Aktuelle saker frå samhandlingslegane
Her finn du aktuelle nyhende som praksiskonsulenten ynskjer å formidle til samarbeidspartane våre. Spesielt ynskjer vi å gi informasjon til allmennlegar om aktuelt samhandlingsstoff som er relevant for dagleg praktisk og fagleg oppdatering. Vi tek gjerne imot stoff til denne sida!
24.10.24
Poliklinikk for hjartesvikt og lungesjukdomar - nye tilbod ved Nordfjord sjukehus.
Hilde Manseth Bjørhovde ved Nordfjord sjukehus skriv i ein epost til samhandlingslegane: "Vil med dette informere om nyoppstarta pasienttilbod ved Nordfjord sjukehus. Vi har lenge planlagt å få desse tilboda på plass og er no svært stolte av å ha fått desse på plass." Vedrørande detaljer - sjå lenker.
Lungesjukdomar_poliklinikk_nordfjord sjukehus.pdf
Hjartesvikt_poliklinikk_ nordfjord sjukehus.pdf
10.10.24
HPV heimetest via fastlegar - utvida målgruppe!
"Livmorhalsprogrammet" har sendt ut epost til legekontora om utviding av ordninga med heimetest. Vi er ikkje sikre på at dette har komme alle fastlegar for øyret og deler derfor denne informasjonen her.
Informasjon til helsepersonell
Utvidet målgruppe for HPV hjemmetest via fastleger
Våren 2024 innførte vi HPV hjemmetest til kvinner med et særskilt behov. Dette er kvinner og andre med livmorhals over 25 år, som ikke tar livmorhalsprøver grunnet fysiske, psykiske eller kulturelle utfordringer med gynekologisk undersøkelse (GU).
Vi utvider nå målgruppen, og inkluderer kvinner som ikke har tatt livmorhalsprøve på mange år.
Disse kvinnene får et brev fra Livmorhalsprogrammet, om at de kan få HPV hjemmetest fra fastlegen
HPV heimetest via fastlege_ sept 24 - Infoskriv til helsepersonell.pdf
Slik tar du en HPV hjemmetest (kreftregisteret.no)
12.09.24
Augelegeklinikken til Florentina Naboulsi i Florø blei nedlagt 1. september
Augelegeklinikken til Florentina Naboulsi i Florø blei nedlagt 1. september då ho pensjonerte seg. Det har ikkje lukkast å få søkar til ny avtalespesialist i denne heimelen. Avtalespesialist i augesjukdomar Ingunn Støfring i Førde har sagt at så langt det let seg gjere kan ho overta nødvendige kontrollar for pasientane som gikk hos Naboulsi. Ein del av desse er vidaretilvist av Naboulsi men ikkje alle! Det skal vere anført i epikriser om så er skjedd. Det kan difor bli ein del spørsmål frå pasientane etter kvart. Etter som eg forstår har det gått pasientar til kontroll hos Naboulsi i Florø frå ei rekke kommunar rundt om i Fylket.
Det skal ha meldt seg interessert augelege til heimelen i Sogndal. Om det her blir oppretta avtale så vil jo det avlaste ein del. Vi kjem tilbake med meir info etter kvart.
05.09.24
Irregulære nevi. Endra rutine for rapportering og oppfølging av uregelmessige nevi
Epost frå overlege Ståle Sund ved patologisk avdeling Helse Førde:
Mange fastleger vil ha mottatt prøvesvar fra vår patologiavdeling med diagnose «irregulær» eller «atypisk» nevus/nevuscelletumor. Hudavdelingen ved Fss får ikke sjelden henvendelse om slike pasienter med spørsmål om videre oppfølging, og mange har blitt henvist til kirurgisk avdeling for utvidet eksisjon. På grunn av etter hvert stor pågang av slike henvisninger, så vi ved Fss behovet for en intern diskusjon om kriterier for oppfølging av disse pasientene. Problemstillingen har vært diskutert på flere tverrfaglige møter mellom Avdeling for patologi og Hud poliklinikk, på ett møte også med deltagelse fra Kirurgisk avdeling. Relevant i denne diskusjonen er dessuten endrede internasjonale kriterier for inndeling og gradering av disse «uregelmessige» føflekkene
Irregulære - atypiske nevi til fastlegene.pdf
Utgreiing, behandling og oppfølging av hjertesvikt i allmennpraksis
Oppdaterte retningslinjer pr august 2024
Microsoft PowerPoint - 2024-08 Veileder hjertesvikt allmennpraksis (legeforeningen.no)
22.08.24
Livabygget ved Sentralsjukehuset er opna
Hausten 2024 flyttar vi inn i nytt, somatisk sjukehusbygg - kanskje det mest moderne sjukehusbygget i landet. Livabygget vert eit kvantesprang for pasientar og pårørande. Les vidare, så får du vite kva som kjem på innsida, etasje for etasje.
Livabygget - Helse Førde HF (helse-forde.no)
Samhandlingsmøte mellom samhandlingslegane og lab i Helse Førde
Møtet blei avholdt 23.05.24. Tema var ma luftvegsstatistikk, info om nye nettsider, rutiner omkring obduksjonar rekvirert av allmennlegar og fjerning av pacemaker og ICD post mortem. Vedr detaljer sjå vedlagt pdf lenke.
240524 Samhandlingsmøte lab-fastlegar.pdf
Pasientkurs arrangert av Helse Førde hausten 2024
Lenka viser alle aktuelle kurs og ved mange av desse må der foreligge tilvising frå lege.
