 
https://www.blindeforbundet.no/fylkeslag/sogn-og-fjordane/dokumenter-informasjonsprosjekt


Samhandlingsmøter mellom PKO og ulike medisinske avdelingar.

PKO har regelmessige samhandlingsmøter med legar, seksjonsleiarar og spesialsjukepleiarar ved dei ulike avdelingane i Helse Førde.  Like før ferien hadde vi møter med seksjonane for lunge, gastro og hjerte ved Førde sentralsjukehus. Referata er lagt ved denne saka fordi vi tenker at dette vil vere interessant for legar ute som samhandler med avdelingane. 

Referat frå samhandlingsmøte med PKO, lungelegane, seksjonsleiar og spesialsjukepleiar sengepost 22.04.21.pdf

Referat frå samarbeidsmøte med PKO, gastroenterolog og seksjonsleiar medisinsk poliklinikk 29.04.21.pdf



Referat frå samhandlingsmøte med PKO, kardiologar og seksjonsleiar medisinsk poliklinikk 27.05.21.pdf

 


10.06.21
Melding om avvik

PKO får mange spørsmål frå fastlegar om korleis melde avvik i samhandlinga mellom dei og helseforetaket.  I enkle saker kan det holde med ei dialogmelding til avdelinga, men obs at her må pasienten vere informert.  Pasienter kan lese alle slike meldingar på sin logg i Helse Norge.  I systemsaker kan ein melde til PKO så tar vi det vidare.  I meir alvorlege avvik kan ein melde via avviksystemet Agresso i Helse Førde jfr lenke.  Det er laga eit lite nettbasert kurs vedr avvik.  Dette kan tilrådast at ein bruker t.d. ved internundervising og i smågrupper på kontora. 
Melding om avvik_skjema
https://samhandling-sfj.no/nytt-kurs-om-samhandlingsavvik/

Tidlig diagnostikk og behandling av det alvorlig febersyke barnet - ei avvikssak til ettertanke....

Ved Anita Sørheim, Praksiskonsulent Helse Førde, Nordfjord.
Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten Tidlig diagnostikk og behandling av det alvorlig febersyke barnet Ukom Rapport 2-2020

Viktig rapport å lese!
Relevant for helsepersonell ved fastlegekontor, legevaktsentraler, AMK, ambulansepersonell, ansatte ved barneavdelinger etc.
Denne rapporten beskriver hendelsesforløpet til Lukas 20 mnd, fra han får feber dag 1 og til han dør dag 4, av hjernehinnebetennelse med pneumokokker, trolig spredd seg fra infeksjon i luftveiene.
Totalt 61 ulike helsepersonell har vært i direkte eller indirekte kontakt med Lukas og foreldrene, hvorav 32 personer har hatt en innvirkning på hendelsesforløpet frem til Lukas døde. Hovedbudskapet i denne rapporten er vurdering av allmenntilstand og hvordan vi som helsepersonell formidler vurdering av faresignaler. Lukas ble vurdert ulikt av ulike helsepersonell. Fastlegen la pasienten inn på rød respons dag 4. Da hadde foreldrene hatt flere kontakter med legevaktsentralen. Mottak ved barneavdeling med bruk av skåringsverktøy PEVS; pediatrisk tidlig varslingsskår, fanget ikke opp alvorlig sykt barn. Rapporten inneholder ikke vitale målinger som ble tatt eller hvilke konkrete råd som ble gitt til foreldrene underveis i forløpet. Svakheten ved skåringsverktøy oppstår når disse ikke fanger opp alvorlig sykdom.

Et viktig verktøy i verktøykassa er magefølelsen. Det får meg til å tenke på avdøde professor Peter F Hjort som har fortalt om da han var turnuslege i Gloppen i 1950, og hva det var som gjorde at han reiste ut til en febersyk gutt, spinalpunkterte han i hjemmet og reddet livet hans. Spinalvæsken var blakket, fargeutstryk av spinalvæsken viste meningokokker. Veilederen hans sa «det var noe ved kvinnens stemme».
Det kliniske skjønn gjør medisinen til legekunst.

Ukom_ Det alvorlig febersyke barn_sammendrag.pdf

20.05.21
Nyttig info om Dagabygget og dialogmøte med psykiatrisk klinikk

Psykiatrisk klinikk og BUP er "flytta saman" i det nye Dagabygget ved Førde Sentralsjukehus. Dagabygget er tidlegare orientert her om her på PKO sidene.  Vi fekk ei omvisning her om dagen og fekk sjå eit moderne og funksjonelt bygg med gamle og nye funksjonar.  Bygget vil openbart stå seg lenge! Herverande PKO leiar i Helse Førde var første assistentlege ved den første utgåva av Psykatrisk klinikk som blei opna i Førde ved Sentralsjukehusbygget i 1990.  Dette var då eit moderne og funksjonelt bygg - 30 år er gått og bygget var no utdatert. 
Psykiatrisk klinkk og BUP opnar for at fleire kan få omvising noko som PKO vil tilrå.  Å sjå og oppleve bygget og dei som skal samarbeidast med der er svært nyttig for samhandlinga.  svein.ove.alisoy@helse-forde.no og hildegunn.knapstad.fauske@helse-forde.no kan i tilfelle kontaktast. 
Nyleg hadde også PKO eit digitalt dialogmøte med Psykiatrisk klinkk.  Nyttig info og gode innspel som fleire kollegar vil ha nytte av å vite om.  Sjå lenke til referat.  
Dialogmøte psykiatrisk klinikk - PKO 22.04.21.pdf 

 

Praksisbesøk overlege/urolog Marius Dalin

Marius Dalin er urolog og overlege ved kirurgisk avdeling i Helse Førde.  Han har no i vår overlegepermisjon og i forbindelse med dette har han inviterte seg ut til legekontora i "Fylket" for eit dialogmøte med fastlegane.  Mange nyttige tema er drøfta og dei fleste av desse har han oppsummert i eit notat som er lenke til under her.  Er det nokon av kontora som enno ikkje har fått avtalt besøk så kan Dalin kontaktast på marius.dalin@mdg.no
Urologiske tema_praksisbesøk overlege-urolog Marius Dalin.pdf

 


 

 

eMeistring - behandlingstilbod gjennom Helse Førde - statusoppdatering

Vi har tidlegare skrive om eMeistring på desse sidene.  Klinisk psykolog Ragnhild Lysne ragnhild.marie.stavang.lysne@helse-forde.no som leier tilbodet har laga ein presentasjon som viser mange nyttige detaljer om tilbodet, bl.a. indikasjonsstillingar, metoder og anna info som kan vere nyttig for tilvisarane.  Det er allereie komme ein del tilvisingar til dette tilbodet som har ei ventetid på kun få veker. 
Interundervisning eMeistring.pdf

 


 

 

15.04.21

Klart for kvit bil

Frå måndag rullar ein ny type sjukebil på vegane i området vårt. På den kvite bilen er ordet «SJUKETRANSPORT» malt i store bokstavar på sidene og i fronten.
– Dette vil vere ein styrke for beredskapen vår, seier Trude Njøsen Helgås, avdelingssjef for Pasientreiser.
Den kvite bilen er den første i sitt slag i Helse Førde. I den skal vi transportere pasientar som er for sjuke til å ta drosje, men for friske til å bli sende med ambulanse. Frå sjukehus til eigen bustad, ommsorgsbustad eller sjukeheim i pasientens heimkommune. Eller omvendt, frå bustad eller institusjon til sjukehus for undersøkingar eller innlegging.
Klart for kvit bil.pdf

08.04.21
Koronatesting i Førde som normalt frå 6. april 2021

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/140


Endring i innkjøpsavtale LAR

PKO har fått epost frå ruskoordinator/ spesialkonsulent Hjalmar A. Sletteland i Helse Førde som skriv: "Har på møte med sjukehusapoteket blitt informert om at Suboxone sublingvaltablett ikkje lenger har inkjøpsavtale med LAR. Preparatet som skal erstatte Suboxone sublingvaltablett frå juni 2021, er Bunalict Sandoz sublingvaltablett. Bunalict kjem i styrkene 2mg og 8mg. Tablettane inneheld henhaldsvis 0.5mg- og 2mg Naloxon. https://www.felleskatalogen.no/medisin/bunalict-sandoz-646365.  Dykk som har LAR pasientar som står på Suboxone må informere pasientane om endring frå i sommar.  Suboxone film skal kunne nyttast som før.

 

25.03.21
Lab-info frå Helse Førde

Laboratoria i Helse Førde har gode og oppdaterte nettsider der bl.a. viktige nyhender frå laboratoria blir lagt ut.    Dei sender ut labinfo til dei som abonererer på nyhendebrevet.  Her finn ein også oppdatert info om prøvetransporter bl.a. i påska.  Sjå nettside her og gjer deg kjent med bruken, og meld deg på nyhendebrevet frå same sida.   
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/


Ryggkirurg til Helse Førde

Kari Anne Indrebø, avdelingssjef ved ortopedisk avdeling har sendt ein epost til PKO der ho skriv:" Eg vil informere om at vi frå haust/vinter 2021/2022 har på plass overlege med kompetanse på ryggkirurgi. Nils Richter er ferdig spesialist til hausten, og vil få i oppgåve å organisere utgreiing og behandling av ryggpasientar i ortopedisk avdeling. Nøyaktig korleis organiseringa blir, har vi altså ikkje oversikt over enda.  Vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg."

 

 

eMeistring - vegleia  internettbehandling for psykiske lidingar i  i spesialisthelsetenesta i Helse Førde

Evidensbasert behandling for sosial angst, depresjon og panikkliding
Er utvikla av Tine Nordgreen i Helse Bergen HF sidan 2012
Tilbodet  startar opp i Helse Førde frå 05. april 2021.   Tilvising skjer som ved vanlege tilvisingar til DPS/psyiatriske poliklinkkar.    

eMeistring - orientering til fastlegar.pdf


11.03.21
Samhandlingsmøte mellom PKO og augeavdelinga i Helse Førde.

PKO fortsett med sine digitale samhandlingsmøter med avdelingar og seksjonar i Helse Førde.  Idag var det augeavdelinga sin tur.   Mykje nyttig info kom fram i møtet og difor legg vi ut referatet her.  Vi planlegg eit oppfølgingsmøte med det første der dei private avtalespesialistane innan augefaget i vårt område også er invitert. 

Referat møte med praksiskonsulentane og augeavd FSS i Helse Førde 11_03_21.pdf

Helsefelleskap og gode pasientforløp - orientering til fastlegar

Av store prosjekt frå sentrale helsemyndigheiter som er "rulla ut" for å lage lokale tilpasningar er prosjekta om Helsefelleskap og Gode pasientforløp.  PKO har fått hjelp av kommunal samhanldingskoordinator Elin Sørbotten til å lage ei kort og oversiktleg framstilling av prosjekta slik dei blir jobba med i samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane. 

Helsefellesskap og gode pasientforløp.pdf

 


 

 

04.03.21
Årsmelding 2020 for PKO i Helse Førde

Praksiskonsulentordninga (PKO)  i Helse Førde har i 2020 som dei fleste andre ordningar i Norge og i resten av verda hatt eit særs spesielt år – sjølvsagt p.g.a. Covid-19 pandemien.  Denne førte som kjent til nedstenging av store deler av Norge frå tidleg mars og har ikkje latt nokon jobbe i fred resten av 2020- med vidareføring inn i 2021.  Helsetenesta har vore spesielt hardt ramma og dette har medført mange endringar i måtar å jobbe på. 
Årsrapport 2020_PKO.pdf

Informasjon til fastlegar frå Blindeforbundet Sogn og Fjordane. 

PKO har fått epost frå Blindeforbundet i Sogn og Fjordane der dei ma skriv: "Blindeforbundet Sogn og Fjordane driv no litt informasjon opp mot ulike organisasjonar der medlemsmassen kan oppleve ulike synsutfordringar. I desse dagar vil vi publisere informasjon på skjermane på legekontora her i området. På grunn av dette tenkjer vi det kan kome spørsmål frå pasientar og at det derfor kan være greitt å vite om"
Informasjon til fastlegar frå Blindeforbundet Sogn og Fjordane.pdf


25.02.21
Akutt-innlegging i Helse Førde - alltid med melding! 

Tom Ole Dyrstad, seksjonsleiar Akuttmottak har sendt en epost til PKO der han bl.a. skriv: "Vi registrerer at det nesten dagleg kjem pasientar som vi diverre ikkje har høyrt om, og det er ikkje alltid at pasienten heller veit kvifor han kjem. Ein pasient som kjem med mageproblem, er ikkje alltid ein opplagd kirurgisk problemstilling, og smerte i fot er ikkje alltid ortopedi. Det kan difor bli ein del telefoner til ulike fagområde, og i verste fall ender ein opp med ein pasient som «ingen» vil ta ansvar for. Det er og ein risiko for at pasientar kan hamne på feil fagområde."
Vi vil minne om at det kun er akkuttinnleggingar til medisin, kirurgi og ortopedi der det ikkje er konferanseplikt - men desse skal likevel alltid meldast telefonisk til Innskriving eller Sentralbordet. 

 

 

 

18.02.21
Sjukehuspraksis allmennlege fysikalsk medisin

I samband med at ein av legane ved FMR blir vekke ein lengre periode for å fullføre spesialisering knytt til fagområdet fysikalsk medisin og rehabilitering,  tilbyr avbdelinga allmenlegar med behov for sjukehuspraksis i seks månadar å komme til Fysikalsk Medisinsk Poliklinikk (FMR).
Sjukehuspraksis som del av spesialisering for allmennlege_fysikalsk medisin.pdf


Endring av standardtekster fra osteoporosepoliklinikken

Overlege Anja Myre Hjelle skriv i ein epost til PKO:  "Vi har nå hatt en revisjon av prosedyrene på osteoporosepoliklinikken, og våre epikriser er dermed endret noe. Dette var dels fordi det var naturlig å endre etter at vi har fått en del erfaring siden forrige endring, og sett behov. Dels fordi vi har laget oppdaterte nasjonale prosedyrer"
Endring av standardtekster fra osteoporosepoliklinikken.pdf 

Oppstart med osteoporosebehandling etter hoftebrudd.

Fastlegar har oppdaga at pasientar etter innleggelse med hoftebrudd er sett på osteoporosebehandling i løpet av oppholdet på ortopedisk avdeling.  Ikkje alltid har der vore gitt informasjonen om korleis behandlinga vidare skal handterast av fastlegen. 

Oppstart med osteoporosebehandling etter hoftebrudd.pdf


Psykiatrisk klinikk flyttar

Svein Ove Alisøy, avdelingssjef ved psykiatrisk klinkk har sendt epost til PKO og skriv: "Psykiatrisk klinikk flyttar til nytt bygg (Dagabygget)  som ligg på vestsida av Førde sentralsjukehus, sjå vedlagt plan for flytting og korleis finne fram.  Telefonnummer som før.  DPS døgn på Tronvik vert avvikla 25.februar.  Frå 26.februar vil rus døgn vere einaste tilbodet som er igjen på Tronvik."  
Les meir om tilbodet i Dagabygget
Psykiatrisk klinikk flyttar til nytt bygg _Dagabygget.pdf 
Finne fram - Dagabygget opnar for pasientar.pdf

 


 

 

11.02.21
Ledige stillingar ved Psykiatrisk klinikk for allmennlegar som treng sjukehusteneste
Obs søknadsfrist 14.02.21 !

