Individtiltaket har som formål å redusere og hindre at personar med langvarige plager fell ut av arbeidslivet eller studiar. Arbeid og studiar er store og viktige livsarenaer, og slik viktige for den enkelte si fysiske og psykiske helse.
I Helse Førde har ein starta eit samarbeid med NAV, med føremål om å optimalisere behandling og tiltak i samarbeid med pasienten og det øvrige helsevesenet.
Tilvising til HelseIArbeid
Tilvisingar sendast på vanleg måte og vert handsama etter gjeldande lovverk og retningslinjer innan ti dagar. Følg sjekkliste for tilvising skissert under.
Pasientar som har rett til helsehjelp, vil få ei ordinær utgreiing, samsvarande med behova som er skissert i tilvisinga. Utgreiinga vert hos lege, eventuelt også med fleire yrkesgrupper (ergoterapeut, fysioterapeut, sosionom).
Ved samtykke og behov vert NAV og fastlege invitert til møte for planlegging av tiltak og vidare oppfølging.
Informasjon til tilvisar
Det er ei uttalt målsetting at pasientar i denne gruppa vert tilvist tidleg, og dei skal komme raskare til. Dersom tilvisar og pasienten saman vurderer at det er hensiktsmessig med eit tilbod som har eit arbeidsretta fokus, bør dette kome fram i tilvisinga og den må merkast med «HelseIarbeid».
Individuelle forhold som funksjonsfall på fleire arena (jobb, skule, sosialt, privat), bør i denne samanhengen leggast særleg vekt på. Personar som vert inkludert må ha ein målsetnad om å oppretthalde eller ta opp att tilknyting til arbeid eller utdanning. Eigenmotivasjon og tilknytinga til arbeid, har stor tyding for nytteverdien til den arbeidsretta rehabiliteringa.
Sjekkliste for tilvising
1. Pasienten sitt namn, fødselsnummer, korrekt adresse og telefonnummer, ev. namn på føresette.
2. Tilvisar sitt namn, adresse og telefonnummer.
3. Pasienten si diagnose og beskrivingar av korleis plagene påverkar daglig funksjon knytt til arbeid, utdanning og fritid. (Fysisk, psykisk og sosialt).
4. Opplysningar om trygd- og arbeidsstatus, og ei kort arbeidsanamnese.
5. Sosial situasjon, omsorgsroller, nettverk og eigne ressursar.
6. Rusanamnese.
7. Pågåande behandling og oppfølging i førstelinje/avslutta behandling og effekt.
8. Oppdatert oversikt over legemidlar i bruk.
9. Pasienten sine ønsker og målsettingar.
10. Kopi av relevante epikriser.
11. Behov for tolk.
12. Opplysningar om smittestatus (dersom aktuelt).
13. Merk tilvisinga med «HelseIarbeid».
Prioriteringsrettleiar
Fysikalsk medisin og rehabilitering - helsedirektoratet.no