Arrangement - Helse Førde HF (helse-forde.no)
30.05.24
Spørsmål om konferanseplikt ved ØH innlegging
Pr no eksistere det ingen koneranseplikt ved ØH innleggingar i Helse Førde, men skal det leggast inn pasientar ved andre avdelingar enn medisin, kirurgi og ortopdi skal vakhavande lege kontaktast slik som rutinen alltid har vore.
Ved innleggingar ved Nordfjord og Lærdal sjukehus gjeld andre rutinar. Ingen endring her, men minner om desse. Klinikkdirektør ved medisinsk klinikk skriv om dette:
"Men for lokalsykehusene inngår det fortsatt i rutinen at innleggende lege skal melde pasientene telefonisk til LIS 1.
Dette er ikke det samme som konferanseplikt, for man blir ikke møtt med spørsmål om man kan løse situasjonen på en annen måte, utsette innleggelse til neste dag el.l.
Men vi har altså fortsatt med telefonisk innmelding fordi LIS 1 da kan hente inn overlegen eller løse ut MAT-team i forkant de gangene det fremstår akutt.
Dette er altså en ekstra sikring for å være forberedt der LIS 1 ikke har tilstede bakvakt med LIS 2/3 slik man har det i Førde.Og så det andre sentrale poenget: Man ønsker å fange opp og eventuelt få diskutert med FSS de pasientene hvor LIS 1 kommer i tvil om pasienten bør rutes til FSS.
Jeg vil kanskje tro at det er denne rutinen som av noen er blitt oppfattet som en konferanseplikt."
Heile prosedyren finn ein her: ;
ØH innlegging indremedisin - nordfjord og lærdal..pdf
Informasjon om Arbeidsrettet behandling for angst og depresjon ved Institutt for Psykologisk Rådgivning (IPR)
Behandlinga foregår i Førde og henvisingar for vårt område sendast som vanleg elektronisk tilvising til psykiatrisk klinkk i Helse Førde og merkast "Arbeid og Helse-IPR". Henvisninga blir vurdert der og sendt videre til IPR etter deira kapasitet
Minner om dette tilbodet som framleis eksisterer og som tidlegare har vore orientert om av samhandlingslegane.
Informasjon om Arbeidsrettet behandling v IPR 1.pdf
VeRaVest - SKIL kurs i radiologi for allmennlegar
I prosjektet «Verdibasert radiologi i Helse Vest» ønsker vi å auke verdien av dei radiologiske tenestane for diagnostikk av muskel- og skjelettlidingar i Helse Vest. Ved hjelp av elektroniske tilvisingsråd, kurs og tilbakemelding på eigen tilvisningspraksis er målet å auke kvaliteten i tilvising slik at dei radiologiske tenestane brukast best mogleg til nytte for pasientane
Som ein del av prosjektet har SKIL utarbeida kurset Verdibasert radiologi. Kurset er laga for smågrupper i allmennmedisin, og består av e-læringsmodul og to møter som skal holdast med 3 månaders mellomrom. Kurset er godkjent som 8 timars valfritt kurs til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin.
VeRaVest - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
23.05.24
MRSA og tilvising til kvinneklinikken
Overlege Astrid Rege ved kvinneklinikken skriv i ein epost til samhandlingslegane
"Vi har jo på eit blunk fått mange nye ukrainske medborgarar i fylket. Og det er flott!
På same tid må vi vere obs på MRSA-smitte. Vi er veldig nøye på dette, og hjå dei som ikkje har vore i kontakt med helsetenesta før (som gjeld for dei fleste av dei vi får henvist), brukar vi å ringe til legekontoret for å høyre om det er aktuelt å ta MRSA-prøve. Dette er tidkrevjande. Avklaring om ein skal ta MRSA-prøve av pasientane må skje før dei kjem inn til oss!
Om det står "MRSA ikkje akuelt" i henvisinga, sparer det oss for mykje arbeid. Når det ikkje står noko må vi etterlyse"
Oppdatert kontaktinformasjon til forløpskoordinatorane for kreft
Hanne Elin Skår har sendt samhandlingslegane oppdatert info om kontaktinformasjon til forløpskoordinatorane.
Forløpskoordinator pakkeforløp kreft_oppdatert mai 2024.pdf
Nettsida til kreftpakkeforløpet i Helse Førde skal til ei kvar tid vee oppdatert jfr lenke her Pakkeforløp for kreft - Helse Førde HF (helse-forde.no)
02.05.24
Tilbod om lymfødembehandling i kommunane
Samhandlingslegane har fått spørsmål frå fastlegar omkring tilbod om lymfødembehandling. Helse Førde gir ikkje lenger dette tilbodet og ikkje alle kommunar har fysioterapeuter med denne kompetansen. Mari Bårdvik, Seksjonsleiar for klinisk fysioterapi og førebygging i Helse Førde har hjelpt oss med å skaffe til veie oversikt over kor tilboda finst i kommunane.
Lista under er dei tilbod ho fått informasjon om så langt. Kjenner kolleger til fleire fysioterapeuter som gir dette tilbodet takker vi for tilbakemelding og vi skal då oppdatere lista.
Bremanger:
Fysioterapeut Asle Førde, tfl 99418919
Sunnfjord:
Aktiv Fysio - og manuellterapi i Førde, Aud Vassbotten Storøy, tlf 46920369.
Fysio/ ergoavd Naustdal, Nora Karoline Berge, tlf 57816039.
