HELSENORGE
tre kvinnelege sjukepleiarar som er kledd i kvit uniform inne på eit pasientrom med raude gardiner og møblement.

Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til behandling på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.

Avansert heimesjukehus for barn og unge​​

​Kvifor heime​​​sjukehus?

  • Barn og familiar har det som regel best heime.
  • Barn blir erfaringsvis fortare friske heime.
  • Kvardagen blir oppretthalden for heile familien.
  • Kvaliteten er like god som på sjukehuset.
  • Betre helse og auka livskvalitet for heile familien.
Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. Barnelegar er behandlingsansvarlege.

Behandling, oppfølgjing, rettleiing og sjukepleie heime har like god kvalitet som i sjukehuset. Den store forskjellen er at barn og familie får vere heime, og sjukehuset kjem heim til dei. 

eit barn sit i ein stol og får behandling av ein sjukepleiar i heimen. Ei kvinne med grøn gensar sit ved sidan av.

Behandling i trygge omgjevnadar i heimen.

​Tilbod

  • AHS er eit tilbod til barn som får behandlinga si i barne- og ungdomsavdelinga.
  • Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar.
  • Barnelegane er behandlingsansvarlege.
  • AHS gir sjukepleie, medisinsk behandling, rettleiing og oppfølging i barnet sin heim, i tett samarbeid med ansvarleg lege og andre fagpersonar.
  • AHS kan mellom anna tilby observasjon og vurdering,  ernæringsoppfølging (sonde, amming) og vektkontroll, blodprøvetaking, antibiotikabehandling, enkelte cytostatikakurar, obstipasjonsbehandling, sårstell, smertelindring og palliasjon.
  • Barnet har open retur til avdelinga dersom det skulle vere behov for reinnlegging på sjukehuset.
Vi tilpassar oss ønskjer knytt til tilbodet når det er mogleg, men må samtidig planlegge dagen effektivt, slik at vi kan gi eit best mogleg tilbod til flest mogleg. ​

​Opningstider og telefonnummer

Vi har opningstid frå kl 07.00-15.00 måndag, torsdag og fredag. I denne tida er vi alltid tilgjengeleg på telefonnummer 94 86 52 41. Ta kontakt viss det er noko de lurer på. Om vi ikkje tar telefonen, ringer vi snarast tilbake. Ved behov for kontakt utanom opningstida vår, ring barne- og ungdomsavdelinga på telefonnummer 57 83 91 53 eller 57 83 91 59.​

​Samarbeid og samhandling

AHS samarbeider med barnet sin ansvarlege lege i sjukehuset. AHS samarbeider også med dei ulike tenestetilboda innanfor Helse Førde sitt geografiske område. Det sikrar kvalitet og kontinuitet og skaper ein mjuk overgang mellom sjukehus og kommunale helse- og omsorgstenester.

I pasientsituasjonar der spesialisthelsetenesta har opplæringsansvar for den kommunale helse- og omsorgstenesta, vil deler av opplæringa kunne bli gitt av Avansert heimesjukehus i kommunen.

Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. Barnelegar er behandlingsansvarlege. Fram til sommaren 2023 vil opningstid vere måndag, torsdag og fredag, kl. 07.00-15.00.

Jobbar du i den kommunale helse- og omsorgstenesta/skule/barnehage og har spørsmål om Avansert heimesjukehus for barn og unge?
Kontakt oss på telefonnummer 94 86 52 41. Kl. 07.00-15.00 måndag, torsdag og fredag.

​​Tryggleik

Vi vil gjere vårt beste for at det skal vere ei god og trygg oppleving å vere heime. Vår erfaring er at barn er tryggare og blir lettare friske heime og at familien totalt sett får det betre.

Kva ønskjer vi av dykk som er pasientar i AHS:

  • Ha namn på ringeklokka, og sjekk at den virkar. Ha namn på dør i felles oppgang.
  • Ha alltid telefonen på så vi kan nå dykk.
  • Vi set av og til igjen utstyr heime hos dykk. Dette er berre til bruk for AHS-tilsette. Snakk med oss om de har behov for utstyr sjølve.
  • Vi vil gjerne at de informerer oss om eventuelle husdyr. 
  • Det må vere mogleg å parkere i rimeleg nærleik.

Er dette av interesse?

Om du som forelder er interessert i tilbod om avansert heimesjukehus, ta gjerne kontakt med sjukepleiar eller lege på barne- og ungdomsavdelinga. I samarbeid med dykk vurderer vi om dette er ei aktuell løysing for dykkar barn.

Kontaktinformasjon

Telefon: 94 86 52 41. Ved akutte hendingar, ring 113

Opningstider: Måndag, torsdag, fredag: 07.00-15.00.

Mellom kl. 07.00-15.00 måndag, torsdag og fredag er vi alltid tilgjengelege på telefon. Ta kontakt dersom du lurer på noko. Om vi ikkje tar telefonen, ringer vi snarleg tilbake. Ved behov for kontakt utanom opningstida, ringer de barne- og ungdomsavdelinga på 57 83 91 53 eller 57 83 91 59. 


Fann du det du leita etter?