Imponert over Helse Førde

Helseminister Bent Høie gav uttrykk for at han er imponert over Helse Førde etter besøket i Florø og Førde fredag.
 

hoie_1.jpg
SAMTALE: Helseminister Bent Høie i samtale med Are Mikael Lillebø og Christina Stæger-Breisnes ved smertepoliklinikken.

​- Dette er jo fantastisk, sa statsråden etter å ha blitt orientert og fått omvising på smertepoliklinikken ved Sunnfjord medisinske senter i Florø.
Og etter å ha blitt orientert om byggjeplanane ved sentralsjukehuset i Førde om ettermiddagen, gav Høie uttrykk for at det blir arbeidd på ein god måte.

- Utgangspunktet i Helse Førde er svært godt. Vi kjenner til dei gode resultata føretaket har både på ventelister og kvalitetsindikatorar. Det er resultat å byggje på.

Smertepoliklinikken som opna i sommar skal yte tenester til pasientar med smerteplager med kronisk preg, eller fare for det. Målet er å lindre smerter og/eller gi betre smertemestring. Tilbodet vert tilpassa den einskilde sitt behov, med tilbod om systematisk arbeid og ambulante tenester.

I Florø fekk ministeren møte tilsette og pasientar.

- Skilnaden her er den tverrfaglege tilnærminga. Og så at eg blir teken på alvor. Eg blir trudd, fortalde Valbjørg Vikane som har slite med kroniske smerteplager i 16 år.

Etter å ha høyrt om måten det blir jobba på i Florø, var responsen frå Høie klar:

- Dette er fantastisk, det er verkeleg pasientens helseteneste.

admdir_3.jpg
SAMTALE 2: Adm. dir. i Helse Førde, Børge Tvedt, orienterte om planane for "Nye Førde sjukehus" og dei utfordringane føretaket har.

Etter besøket i Florø drog statsråden til Førde og fekk ei orientering om arbeidet med «Nye Førde sjukehus». Konstituert adm. direktør Børge Tvedt la ikkje skjul på at føretaket er inne i ein krevjande periode økonomisk, og at dette er utfordrande med tanke på dei store investeringane som skal skje dei kommande åra.

- Det er krevjande å finansiere låneopptak og 30 prosent av investeringa gjennom drift. Vi ligg bak budsjett i år og har eit utfordrande langtidsbudsjett. Ein vesentleg del av kutta må takast ut i reduserte løns- og personalkostnader, sa Tvedt.

Statsråden gav uttrykk for forståing at økonomien er krevjande.

- Men Helse Førde har trass alt eit godt utgangspunkt. Det hadde vore meir krevjande om fundamentet lyste raudt, meinte Bent Høie.

hoie_2.jpg
TALE: Til sist i helseministeren sitt besøk held Høie tale og klipte snora på den nye legevakta.

Som avslutning på sitt besøk ved Førde sentralsjukehus fekk Høie gleda av å opne det flunkande nye bygget til den interkommunale legevakttenesta. Han klipte snora til Sunnfjord og Ytre Sogn si legevakt. Han likte det han såg av fasilitetar inne i bygget.

- Dette er også i aller høgste grad pasientens helseteneste, sa ministeren.

Administrerande direktør i Helse Førde helsa SYS IKL velkomen i nybygget. Han var glad for at kommunane valde legevaktplassering ved Førde sentralsjukehus. Dette var eit avgjerande punkt for at Helse Førde kunne realisere nybygget.

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​