Magnus Liene ( helprivat), tlf 99377451
Kinn:
Florø, spesialfysioterapeut Camilla Mæland Fosse, tlf 91734430 ( fram til januar / februar 2025).
Gloppen:
Fysioterapeut Jannicke Felde, tlf 95828896
Stryn:
Olden: Drageset Akupunktur og Fysioterapi AS, Fysioterapeut Jørn Sunde Drageset, tlf 41654128
Høyanger:
Lavik Helsesenter, Fysioterapeut Steffi Storch, tlf 99219340.
Luster kommune
Fysioterapeut Linda Hermansen 98903837
04.04.24
Endringa i tilbod ved Helse Førde si avdeling ved Sunnfjord Medisinske Senter i Florø.
Helse Førde har lagt ut informasjon på sine nettsider og som her blir formidla av Samhandlingslegane.
«Styret i Helse Førde vedtok i januar 2024 å redusere medisinsk klinikk sine tilbud i Florø frå 01.04. Styret opna samstundes for å kunne tilpasse endringsdatoane noko dersom hensiktsmesssig for drifta. Avdelingane har no planlagt endringane, og tidspunkta blir som følgjer i tabellen» - jfr lenke.
Tidsplan for endringar ved tilbodet i Florø - Helse Førde HF (helse-forde.no)
21.03.24
Helseatlas radiologi, MR
Interssant info om bruk av MR kolumna - samanlikning mellom sjukehus og foretaksområder bl.a. Helse Førde området.
Dette helseatlaset omhandlar bruk av polikliniske MR-undersøkelser av kolumna (ryggrad) for busette i helseforetaka sine opptaksområder.
Atlaset består av tre tema. Det første er ein samleanalyse for fleire MR-undersøkelsar som inkluderer heile eller deler av kolumna. Dei andre to beskriv dei vanligste MR-undersøkelsane av kolumna, lumbosakral- (korsrygg) og cervikalkolumna (nakke).
14.03.24
Endring avtalepraksis ØNH på Nordfjordeid og i Førde.
1. april overtar Oddvin Bjørge (Eid ØNH) for John Arthur Kvamme (Nordfjord ØNH) i 50% avtalepraksis på Nordfjordeid.
Bjørge er èin erfaren ØNH lege, med bakgrunn frå ØNH Sentralsykehuset Ålesund og Medi3 Ålesund.
Ingen endring av åpningstid eller tilbud, framleis søvnregistreringar.
Same dato utvidar Kvamme (Sunnfjord ØNH) frå 50 til 100% i Førde. Han jobber i avtalepraksisen mandag til torsdag og ved ØNH avdelinga på sjukehuset fredager. I praksisen i Førde startar han no opp med søvnregistrering. Pasientar kan og henvisast direkte dit til vurdering ifht høyreapparat.
Avtalespesialistpraksis i augesjukdomar i Florø - utlyst no for andre gang......
Florø har hatt augelegepraksis sidan tidleg på 90 talet - dei første åra på Florø sjukehus og sidan 2001 ved Sunnfjord Medisinske Senter. I tillegg til pasientar frå Florø har praksisen også hatt pasientar frå nærområdet - inkludert Bremanger og Naustdal. Augelegen i Florø går av for aldersgrensa i løpet av dette året og Helse Vest har utlyst heimelen frå 1. september i år . Kolleger i allmennpraksis har stor nytte av lokal augelegepraksis for samarbeid og for å kunne tilvise pasientar. Med dei kapasitetsproblem det er i augelege-faget for tida vil manglande augelege i Florø sjølvsagt medføre betydeleg problemer både for legar og pasientar.
Om nokon av våre lesarar kjenner til augelegar som det kan vere aktuelt for å søke på denne stillinga så ta direkte kontakt med vedkomande! Lenke under til stillingsannonsen og Sunnfjord medisinske senter sine nettsider.
100 % avtaleheimel i augesjukdomar i Florø - Helse Vest RHF | legejobber.no
Sunnfjord Medisinske Senter – Samhandling under same tak (sms-senteret.no)
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) - endring i organisering
Wenche Sjåstad, seksjonsleiar for Habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Førde har sendt epost til samhanldingslegane der ho skriv:
Habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) er frå 01.04.24 ikkje lenger seksjon under Barneavdelinga, vi er flytta til Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. I denne samanheng er det viktig at fastlegane får informasjon om at dei frå no må sende tilvisingane til HABU ved Barnehabilitering@90447.De skal likevel vere trygge på at dersom tilvisinga går direkte til Barneavdelinga, så har vi rutine som sikrar overføring til rett seksjon. Elles er alle telefonnummer og e-postadresser som før.
Botox ved tensjonshovudpine - avgrensa tilbod om behandling ved nevrologisk avdeling Helse Førde.
Samhandlingslegane har fått spørsmål frå allmennlegar vedr tilbod i Helse Førde for botox-behandling for hovudverk. Avdelingsoverlege Stig Hegrestad svare:
"Det er pr i dag ikkje etablert indikasjon for Botox-behandling mot tensjonshodepine. I heilt spesielle og terapiresistente tilfelle er unntaksvis dette likevel blitt praktisert her hos oss, men det har etterkvart blitt innstrammingar av denne praksis. Vi har elles hatt enkelte pasientar der det viser seg at det ved nærare gjennomgang også ligg føre migrene og som såleis fell inn under indikasjon.