Svein Ove Allisøy - avdelingssjef ved psykiatrisk klinikk har sendt ein epost til PKO der han ma skriv:
"Syner til møtet vi hadde 5.november 2020 der vi tok opp at vi gjerne tek imot legar frå kommunane som søkere til våre utlyste LIS stillingar og vi kan tilpasse tilsetjingsperioden til den tida dei treng.  Vi kan tilby tilsetjing for t.d. 6 månader om dette er perioden dei treng som ledd i sin spesialisering.
Vi skal frå 22.februar 2021 flytte inn i nytt bygg og skal i den samanheng etablere 2 nye sengepostar som er ny DPS psykosepost som kjem på plass i veke 9 og ny tryggleikspost som har planlagt oppstart mai 2021.  I nybygget får vi 4 døgnpostar med tilsaman 41 døgnplassar og poliklinikk.  Vi har 12 overlegar som går i bakvakt og plan om 10 delt vakt for LIS når alle stillingane er på plass.   Eg har lagt ved utlysingstekst for ledige stillingar med søknadsfrist 14.02.21 og lenke under til der stillingane er utlyst på Helse Førde si internettside".
Ledige LIS3 stillingar Psykiatrisk klinikk.pdf
https://helse-forde.no/jobb-med-oss-i-helse-forde

 

Samhandlingsmøte med medisinsk avdeling

PKO hadde den 21, januar eit digitalt  samhandlingsmøte med medisinsk avdeling ved FSS.  Dei fleste seksjonane var representert med overlegar og mange viktige saker vedr samhandling med fastlegar og legevakt vart diskutert.  Det blei skrive eit fyldig referat som vi meiner er nyttig for allmennlegane å lese. 
Referat samhandlingsmøte PKO overlegane medisin FSS 21_01_21.pdf

14.01.21
PKO møte med psykiatrisk klinkk

PKO har regelmessige møter med dei ulike avdelingane i Helse Førde der vi drøfter problemstillingar som vedgår samarbeidet mellom avdelingane og fastlegane.  I november hadde vi eit slikt møte der fleire aktuelle problemstillingar blei drøfta, bl.a. kapasitetsproblem ved psykiatrisk klinkk når det blir flytta inn i nybygg i veke 8 og 9. "Alisøy informerte om at PSK skal flytte til det nye bygget i veke 8 og 9 i 2021. Det vil bli redusert kapasitet på sengepostane våre i Førde, DPS døgn Tronvik og poliklinikken i Førde i perioden. Dette vil påverke tal innleggingar vi tar imot og at vi må skrive ut fleire pasientar frå sengepostane for å kunne halde eit lågare belegg på sengepostane. Vi gler oss til å tilby pasientar, samarbeidspartar, besøkande og tilsette nye og betre lokaler."
Sjå fleire saker i referatet som ligg i lenka
Møte med PKO 05.11.20_psykiatrisk klinikk.pdf

 

 

 

07.01.21
Oppdatert pasientinformasjon om behandling av skabb frå Helse Førde

Hudpoliklinikken i Helse Førde har sendt ut oppdatert pasientinformasjon om behandling av skabb.  Er enkel og detaljert og nyttig for allmennlegar å bruke i informasjon til pasientane.  Det er mykje skabb i våre områder no og tilgang til oppdatert fagleg informasjon er viktig.

Skabb - Anbefalinger FSS 2020.pdf 

Samarbeidsmøte PKO – Radiologisk avdeling.  Nyttig info.

Torsdag 17.12.2020 blei det arrangert eit møte mellom PKO og radiologisk avdeling i Helse Førde. Mange nyttige moment vedr radiologi-tilbodet, ventetider, sjekklister etc blei drøfta.  I referatet er der mykje nyttig info for tilvisande allmennlegar og for legar i spesialisthelsetenesta
17-12-20 Samarbeidsmøte radiologi PKO.pdf

17.12.20
Nytt kurs om samhandlingsavvik

Gruppa som arbeider med samhandlingsavvik, sett saman av Tone Holvik, Margun Thue, Elin Sørbotten, Kirstin Bruland, Kjellaug Berntsen og Irene Barmen Hoel har utarbeidd eit kurs som omhandlar korleis vi i Sogn og Fjordane arbeider med samhandlingsavvik. Kurset inneheld også informasjon om korleis vi systematisk kan arbeide med uønska hendingar for å kunne lære av dei.
Målgruppe for kurset er alle leiarar og  tilsette i kommunane og i Helse Førde som er involvert i samhandlinga.
https://samhandling-sfj.no/nytt-kurs-om-samhandlingsavvik/


10.12.20
Samhandling mellom kommunale tjenester og
mellom kommunale tjenester og BUP

Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten

Rapport 3-2020 - Ungdom med uavklart tilstand.pdf.pdf


Digitalt skjema for eigenregistrering til fødejournal i forkant av fødsel i Helse Førde -

Informasjon om skjema til fødejournal HFD til fastlegar og helsestasjonar.pdf

05.11.20
Førebygging av sjølvmord – folkeopplysningskampanje 2020

10. september i år lanserte regjeringa ein handlingsplan for sjølvmordsførebygging, der målet er ein nullvisjon for sjølvmord i Noreg. Eit av verkemidla i handlingsplanen er folkeopplysningskampanjar som skal spreie kunnskap og skape meir openheit om temaet sjølvmord.
Helse Vest skal derfor arbeide med å opplyse befolkninga på Vestlandet om at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar, og at det er hjelp få. Vinteren 2020 planlegg vi ein folkeopplysings kampanje på Vestlandet der hovudbodskapet er «Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.»
I framkant av opplysningskampanjen ønskjer Helse Førde å dele informasjon med kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane om kampanjen og formålet med den.
I lenka under er der bl.a. informasjon om digitalt nettkurs med kurspoeng  for allmennlegar.  I siste lenke bl.a. informasjon om eit halvtimes webinar frå Helse Førde om temaet - møtet kan gjerne arrangerast som "smågruppe" med kurspoeng lokalt. 

Kampanje - snakke om sjølvmord

Førebygging av sjølvmord – folkeopplysningskampanje 2020.pdf

Det jobbas stadig med å tilrettelegge for mest muleg korrekt adressering ved elektronisk samhandling. Det er viktig at det kun er tenestene i Norsk Helsenett Adresseregister som blir nyttet ved sending av elektroniske meldinger, uavhengig av hastegrad på sendinga. Disse adressene er sett opp til å rute meldingene direkte til korrekt mottaker uten å måtte håndteres manuelt. Eksempler på adresser: Hjertesykdommer, Ortopedisk kirurgi, Fordøyelsessykdommer.

Påminnelse om korrekt adressering.pdf
skillelinje

 

18.10.20
eMeistring

PKO har fått epost frå seksjonsleiar og overlege  Tor Christopher Fink.  Han skriv: "Vi starter nå opp med eMestring av mal opplegget i Bergen.  I første omgang vil dette tilbudet ivaretas av Helse Bergen. Pas. kan til forskjell fra pas. i Helse Bergen ikke henvise seg selv, men dette må gå via fastlege eller lokalt dps. Tilbudet vil være tilgjengelig fra 02.11.20. Planen er at vi da tar over medio mars.  Jeg legger ved info om tilbudet som jeg har fått fra Helse Bergen. "
eMeistringPKO Helse Førde (pdf)
https://helse-bergen.no/emeistring

01.10.20
Avtroppande og påtroppande PKO

Anne Stubdal fyller 70 år i desse dager og slutter i dag som PKO i Helse Førde etter at ho har vore tilsett i denne stillinga sidan 2007.  Ho blei takka av formelt med ein middag på Skei Hotell nyleg.  Mange gode og fullt fortente ord om hennar arbeid gjennom desse åra blei sagt på møtet.  Både utviklingsdirektør, samhandlingssjef og kollegar frå PKO tok ordet og gåver blei gitt.  PKO ynskjer Anne lukke til vidare i pensjonisttilværet.

Samtidig har Helse Førde vore heldig å fått rekruttere ny praksiskonsulent i stillinga etter Anne med hovudansvar for Nordfjord-området.  Spesialist i allmennmedisin Anita Sørheim frå Gloppen starter i dag i jobben.  Ho har mange års erfaring som fastlege i Gloppen og har også fleire års erfaring frå spesialisthelsetenesta – bl.a. ved anestesiavdelingar.    PKO ynskjer henne hjarteleg velkomen i kollegiet! 

 


 

 

29.09.20
Pasientreiser oppfordrar brukarar til å køyre eigen bil eller bli køyrt til behandling, alternativt få endra timeavtale.

Pasientreiser har svært stor pågang frå behandlarar med bestilling av drosjer. Etterspurnaden er langt større enn den faktiske kapasiteten. Kapasiteten er nær sprengd i store delar av Helse Førde sitt område grunna buss-streik og covid-19.
Pasientreiser oppfordrar brukarar til å køyre eigen bil eller bli køyrt til behandling.pdf

24.09.20
Carpaltunnelsyndrom og tilvising

PKO har fått epost frå overlegane Stig Hegrestad frå nevrologen og Navid Beigi frå ortopeden.  Dei skriv:
"Det er i løpet av siste året blitt lang ventetid for NCV/EMG, dvs. nevrografi og elektromyografi, og for tida er denne 6 månader. Når det gjeld carpal tunnel syndrom vil behandlingsvurderinga i 80-90% være styrt av klinikk. Dersom typiske symptom bør desse pasientane henvisast direkte til ortoped for å unngå unødig lang ventetid. Ved meir diffuse symptom vil det som hittil være behov for nevrofysiologisk kartleggjing med NCV/EMG."

 


 

 

13.09.20
Pause i eldremedisinsk poliklinikk på Eid

Laila Haugland, avdelingssjef ved medsinsk avdeling i Helse Førde skriv i ein epost til PKO:
"Vi må dessverre informere om at overlegen som er tilknytta Eldremedisinsk poliklinikk på Nordfjord sjukehus har sagt opp si stilling og sluttar i september. Vi har ikkje noko erstattar på kort sikt, og må difor midlertidig stoppe dette tilbodet. Elisabeth Bolik vil i samarbeid med Eva Søgnen (ovelege på eldremedisin på Sentralsjukehuset) gjennomføre kontrollar på pasientar tilknytta tilbodet på Nordfjord sjukehus ut året. Nyhenviste må få tilbod på Sentralsjukehuset.
Etter nyttår vil alle pasientar bli overførde til Sentralsjukehuset inntil vi klarer å få tilbodet opp å gå igjen i Nordfjord.
Vi vil jobbe med å bygge opp kompetanse til reåpning av tilbodet, og vil komme tilbake med informasjon så raskt som mogeleg. "

11.06.20
Pust Deg Bedre er et digitalt verktøy, i form av en app, for lungesyke som strever med slim og åndenød.

Informasjon frå fysioterapiavd. Helse Førde ved Elin Johnsen,
Spesialfysioterapeut:
"Appen gjør det mulig for fysioterapeutene å skreddersy en behandling til hver enkelt og behandlingen er lett tilgjengelig på pasientens egen mobiltelefon. Behandlingen er i stor grad visualisert ved hjelp av 3D-animasjoner, som utfører pusteteknikker for å løsne, flytte og fjerne slim samt dempe åndenød.
Målet er å gi lungesyke et verktøy for å mestre egen helse bedre og oppleve større frihet og livskvalitet i hverdagen. Ved at de får fjernet slim effektiv og skånsomt regelmessig, er ambisjonen å redusere krevende sykehusinnleggelser.
Appen vil også gjøre det lettere for fysioterapeutene i kommunene å lage behandlingsplaner for pasientene og kontinuiteten i behandlingen styrkes. Appen er også et fagverktøy for fysioterapeuten, for å sikre god faglig kvalitet på behandlingen.
I spesialisthelsetjenesten er lungefysioterapi en viktig og godt integrert del av behandlingstilbudet til mange av våre pasienter, og vi opplever samarbeidet med lungelegene som svært nyttig og lærerikt. Når pasienten kommer hjem og skal følge opp på egen hånd kan det være krevende. Dere som fastleger vil ofte være bindeleddet mellom fysioterapeuter og pasienter. Ved å ha kunnskap om appen og nettsiden til Pust Deg Bedre, kan dere være brobygger mellom fysioterapeuter og lungesyke, hvor Pust Deg Bedre kan være en solid plattform å bygge broen på."
https://www.pustdegbedre.no/

https://helsenorge.no/sok#k=Pust%20deg%20bedre

07.05.20
Digital disputas med Hege Kristiansen.

Hege Kristiansen disputerer 8.5.2020 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "The vulnerable child in an obesogenic environment" - "Sårbare barn i et fedmefremmende samfunn."
Hege Kristiansen er overlege ved barenavdelinga Helse Førde.    Prøveforelesninga  «Children with obesity, nature or nurture?»  som er kl 09.15-10.15 er særleg interessant for allmennlegar. 
https://www.uib.no/nye-doktorgrader/135386/sårbare-barn-i-et-fedmefremmende-samfunn

30.04.20
Budtenestene for laboratorieprøver

Overlege Reidar Hjetland ved mikrobiologisk avdleing HFD har svart PKO på status for denne tenesta.  Han skriv:  "Dette har dessverre tatt lengre tid enn planlagt pga av Corona situasjonen, som har medført anna prioritering både for oss og Sjukehusinnkjøp. Vi har hatt nokre møter og siste versjon vert sendt ut til dykk alle neste veke.
Vegen vidare er utlysning som da er 35 dager. I tillegg må eventuelle leverandør få tid til å få på plass nødvendig materiell. Ser for oss at oppstart da vil kunne vere i løpet av august"

 

 

23.04.20
Praksiskonsulent i Helse Førde - lokalisert til Nordfjord

Er du allmennlege, og engasjert i samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og  spesialisthelsetenesta? Då er denne oppgåva noko for deg!
Helse Førde har ledig fast 20% stilling for allmennlege som praksiskonsulent for område Nordfjord.
Stilling ledig som praksiskonsulent i Helse Førde.pdf

Ambulansetenesta i Helse Førde og resten av Helse Vest ynskjer å kunne tilby NSAID, spesielt mtp pasienter med steinproblematikk. Alle ambulanser i Helse Førde er no utrusta med denne medisinen.
Her er tiltakskortet som ligg i metodeboka til ambulansen. Håper dette blir tatt vel i mot i legevaktsgruppa.
NSAID injeksjon i ambulansane.pdf

Rask vurdering utan ØH innlegging ved akutt døgn i psykisk helsevern, Helse Førde

Rask vurdering blei innført ved DPS dag med mål om å redusere antall innleggelsar på akutt døgn. Tanken er at leger som kontaktar vaktlege ved Psykiatrisk klinikk og som ynsker å legge inn ein pasient akutt, vil kunne få denne pasienten vurdert innan 1-5 dager.
Rask vurdering utan ØH innlegging ved akutt døgn i psykisk helsever.pdf

20.03.20
Innskjerpa kriterier for testing av koronavirus i Helse Førde

PKO har fått denne informasjonen idag frå mikrbiologisk avdeling i Helse Førde der dei skriv:  
Mikrobiologisk avdeling har sprengt kapasitet og står i fare for å gå tom for reagensar for koronavirus. Prøvetalet må difor reduserast.
Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde er pressa pga koronavirus-situasjonen. Dette gjeld personell, reagensar og prøvetakingsutstyr, og slik er det over heile landet. Fleire helseføretak har allereie slutta å teste prøvar frå primærhelsetenesta og nokre har også måtta avslutte testing av eigne tilsette fullstendig. Dette vil snart bli konsekvensen også hos oss med mindre dei nedanståande avgrensingane av Folkehelseinstituttet sine kriterier for testing etterlevast. Desse er utarbeidd etter samråd mellom dei mikrobiologiske avdelingane i Helse Vest. Dersom vår testkapasitet
overskridast, må laboratoriet prioritere etter beste skjønn.

Detaljer i lenka under

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/85

24 timars EKG/Holter - kun på strenge indikasjonar.

