Stig Igland ny samhandlingssjef

Stig Igland (46) er tilsett som ny samhandlingssjef i Helse Førde. Han kjem frå stillinga som avdelingssjef ved Lærings- og meistringssenteret.

Igland tek over etter Vidar Roseth, og har vore konstituert i stillinga sidan Roseth slutta i august i år. Den nye samhandlingssjefen er gift, har fire barn i alderen tenåring til vaksen. Stig Igland har vore tilsett i Helse Førde i 20 år, og har vore leiar på ulike nivå i nesten alle av dei.


- Vi er glade for å få Stig inn i denne viktige funksjonen, seier utviklingsdirektør Ann Kristin Kleiven i Helse Førde.

Og sjølv seier Stig Igland at han ser fram til å ta fatt på dei mange oppgåvene som ventar.

- Eg set stor pris på arbeide i eit tverrprofesjonelt miljø, gjerne på tvers av forvaltningsnivå, seier han.  - Her får eg bruk for ei systematisk tilnærming til dei komplekse problemstillingane som ligg der, og eg trur det blir viktig å kunne planlegge strategisk og tenke heilskapleg.

Stig igland har mastergrader i organisasjon, leiing og rehabilitering.

Stig Igland2.JPG

SJEF FOR SAMHANDLING: Stig Igland er med sine 20 år på baken ein veteran i Helse Førde, og er klar for nye oppgåver .

​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​