Det foregår studier på Botox ved tensjonshodepine ved NTNU. Dersom det er pasientar som ynskjer å være med kan dei gå inn på heimesidene til Norhead og melde si interesse. Dei vil så bli kontakta direkte av studiesjukepleiar med tanke på inklusjonskriterier etc."
07.03.24
Omlegging av logistikken ved igangsetting av fødsel
Overlege ved kvinneklinikken Trude H Folkestad skriv i ein epost til Samhandlingslegane. "Mandag 4. mars starter vi med poliklinisk induksjon.
Dvs dei gravide møter til avtalt tid i poliklinikken. Her blir dei tatt imot av jordmor og det blir tatt CTG. Ballongkateter er førstevalg når ein ikkje kan ta vatnet.
Dei som er friske og bur nær nok kan reise heim med ballong. ( ca 30 min reiseavstand dersom det ikkje er spesielle utfordringar på vegen, som td rasfare)
Dei som bur lengre vekk men er friske, bur på Sunnfjord hotell eller pasient hotell. ( eiga avtale. Jordmor i poliklinikken bookar rom til dei)
Når mennene vil være med bookar ein dobbeltrom. Det vil då bli ein kostnad på 200kr som paret sjølv må koste. Dei betaler då direkte til hotellet.
Dei med risiko blir i avdelinga som før. Dette er identifisert i prosedyren. Vedlagt ligg pasientinformasjonsbrosjyren.
Igangsetting av fødsel Førde sentralsjukehus - pasientinfo.pdf
Polikliniske obduksjonar
Marita Osland, førstesekretær/ IT- ansvarleg ved avdeling for patologi i
Helse Førde har sendt oss ein epost der ho bl.a. skriv: "Vi får inn i mellom telefon frå kommunelegar i Sunnfjord og Nordfjord om følgjeskjema for obduksjon. Vi har ikkje elektronisk løysing for dette enno og opplever at dei sender tilvising via DIPS for å be om obduksjon. Då får ikkje vi dei nødvendige opplysningane vi treng for å utføre medisinsk obduksjon. Det er viktig at dei brukar skjemaet som er til dette formålet. Mellom anna er det viktig at dei kryssar av for om dei har vore i kontakt med politiet. Legg ved eit skriv om korleis ein kan finne skjema på heimesida til Helse Førde. Der kan ein fylle ut skjema i PDF- format, skrive ut og sende med gravferdsbyrå når dei transporterer MORS til sjukehuset."
Laboratorietenester - Helse Førde HF (helse-forde.no)
Finne obduksjonsbegjæring på helse-forde.no.pdf
08.02.24
Aktuelle lærings- og mestringskurs 2024
Rikt utvalg av kurs ved LMS som kan vere aktuelle for pasientane våre og der henvisning frå lege må foreligge i mange tifeller. Aktuelt no er bl.a. diabetes type 2 (grunnkurs), pårørandekurs til diabetesbarn, tinnitus, hjerneslag, å leve med demens, bruk-av-høyreapparatkurs, sjukleg overvekt, lungerehabilitering, barn med epilepsi, atrosekurs, leve med og etter kreft. Fullstendig oversikt finnas på nettsiden til Lærings- og mestringssenteret.
Lærings- og meistringssenteret - Helse Førde HF (helse-forde.no)
11.01.24
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, informasjon til kommuneoverlegar, fastlegar og legevaktslegar
Lin Hjelmeland Finjord, Fagutviklingssjukepleiar ved Overgrepsmottaket Sogn og Fjordane har sendt informasjon vedrørande tenesta. Ho skriv at dei opplever at det i dag er for få fastlegar som tilviser pasientar til overgrepsmottaket.
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit akutt-tilbod til personar utsette for seksuelt overgrep, og tilsvarande for dei som er utsette for vald i nære relasjonar. Overgrepsmottaket er lokalisert ved legevakta i Førde (SYS IKL) og har døgnberedskap. Tilbodet er sjølvsagt frivillig for den overgrepsutsette. Ved overgrep vert akuttfasen (for sporsikring) rekna frå 0 – 4 døgn etter overgrepet, og ein kan finne gode spor inntil ei veke etter overgrepet. Vi tek og i mot pasientar der overgrepet ligg lengre attende i tid, dersom det vert vurdert som hensiktmessig.
Informasjon frå Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane.pdf
Oppdatert informasjon om pakkeforløpskoordinatorane for kreft
Forløpskoordinatoren kan bli kontakta av både pasient og fastlegar. Ein forløpskoordinator har ansvar for å koordinere pakkeforløpet, med timar og anna - i tillegg til å vere sjukehuset sin kontaktperson mot pasient og fastlege.
Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid for pasientar og pårørande er mandag til fredag fra kl 0900 -1300. Ved fråvær av forløpskooordinator bør ein ta kontakt med behandlande avdeling.
Telefonnummera står oppført under kvart pakkeforløp, men dersom det ikkje er svar, kan ein ringe ein av dei andre forløpskoordinatorane. Telefontid for pasientar og pårørande er mandag til fredag fra kl 0900 -1300. Ved fråvær av forløpskooordinator bør ein ta kontakt med behandlande avdeling.