Overlege Dag Jone Fadnes skriv i ein epost til PKO:  
Grunnet pågående pandemi med Covid-19 fører dette til sterkt redusert kapasitet ved medisinske poliklinikker i Helse Førde.
I den forbindelse vil jeg be om at henvisninger til Holtermonitorering (24-72 t EKG) kun begrenses til de tilfeller hvor man mistenker arytmier som kan gi prognosetap, dvs alvorlig bradyarytmi med høygradig blokkeringer, alvorlig takyarytmi eller sterk mistanke om atrieflimmer ved høy CHADsVasc-score.
Vi vil også i den inneværende situasjonen se oss nødt til å avvise en del polikliniske henvisninger der man oppfatter at pasienten ikke har alvorlig sykdom og ikke vil ha nytte av undersøkelse i spesialisthelsetjenesten.
Dette vil vi komme tilbake til så snart myndighetene kommer med ny veiledning i løpet av kort tid.
Se ellers nylig publisert god artikkel:
https://tidsskriftet.no/2020/02/originalartikkel/funn-og-konsekvenser-ved-langtidsregistrering-av-ekg

19.03.20
Råd og informasjon om koronavirus til pasientar, pårørande, medarbeidarar og media

Koronavirus - Gul beredskap!!
Helse Førde er i beredskap grunna situasjonen med koronavirus.

https://helse-forde.no/koronavirus

Covid-19 i Legevakthåndboken og Telefonråd

Råd for legevaktenes håndtering av covid-19 infeksjon er nå integrert i Legevakthåndboken og Telefonråd.
https://www.norceresearch.no/nyheter/covid-19-i-legevakthandboken-og-telefonrad

Direktetelefon til Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane


I desse tider er barn og vaksne kanskje endå meir utsett for overgrep i nære relasjonar. Dessverre er det samtidig vanskeleg å komme gjennom til Overgrepsmottaket via legevaktstelefonen på 116117 eller tlf 57 72 37 48. Dersom de ynskjer å komme i kontakt med Overgrepsmottaket, kan de ringe direkte til spl. Lin Finjord på telefon 97152859 eller spl. Bente Anita Alisøy på telefon 97199782.
Informasjon til legekontor_overgrepsmottaket.pdf

 

14.03.20
Mikrobiologiske testar og koronasituasjonen

Info frå mikrobiologisk avdelding der dei  oppmodar til måtehald ved rekvirering av mikrobiologiske prøvar, særleg PCR, samt om nokre endringar i PCR-oppsetta.

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/82

Koronasjekk

Nyttig info å spre lokalt i kommunane
https://koronasjekk.no/

12.03.20
Etablering av operativt samhandlingsråd og taktisk samhandlingsgruppe ved pandemi

Sakser frå dagens brev frå "allmennlegenes innsatsgruppe Covid -19"
Vi oppfordrer alle fastleger til å sette i gang med videoløsninger. Vi er for tiden kjent med disse tre løsninger for video. Her følger de i en i alfabetisk rekkefølge, vi tar ikke stilling til hvilken som er best:
Confrere
https://confrere.com/fastleger

Pasientsky
https://www.patientsky.com/

VisibaCare
https://www.visibacare.com/no/

Du trenger et webkamera og mikrofon.- Løsningen settes opp uavhengig av journalløsningen. Du bruker videoløsningen ved siden av EPJ og noterer i journalen.
Legekontorer bør vurdere å kontakte egne EPJ-leverandører. I Norm for informasjonssikkerhet i helsetjenesten finnes en veileder som skisserer de generiske kravene til bruk av bl.a. videokonsultasjoner i legekontor. Veilederen finner dere her:
https://ehelse.no/normen/veiledere/veileder-i-bruk-av-portallosninger-sms-og-e-post


Til alle kommunale legekontor og legevaktsentralar - Vedrørande koronasmitte.pdf

05.03.20
Testing for nytt koronavirus utførast no ved mikrobiologisk avdeling i Helse Førde

Dette vil gjelde ein del pasientar med inflammatoriske tarmsjukdomar, revmatiske sjukdomar og nokon nevrologiske sjukdomar.   Faglege vurderingar er at desse pasientane ikkje blir lettare smitta enn andre men nokon dei kan utvikle eit meir alvorleg forløp.  Dog har influensatilstander vist at dei fleste av desse pasientane takler slike infeksjonar godt.  Det er sterkt tilrådd at dei fortset med sine medisiner slik som vanleg og ikkje avslutter.  Seponering vil for ein del pasientar medføre forverring i grunntilstanden og dermed svekka immunforsvar på den måten.  Dei vanlege råd omkring forebygging av smitte og handtering av sjukdom som ein finn på fhi.no vil også gjelde for desse pasientane.
https://www.crohnsandcolitis.org.uk/news/updated-wuhan-novel-coronavirus-advice

Så lenge vi er i ein situasjon med få påviste tilfelle med Covid-19 i Norge, handlar god handtering ikkje berre om å gje god behandling til pasientane som treng det, men i denne fasen er det også viktig å hindre vidare smittespreiing. Samstundes er det meldt om utfordringar knytt til levering av smittevern utstyr. Helse Førde har revidert sine smittevern rutinar og desse er tilgjengeleg på PKO sidene.

Folkehelseinstituttet har lagt opp til at vurdering og prøvetaking kan skje i primærhelsetenesta ved å isolere pasienten heime til prøvesvar føreligg.

Pr. i dag er det tilrådd fylgjande prøvetaking og analysestad:
• Koronaprøve analyserast inntil vidare ved HUS. Det skal sendast eit prøveglas (rødt virustransportmedium) med ein pensel. Denne penselen skal først brukast på bakre svelgvegg, deretter i nasofarynx. Det vert arbeidd for å få til elektronisk rekvirering i Interactor. Før denne er aktivert i journalsystemet må ein bruke papirrekvisisjon til mikrobiologisk avdeling, Haukeland (sjå eiga lenke).  Relevante kliniske opplysningar må påførast. Prøvane sendast direkte til Haukeland universitetssjukehus. Det vil i løpet av kort tid kunne forventast at FSS vil kunne analyser prøvene. Det vil det kome informasjon om. 

• Ved sterk medisinsk indikasjon tar ein eit prøveglas nr 2, med ein pensel frå nasofarynx, for analyse på ordinære luftvegsagens. Sendast som vanleg til FSS med rekv i Interactor.  Dette skal ikkje gjerast rutinemessig! Vi skal heller ha høgre terskel for slike prøver no enn til vanleg – dette for å unngå at det etter kvart blir manko på prøveutstyr.

Fastlegar og legevakt kontakter eigen smittevernlege ved behov, og alltid før det blir avgjort om coronaprøve skal takast!  Smittevernlege som ynskjer kontakt med Helse Førde knytt til Koronaproblematikken,  ringer sentralbordet  57 83 90 00.
Sentralbordet vil
• på vakttid sette over til vakthavande overlege med medisinsk avd. FSS
• i kontortid måndag til fredag medisinsk fagleg rådgjevar, overlege Torgeir Finjord

Testing, isolering og oppfølging av nærkontaktar er ressurskrevjande, så dette vert gjort kun ved kvalifisert mistanke. Kartlegging av nærkontaktar/smitteoppsporing skal gjerast i samarbeid med Folkehelseinstituttet.

13.02.20
Viktig endring i Livmorhalsprogrammet for kvinner frå  Vestland

No blir det sams screeningsrutine for livmorhalskreft i heile Vestland fylke.

Frå 24. februar  2020 vil livmorhalsprøvane for kvinner mellom 34 og 69 år bli HPV (humant papilloma virus)-testa. Livmorhalsprøvar frå kvinner mellom 25 og 33 år, vurderast framleis i mikroskop.
OBS! HPV-test og celleprøve er screening og ikkje testar for diagnostikk og skal ikkje brukast åleine ved undersøking/kontroll av kvinner med symptom. Hjå kvinner med normale screeningstestar er intervalla mellom rutinekontrollar 5 år ved primær HPVscreening og 3 år ved celleprøve vurdert i mikroskop. Flytskjema med tilrådd oppfylging av ulike prøvesvar er utarbeidd av Livmorhalsprogrammet og kan lastast ned/hentast derifrå.

Kvinnene vil få påminning om tid for nye prøver på same måten som før og rutinane for taking og sending av prøvane er uendra. Prøvane blir som no analysert ved Patologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus.

Endringa er gjort i samråd med Kreftregisteret, dr Ameli Trope (leiar for Livmorhalsprogrammet) og Birgit Engesæter (prosjektleiar – Implementering av HPV-screening)
For lokal informasjon kontakt dr.Jostein Tjugum - rådgivar logistikk Livmorhalsprogrammet Helse Førde,  jostein.tjugum@enivest.net   Mobil 415 69 638 (sms).

HPV-screening for alle kvinner mellom 34 og 69 år i Sogn og Fjordane.pdf 202002 Brosjyre til kvinnene_Vestland.pdf
https://www.kreftregisteret.no/screening/livmorhalsprogrammet/



OM KORONA viruset:  Informasjon Frå Helse Førde til kommunehelsetenesta og legevaktsentralane

Som kjent er det eit utbrot i Kina med et nytt koronavirus (2019-nCoV). Helse Førde ynsker å få til eit godt samarbeid med primærhelsetenesta ved mistanke om koronavirussmitte. 
Vi må vere budde på at viruset kan spreie seg til Norge, i første omgang som sporadiske einskildtilfelle. Folkehelseinstituttet (FHI) gjev god rettleiing på fhi.no om når 2019-nCoV-sjukdom bør mistenkast og korleis det skal handterast både i primærhelsetenesta og i sjukehus.

Det er samtidig viktig at vi gjer lokale tilpassingar til dette og etablerer gode rutinar og godt samarbeid.
Så lenge vi er i ein situasjon med ingen eller få påviste tilfelle med 2019-nCoV i Norge, handlar god handtering ikkje berre om å gje god behandling til pasientane som treng det. I denne fasen er det å hindre vidare smittespreiing også svært viktig.

Folkehelseinstituttet har lagt opp til at vurdering og prøvetaking kan skje i primærhelsetenesta ved å isolere pasienten heime til prøvesvar føreligg. I den fasa vi er i nå er framleis mykje ukjent med omsyn til dette viruset.
https://fhi.no/nettpub/coronavirus/

200207 Koronavirus info fastlegar og legevakt.pdf

Oppdatert info om behandling av skabb.

Hudavdeldinga Helse Førde har kontakta PKO vedr oppdatert informasjon om skabb. Overlege Ingvild Hatten skriv:  "Vi bruker no oppdatert pasientinformasjon frå Hudavdeling Bergen vedr behandling (Nix krem 5%) somkan kjøpast reseptfritt frå apotek.   Det er tilrådd å behandle hovud/hals, la kremen vere på i 12 timar, sanere i 5 døgn osv. Det er nok dessutan framleis ein del pasientar som får berre 1 behandling utan re-behandling etter 6-7 dagar, og det er sjølvsagt kjelde til behandlingssvikt.
Denne informasjonen er nokså lettfatteleg for pasientane, den beskriv punktvis korleis dei skal gjere dette med skifte av klede/sengeklede. "

Skabb OPPDATERT FEB 2020 FSS_pasientinformasjon.pdf

 

Nyhendebrev frå Fylkesmannen i Vestland

Fylkesmannen i Vestland skriv på sine nettsider at om ein vil få med seg siste nytt fra Fylkesmannen i Vestland, kan ein abonnere på nyhende frå nettstaden deira.   Ein kan skreddarsy abonnementet til å handle om dei fagområda ein er interessert i.  Mykje bra og nyttig infromasjon også for allmennlegar kan finnast her.  Nyhendebreva lander i epost-innboksen med gjevne mellomrom.  Interessant informasjon er lett å finne. 
https://www.fylkesmannen.no/nb/vestland/abonnement/

06.02.20 
Kvetiapin i små doser ved søvnvansker er "off label" bruk der pasienten ikkje samtidig har tyngre psykiske lidingar


PKO har fått nokon innspel frå kollega vedr bruk at kvetiapin som sovemedisin.  Det blir vist til ein tidsskriftsartikkel - vedlagt i lenke.  Vi har også spurt RELIS Vest som svarer under.  Overlege Trond Aarre tenker også omkring saka og er vist til blant lenkene under. 
Relis Vest skriv: "Kva gjeld spørsmålet om retningslinjer for bruk av kvetiapin mot søvnvanskar, viser vi til Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer (SOVno), som er lokalisert i Helse Bergen og har laga ei nasjonal tilråding for utgreiing og behandling av insomni (visast òg til i artikkelen). Tilrådingane oppgjev at antipsykotika (deriblant kvetiapin) kan vere aktuelt ved insomni der pasienten har komorbide psykotiske eller bipolare symptom, men at dokumentasjonen på effekt er mangelfull og med stor risiko for både korttids- og langtidsbiverknader. Fordelen kan vere effekt på den komorbide lidinga og at kvetiapin ikkje er vanedannande. Dei skriv vidare: «Vi vil likevel ikke anbefale bruk av antidepressiva, antipsykotika eller antihistaminer for insomni, hvis det ikke foreligger spesifikke grunner til det (komorbid insomni). Vi er spesielt bekymret for og negativ til den økte bruken av antipsykotiske preparater ved insomni.»
Lenkene under viser til bakgrunnsinformasjonen
https://helse-bergen.no/nasjonal-kompetansetjeneste-for-sovnsykdommer-sovno#anbefalinger-og-retningslinjer
https://tidsskriftet.no/2019/09/kronikk/kvetiapin-er-ikke-en-sovemedisin

Bruk av kvetiapin ved søvnvansker_Trond Aarre.pdf

30.01.20
Nedsett kapasitet innan utgreiing av autisme samt nevropsykologisk vurdering av barn.

Solveig Horstad Berget, avdelingssjef ved barne-og ungdomsavdelinga ved Helse Førde skriv til PKO om at habilitering for barn og unge dessverre no har svært nedsett kapasitet innan utgreiing av autisme samt nevropsykologisk vurdering av barn.  Dette gjeld fram til august 2020. Dette grunna mangel på fagfolk i perioden. Ho skriv at det er viktig at det framleis blir sendt tilvisingar, men situasjonen innebær at det tek tid før ein får svar eller kjem til utgreiing.
Barne- og ungdomsavdelinga ser på løysingar og vil komme tilbake med informasjon ved evt endring.

Karianne Strønen, overlege ved ØNH i Helse Førde, skriv at dei har  hatt undervisning og gjennomgang av dei oppdaterte sidene til Balanselaboratoriet.no Ho reknar med at ein del kollegaer kjenner til sidene, men at det sikkert er kjekt med ei påminning. Sidene er svært nyttige med praktisk informasjon og god fagkunnskap og er no oppdaterte med ein betre og meir oversiktlig design.
PKO takker for påminninga og legg no dette ut på nettsidene våre.
http://www.balanselaboratoriet.no/ 

02.01.20
Heving av aldersgrensa for personar med diabetes til 18 år på Barne-og ungdomsavdelinga. 

Margunn Skudal Nistad, Seksjonsleder Barne- og ungdomsavdelingen Helse-Førde har sendt oss ein epost vedr temaet.  Ho skriv at "som kjent har det vært jobbet med å øke aldersgrensen fra 16 til 18 år på BUA  over en lengre periode. På poliklinikken har en utvidet aldersgrensen til 18 år for diabetikere. En valgte å starte her for å gjøre seg opp en erfaring med en gruppe. Dette har gått greit. Vi ønsker derfor å videreføre denne diagnosegruppen til og å gjelde sengeposten. Det betyr i praksis at nyhenviste med spørsmål om diabetes opp til 18 år skal henvises til Barne-og ungdomsavdelingen.
Ny ordning  vil gjelde fra 01.01.2020.

