Praktisk informasjon til deg som skal på kurs
Kurs som ikkje krev tilvising frå lege
Kurs som ikkje treng tilvising frå lege gir heller ikkje rett til refusjon av reiseutgifter. Desse kursa er gratis og krev ikkje eigendel. Eksempel på slike kurs kan vere opne temakveldar.
Kursavgift
Prisen på kvart legetilviste læringstilbod er lik eigendelen som ved vanleg poliklinisk konsultasjon. Tilbodet er gratis for born under 16 år eller om du har frikort.
Pårørande som er i følgje med pasient betaler ikkje eigendel.
Matservering
Lunsj kan kjøpast på heildagskursa, eller ein kan ha med seg niste. I innkallinga til kvar einskild kurs vil du få fleire detaljar rundt pris, diett, m.m.
Avbestilling av legetilviste kurs
Om du ikkje kjem til kurs du er påmeldt til utan å seie frå innan 24 timar før kursstart, kan du bli belasta med eit gebyr på opptil 1125 kroner sjølv om du har frikort.
Kostnadar og refusjon av utgifter ved kurs som krev tilvising frå lege
Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.
Sjå pasientreiser for meir informasjon om dette.
Reiseutgifter på pasientar
Her kan du søke om å få dekke reiseutgifterDekking av utgifter til overnatting skal avtalast snarast råd etter at du har motteke innkalling til kurs, ring til Pasientreiser, telefon 05515.
Brukarar med særskilde behov for transport kan ha rett på rekvisisjon til pasientreise. Drosje tur-retur må tingast seinast dagen før på telefon 05515.
Ta vare på alle kvitteringar. Ta kontakt med pasientreiser om du tenkjer at dette kan gjelde deg.
Reiseutgifter for pårørande
Pårørande har dei same rettane som pasientar når det gjeld kost/opphald/reise, dersom det står i tilvisinga frå lege at pårørande skal delta på læringstilbodet. Dersom ein må ha permisjon frå arbeid, kan pårørande eventuelt søke arbeidsgivar om velferdspermisjon.
Foreldre/pårørande til barn som skal delta på læringstilbod, kan ved fråvær frå arbeid søke om opplæringspengar.Dette har same sats som sjukepengar under føresetnad av at ein har rett til sjukepengar. Ved omsorg for barn med funksjonshemming eller langvarig sjukdom, kan det ytast opplæringspengar sjølv om barnet er over 18 år.
Reisefølgje
Dersom pasienten har erklæring frå lege om behov for følgje på reisa, har reisefølgjet rett til dekking av reise/kost/opphaldsutgifter.
Reisefølgjet kan og få noko godtgjersle for tapt arbeidsinntekt.
Reise og tilkomst til kurs
Kursa blir arrangert ulike stadar i Helse Førde sitt område. Sjå informasjon om dei ulike kursa kvar ditt kurs er.
Tolk
Det vil i mange situasjonar vere vanskeleg å få til god kunnskapsutveksling ved tolkebehov i ei gruppeundervisning. Ofte vil derfor behandlar oppmoda til utvida tilbod ved poliklinikk og individuell oppfølging i staden for tolketeneste i gruppeundervisning. Dette for å gi deg som pasient betre oppfølging og for at undervisningssituasjonen skal vere optimal i gruppa.
I individuell oppfølging vil det både kunne brukast tolk og tolketeneste over telefon, mens det i gruppeundervisning berre vil vere aktuelt med tolk som møter på staden.
Det er helsetenesta som har ansvar for å vurdere behovet for tolking og bestille kvalifisert tolk, men viss du tenkjer at du har behov for tolk er det bare flott om du minn oss på det. Du kan ta det opp med din behandlar, eller kontakte lærings- og meistringssenteret (sjå kontaktinformasjon lenger nede).