Oversikt forløpskoordinator Helse Førde_pr 01.12.23.pdf
14.12.23
Status og utviklingstrekk for Sogn og Fjordane Helsefelleskap
Denne rapporten er utarbeidd av Samhandlingsbarometeret https://samhandlingsbarometeret.no/ på bestilling frå Helse Førde ved utviklingsdirektør og samhandlingssjef. Den presenterer status og utviklingstrekk for sentrale statistikkvariablar i dei seinare åra for Sogn og Fjordane helsefellesskap. Data er basert på tilgjengeleg statistikk i Samhandlingsbarometeret, som igjen bygger på data frå NPR (Norsk Pasientregister), KPR (Kommunalt Pasient- og
brukerregister), FHI (Folkehelseinstituttet), SSB (Statistisk Sentralbyrå), Nasjonale Kvalitetsindikatorar (Hdir.) og Vestland fylkeskommune si Folkehelseundersøking frå 2022. Alle data i barometeret er i utgangspunktet relevante for samhandling mellom kommune- og spesialisthelsetenesta, og såleis også for arbeidet i
helsefellesskapet.
Rapport 2023 - Status og utviklingstrekk for Sogn og Fjordane helsefellesskap – Kopi.pdf
Nedlegging av analysen albuminkorrigert calsium
Kalsium førekjem i tre former i plasma: 40% er proteinbundet, 10% dannar kompleks med anioner, og 50% er fritt. Ved analyse av total kalsium bestemmast alle tre formene. Fritt kalsium er den biologisk aktive fraksjonen som vi har nytte av å kjenne til.
Nedleggelse av analysen albuminkorrigert kalsium - oppdatert.pdf
Samarbeidsmøte mellom samhandlingslegane og laboratorietenestene i Helse Førde
Nyttig samhandlingsmøte der tema som nye analysepakker, viktigheita av kliniske opplysningar ved mikrobiologiske prøvar av sår og puss samt informasjon av nytt prøvetakingsutstyr for mikrobilologi var tema.
Samhandling lab-legekontor 07.12.23.pdf
Laboratorietenester - Helse Førde HF (helse-forde.no)
Akutthjelpararodninga
En ny rettleiar gir kommunar og helseforetak eit verktøy for å styrke beredskapen ved å lage gode avtaler med akutthjelparane sine organisasjonar. – Rettleiaren skal bidra til betre struktur og kvalitet på akutthjelpartenesta, som har vore eit livreddande tiltak i snart 15 år, seier divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Helen Brandstorp.
Ny veileder for akutthjelpere - Helsedirektoratet
Forløpskoordinatortenesta for pakkeforløp kreft
Her finn vi oversikt over koordinatorer med telefonnummer ved dei ulike kreftpakkeforløp i Helse Førde. Nyttig å skrive ut eller lagre på eigneleg plass når det er behov for kontakt - enten frå lege eller pasient.
Oversikt forløpskoordinator Helse Førde_pr 01.12.23.pdf
23.11.23
Papirrekvisisjon og prøvetakingsetikettar med pasient frå Helse Førde når prøver skal takast ved fastlegekontor.
Pasientar i Helse Førde får no med seg både papirrekvisisjon og prøvetakingsetikettar når prøven skal takast på legekontor.
Etter overgangen til DIPS Arena i Helse Førde får pasientane no med seg ein annan type papirrekvisisjon til Laboratorie for medisinsk biokjemi og blodbank i Helse Førde. Dei vil då ha med seg ein laboratorierekvisisjon og etikettar skrivne ut frå DIPS. Det vil gå fram frå utskrifta kva prøver som er rekvirert. På etikettane står det kva prøveglass som skal nyttast. Etikettane setjast på prøveglasa og sendast saman med utskrifta frå DIPS. Det er viktig at signatur prøvetaker, prøvetakingsdato og tidspunkt vert påført utskrifta som sendast saman med prøva. Dersom fastlegen ynskjer kopi av svaret, påførast HPR nummeret til legen på same utskrift.
Labanalysar i Helse Førde - Blodprøver rekvirert frå spesialisthelsetenesta som takast på fastlegekontora (helse-forde.no)
Endra rutiner for legemiddelhandtering i ambulansetenesta - ordinering etter prosedyre
Ambulansesjef Stian Sægrov og medisinsk rådgivar Rune Larsen har sendt ut denne informasjonen som no samhandingslegetenesta i Helse Førde deler på våre nettsider.
Helse Førde utviklar kontinuerleg tilbodet i ambulansetenesta, m.a. legemiddelinnhald. Dei seinare åra har tenesta innført trombolyse ved STEMI, fentanyl har erstatta morfin, NSAID (ketorolac) er innført og no sist, ketamin er innført som adjuvant smertelindring.
Endringane har vore sondert og drøfta i «akuttmedisinsk samhandlingsforum», forankra i delavtalen om den akuttmedisinske kjeda mellom kommunane og Helse Førde. Forumet har vore ein viktig dialogpartnar i prosessane, kor representantar frå Helse Førde, dei større legevaktene og fleire kommuneoverlegar møtest kvartalsvis.
Ambulansetenesta sine rutinar for legemiddelhandtering har til no vore slik at ein i kvart enkeltoppdrag har fått ordinasjon med vaktlege eller innleggande lege.
Endra rutiner for legemiddelhandtering i ambulansetenesta - ordinering etter prosedyre.pdf
Ansvarsforhold i ambulansetenesta Helse Førde.pdf
Tiltakskort medikamenthåndtering - etter prosedyre_Helse Førde.pdf
Oppdaterte og reviderte analysepakker i Dips interactor
I samarbeid med samhandlingslegane i Helse Førde har no laboratoria oppdatert og revidert forslaga til analysepakkane som ligg i Dips interactor og der allmennlegane kan får råd om aktuelle analyser ved diverse tilstander (skriv i søkefetet). Analysepakkane inneheld også det som mange kontor oppfatter som «interne prøver» . Desse kan slettast under rekvisisjonen og takast lokalt – evt. så blir alle analysane gjort i Førde /Haukeland.