19.12.19
Høyring Grimstadutvalgets utgeiing: Studieplasser i medisin i Norge – behov, modellar og muligheter

Endringa som blir foreslått har konsekvensar også for legeutdanninga i Bergen iom at det blir forslått at Stavanger også skal få sin del av utdanninga - evt. eit nytt fakultet.  Detaljer finnast i lenka under og det er fritt fram for legemiljøa rundt omkring i Fylket å komme med si høyring.   
Høyringsfrist er 15. februar 2020.
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-grimstadutvalgets-utredning-studieplasser-i-medisin-i-norge-behov-modeller-og-muligheter/id2673050/?expand=horingsbrev

skillelinje

Transport av biologisk prøvemateriale til Helse Førde

Postsendingar av prøver til laboratoria i Helse Førde vil bli redusert sidan posten Norge ikkje lenger leverer post alle virkedagar. Det har derfor vore arbeidd med ei henteordning, og ein ventar på svar frå aktuelle leverandørar av bodteneste. Dette vil truleg vere klart ila våren 2020, og nærare informasjon vil kome. Ein tek sikte på henting på kvart legekontor i  Helse Førde sitt nedslagsområde alle virkedagar.
20.12.18

skillelinje

12.12.19
Endra rutiner for stikkuhell

Frå september 2019 har mikrobiologisk avdeling endra sine rutinar for handtering av prøvar i samband med stikkuhell på sprøyter og liknande.
Tidlegare sende avdelinga ut påminning om kontrollprøvar til rekvirentane, dette er ikkje lenger tilfelle.
Rekvirenten må sjølv passe på å ta kontrollprøvar der det er grunn til det. Det er som hovudregel ikkje lenger nødvendig å ta kontrollprøve
der kjeldepersonen er negativ for HBV, HCV og HIV.
Infobrev stikkuhell nov 2019.pdf

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/

 

skillelinje

Feces diagnostikk over på PCR

Frå 2. desember 2019 gikk mikrobiologisk avdeling over til å nytte PCR som hovudmetode for all diagnostikk av diaréframkallande mikrobar. Dette vil gjennomgåande gi raskare svar.
infobrev feces PCR nov 2019.pdf
https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/

Ny prosedyre for ØH-innlegging av pasientar i indremedisinsk avdeling i Helse Førde, i opptaksområdet til Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus

Føremål med prosedyra: Sikre hensiktsmessig og trygg prehospital seleksjon av indremedisinske ØH-pasientar til rett behandlingsnivå ut frå tentativ diagnose, klinisk status, forventa behandlingsbehov og totalsituasjon.
ØH-prosedyre til utsending 22.11.19.pdf

skillelinje

07.11.19
Innføring av "medikamentskrinet" i Helse Førde

PKO har fått ein epost frå Marthe H Aase, Kreftsjukepleiar i Palliativt team i Helse Førde.  Ho representerer "Styringsgruppa i nettverk for ressurssjukepleiarar" og  skriv at dei no er under innførring av medikamentskrinet i Helse Førde.  Vidare skriv ho: " All informasjon som legane vil trenge ligg i linken som eg legg ved. Vi har tru for at legane syns dette er kjærkome i møte med den palliative pasienten. Med medikamentskrinet vert også behandlingsalgoritmane over dei 4 viktigaste medikamenta i palliasjon sende med skrinet. Dette vil gjere arbeidet enklare for legane i møte med pasienten, særleg då ressurssjukepleiarane alt er kjende med ordinasjonane. "
https://helse-bergen.no/kompetansesenter-i-lindrande-behandling/palliasjon-verktoy-for-helsepersonell/medikamentskrin-vaksne

skillelinje

17.10.19
Allmennlegane sine mikrobiologi- og patologisvar kjem no automatisk inn i DIPS. 

Frå 30. oktober 2019 vil det automatisk bli sendt kopi av prøvesvar frå mikrobiologisk avdeling og avdeling for patologi  til Helse Førde sitt pasientjournalsystem DIPS for prøvar som er tekne av eksterne rekvirentar (legekontor m.v.).
Dette har ikkje vore praksis i Helse Førde hittil.  Helse Førde har har no fått juridisk avklaring om at dette er tillete etter journalforskriften.
Dette betyr at prøveresultata ligg tilgjengelege i DIPS dersom pasienten leggast inn eller henvisast til Helse Førde, noko som er ein stor fordel.
Infobrev mikro pat okt 2019.pdf

https://labanalyse.helse-forde.no/labinfo/

skillelinje

Osteoporosepoliklinikken; beintettheitsmåling indikasjoner, tilvisingar, diverse problemstillingar. 

Etter at osteoporosepoliklinikken ved revmatologisk avdeling blei evaluert og endra i drift og epikrisestruktur fra hausten 2018, er det eit veldig positivt inntrykk der mange primærleger via dialogmeldinger men også via opplysningar i henvisningane har stor kunnskap og interesse for utgeiiing og behandling av osteoporose. Det er ei oppfatning at fastlegane er meir fornøgde med tilbakemeldingane fra osteoporosepoliklinikken etter omlegginga. Revmatologisk avdeling kjem her med nokre  generelle råd/presiseringar. 
Osteoporosepoliklinikken-indikasjoner, tilvisingar, diverse problemstillingar.pdf

skillelinje

Voksne fimosepasientar kan bli sett opp rett til operasjon ved tilvisingar med tilstrekkeleg informasjon

Overlege Marius Dalin ved urologisk seksjon har sendt epost til PKO og informert om muleghet til å forenkle litt for voksne pasientar med fimose dersom det blir gitt gode kliniske opplysningar. "Dersom både tilstanden er avklart og fastlege informerer kort om kirurgien, lokalbedøvelse og bekrefter overfor oss at pas er innstilt på kirurgisk behandling i lokal kan vi like godt planlegge for op på kir pol i lokal direkte, så slipper de en ekstra tur. Dette som en liten oppfordring for å korte ventinga for de det gjelder".

skillelinje

05.09.19
Ortoped Humborstad tilbake i Helse Førde -  gir auka kapasistet for skulderkirurgi 

Kari Anne Indrebø, Avdelingssjef i Helse Førde har sendt oss denne eposten:
Helse Førde får frå 01. oktober 2019 auka kapasitet på utgreiing og operativ handsaming av skulderlidingar. Kristian Sørland Humborstad er tilsett i overlegestilling som skulderkirurg. Han har hatt skulderkirurgi som sin hovudfelt sidan han var ferdig spesialist i ortopedi, og har arbeidd ved skulderseksjonen på Haraldsplass Diakonale Sjukehus dei 9 siste åra. Han skal ha utgreiingspoliklinikk på Nordfjordeid og i Førde. Han ser på alle typar skulderskader og skulderlidingar, etter kvart i samarbeid med våre fysioterapeutar og LIS-legar. Vi ber om at pasientane som vert tilvist har tatt røntgen av skulderen, ved inneklemmingsprobematikk og slitasje, eventuelt MR, spesielt der ein mistenkjer skader på leddlepper/instabilitetar og rotatormansjettskadar.  Vi håpar på godt samarbeid med fastlegar, fysioterapeutar og kiropraktorar.

skillelinje

20.06.19
Aldersgrense for helseattest ved førarkort hevast til 80 år. 

I ulike sosiale medier og aviser har ein dei siste dagane kunne lese om nyordninga som er gjeldande frå igår 19.06.  På nettsidene til Vegvesenet står det bl.a.:
"Hvis du ikke har helseproblemer, kan du nå vente til du er 80 år med å levere helseattest for å fornye førerkortet.
– Fram til nå har denne aldersgrensa vært 75 år. Denne heves altså nå til 80 år. Deretter må du fornye førerkortet og levere helseattest hvert tredje år hvis ikke legen av medisinske årsaker har gitt deg en kortere frist."
Det har også vore skrive noko om dette med kognitive testar.  Nokon legar praktisererer enkle kognitive testar som ein rutine ved slike helseundersøkingar.  Slike testar har vel også så langt vore tilrådd ved misstanke om kognitiv test.  På nettsidene står det vidare om dette temaet:
"En annen nyhet er at kognitive tester skal ikke benyttes med mindre det er helt tydelige tegn på kognitiv svikt. Helsedirektoratet har fått i oppgave å ta en ny vurdering av de kognitive testene. Dette for at de skal vurdere om slike tester er den beste metoden å bruke for å fange opp kognitiv svikt."https://www.vegvesen.no/om+statens+vegvesen/presse/nyheter/nasjonalt/alder-for-helseattest-heves-til-80-ar

https://www.vegvesen.no/forerkort/har-forerkort/fornye-forerkort/fornye-forerkort-etter-fylte-80-ar

skillelinje

Nytt frå samhandlingsbarometeret - statistikk på tilvisingar frå allmennlegar i Sogn og Fjordane

Samhandlingsbarometeret presenterer no ein ny statistikk på tema omkring tilvisingar.  Statistikken viser at tilvisingane var aukande frå 2011 til 2014, men etter den tid har dei vore relativt stabile.   Variasjonen mellom dei enkelte legane er framleis stor.  Når det gjeld ØH innleggingar så har desse ligge stabilt dei siste 8 åra. 
https://samhandling-sfj.no/tilvisingar-fra-fastlegar-i-sogn-og-fjordane/

skillelinje

Allmennlegar kan også rekvirere medisinsk obduksjon i Helse Førde

PKO har fått ein epost frå patologisk avdeling i Helse Førde der det bl.a. står:
"Helse Førde tilbyr medisinske obduksjonar for alle kommunar i Sogn og Fjordane.
• Det er ingen utgifter for kommunane ved ein medisinsk obduksjon
• Dette blir betalt av NAV
• Begravelsesbyrået transporterer den døde til medisinsk obduksjon.  Dei sender rekninga direkte til NAV, så ingen pårørande blir belasta
Helse Førde har 5 patologar og 1 obduksjonsteknikar.  Vi har også LIS ved vår avdeling som treng flest mogleg obduksjonar i si utdanning.
Obduksjonar er viktig for å kunne fastslå eksakt dødsårsak.  Samtidig er det viktig som en kvalitetssikring for legar i forskjellige spesialitetar.  Difor ønskjer vi å utføre så mange obduksjonar som mogleg.
Mange kvir seg gjerne på å spørje om dette med obduksjon.  For å få inn ei god rutine hos rekvirentar treng det ikke vere ukjent dødsårsak for å rekvirere obduksjon, men det kan vere forhold ved sjukdomsutviklinga ein lurer på.  Så lenge pårørande samtykker er vi positive til å utføre medisinsk obduksjon ved avdelinga."
Det er viktig å kontakte avdelinga før ein sender den døde til obduksjon.  Det må også vere avklart at politiet ikkje vil begjære rettsmedisinsk obduksjon - denne må evt skje i Bergen.  Patologisk avdeling  i Førde har eigne rekvisisjonsskjema som skal nyttast ved tilvising til medisinsk obduksjon. 
https://helse-forde.no/avdelinger/medisinsk-klinikk/avdeling-for-patologi

https://tidsskriftet.no/2013/04/originalartikkel/medisinsk-obduksjon-ved-dodsfall-utenfor-sykehus

skillelinje

Redusert kapasitet ved urologi i Førde

P.g.a. redusert kapasitet ved urologi i Helse Førde blir difor no ein del tilvisingar dit vidaresendt til privat spesialist i Bergen.  Det vil komme noko meir detaljert info til fastlegane i Helse Førde området etter kvart.  Ein minner også om at fatlegar kan tilvise direkte til private spesialistar.  Lenken under viser avtalespesialistar som har avtale med Helse Vest

https://helse-vest.no/behandlingsstader/avtalar-med-private/lege-og-psykologspesialistar

skillelinje

06.06.19
Informasjonsrunde vedr pakkeforløp rus og psykiatri til legekontora

PKO i Helse Førde har som kjent no i vår hatt implementeringsrunder med besøk til enkelte legekontor i kommunane saman med pakkeforløpskoordinatorane – slik vi også gjorde då pakkeforløp kreft blei innført.  I enkelte høve har informasjonen vore gitt til kommunehelsetenesta i fellesmøte der fleire kommunar har vore med og fleire slike er planlagt.   Har vore nyttig for alle parter ser det ut som.  Vi har igjen nokre kommunar til hausten og implementeringa vil måtte fortsette i lang tid framover.  Fleire av kommunane vi besøkte  representert ved fastlegar og anna kommunalt helsepersonell som er involvert i voksenpsykiatri og barnepsykiatri, var ikkje komne så langt i planlegginga.  I Helse Førde er heller ikkje alt på langt nær klart i fht pakkeforløpet.  Møta opna for god dialog og borger for at vi vil få til ei bra samhandling omkring denne viktige pasientgruppa.   Vi har i møta våre lagt mest vekt på forløpskoordinatorane si rolle -  både på helseforetakssida og kommunesida – men også på innholdet i tilvisinga og samarbeid på førstelinjenivå som ofte må skje for å få klarheit i dei utfordringane nokon pasientar slit med.  Dette gjeld særleg barn som blir tilvist BUP, men også ein del voksne.
I denne eposten er vedlagt presentasjonane  som forløpskoordinatorane og PKO har hatt og litt om tilvisingsmaler med ledetekstar.  Desse har PKO utarbeidd på grunnlag av det helsedir har sett opp som nyttig info ved tilvising til dei ulike pakkeforløpa.  Det meste av vår info kjem frå hdir sine nettsider om Pakkeforløp – rus og psykiatri
https://www.helsedirektoratet.no/tema/psykisk-helse

Møteplass Oslo er eit samarbeidsorgan mellom allmennlegetenesta og sjukehusa i Oslo-området.  Dokumentet i lenka under er ein konsensus vedr dei nye pakkeforløpa i psykiatri inngått mellom allmennlegetenesta og sjukehusa i hovudstaden.  Nyttig lesnad også for oss – derfor vedlagt her.   
Møteplass Oslo - pakkeforløp rus og psykiatri

Presentasjonar

Presentasjon Pakkeforløp rus og psykiatri.pdf 
Pakkeforløp psykiatri tilvisingsmal CGM_med ledetekst.pdf

Tilvisingsmaler med ledetekst for ulike pakkeforløp psykiatri og rus

Pakkeforløp psykiatri voksne.pdf
Pakkeforløp rus.pdf
Pakkeforløp psykiatri BUP.pdf
Pakkeforløp psykiatri OCD.pdf
Pakkeforløp psykiatri psykose.pdf
Pakkeforløp spiseforstyrrelser barn-unge.pdf

skillelinje

Poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem blir avvikla i Helse Førde

Lymfødem er ein tilstand som blir behandla først og fremst av kommunale fysioterapeutar men også på private institutt og i sjukehusa. Dei fleste i Norge med lymfødem får behandling hos privatpraktiserande fysioterapeutar med driftsstilskot. Helse Førde HF er det einaste helseføretaket i Helse Vest som gir poliklinisk tilbod til denne pasientgruppa.  Frå og med 01.02.20, vil Klinisk fysioterapi og førebygging ikkje lenger gi poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem. Inneliggande med kreftsjukdom, vil få tilbod som tidlegare.

Poliklinisk tilbod til menneske med lymfødem.pdf

skillelinje

Kontaktsenter i Helse Førde

I midten av mars opna Kontaktsenteret i Helse Førde. Nå sit det 4-5 medarbeidarar dagleg, og svarer på telefonar for alle dei somatiske poliklinikkane. Bakgrunnen for å opprette Kontaktsenter var at undersøking viste at 3 av 10 ikkje kom gjennom på telefon i Helse Vest. Målet med kontaktsenteret er at innbyggjarane i Sogn og Fjordane skal få svar og god service når dei ringer inn til Helse Førde.

Når ein nå ringer inn til dei somatiske poliklinikkane får ein tasteval, og ein må velje eit av vala. Dersom det er stor pågang på telefonen vil ein få melding om at ein står i kø. Dette er i hovudsak for pasientar og eventuelt pårørande.  De som er helsepersonell ynskjer i første omgang direkte kontakt med behandlarar og vi har difor laga ei eiga løysing til dykk, som går utanom Kontaktsenteret.
1. De kan ringe direkte til Sentralbordet 57 83 90 00 og presentere dykk som helsepersonell, då vert de sett direkte over til poliklinikken de ynskjer kontakt med.
2. Dersom de skulle ringe det gamle nummeret til poliklinikken, om nokon av dykk har dette innarbeidd frå før, kan de etter velkomstmeldinga taste 8, og de kjem direkte til sekretær på poliklinikken. 

skillelinje

02.05.19
Samhandlingsplakat for legar

God samhandling mellom legar er avgjerande for trygg og god pasientbehandling.
Gjensidig respekt og likeverd skal ligge til grunn for samarbeid mellom legar, og mellom leger og alle andre aktørar i helsetenesta
Sjå samhanldingsplakaten i si heilheit her - og bruk den!
Samhandlingsplakat_revidert mai 2019.pdf

skillelinje

22.03.19
Informasjon frå Avdeling for patologi, Helse Førde

Nytt laboratoriedatasystem 27. mars: Unilab og
endra IHR-tenestekatalog innan patologi for primærhelsetenesta
Mars2019_Lab-info frå Avdeling for patolog Helse Førde.pdf

skillelinje

 

Tilvising til pakkeforløp kreft skal i hovudsak tilvisast til klinisk avdeliing - ikkje til radiologi aleine.

