HELSENORGE

Å leve med psoriasis

Kurs for pasientar med psoriasis, og deira pårørande

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

Ynskjer du å delta på kurs ta kontakt med fastlegen din som då kan sende tilvising. Tilvisinga sendast til Hudavdelinga, Førde sentralsjukehus.

Dersom du allereie er i eit behandlingsforløp ved hudpoliklinikk i Helse Førde kan du ta kontakt med behandlar der. 

Ta også kontakt om du ønsker å ha med pårørande. 

Informasjon om Kurset

Målet med kurset er at du skal få kunnskap om tilstanden og sjå moglegheiter for meistring i din eigen kvardag. Kurset består av brukarinnlegg og undervisning frå helsepersonell, moglegheit for å stille spørsmål, erfaringsutveksling og dialog med andre i liknande situasjon. Pårørande er velkomne til å delta. 

Program          28.09.2023

 09.15-09.30.      Registrering

09.30-09.45       Velkommen. Informasjon og presentasjon.

09.45-10.15       Brukarinnlegg

10.15-10.30       Pause

10.30-11.30       Om psoriasis v/lege

11.30-12.15       Lunsj

12.15-13.00       Råd og rettleiing v/sjukepleiar

13.00-13.15       Pause

13.15-13.45       Gjennomgang av rettar v/sosionom

13.45-14.00       Pause

14.00-14.45       Kosthald v/ernæringsfysiolog

14.45-15.00       Pause

15.00-15.30       Evaluering. Avslutning

  Med atterhald om endringar


Praktisk informasjon 

Eigenandel 375 kr. (Ingen v/frikort). Pårørande er gratis.

Det serverast kaffi og te på kurset. Om du ønsker, kan du kjøpe lunsj til 80 kr  (vipps eller kontant). Gi beskjed ved allergi/spesielle behov på telefon til  578 39 870 .

Er du i jobb, må du avtale fri med arbeidsgjevaren din eller få sjukmelding frå legen.

Nyttige nettadresser

Les meir om psoriasis på helsenorge.noPsoriasis- og eksemforbundet

Vår kursoversikt

Kurstilbod for pasientar og pårørande


Fann du det du leita etter?