Revisjon av analysepakkane er forsøkt gjort i tråd med «Kloke valg» og etter tung involvering også av erfarne allmennlegar bl.a. samhandlingslegar i Helse Bergen.
Revisjon i analysepakker Dips interactor.pdf
Dialogmøte mellom samhandlingslegane og Psykiatrisk klinkk i Helse Førde torsdag 26.10.23
Tema som blei drøfte var samarbeid om pasientar underlagt tvang, orientering om oppretting av FACT team i Sunnfjord og Ytre Sogn, orientering om ordninga med felles henvisningsmottak i psykiatrien (som no også gjeld avtalespesialistar i psykologi og psykiatri) og problemstillingar omkring innlegging av pasientar ved Psykiatrisk klinikk. Referatet er vedlagt.
Samarbeidsmøte PKO- Psykiatrisk klinkk Helse Førde 26.10.23.pdf
09.11.23
Vitamin B12 mangel og behandlinga av slik tilstand
Det har vore nokon runder vedr B12 siste halvår – ikkje minst etter at referansegrensene blei heva. Etter eit møte med samhandlingslegane i Helse Førde presisere Anne Lise Monsen, overlege ved laboratoriet i Helse Førde i vedlegget korleis B12 mangel skal oppfattast og kva behandling som er aktuelt når.
Ein nyleg publisert internasjonal artikkel ho har forfatta i samarbeid med ein kollega er også vedlagt.
Behandling av vitamin B12 mangel-til fastleger Helse Førde.pdf
Vitamin B12 – a scoping review for Nordic Nutrition.pdf
Fastlegar for digital tilgang til journal i heile Helse Vest området
Margrete Lexow Wie, Prosjektleiar Digital samhandling Helse Vest IKT, har sendt epost til samhandlingslegane der ho orienterer om korleis ein frå 21.11.23 får tilgang til pasienten sin journal via Kjernejournal.
Sjå lenker og vedlegg:
Fastleger får digital tilgang til journal.pdf
I denne videoen viser NHN hvordan du bestiller tilgang til pasientens journaldokumenter gjennom Kjernejournal for ditt legekontor:
Journaldokumenter i Kjernejournal - Slik bestiller du tilgang (vimeo.com)
Deling av pasientens journaldokumenter gjennom kjernejournal - Norsk helsenett (nhn.no)
26.10.23
FACT for Sunnfjord og ytre Sogn
Helse Førde ved psykiatrisk klinikk DPS dag, har starta arbeidet med utgreiing av FACT for Sunnfjord og ytre Sogn. FACT (Flexible Assertive Community Treatment) er ein samhandlingsmodell mellom spesialisthelsetenesta og kommunen. Modellen rettar seg mot personar med alvorlege psykiske lidingar og med store samansette utfordringar.
FACT Sunnfjord og ytre Sogn.pdf
19.10.23
PKO skifter namn
PKO ordninga endrar namn til «Avtale om samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og fastleger» og praksiskonsulent blir «samhandlingslege»
Avtaleparter i denne reviderte rammeavtalen er dei fire regionale helseforetakene og Den norske legeforening. Protokoll er underteikna 16.08.23, med virkedato frå 01.01.24.
Ordninga skifter namn frå Praksiskonsulentordningen (PKO) til «Avtale om samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og fastleger». Det spissar målgruppa for ordninga. Då blir også begrepa praksiskonsulent og PKO-leiar avvikla. Det er ikkje landa nokon kortversjon/forkortelse for ordninga enno.
Alisportalen Helse Vest
Minner igjen om alis-portalen der sjukehusa i Helse Vest legg ut ledige stillingar for ALIS legar som treng sjukehuspraksis.
https://alis-i-sykehus.ihelse.net/
Samhandlingsdag Barn og unge – for Førde BUP og kommunane i Sunnfjord og ytre Sogn
Samhandlingsdagen blir arrangert 16 november 2023 på Scandic Sunnfjord hotell for Førde BUP og kommunane Sunnfjord, Fjaler, Kinn, Askvoll, Solund, Hyllestad og Høyanger
Tema for dagen: Korleis samarbeider vi rundt barn med angstproblematikk som treng hjelp frå begge nivå og jobbar saman for dei beste løysingane og rett hjelp på rett nivå?
Målsetting for dagen: Nettverksbygging, samordning og felles forståing av utfordringsbildet mellom dei personane som samarbeider for barn og unges psykiske helse på tvers av kommune og sjukehus
Målgruppe: Leiarar og sentrale tilsette som arbeider med barn og unge i oppvekst og helsesektoren i kommunane, og BUP (Til dømes: Leiarnivå, rektorar, barnehagestyrarar, fastlegar, kommuneoverlegar, barnevern, PPT, skulehelseteneste, helsestasjon)
https://samhandling-sfj.no/samhandlingsdag-barn-og-unge-for-forde-bup-og-kommunane-i-sunnfjord-og-ytre-sogn/
Siste nytt om eMeistring
eMeistring er vegleia psykologisk behandling via internett. Innhaldet i behandlinga er evidensbasert og basert på kognitiv atferdsterapi. Kontakten mellom terapeut og pasient skjer skriftleg via nettet. Behandlingsprogrammet har vist seg å vere like effektiv som ansikt-til-ansikt-behandling. To av tre pasientar som har gått gjennom behandlingsopplegget har fått god effekt.