PKO har fått ein epost frå fungerande fagdirektør Rune Larsen der det står: "Det er viktig at pasienter som henvises til Pakkeforløp kreft henvises til en klinisk avdeling, ikke bare til rtg. Noen ganger kommer det rtg henvisninger hvor det står Pakkeforløp kreft uten at det er henvist til klinisk avdeling. Ved funn blir de nok sendt videre i systemet, men ved manglende funn på den aktuelle undersøkelsen kan de falle ut, det kan jo være en malign sykdom et annet sted."
Vi kan legge til at når det gjeld kul i bryst som blir henvist pakkeforløp så skal desse tilvisast direkte til mammaografi.  Radiologisk avdeling tilviser desse vidare til brystdiagnostisk senter der dette er påkrevd.

skillelinje

14.03.19
Oppdateringar i nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Det er gjort fleire endringar i retningslina for at ho skal samsvare med forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Endringane gjeld frå 7. februar 2019.
https://www.fylkesmannen.no/nn/vestland/helse-omsorg-og-sosialtenester/helsetenester/oppdateringar-i-nasjonal-fagleg-retningsline-for-helsestasjons--og-skolehelsetjenesten

skillelinje

Tilvising til infertilitetsutgreiing

PKO har motteke ein epost frå Astri Rege , konst. avdelingssjef/overlege  ved Kvinneklinikken Helse Førde der ho skriv: "Vi mottek mange henvisingar til infertilitetsutredning på KK. For å få utredninga til å gå raskare (og med færre konsultasjonar), ber vi kvinnene no om å ta blodprøver (hormonprøver), og mennene sædprøve på førehand, slik at dette er klart til første konsultasjon. Når vi mottek henvisinga, sender vi brev til kvinnene, med rekvisisjon til begge deler. Dei aller fleste henvisingane manglar mennene sitt navn. Vi har eit svært sterkt ønske om at mannens navn med fødselsnummer skal stå i henvisinga, slik at det vert lettare for oss å «halde styr på» sædprøvesvara vi får inn….."
Sjå elles nettsida til KK på Helse Førde sidene.
https://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken

skillelinje

Klinisk etikk komité Helse Førde - nytt mandat. 

Klinisk etikk komité (KEK) har i møte i januar 2019 vedteke nytt mandat. 
Dette mandatet inneber m.a. at KEK ønskjer også å tilby tenestene sine til kommunane, slik at om desse opplever større etiske dilemma har dei høve til å kontakte KEK for å få saka vurdert der. KEK ønskjer å få formidla ut til alle kommunane informasjon om dette tilbodet. 
Klinisk etikk komité har som hovudoppgåve å stimulere til systematisk etisk refleksjon blant tilsette i føretaket, og vere til hjelp ved drøfting av konkrete etiske utfordringar. Denne årsmeldinga fortel om arbeidet som har vore gjort i utvalet i 2018, med informasjon om kva saker som har vore drøfta dette året.
Årsmelding KEK 2018.pdf 
Mandat KEK frå januar 2019.pdf

skillelinje

21.02.19
Revidert flytskjema for hjerneslag

Helse Førde har utarbeidd nytt flytskjema for handtering av situasjonar der det er misstanke om akutte hjerneslag.  Hastegradsvurderingar avheng både av varigheit sidan tilstanden oppstod og alvorsgrad i utfall.  Alt helsepersonell som mottar meldingar og allmennlegar som handterer slike tilstander må gjere seg kjent med dei nye prosedyrane.  Flytskjemaet inneheld både informasjon om prehospitale tiltak og det som skjer etter ankomst sjukehus.  Det siste er kanskje også greit for allmennlegar å kjenne til.
Flytskjema hjerneslag_revisjon 2019.pdf

skillelinje

14.02.19
Trombolyse i ambulanse ved STEMI

I desember 2018 blei det innført trombolyse i ambulansane i Helse Førde.  Indikasjon er STEMI som er ferskare enn 3 timar og at pasienten er yngre enn 65 år.  Sjå lenka for algoritme og detaljer elles når det gjeld prosedyren.
STEMI pas jan 2019.pdf 

skillelinje

Elektronisk radiologihenvisning via DIPS Interactor

Sylvi Akhter Fimland, fagradiograf ved radiologisk avd. Helse Førde har sendt denne eposten til bl.a. PKO. 
"Radiologisk avdeling i Helse Førde byttet radiologiløsning desember 2018. I samband med oppfølging av meldingsflyt har ein oppdaga at mange legekontor ikkje nyttar DIPS interactor (IHR) ved sending av elektronisk radiologihenvising. For å få ei så god kvalitet som råd ynskjer vi at de primært nyttar IHR. Ved bruk av andre løysingar oppstår det ei rekkje utfordringar både i høve mottak av meldingane, men også ved svarutsending.
Vidare gjer vi merksam på at det er ei avgrensing i systema som medfører at det kan sendast maksimalt 4000 teikn i ei radiologihenvising. Vanlegvis vil dette ikkje vere problematisk eller avgrensande, men ein har ved nokre enkelttilfeller sett at ein har kopiert ut store delar av epikrise eller andre dokument, og nytta dette i henvisinga, og at handteringene av desse henvisingane feilar i mottak hjå oss. Ved øyeblikkelig hjelp henvisingar til radiologisk avdeling, skal en alltid sende med papirkopi av den elektroniske henvisningen. Dette i tilfelle den elektroniske henvisingen ikke kjem fram eller vert forseinka.
Legg til grunn at de har rutinar for å sjekke status på sendte elektroniske radiologihenvisninger, dette for å sikra at sendingar som feilar, vert fanga opp og korrigert. "

skillelinje

24.01.19
Oppdatert informasjon om fagfeltet fysikalsk medisin og rehabilitering i Helse Førde

Ved  Førde sentralsjukehus vert spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering i dag utøvd ved 2 kliniske seksjonar, som organisatorisk er plassert under 2 ulike avdelingar:
Rehabiliteringssengepost (FMR sengepost), som organisatorisk inngår i Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering og Seksjon for Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering.  Desse  består av:
Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk (FMR poliklinikk), Smertepoliklinikk og Lærings- og meistringseining.
Organisatorisk er seksjonen underlagt Avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenestar. FMR sengepost og FMR poliklinikk har lokalisasjon ved Førde sentralsjukehus, mens Smertepoliklinikken er lokalisert ved Sunnfjord medisinske senter (SMS) i Florø.
Under Avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenestar finn vi også seksjon for fysioterapi, og seksjon for ergoterapi, med eigne seksjonsleiarar. I tillegg til at fysio- og ergoterapi medverkar i tenestetilbodet ved FMR sengepost, FMR poliklinikk, og Smertepoliklinikk, server dei også dei andre kliniske sjukehusavdelingane i Helse Førde, samt polikliniske tilbod i regi av andre fagområde ved sjukehuset. 
Meir og detaljert info i lenka under. 
Oppdatert informasjon - FMR 23.01.18.pdf

skillelinje

10.01.19
Pakkeforløp for psykisk helse og rus

Minner om at pakkeforløp for psykisk helse og rus tredde i kraft frå 1. januar i år.  Forløpskoordinatorar i helse førde bir tilsett frå 04.02. For detaljer sjå lenkene under. 
Informasjonsskriv_Helse Førde_ Pakkeforløp psykisk helse og rus.pdf
https://helsedirektoratet.no/folkehelse/psykisk-helse-og-rus/pakkeforlop-for-psykisk-helse-og-rus

skillelinje

Stramt tungeband hos nyfødte

Det er komme nye tilrådingar for vurdering og behandling av stramt tungeband. Denne ligg no på helsebiblioteket.  Barneavdelinga i Helse Førde skriv til PKO at det har vore ulik praksis og tilrådingar blant fagfolk, også her i fylket. Difor er det bra at det no føreligg nasjonale tilrådingar som vi kan støtte oss på i vurderingane.
Utgreiinga om temaet frå barnelegeforeininga  er gjengitt i lenka under men kortversjonen av tilrådingane når det gjeld indikasjon for klipping er:
"Første tiltak er alltid ammeveiledning av kompetent personell og at man forsøker å utelukke andre årsaker til barnets symptomer og ammevansker.
Stramt tungebånd uten redusert funksjon (amme/ernæringsvansker) skal ikke behandles.
Tungebåndsklipp/frenulotomi kan vurderes hvis tiltak for å bedre matinntak ikke fører frem. Dette skal utføres av kompetent helsepersonell på indikasjon ernæringsvansker/ammeproblemer når det samtidig er stramt tungebånd. Tidspunkt for klipping av tungebånd er omdiskutert. En forutsetning for at man skal vurdere klipping, er at det er dokumenterte funksjonelle problemer med amming, ikke basert alene på at det «ser stramt ut». I mange studier har man ventet med klipping til 5-14 dagers alder. Ammeveiledning bør forsøkes i minst noen dager før man evt. klipper. En gang fra etter 48-72 timers alder er det antagelig aktuelt å vurdere funksjonell konsekvens for amming."    
https://www.helsebiblioteket.no/retningslinjer/nyfodtmedisin-veiledende-prosedyrer-fra-norsk-barnelegeforening/klipping-av-tungeband-hos-nyfodte

skillelinje

03.01.19
«La oss snakke om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.»

Sjølvmord er eit stort folkehelseproblem i verda. I Norge dør om lag 550-600 menneske av sjølvmord kvart år. Det antas at mellom 3 500 og 7 500 personar årlig prøver å ta sitt eige liv.
Helse Vest har i samarbeid med helseforetaka og regionalt brukerutvalg laga kampanjemateriell til ein folkeopplysningskampanje for å forebygge sjølvmord, og på denne måten von om å auke kunnskap og åpenheit rundt sjølvmordsåtferd, og senke terskelen for å søke hjelp.
Kampanjen er planlagt å starte opp i månedsskifte januar/februar 2019, og varer i tre uker.
La oss snakke om selvmordstanker.pdf

skillelinje

 

Dermatofytt-diagnostikk opphøyrer i Førde – send til Haukeland

Mikrobiologisk avdeling i Helse Førde legg frå nyttår 2019 ned sin dermatofytt-diagnostikk. Dette pga fallande prøvetal og kvalitetsmessige forhold.  Dei oppmodar rekvirentane om heretter å sende slike prøvar til mikrobiologisk avdeling ved Haukeland sjukehus for dermatofytt PCR. Dette er ein meir sensitiv og raskare metode. For dei som har elektronisk rekvirering, ligg den lett tilgjengeleg i Interactor.
Obs. prøve frå hud, hår eller neglar skal då fortrinnsvis sendast på behaldar utan tilsetjing. Haukeland ynskjer ikkje å få tilsendt prøve mellom objektglas sjølv ved lite prøvemateriale, då dette gjer prøvehandteringa i laboratoriet meir vanskeleg.
http://www.analyseoversikten.no/analyse/507

skillelinje

13.12.18
Viktig endring i livmorhalsprogrammet for kvinner frå Sogn og Fjordane frå 01 01 19.

- NY og Bedre screeningsrutine for livmorhalskreft i Sogn og Fjordane
Frå første januar 2019 vil livmorhalsprøvane for kvinner mellom 34 og 69 år, fødde på partalsdato og busette i Sogn og Fjordane, bli HPV (humant papilloma virus)-testa. Livmorhalsprøvar frå kvinner mellom 34 og 69 år, fødde på oddetalsdato, og frå kvinner mellom 25 og 33 år, vurderast framleis i mikroskop. Alle prøvar skal enno takast ved gynekologisk undersøking og må vera væskebasert. Flytskjema med tilrådd oppfylging av ulike prøvesvar er utarbeidd av Livmorhalsprogrammet og kan lastast ned frå kreftregisteret.no/livmorhals. OBS! HPV-test og celleprøve er screening og ikkje testar for diagnostikk og skal ikkje brukast åleine ved undersøking/kontroll av kvinner med symptom.
Kvinnene vil få påminning om tid for nye prøver på same måten som før og rutinene for taking og sending av prøvene er også uendra.  Svar frå patologisk avdeling Haukeland kan derimot avvike noko frå før hos dei som kun gjennomgår HPV screening.  Det vil komme publikumsinformasjon i lokalpressa frå Kreftregisteret rett over nyttår. 
Utfyllande infromasjon om nyordninga finst i lenkene rett under denne saka.  Ved ynske om meir informasjon kontakt dr.Jostein Tjugum - rådgivar logistikk Livmorhalsprogrammet Helse Førde,  jostein.tjugum@enivest.net  Mobil 415 69 638 (sms) eller Seksjonsoverlege cytologi Helse Bergen,  Hans Kristian Haugland - hans.haugland@helse-bergen.no
Viktig endring i Livmorhalsprogrammet Sogn og Fjordane.pdf
Informasjon om prøvetaking og svar ved screening cytologi.pdf

https://www.kreftregisteret.no/screening/livmorhalsprogrammet/

04.10.18
Tannhelse i "Samhandlingsbarometeret"

Mykje interessant stoff frå Samhandlingsbarometeret.  Aktuelt stoff no er ei undersøking om ulik forekomst av karies i Sogn og Fjordane.

https://samhandling-sfj.no/fokus-pa-tannhelse-i-samhandlingsbarometeret/

Nytt frå pasientreiser

Diverse info og presiseringar nyttig for allmennlegar

Nytt frå pasientreiser_helse førde.pdf

 

20.09.18
Saman om betre diabetesbehandling for barn og ungdom i Noreg

- Eit kvalitetsforbetringsprosjekt i regi av Barnediabetesregisteret.  Ynskje om samarbeid mellom barneavdlinga i Helse Førde og aktuelle fastlegar i Fylket.
Barneavdelinga i Helse Førde ynskjer eit samarbeid med fastlegar omkring barn med høg HbA1c - dvs Hba1c over 8.   Avdelinga har om lag 10 nyoppdaga diabetes barn pr år og fylgjer regelmessig omkring 90 barn med diabetes her frå Fylket. Om lag 20–30 % (18-27 pas) av desse vil ha behov for denne type oppfølging i samarbeid med fastlege.  Handler om fellessamtale vedrørande motivasjon og måling av HbA1c.  Ein tenker seg desse samarbeidsmøta gjennomført med video der fastlegen kan bruke møtetakst (takst 14 i normaltariffen).  Som bruker av helsenett kan fastlegen skaffe seg videoprogram på sine pc-er gratis (Cisco Meeting).  Utstyr med kamera og mikrofon/høgtaler koster eit par tusen kroner.  Les meir på https://www.nhn.no/helsenettet/video eller ta kontakt med Jarle Øen i Helse Førde -  jarle.oen@helse-forde.no
Diabetes teamet ved barneavdelinga i Helse Førde med overlege Hildegunn Borkamo i spissen har laga informasjon om ordninga og kjem nok til å kontakte den enkelte fastlege med spørsmål om eit slikt samarbeid når det måtte bli aktuelt.   
Saman om betre diabetesbehandling for barn og ungdom i Noreg_Informasjon til fastlegar.pdf

Ny analyse gonokokk PCR og endra Chlamydia trachomatis PCR

Mikrobiologisk avdeling startar 24. september 2018 med ein ny analyse; gonokokk PCR. Samstundes skiftar dei metode for Chlamycia trachomatis PCR.
Vedlagt informasjonsskriv som er sendt til legekontora og helsestasjonane saman med nytt prøvetakingsutstyr.
Ny PCR Gc og Chlamydia sept 2018.pdf

06.09.18
Pakkeforløp kreft - endring i kreftkoordinatorstillingane i Helse Førde

Forløpskoordinator  kirurgisk:
Hanne Elin Skår mobil: 95 98 72 74

Forløpskoordinator Lungekreft:
Sven Ivar Hove mobil: 95 98 72 75

Forløpskoordinator  kirurgisk /medisinsk:
Ingeborg Grimset Ravndal mobil : 48 03 26 38

Forløpskoordinatorane vil vikariere for kvarandre ved møter,fråvær, ferie o.l. Hvis du ikkje får svar så ring den andre forløpskoordinatoren sitt mobilnummer 

4-dagers behandling av tvangsliding (OCD) og panikkliding (B4DT – Bergen 4-day treatment)

Psykisk helsevern i Helse Førde har informert PKO i ein epost.  Dei skriv: "Det har nylig vore eit innslag på Vestlandsrevyen om 4-dagers intensiv behandling av sosial angstliding. I Helse Førde har vi endå ikkje kome i gang med dette. Vi håpar å kunne tilby denne form for behandling i løpet av 2019.
Helse Førde er derimot sertifiserte for og tilbyr behandling av tvangsliding og panikkliding med/utan agorafobi i 4-dagers formatet. For behandling av tvangsliding er Helse Førde foretaksdekkande. Det vil seie at vi dekker heile fylket.
Sjå meir utfyllande informasjon om OCD-teamet/angstteamet i Helse Førde ved linken under:
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/informasjon-til-kommunehelsetenesta/ocd-teamet

Nye prosedyrer for osteporose og rutineendring ved beintettheitsmåling i Helse Førde.

Overlege Anja Myhre  anja.myhre.hjelle@helse-forde.no ved revmatologisk avdeling Helse Førde har leia ei arbeidsgruppe som har laga nye nasjonale prosedyrer for Norsk Revmatologisk forening når det gjeld osteoporose. Ho skriv i ein epost til PKO: "Det er samtidig gjort store endringer i måten osteporosepoliklinikken i Førde jobber. Vi har fått ny DXA maskin med nye muligheter, og det er klarere retningslinjer å forholde seg til når det gjelder diagnostikk, utredning, behandling og oppfølging av osteporose. Standardtekstene våre er endret og mer nyansert, men tydeligere råd til fastleger.
Jeg synes dette er viktig at kommer ut til fastlegene i fylket.   Vil gjerne også ha tilbakemeldinger her dersom det er ting som vi bør endre, eller som dere ønsker vi skal gjøre annerledes. Jeg kan også stille meg til disposisjon til å undervise litt om dette ved ønske.
http://legeforeningen.no/Fagmed/Norsk-revmatologisk-forening/Fagradets-innstillinger/Ferdige-norske-prosedyrer/

Osteoporose aug 2018.pdf
Pasientinformasjon om beinskjørheit.pdf
Spørjeskjema.pdf
Osteoporose_ Dokument til EK handboka.pdf

16.08.18
Hugse på ØH merking ved hastetilvising. 

Medisinsk avdeling kontakter PKO for å minne om at ein ved ØH tilvisingar hugser på å krysse av for dette i det elektroniske tilvsingsskjemaet.  Valget finn ein på side to - der ein bestemmer hastegrad.  Manglande avkryssing her fører til krøll i mottaket av tilvising som hamner i feil kø! 

31.05.18
Melding til allmennlegar i Sogn og Fjordane – om innkjøpsavtaler LAR-medisin.

Helse Førde har motteke melding om at det trer i kraft nye innkjøpsavtaler for LAR-legemiddel frå 01.10.18.
Dette vil påverke val av preparat som ein kan lese meir om i vedlagt brev. 
Melding til allmennlegar i Sogn og Fjordane_om innkjøpsavtaler LAR-medisin.pdf
Innkjøpsavtaler_LAR_allmenpraktiker.pdf
Innkjøpsavtaler_LAR_pasient.pdf

 

Tidsskrift-artikkel om innleggelse i medisinske avdelingar

"Innleggelser i medisinsk avdeling – hvem legger inn og hvorfor" av Jan Robert Grøndahl, Øystein Fossdal, Torgeir Hauge-Iversen, Einar Husebye, Elin Olaug Rosvold, Trygve Kongshavn
Saksa frå artikkelen: "Hovudbudskap: Fastleger og legevaktleger sto hver for omtrent en firedel av innleggelsene til medisinsk avdeling.  Ved strukturert gjennomgang av henvisningsskrivene kunne alternativ til innleggelse identifiseres i ett av åtte tilfeller, men bare ett av 15 ble bekreftet ved gjennomgang av sykehusjournalen i etterkant".
Les meir


 

03.05.18
Førkortprosedyrer for Helse Førde

Det har den sist tida vore arbeidd med å lage ei oppdatert prosedyre for Helse Førde tilsette når det gjeld førakortvurderingar.  Den nye forskrifta kom i 2016 med nokre endringar seinare og den nye prosedyra som no er klar er laga i tråd med denne.
På siste fredagsundervisning i april blei prosedyren lagt fram.  I presentasjonen blei det lagt vekt på viktige aspekt for legar, psykologar og optikarar som skal gjer desse vurderingane. Deler av presentasjonen omhandla også utfyllinga av sjølve helseattesten - "Helseattest førerett ved søknad om førerett, kompetansebevis eller kjøreseddel".    Viktige moment rundt dette er no redigert og detaljert og er med i den redigerte presentasjonen som er vedlagt denne saka.  Ergoterapi og køyrevurdering var også ein del av presentasjonen og  er med her.
Takk til Åse Elisabeth Stadheim for uvurderleg sekretærhjelp i dette arbeidet. 
Førarkortvurdering_Helse Førde_prosedyre_ny april 2018.pdfFredagsundervisning Helse Førde_ førarkort_april 2018.pdf

 02.05.18
Viktig om tilvising til rehabilitering

Regional vurderingseining for rehabilitering (Vurderingseininga) handsamar og vurderer tilvisingar til private rehabiliteringsinstitusjonar (somatikk) frå fastlegar og privatpraktiserande avtalespesialistar. Tilvisinga kan sendast elektronisk og det er viktig å få med sentrale opplysningar slik at tilvisinga er muleg å vurdere.  Les meir i lenka under der det bl.a. finst ei enkel sjekkliste om kva som bør vere med av info i tilvisinga.Les meir

19.04.18
Ledig LIS 2 stilling ved revmatologen  - aktuell for allmennlege. 

Ledig stilling som kan være aktuelt for allmennleger trengande sjukehus praksis.
Dette er i utgangspunktet frå mai 2018, men avdelinga kan være fleksibel ifht oppstart. Kontakt pawel.franciszek.mielnik@helse-forde.no

Innspel til Utviklingsplanen for Helse Førde 2020-2035

Helse Førde har sendt PKO ein epost der utkast til utviklingsplanen for dei neste 15 år er vedlagt.  Dei skriv i følgebrevet slik:
"Vedlagt er utkast til revidert utviklingsplan for Helseføretaket vårt. Dokumentet er ein overordna plan for korleis verksemda skal utviklast for å møte det framtidige behovet for helsetenester.
Kapittel 5 og 6 dreiar seg om framtida, og bør såleis prioriterast i gjennomgangen. Kapittel 6 inneheld 10 ulike innsatsområde, og det er knytt eit overordna mål og tiltak til kvart av innsatsområda. Dette er også presentert i vedlagde ppt-fil.
Vi ønskjer særskilt svar på fire spørsmål:
•       I kva grad inneheld dei rette måla, utviklingsområda og rett ambisjonsnivå? 
•       Er det område som manglar eller er for lite framheva?
•       I kva grad meiner de at planen peikar på dei viktigaste samhandlingsområda? 
•       Ser de andre moglegheiter for innovasjon og utvikling? 
Svar kan sendast til   anne.kristin.kleiven@helse-forde.no med kopi til  marianne.kleppe.nordal@helse-forde.no  Høyringsfristen er 12. mai. Dokumentet vil også leggast ut på internett og intranett.
God lesing – vi ser fram til å få innspel på dette viktige dokumentet."
Les meir

05.04.18
Elektronisk sending av fødselsepikrise

9. april starter pilot på elektronisk sending av Fødselsepikrise mor og Fødselsepikrise nyfødt barn til helsestasjonane. Det er bestemt at det skal sendast kopi til fastlegane på disse. Utfordringen her er at Fødselsepikrise nyfødt barn alltid vil være ukjent for fastlege i og med at dei ikke har fått opprettet journal på legekontoret ennå. Helse Vest ikt har testet ut sending til alle journalsystem og fått bekrefta at det let seg gjere.
Les meir


Analyse av vitamin D – anbefalte grenseverdier

Anbefalinga bygger på ein systematisk gjennomgang av vitenskapeleg litteratur som nylig er utført av ei nordisk ekspertgruppe , og som samsvarar med konklusjonen fra Institute of Medicine, USA / The National Academy of Medicine.    
Vitamin D-nivået i plasma varierer med årstid (sollys), kosthold, inntak av kosttilskudd og alder. Et tilstrekkelig nivå i juni måned kan være betydelig redusert i desember.  Inntak av kosttilskudd, f.eks. tran utjevnar forskjellane. 
Det har vist seg at referanseintervallet 37-131 nmol/L, har liten verdi for å vurdere om det foreligg mangel på vitamin D, som er den vanlegaste indikasjonen for analysen. 
Les meir

22.03.18

Viktig info frå Helse Førde:  Ekstraordinære beredskapstiltak p.g.a. gastroenteritt ved Førde Sentralsjukehus

5 avdelinger har no gastroenteritt, og mange tilsette er også sjuke. 
Spesifikk informasjon til fastlegar:
a. Innleggingar som ikkje må skje komande dagar bør avgrensast.
b. Konferanseplikt innførast før innlegging for alle avdelingar ved FSS, dvs. at sentralbordet set over telefonar om innlegging til vakthavande legar.
Les meir

Pakkeforløp for kreft i Helse Førde- status 2018.

Pakkeforløp for kreft har vore i drift  sidan 2015.  Ordninga er bygd opp, og er komen godt på veg når det gjeld å ivareta pasientar som er under utgreiing for kreft og/eller alvorleg sjukdom. Dei 28 pakkeforløpa er detaljerte og beskriv utgreiingsprosessen i detalj. Det er og gode diagnoserettleiarar til bruk for legane i praksis når desse pasientane dukker opp og  der tilvising til spesialisthelsetenesta er nødvendig. 
Les meir 

08.03.18
Lommerus

Nyttig dokument frå Helse Bergen innan rusbehandling.  Lommer ein guide for helsepersonell til betre behandling av rusmedisinske problemstillingar i sjukehus - men kan også ver til god hjelp for allmennlegar. 
Lommerus.no

22.02.18
Oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til allmennlegar

Det har siste tida vore mykje mediafokus på allmennlegane sin arbeidssituasjon og spesielt oppgåveoverføring frå spesialisthelsetenesta til allmennlegar. Det er mange dømelandete rundt  på urimelege «bestillingar» til fastlegar. PKO i Helse Førde har fulgt med på denne diskusjonen og har også hatt møte med alle avdelingssjefar for å orientere om problemet. Vi har ikkje fått mange meldingar frå fastlegar i fylket, men vil gjerne vite om det finst døme på slik urimeleg oppgåveoverføring.
Elles minner vi om at det bør sendast avviksmelding til Helse Førde om ein opplever brot på samarbeidsavtaler.

Les meir

Redusert kapasiet ved hematologi i Helse Førde

Vi har fått ei epost frå avdelingssjef ved kreftavdlinga der ho skriv om utfordringar innan hematologi pga manglande resurssar. I avdelinga er det no kun ein overlege innan hematologi, i tillegg to LIS-legar, som er relativt nye innan faget.  Avdeinga ynskjer å bringe dette ut til tilvisarar av tjenesta, då dei opplever tilvisingar til hematolog som kan gå til indremedsinsk tjeneste.  Avdelinga tek imot pasientar der det er reell grunn til mistanke om utgreiing av primær blodsjukdom.  Jfr elles notat frå sept. 17 - sjå lenke.
Les meir


 

Relis Vest - seminarturnè

Relis vest med med mange dyktige medarbeidarar besøkte Førde torsdag 15. februar.  Mange allmennlegar og farmasøyter frå Fylket hadde meldt seg på og fekk med seg mykje nevenyttig og praktisk kunnskap innan medikamenthandtering ved ulike kliniske tilstander.   Tema som blei omhandla var bl.a. desse:  Kan vi stole på bivirkningsdata?   Sikkerheitsaspekt ved bruk av legemidlar til barn.  Rett bruk av NSAIDs.    DOAK – kor står vi i dag?  Korleis  snakker vi om risiko?  Astma og allergi ved graviditet og amming.   Prevensjon – muligheiter og begrensningar.  Quiz og work shop stod også på progremmet.  I lenka under ligg alle presentasjonane som vil vere nyttige også for dei som ikkje fekk med seg sjølve seminaret. 
Les meir


 

11.01.18
MR før tilvising for vurdering av ryggkirurgi. 

Overlege Svenning I Lida har sendt oss ein epost vedr MR og ryggkirurgi.  Han skriv at før ortoped kan vurdere indikasjon for ryggkirurgi må dei ha ein MR av columna. Han skriv vidare at dei fleste fastlegar er klar over dette og sender tilvising både for MR av columna og til ortoped. Likevel er det nokre fastlegar som ikkje har bestilt MR og p.g.a. av ventetidene til MR vil dette bety lengre ventetid for pasienten.   

04.01.18

Ny vaktordning på UPH.

Frå nyttår vil det på BUP-poliklinikkane vere sett av tid for hastevurdering kvar morgon.
På dagtid vil henvendingar såleis bli kanalisert til poliklinikk, som kan tilby vurderingssamtale same eller neste dag. På helg/kveld/natt vil vakthavande, evt bakvakt, saman med tilvisar vurdere om innlegging er naudsynt, eller om ein kan avvente til vurdering på poliklinikk neste morgon. Vakthavande vil i så fall formidle beskjed til aktuelle poliklinikk.
Les meir

Diabetesforum Sogn og Fjordane 11.-13. april 2018

I år er det 30 år sidan det første Diabetesforum vart arrangert i Sogn og Fjordane. Den gang var det Fylkeslegen som stod for arrangementet. Etter den tid har det vore eit eige styre under NDF Sogn og Fjordane. Forumet har vore arangert ved ulike hoteller i alle tre fogderier i fylket gjennom desse åra.  Denne gang blir det Scandic Sunnfjord Hotell , Førde
Målgruppe for kurset er fastlegar, medarbeidarar ved fastlegekontora, legar og sjukepleiarar i helseforetaket, sjukepleiarar og omsorgsarbeidarar ved heimesjukepleietenestene og sjukeheimane/ omsorsorgsentera i kommunane, fysioterapeutar og andre tilsette ved Frisklivsentralane, tannlegar, fotterapeutar og tillitsvalde.
Programmet er rikholdig med ulike tema som omfattar ulike seinkomplikasjoner, nye retningsliner ang svangerskapsdiabetes, medikamentell behandling, insulinbehandling, fysisk aktivitet  m.m.
Kurset  startar med forkurs onsdag 11.04. Dette er ope for alle. Dei som ønsker godkjenning som emnekurs må delta.

Invitasjon

ProgramNettside Facebook

21.12.17

Nytt frå Pasientreiser Helse Førde

Sjå siste nyhendebrev frå pasientreiser Helse Førde - bl.a. nye og forlenga opningstider frå 2018.

Akuttmedisinsk seminar Helse Førde 2018

Prosjekt prehospitale tenester i Helse Førde inviterer til seminar 9. januar ved Scandic Sunnfjord Hotel, Førde. Målgruppe er alle som arbeider med det akuttmedisinske feltet frå kommune- til spesialisthelsetenesta.  Politikarar, brukarorganisasjonar og andre med interesse.
Tema er "Kvalitet og risiko i helsetenesta"
Føredragshaldarar er:
Jan Magne Linnsund er seniorrådgjevar i avdeling for allmennhelsetenester i Helsedirektoratet.
Trine Vingsnes er direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde og prosjektleiar for arbeidet med
plan for det prehospitale området.
Steinar Olsen er direktør i avdeling medisinsk nødmeldeteneste i Helsedirektoratet.
Ingvill Skogseth er seniorrådgjevar i Helse Vest RHF. Ho arbeider mykje med beredskapsplanar
og prehospitale tenester.
Steinar Hunskår har vore forskingsleiar ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin.
Han er no prodekan for utdanning ved det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen.
Les meir


 

07.12.17
Vellukka gjennomført fagdag om ungdomsmedisin!

Fagdag i ungdomsmedisin blei gjennomført på Villa Åmot 30.11.17.  Fagdagen var ledd i Helse Førde si satsing på ungdomsmedisin og blei arrangert av  barneavdelinga i samarbeid med medisinsk og nevrologisk avdeling i Helse Førde. Ansvarleg var overlege Hildegunn Borkamo ved Barneavdelinga.   Fagdagen sette fokus på tema knytt til behandling av ungdomar, og er særleg aktualisert iom at barneavdelinga i løpet av 2018 skal ivareta ungdomar inntil 18 år. Inntil no har aldersgrensa for dei fleste problemstillingar vore 16 år.   Målgruppa for fagdagen var legar og sjukepleiarar i spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta som jobbar med ungdomar i aldersgruppa 13-25 år. Programmet var variert og omfatta tema som kommunikasjon, mestring og kronisk sjukdom, rus, ungdommane sine rettar i helsetenesta, rettar i høve til opplæringslova og tidleg arbeidsliv. 
Fagdagen var interessant og heldt eit høgt fagleg nivå.  Det er prisverdig at avdelingane sjølve er innovative og  tar initiativ til slike nye kursemner og inviterer allmennlegane med. 
Les meir 

23.11.17
LIS stilling ved Førde BUP  tenkt for allmennlege i vidareutdanning for spesialitet i allmennmedisin.

Det er planer om å opprette ein LIS stilling som er tenkt for allmennlege som ynskjer dette som ledd i sin spesialisering. Interesserte legar kan kontakte BUP, gjerne ved leiar Toril Taklo, for å orientere seg nærare om dette. Stillinga er førebels ikke utlyst, men vil komme nærare informasjon om dette etter kvart. 