Pasientar kan melde seg på sjølv eller få tilvising av fastlegen.
https://helse-forde.no/emeistring
E-læringskurs i sjølvmordsforebygging for allmennlegar
NSSF skriv: Nasjonalt senter for forsking og- forebygging av selvmord (NSSF) har utarbeidet et e-læringskurs i selvmordsrisikovurdering som er spesielt egnet for allmennleger. NSSF ønsker at flere skal vite om kurset og gjennomføre det.
Kampanjen rettet seg mot befolkningen over 18 år, med mål om at flere skal søke hjelp ved selvmordstanker og psykiske vansker som kan øke selvmordsfaren. Helsedirektoratet samarbeidet med flere regionale aktører om kampanjen.
Forskning viser at et flertall av de som tar sitt eget liv har vært i kontakt med fastlegen sin det siste året før de døde. Fastlegen har derfor en viktig rolle i å fange opp og hjelpe personer som har selvmordstanker. I forbindelse med kampanjen anbefaler vi et e-læringskurs i selvmordsrisikovurdering for allmennleger. Kurset er gratis og åpent
https://selvmordsrisikovurdering.no/
Gratis e-læringskurs- diabetesomsorg på legekontor
Noklus skriv: Ønsker medarbeidere på ditt legekontor mer kunnskap om diabetes og Noklus diabetesskjema? Noklus publiserte forrige uke et nytt e-læringskurs som gir grunnleggende diabeteskunnskap tilpasset behovet for medarbeidere på legekontoret.
Medarbeidere samhandler daglig med pasienter med diabetes og det er derfor ekstra viktig at de har god forståelse for og grunnleggende kunnskap om sykdommen.
Vi anbefaler at alle medarbeidere på legekontor tar kurset som tar ca 30 min - må logge inn på "Min side" i Noklus portalen:
https://portal.noklus.no/Account/Login?ReturnUrl=%2f
Tilvisingar till Psykisk helsevern for barn og unge (PBU)
PBU sender her informasjon om tilboda sine. Der er framleis lange ventelister i Sunnfjord og Nordfjord år det gjeld tilvising til BUP, men dei prioriterer så godt dei kan. Siste tida har det vore god kapasitet på UPH. Vedlagt er lenke som kan vere nyttig ved tilvisingar.
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/informasjon-til-tilvisar-og-fagpersonar
Tilvisingsrutine til Habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Førde
Tilvising skal sendast som vanleg elektronisk henvisning, “Den gode tilvising”. For å få den informasjonen som trengst bør det brukast sjekkliste. Dette er viktig for å sikre at det blir gitt rett informasjonen som er nødvendig for å vurdere tilvisingane. Sjekklista som er vedlagt i eiga lenke under kan enkelt leggast inn som ein mal i legens EPJ og brukast på dei få tilvisingane ein sender vedr desse pasientane.
Eit godt habiliteringsresultat for barn og unge er eit gjensidig ansvar for kommune og spesialisthelestenesta. Det kommunale hjelpeapparatet har det daglege ansvaret for habiliteringa. Spesialisthelsetenesta skal bidra til å bygge opp den kommunale kompetansen, og yte tenester som krev særskild kompetanse.
Tilvising til Habiliteringstenesta for barn og unge i Helse Førde.pdf
Sjekkliste ved tilvising til HABU.pdf
07.09.23
ØNH spesialist John Arthur Kvamme overtar avtaleheimelen etter Helge Hagen og navnet blir Sunnfjord Øyre Nase Hals.
1. september 2023 går ØNH spesialist Helge Hagen av med pensjon. John Arthur Kvamme overtar avtaleheimelen og navnet blir Sunnfjord Øyre Nase Hals.Uendra 50% avtalepraksis, opent mandag og torsdag. Kvamme fortset med 50% avtalepraksis på Nordfjord sjukehus, Nordfjord Øyre Nase Hals.Adressene for elektronisk tilvising ligg i NHN adresseregister både på namn og firma.
Nye retningslinjer for livmorhalsprogrammet.
Tilvising for operasjon av varicer.
08.06.23
Nye Førde sjukehus sin kvinneklinikk og barne- og ungdomsavdeling
Spennande presentasjon i digitalt møte den 05.06.23 av Nye Førde sjukehus sin kvinneklinikk og barne- og ungdomsavdeling som opnar hausten 2024. Reknar med at ikkje så mange av kollegane fekk dette digitale møtet- så legg ut presentasjonen og ein liten oppsummerande videosnut her.
Nye Førde sjukehus_KK og barn_Møte med kommunane 5 juni 2023.pdf
https://vimeo.com/830553088/98e3607017?share=copy
01.06.23
Samkonsultasjon- videomøte i psykisk HV for voksne mellom første og andrelinjetensta.
Digital samhandling_videomøte for oppfølging av pasient i PHV.pdf
Prosedyrebeskrivelse - Digital samkonsultasjon alvorlig psykiske lidelser _med logo og QR-kode.pdf
Samarbeidsmøte mellom PKO og labtenestene i Helse Førde
Fleire tema interassant for kolleger ute -sjå lenkane.
11.05.23
Manglande kapasitet innan endokrinologi. Informasjon til fastlegar
Tilvisingar skal framleis sendast Helse Førde, medisinsk avdeling, og vil bli vurderte av Hølleland. Avdelinga vil inntil vidare ta hand om pasientar med diabetes.
Volda sjukehus har ikkje kapasitet til å ta pasientar frå Helse Førde.