Gjennomført lokalt kurs om flått og flåttbårne sjukdomar (Borreliose og TBE)  

16. november arrangerte Sogn og Fjordane legerforeining i samarbeid med mikrobiologisk avdeling Helse Førde og Nasjonal kompetansetjeneste for flåttbårne sykdommer, også kalt Flåttsenteret, eit dagskurs om flått og flåttbårne sjukdomar i Førde.  Kurskomite var Reidar Hjetland  og Halvard Mikal Seljesæter.  Dette kurset var toppa med særs kompetente forelesarar.   Dei leverte eit kurs med høgt fagleg og kunnskapsbasert nivå samtidig som det heile blei veldig praktisk.  Mange allmennlegar og nokre spesialistar i salen fekk mykje nyttig informasjon om eit høgst relevant  tema for helsetenesta og befolkninga i Sogn og Fjordane. Eit veldig bra initiatav og ein ekstra honnør til vår lokale kursleiing for eit vel gjennomført kurs. 
Flåttsenteret har gode nettsider og tar også imot henvendelsar frå helsepersonell og pasientar.
Les meir

09.11.17

Nettkurs i rusmedisin.

Fylkeslege Per Stensland orientere oss om eit nytt gjennomarbeidd kurs som gir fire kompetansegivande kurspoeng for allmennpraktikarutdanning og i rusmedisinutdanning.  Poenget er å informere om rett bruk. Mange videosnuttar, litt tekst å lese. Vert avslutta med kurs der legen loggar inn og identifiserer seg slik at deltakarane kvalifiserer for kurspoeng. Mellomlagring gjer at ein ikkje treng å ta heile prøva straks, men at dette kan gjerast når ein har tid.
Dette er eigna for alle legar, men spesielt utafor sjukehus Merk at dette bør verte introdusert for turnuslegar på kurs og i rettleiingsgrupper.

Les meir

31.10.17
Eiga elektronisk adresse til smertepoliklinkkken

Frå medio oktober har der komme eiga tilvisingsadresse til smertepoliklinkken.  I Adresseregisteret skal fastlegane velge "Anestesiologi/Smertebehandling".   Den gamle adressa -Fys med-  kan også framleis brukast, internt på huset skal tilvisingane til begge adresser ende i same mappe.

19.10.17
Informasjon om Eldremedisinsk poliklinikk, Førde sentralsjukehus

Eldremedisinsk poliklinikk er ein del av medisinsk poliklinikk på Sentralsjukehuset i Førde. Det er eit tilbod for pasientar frå omlag 70 år med samansette problemstillingar.
Eldremedisinsk poliklinikk har tilbod tysdag og onsdag for utgreiing av problemstillingar som falltendens, polyfarmasi, komorbiditet, kognitiv svikt. 
To dagar i veka har lege og sjukepleiar også poliklinikk for eldre pasientar med hjertesjukdom, som får ei utvida undersøking (geriatrisk kardiologi).
Les meir

12.10.17
Legemiddelkalkulator for førarkort

Nytt frå retningslinjene er med her. 
Les meir

14.09.17
Kolskalkulatoren

Kolskalkulatoren er eit nyttig hjelpemiddel i å stille diagnosen og få forslag til behandling.Les meir

Traumebehandling i Vest

Forståelse og behandling av PTSD, komplekse traumelidelser og dissosiasjon.
Ressurssenter om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging i region vest inviterer Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde og tilhørende kommunale helsetjenester for voksne innen psykisk helse og rus
i Sunnfjord og Ytre Sogn, til et ettårig opplæringsprogram innen traumeforståelse og traumebehandling.
Les meir

07.09.17

Ledig kapasitet ved smertepol i Florø.

Etter ein god oppstart ultimo mai har det på ettersommaren vore ein nedgang i antal tilvisingar og vi har følgjeleg noko ledig kapasitet. Smertepol. har tilført Helse Førde og innbyggjarane i fylke eit godt behandlingstilbod for ei pasientgruppe som kan vere vanskeleg å hjelpe. Etter motteke tilvising blir pasientane ringt opp for planlegging av ei kompakt tverrfagleg utgreiing. Over to påfølgjande dagar treff dei samla og individuelt overlege, psykolog, sosionom/familieterapeut/likeperson, fysioterapeut og sjukepleiar. Etter samla tverrfagleg vurdering blir det saman med pasienten gjort prioriteringar for behandling og tiltak. Tilvisar og fastlege mottek skriftleg orientering.
Les meir Les også om helseministeren sitt besøk ved smertepoliklinikken i Florø

 

Kurs om flåttoverførte infeksjonar 16. november 2017

I samarbeid med nasjonalt kompetansesenter for flåttoverførte infeksjonar («flåttsenteret») og kurskomiteen i SFj legeforening vil det bli arrangert kurs om flåttoverførte infeksjonar 16. november 2017 kl. 09.00-15.00 på auditoriet på FSS. Les meir i kurskatalogen

Disputas i Førde ved Reidar Hjetland.

Minner også om overlege Reidar Hjetland ved Mikrobilogisk avdeling Helse Førde sin disputas over same tema 15.september 2017 
- som er første disputas i Førde nokon sinne!
Tidspunkt og stad for disputasen 15. september:
 Kl. 10.00, auditoriet, 2. etasje, Førde Sentralsjukehus.
«Tick-borne infections in Sogn og Fjordane, western Norway: Seroprevalence, risk factors and subjective health complaints in blood donors».Les meir

Temasider om diabetes på Hdir sine sider

Hdir skriv i eit notat til legar i Norge:
Det siste året har det kommet nye retningslinjer for diabetes og svangerskapsdiabetes. Helsedirektoratet har nå utarbeidet filmer og annet materiell som kan være til nytte for helsepersonell. Materiellet kan brukes som opplæring i smågrupper eller for hver enkelt lege. Noe av materiellet kan også være til nytte i konsultasjon med pasienter.
Alt materiell er samlet på vår temaside om diabetes: https://helsedirektoratet.no/diabetes
Filmene er på 7-8 minutter, og handler om seks viktige temaer fra diabetesretningslinjen:
-          Blodsukkersenkende legemidler
-          Behandling av nyresykdom
-          Fot- og nevropati
-          Utredning og diagnostikk av type 2
-          Kommunikasjon, mestring og motivasjon
-          Levevaner
Det kommer også en egen film om svangerskapsdiabetes.Les meir

23.08.17

Svangerskapsdiabetes - nyttig algoritme.

Helsedirektoratet har laga ei oversiktleg algoritme vedr handtering av blodsukkerproblematikk i svangerskapet.  Mange fastlegar samarbeider med jordmor omkring svangerskapsomsorga.  Det er mange nye problemstillingar i dei nye retningslinjene for svangerskapsdiabetes  - bl.a. skal mange av desse no følgast opp i  primærhelsetenesta.   Det er viktig med avklarte ansvarsforhold mellom  fastlege og jordmor i desse sakene.
Algoritmen

Nasjonale retningslinjer for svangerskapsdiabetes

Haustmøte i Sogn og Fjordane legeforening

PKO har fått brev frå leiaren i Sogn og Fjordane legeforeining, Ronny Cassels med informasjon om haustmøtet.
__________________________
Invitasjon til haustmøtet og kurs i samarbeid og teamlejing
Årsmøtet finn stad på Hotell Alexandra i Loen 8. og 9. september i år
I år kjem både tidlegare president Hans Kristian Bakke og president Marit Hermansen.
På fredag vart det arrangert kurs i Samarbeid og teamleiing for legar i primærhelsetenesta. Kurset er teljande for spesialisering i allmennmedisin. Kursstart er fredag kl. 09:00 med kursavslutning kl. 11:00 på laurdag.
Det vert medlemsmøte i AF og NFA kl. 18:45 på fredag. Her vil tidligare president Hans Kristian Bakke, nå styreleder i Syke- og pensjonsordningen for legar (SOP), presentere privat pensjonsavtale.
For andre medlemmar som ikkje skal på kurset, startar helga med festmiddag kl. 20:00 på fredag. Laurdag vil president Marit Hermansen ha presidentens time og det er alltid interessant.
Det blir anledning  til tur på fjellet med Skylift  og lunsj på fjellet laurdag fra kl. 13:00 – 15:00. 
For prisar og bestilling av måltid og rom, sjå påmelding. Påmelding skjer via nett og blir sendt til til leiar Ronny Cassels. For spørsmål, kontakt kuremure@online.no.
Vi ynskjer alle medlemmar og familiar vel møtt til ei hyggelig helg i september!
Ynskjer alle velkomne til  haustmøtet og kurs!!
Påmelding

10.08.17

NordFjord Øyre Nase Hals - nyoppstarta avtale spesialistpraksis innan øyre nase hals Nordfjord Sjukehus.

4. september vil NordFjord Øyre Nase Hals ved John Arthur Kvamme starte opp 50% øyre nase hals praksis lokalisert på Nordfjord sjukehus, opningstider mandagar 08-20 og tirsdagar 08-16. Kvamme vil jobbe 50% ved NordFjord Øyre Nase Hals og ellers 50% ved ønh-avd., Førde Sentralsjukehus. Han har jobba der som overlege sidan 2002 med særskilt ansvar og kompetanse innan øyre patologi og øyrekirurgi samt utredning og behandling av søvnplager.Samtidig vil ØNH avdelinga ved Førde Sentralsjukehus avslutte den 20% ambulerande ordninga med ønh poliklinikk på Nordfjord sjukehus kvar torsdag.
Praksisen  vil vere tilkobla Norsk Helsenett, slik at ein kan sende henvisningar elektronisk, men sannsynlegvis vil ein ikkje vere oppkobla før 4. september. I mellomtida kan ein sende henvisning elektronisk til ØNH Førde Sentralsjukehus, der ein presiserer at ein ønskjer henvisning til NordFjord Øyre Nase Hals på Eid, eller vanleg henvisning i posten.
Les meir

25.05.16

Nyttige tips vedrørande nye retningslinjer for svangerskapsdiabetes

Mange av fastlegane har nok enno ikkje fått sett seg godt inn i dei nye nasjonale faglige retningslinjer for diagnostikk og behandling av svangerskapsdiabetes https://helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsdiabetes   
PKO i Helse Stavanger har i samarbeid med endokrinologisk avdeling der laga eit forenkla oppsett over retningslinjene og korleis ein går fram.  I  Helse Førde ynskjer ein no umiddelbart å ta i bruk dei nye retningslinjene.  Planen er å følgje dei gamle retningslinjene fram til fødsel på alle dei som no er inne i systemet, men å ta i bruk dei nye for alle nyhenviste.  Dersom det kjem henvisningar basert på gamle kriterier, så blir tilvisinga  avvist og det blir skrive tilbake i dialogmelding  kva som er gjeldande prosedyre etter dei nye.  På den måten blir både fastlegane og behandlarane i Helse Førde gradvis vande med dei nye retningslinjene. Det er dessutan viktig at fastlegar som samarbeider med jordmødre har ein dialog med dei om ansvarsfordeling i slike saker. 
Les meir

18.05.17
Rett til å velge behandlingsstad

De fire RHF-ene og Helsedirektoratet gjennomfører ein informasjonskampanje for å auke pasientane og helsepersonellet sin kjennskap til pasientrettleiarar og nettsida «Velg behandlingssted». Pasientar som tilvisast til sjukehus for undersøking eller behandling har rett til å velge behandlingsstad, men det er få som veit at dei kan få hjelp til å velge. Her spelar fastlegen ei viktig rolle.  Nyttig animassjonsfilm her  https://youtu.be/SEpaOE8aOJk
Les meir

Innføring av Nasjonalt Laboratoriekodeverk - i Helse Førde frå 30. mai.

Alle medisinske laboratorier i Norge har fått eit krav fra Helsedirektoratet om at all ekstern elektronisk kommunikasjon av prøvesvar skal føregå ved bruk av NLK (Nasjonalt Laboratoriekodeverk). NLK skal sikre at same analyse/ undersøkelse utført ved dei ulike laboratoria skal ha same standardiserte betegnelse og definisjon.  Helse Vest skal begynne med ei gradvis innføring av NLK koder frå våren 2017.  Helse Førde vil ta i bruk NLK kodane for analyser i medisinsk biokjemi frå 30. mai 2017.Les meir

05.05.17
Smertepoliklinikken starter opp i Florø

Smertepoliklinikken i Helse Førde har ein periode no ligge nede.  Ei arbeidsgruppe har jobba med alternativ organisering og frå 1. mai 2017 er den igang att ved Helse Førde sine lokaler i Sunnfjord Medisinske Senter i Florø.  Pasientar frå fylket som siste tida har måtte vore tilvist smertepoliklinikken ved Haukeland kan no tilvisast til Helse Førde igjen - dette gjeld mellom 100 og 200 pasientar pr år.  Rask utgreiing er ei klar målsetting for den nye tverrfaglege poliklinkken.Les meir

Ny nasjonal fagleg retningslinje for svangerskapsdiabetes

Den nye retningslinja for svangerskapsdiabetes er no på plass, vel eit halvår etter at dei generelle retningslinjene for diabetes var på plass.  Hovedpunkt fra retningslinja:
Fleire skal testast og fleire vil få diagnose- til beste for mor og barns helse på kort og lang sikt, ei felles retningslinje for primær- og spesialisthelsetjeneste skal bidra til heilskapleg forløp for kvinner med svangerskapsdiabetes og kvinner med risiko for dette, nye testkriterier for diagnostikk,  ny diagnostisk grense og oppfylging av kvinna etter fødsel for å forebygge framtidig diabetes type 2.Les meir

20.04.17
Årsrapport PKO 2016

PKO har no gjort ferdig årsrapport for sitt arbeid i 2016.Les meir

Komplette brukerhandbøker for labtenester  i Helse Førde

Laboratorietenestene i Helse Førde har laga gode og praktiske brukarhandbøker som gir gode tips til alle brukarar.  Dette gjeld no både klinisk kjemisk, mikrobiologi og patologi.

Les meir

Felles alfabetisk analyseoversikt

Helse Bergen har utarbeidd felles alfabetisk analyseoversikt ovar alle typer labprøver inkludert mikrobiologi.   Nyttig!Les meir

06.04.17
Vikariat ved revmatologisk avdeling Helse Førde eigneleg for allmennlege som treng sjukehusår. 

Ledig vikariat ved revmatologen frå mai 2016.  Ta kontakt med pawel.franciszek.mielnik@helse-forde.no

16.03.17

Tryggare legemiddelbruk gjennom ny pilot

Helse Vest går denne veka i gang med ei pilot for heilelektronisk legemiddelsamstemming. Det er teke i bruk eit program for elektronisk kurve;  Meona. Dette skal gje auka pasientsikkerheit gjennom alle ledda av behandlinga. 
Helse Vest har no utvikla ei elektronisk løysing som sørgjer for integrasjon mellom Kjernejournalen, Helse Vest sin forskrivingsmodul og kurveløysinga Meona sin modul for «legemiddel  ved innlegging». Denne integrasjonen gjer det mogleg å automatisk hente inn reseptinformasjon.
Piloten startar opp i akuttmottaket i Helse Førde 16.mars og vil halde på i 8 veker.Les meir

16.02.17
Dialogmelding mellom allmennlegar og sjukehuslegar innførast frå 7. mars.

Viktig info frå Helse Vest som sjølvsagt også gjeld alle avdelingar i Helse Førde og legekontor som soknar til desse.  Meldinga som skal brukast er den same som i dag brukast mot pleie og omsorg – Forespørsel (Elin-K).   Meir info om saka vil komme like i førekant av innføringa.  Her litt info no 4 veker før som kan vere greit å få med seg. Les meir

Nytt frå PKO februar 2017.

Nytt frå PKO for veke 1-7 er sendt ut til allmennlegane i Fylket, Helse Førde med legar og psykologar, avdelingsleiarar, stab og støtte, Hauglandssenteret og Fylkeslegen.
Les meir

IHR - interaktiv henvisning og rekvisisjon - over på Helse Vest IKT.

IHR  (interaktiv henvisning og rekvisisjon) omfattar elektronisk rekvirering av prøver i alle labfag for Helse Førde og Helse Bergen dvs klinisk kjemisk, mikrobiologi, patologi og no etter kvart radiologi . Gro Øren, rådgjevar ved Mikrobiologisk avdeling Helse Førde skriv i ein epost at det regionale innføringsprosjektet med IHR er no over, og i samband det vert det Helse Vest IKT som tek over dei tekniske problemstillingane knytt til  Dips Interactor.  For spørsmål som gjeld tekniske problemstillingar i Interactor eller med etikettskrivarar kan det ringast kundesenteret til Helse Vest IKT (55976540), eige menyval for legekontor (4) og så kan ein logge ei sak der.
Ho skriv elles atd Helse Vest IKT treng å få inn saker for å bygge opp ein kunnskapsbank slik at dei blir gode på å løyse problemstillingar frå legekontora.
"Labtekniske" spørsmål vil ein som regel finne svar på i brukarhandbøkene (rør, prøvetaking, oppbevaring, haldbarheit ol.), eller ein kan som tidlegare kontakte ekspedisjonen til Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), ekspedisjonen til Mikrobiologisk avdeling eller Sverre Albin Nordgård ved Avdeling for patologi.
Telefonliste
Helse Vest IKT: 55 97 65 40, tast 4 for legekontor.
LMBB: 57 83 92 87
Mikrobiologisk avd: 57 83 93 47
Avdeling for patologi v/Sverre Albin Nordgård: 41 45 64 47

13.02.17
Erfaringskonferansen

Nyttig og viktig erfaringskonferanse mellom helsepersonell i kommunane og i Helse Førde arrangert på Skei 06. februar.Les meir

26.01.17
Endra rutine ved ø.h. innlegging i Helse Førde frå første februar. 

Frå 01.02.17. endrar tre avdelingar i Helse Førde si telefonrutiner for øyeblikkeleg hjelp innleggingar. Endringane gjeld medisinsk, kirurgisk og ortopedisk avdeling i Førde.  Denne informasjonen inneheld nye rutinar, men også ein repetisjon av andre ø.h. rutinar for fastlegar og legevaktslegar.
Les meir

Mammografiprogrammet vs klinisk mammografi

Ved avslutta mammografiscreening p.g.a. alder har det over noko tid vore gitt signaler om at pasienten etter eige ynskje kunne få tilvising for vidare screening av fastlegen. Denne praksisen strir mot strålevernforskrifta.  Det skal vere ein medisinsk indikasjon for mammografi utover screeningtida.
Les meir

Brukerhandbøker for labtenester i Helse Førde forbetrast

Funksjonaliteten i brukerhandbøkene i Helse Førde er i stadig utvikling.  Bl.a. har mikrobiologen no laga søkefunksjon i brukerhandboka for å finne aktuelle analyser og ei lenke der ein får viktige opplysningar for prøvetaking ved ulike kliniske problemstillingar. 

Les meir

Klinisk kjemisk avdeling i Helse Førde også oppdatert med praktisk og nyttig brukerhandbok og analyseoversikterLes meir

Helse Bergen har utarbeidd felles alfabetisk analyseoversikt ovar alle typer labprøver inkludert mikrobiologi.   Nyttig!
Les meir


 

19.01.17
Nytt frå Noklus Sogn og Fjordane

Noklus har ei aktiv gruppe i Sogn og Fjordane som dei fleste legekontora kjenner godt til.  Dei har nyleg sendt ut eit nyhendebrev som omhandlar dei viktigaste sakene som Noklus jobber med her lokalt - bl.a. annonserer dei no eit Noklus grunnkurs som skal arrangerast i mars.
Les meir

INR – måling og eigendosering - LMS kurs

Noklus i samarbeid med LMS og med avd Helse Førde arrangerer regelmessig kurs i eigenmåling INR.  Dei skriv i si nsiste annonsering av kurset at målgruppa er pasientar som bruker medikamentet Marevan og måler INR og at dette gjeld pasientar med langtidsbehandling med Marevan som ønskjer å ta ansvar for eiga behandling med måling av INR og dosering av Marevan.  Dei fleste av desse vil idag vere relativt yngre pasientar med metallklaff der dei nye DOAK ikkje er aktuelle.  Pasientar som er aktuelle må tilvisast av lege og tilvisinga sendast elektronisk  til indremedisinsk avdeling Førde Sentralsjukehus.
Les meir

12.01.17
AMK Førde - nye telefonnummer

AMK Førde handterar medisinsk nødtelefon 113 frå Sogn og Fjordane (unntak Gulen Kommune) og omfattar ca. 110 000 innbyggjarar. Dei
koordinerer ca. 30 ambulansar og er LA AMK sentral for eit ambulansehelikopter og administrator av ambulanseoppdrag for SeaKing Florø. 113 svarast av sjukepleiar med spesiell kompetanse i vurdering av medisinske hendingar og rettleiing i livreddande førstehjelp. I tett samarbeid med ressurskoordinator set ein i verk nødvendige tiltak.
AMK Førde tek i mot og koordinerer førehandsbestilte ambulanseoppdrag frå legekontor, sjukehus, institusjonar, etc.
Det er no innført nokon nye rutiner og telefonnummer.
Les meir

Ny quantiferon analyse ved Mikro Førde. 

16. januar-17 startar Mikrobiologisk avdeling med ny Quantiferon-analyse (IGRA) med 4 glas påvising av latent tuberkuloseinfeksjon. Dermed kan desse prøvane no sendast til Helse Førde, og ikkje til Helse Bergen. (Helse Bergen har også gått over til ny metode med fire glas).
Informasjon i brukarhandboka om prøvetaking.
Les meir

Nyttig å bruke lokal patologisk lab i Førde for hudbiopsier!

PKO har fått ein epost frå avdelingssjef Bjørn Ståle Sund ved patologisk avdeling Helse Førde der han minner om tilboda dei har.  Han skriv at det er en fordel for dei å ha prøvene fra starten av i sitt arkiv !  Han skriv vidare at ved oppfylgjande behandling  av ulike typar kreft (og forstadier) må dei no ikkje sjelden innkalle prøver frå andre laboratorier – som er tungvint og arbeidskrevande. Det er oftest hudlegane som ber om innkalling.  Det å handtere også primærlesjonen lokalt kan bety ein del for den oppfylgjende behandling  (størrelse på utvida eksisjon, ev. lysbehandling i staden for kirurgi,  ev. behov for videre oppfølging). Patologisk lab i Førde har også den fordel at prøvene kan diskuterast  med hudlege på staden – nokon av desse blir såleis teke opp på tverrfaglig møte som blir arrangert ein gang per mnd. med hudavd.  Ein minner også om at alle patologisk anatomiske svar frå Helse Førde no kjem elektronisk og at rekvisisjonen også kan sendast elektronisk via IHR rekvisisjon  frå dei legekontor som har installert DIPS Interactor.
Les meir

LMS kurs første halvår 2017

Gode og nyttige LMS kurs i opplæring av pasient og pårørande har fått ny plassering på nettsidene til Helse Førde. 
Les meir

05.01.17

Nok ein gong om MRSA smitte og tilvising til sjukehus

Stadig kjem det merknader frå avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde om tilviste pasientar der det skulle vore gjort MRSA screening men så ikkje er gjort. Viktig å sjekke med pasienten om han skal undersøkast ifht dette  når ein tilviser eller gi info om status ved ØH innleggelse.  Info saksast frå Folkehelsa sin MRSA vegleiar pkt 4.1
Ved innleggelse og før pasientrettet arbeid i sykehus tas MRSA-prøve av alle som:
• tidligere har fått påvist MRSA, men ikke senere hatt tre negative kontrollprøver,
eller som i løpet av siste 12 måneder har:
• fått påvist MRSA (selv om senere kontrollprøver har vært negative), eller
• bodd i samme husstand som MRSA-positive, eller
• hatt nær kontakt med MRSA-positive uten å bruke beskyttelsesutstyr,
eller som i løpet av siste 12 måneder har vært i land utenfor Norden og der har:
• vært innlagt i helseinstitusjon, eller
• fått omfattende undersøkelse eller behandling i en helsetjeneste5, eller
• arbeidet som helsearbeider, eller
• oppholdt seg i barnehjem eller flyktningleir.
I tillegg tas MRSA-prøve av alle som har kliniske symptomer på hud-/sårinfeksjon, kroniske hudlidelser
eller innlagt medisinsk utstyr gjennom hud eller slimhinner, og som i løpet av siste 12 måneder har:
• oppholdt seg sammenhengende i mer enn 6 uker i land utenfor Norden
Les meir

22.12.16
God Jul. 
PKO ynskjer god jul til alle samarbeidsparter og sender no ut nytt frå saker som har vore aktuelle den siste tida.  Oversikt over det vi har fått inn av program for kurs og konferanser første del av 2017 er også med her. 

15.12.16
http://samhandling-sfj.no/ Ny spanande nettside knytt til Samhandlingsbarometeret

Det er etablert ei ny internettside knytt til samhandlingsbarometeret.  Nettsida er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde, kommunane ved KS og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Nettsida skal vere oppdatert på relevante samhandlingstema inkludert avtaler mellom Helse Førde og kommunane, prosedyrer som omhandlar viktige vekslingspunkt mellom første- og andrelinjetenesta, inneholde viktige lenker og det vil bli gitt opplysningar knytt til aktuelle oppdateringar og endringar i samhandlingsbarometeret. Ein vonar at den nye nettsida kan stimulere både til fagutvikling, utvikling av av tenestetilboda, og at den kan vere ei hjelp til å få oversikt over utfordringar i kommunane.
Målet er at dette skal vere ei levande nettside som stadig er i utvikling. For å lukkast, trengst tilbakemeldingar! Ta ein kikk på den nye nettsida, og bli positivt overraska !
Les meir

Ny samhandlingssjef i Helse Førde HF

Stig Igland (46) blei i haust tilsett som ny samhandlingssjef i Helse Førde HF. Han tar over etter Vidar Roseth som er starta som virksomhetsleder i Eidsvoll Kommune.
Den nye samhandlingssjefen har meir enn 20 år fartstid i Helse Førde, 19 av dei som leiar på ulike nivå. Igland har mastergrad i organisasjon/leiing og rehabilitering.
Ein fellesnevnar for einingane Igland har vore leiar for, er at dei har vore ein del av «samhandlingsrommet», og i stor grad har hatt ei brei kontaktflate ut mot både førstelinjetenesta og ulike andre samarbeidspartnarar.
Les meir

Klinisk kjemisk lab, mikro og patologi no fullstendig på elektronisk rekvirering via IHR.

Det siste no er at også cytologiske prøver frå livmorhalsen som skal sendast Helse Bergen no også er komen på vår elektroniske IHR rekvisisjon via DIPS interactor. Likeså kjem alle svar elektronisk.  Dei fleste av oss der journalleverandørane har lagt til rette for dette skal no vere heilt papirfrie på desse områda. Vi vil også minne om at dette også gjeld patologi i Helse Førde som har ei god og rask teneste og der det kan vere store fordeler for alle parter å bruke denne lokale tenesta. 
Les meir

17.11.16

Mikrobiologi med nye og oppdaterte nettsider

Mikrobiologisk avdeling skriv i ein epost til PKO at brukarhandboka/nettsidene til Mikrobiologisk avdeling no er i drift igjen, og at omtale av alle analysane ligg på nettsidene her  
https://helse-forde.no/laboratoria/brukarhandbok-mikrobiologi
Ved å legge denne sida inn på skrivebordet eller som favoritt i Internet Explorer kan ein spare seg mange klikk.
Les meir.pdf

10.11.16 

Nytt frå PKO november 2016

Les meir.pdf

Kontaktlege i helseforetaket for pasientar med samansette/alvorlege lidingar  

Ny ordning vedr kontaktlege – evt. kontaktpsykolog  for pasientar med samansette/alvorlege lidingar som blir innlagt.
Les meir.pdf

Samhandlingsplakaten

Vi minner igjen om "Samhandlingsplakaten".  Nokon viktige påminningar her om god skikk og bruk ved samhandling omkring pasientane våre. 
Les meir

Ny fysikalsk-medisiner i Helse Førde. 

Terje Kjer har i haust starta som ny overlege ved Fysikalsk medisin og rehabilitering (FMR) i Helse Førde.  Han har sendt ei orientering der han ma skriv:
«Fagområdet Fysikalsk medisin og rehabilitering (FMR) er på FSS samorganisert med fagområda nevrologi og revmatologi i «Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering» (ANRR), der kvart av fagområda utgjer ein eigen seksjon. FMR har i dag ein sengepost med 6 sengeplassar øyremerka for rehabiliteringsopphald, og ein tverrfagleg poliklinikk (FMR pol) som fungerer både som fysikalsk-medisinsk poliklinikk og som rehabiliteringspoliklinikk.»
Les meir.pdf

Nytt frå pasientreiser frå 1. oktober

Les meir

Ny "Nasjonal faglig retningslinje for diabetes"

Denne erstatter IS-1674: «Nasjonal faglig retningslinje for forebygging, diagnostikk og behandling av diabetes» fra 2009.   I forordet til retningslinjen står det at "bakgunnen for revisjonen er endringer i folkehelselovgivningen, ny kommunehelselov, føringer i samhandlingsreformen, og strategier for innvandrers helse og for ikke-smittsomme sykdommer. Disse har vært førende for revideringsarbeidet. Samtidig har det kommet ny kunnskap om etiologi, forebygging og behandling av diabetes".
Les meir

Nye helsekrav (reglar) for førarkort frå 1. oktober 2016

Som no dei fleste kjenner til kom de nye førarkortreglar frå 1. oktober i år - desse inkluderer ein del nye helsekrav.  Dispensasjonar frå forskrifta skal reduserast til eit minimum og dei aller fleste saker skal avgjerast av behandlande lege - i dei fleste tilfelle fastlegen - men også i samarbeid med spesialist der dette er påkrevd.  Det er difor viktig at legen er orientert om dei nye retningslinjene og slår opp i desse når det er påkrevd.  Helsedirektoratet har oppdaterte nettsider vedr saka med forskrift, vegleiar, helseattestar, kursmateriell brukt av Fylkeslegane, info til publikum etc
Les meir

Teknikker ved cytologiske prøver - sjå videoen!

Mange legar opplever i desse dager å få tilbake cervix cytologiske prøver med svar: Ueigna prøve p.g.a. for lite plateepitel, blodig prøve etc.  Mange opplever nok at dette har vorte ei særleg  utfordring no etter at nye rutiner blei innført med væskebaserte prøver.   Alle desse skal frå vårt område sendast til patologisk avdeling Haukeland og dei fleste bruker  utstyret frå ThinPrep.  Firmaet har god info på sine nettsider bl.a. ein instruktiv video som mange av oss nok har mykje å lære av!
Les meir


 




















































​​






​​





























Sist oppdatert 25.04.2024