Det vert jobba med rekruttering av endokrinolog, men det er ikkje utsikter til å få tak i ny på kort sikt.
Nefrologane Astrid Dale og Mona Løvø har ikkje kapasitet til å svare på spørsmål innan endokrinologi utover diabetesfeltet. Spørsmål frå fastlegar må stillast direkte til vakthavande lege på endokrinologisk seksjon, HUS. Skriftlege førespørslar om diabetes sendast til Førde sentralsjukehus, medan spørsmål elles innan endokrinologi må sendast til HUS.
Manglande kapasitet innan endokrinologi. Informasjon til fastlegar mai 23.pdf
Informasjonsmøte om tilbodet til kvinneklinikken og barne- og ungdomsavdelinga i Nye Førde sjukehus.
Etter påmelding sendast det ut ei teamslenke for deltaking.
Avdelingssjef for kvinneklinikken Trude Hansen Folkestad
Fagdag i regi av psykiatrisk klinkk 2024
Innføring av aldersjusterte kliniske beslutningsgrenser for B12 og folat
Klinisk skrøpelighetsskala
https://lvh.no/symptomer_og_sykdommer/eldre/om_eldre/klinisk_skroepelighetsskala_cfs
30.03.23
Kul i bryst
Astrid Rege, overlege ved kvinneklinikken SFF har sendt epost til PKo der ho skriv: "Kvinneklinikken opplever at vi stadig at vi får henvisingar på kvinner med funn av kular i bryst. Elles i Europa høyrer mammakirurgi stort sett til Gynekologi, så det er ikkje så merkelig at mange fastlegar velger å sende henvising til gyn.
Eg vidaresender desse til kirurgisk avdeling, men dette medfører vanlegvis lengre vurderingstid av henvisingar (først kan henv ligge eit par dagar på gyn, så nokre dagar på kir).
Kan du på ein eller annan måte forsøke å vidareformidle ut til dine fastlegar at mammasjukdomar høyrer til kirurgi, og at henvisingar må sendast dit?
Vi har forøvirg gjort ein avtale med kirurgen om at mastittar i samband med amming skal gå til KK."
Som mange av kolleger veit så tilvisast dei fleste av desse pasientane til mammografi via interactor - radiologi. Her blir det gjort mammografi og u.l. og om kirurg skal involverast blir dette gjort via brystdiagnostisk senter.
23.03.23
Beslutningsgrenser på B12 og Folat ved overlege Anne-Lise Bjørke Monsen
Endring av fraser og behandlingsråd fra Osteoporosepoliklinikken
Det har akkurat vært en ny revisjon av prosedyrene på osteoporosepoliklinikken. Det er nå 2 år siden vår siste store revisjon. Så her kommer litt informasjon om dette, fint viss du kan formidle dette til fastlegene.
Sjå heile notatet i lenka under.
Endring av fraser og behandlingsråd fra Osteoporosepoliklinikken.pdf
16.03.23
"Helse i arbeid" - presentasjon i "Paraplyen"
Nyttig samarbeidsprosjekt der fastlegar som treng avklaring ifht sjukemeldte kan tilvise pasient til fysikalsk-medisinsk avdeling og der pas får vurdering av fleire faggrupper. NAV sine representanter i HelseIArbeid er ein del av teamet som treffer pasienten.
Paraplyen HIA.pdf
16.02.23
Felles tilvisingsmottak i psykisk helsevern -ny ordning frå 1.mars 2023.
Samhandlingsmøte mellom PKO og kvinneklinkken
26. januar blei det arrangert eit samhandlingsmøte mellom PKO og kvinneklinkken, Helse Førde. Mange og viktige tema i samhandlinga mellom klinkken og allmennlegane blei drøfta - jfr momentlista under.
Nye rutiner for oppfølging av cytologisvar - jfr flytskjema i lenka under
Tilvising til tidleg ultralyd (som no er eit tilbod til alle gravid!) - viktig å differensiere i Tilvisinga om dette gjeld fosterdiagnostikk eller terminbestemmelse. Jordmødre i kommunehelsetenesta foretar nok no mange av desse tilvisingane men viktig at fastleger som tilviser er klar over dette
Tilvising til sexolog - eiga stilling ved kvinneklinikken
Tilvisingar frå private ultralydaktører og private gynekologar i området
Ventetider og avvisning av tilvisingar. 50-60 % av tilvisingar til kvinneklinkken har ikkje fått gjort gynekologisk undersøkelse av tilvisar/resultat av undersøkinga ikkje notert i tilvising. Dette gjer prioriteringsarbeidet meir utfordrande og kvinner som burde vore sett på raskt, må vente lenger enn naudsynt.
Heile referatet med detaljer frå momentlista over finnast i lenka under
Samhandlingsmøte_PKO og kvinneklinikken 260123.pdf
Informasjonskriv til gravide som skal til tidleg ultralyd (002).pdf
Informasjon om Eldremedisinsk poliklinikk på Førde Sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus
Informasjon om Eldremedisinsk poliklinkk_Førde og Eid.pdf
Påvising av okkult blod i feces - nokon tankar
Det har vore endring i testar ein brukar for å påvise okkult blod i feces. Hemofec er ikkje lenger tilrådd som stadard test, og mange personar får no også tilbod om deltaking i nasjonalt screeningprogram. Då er det immunologiske testar som blir brukt.
PKO har hatt dialog med overlege Torgeir Finnfjord om saka og stilt nokre spørsmål til han. Han har gjort seg nokon tankar som er vist i lenka under.
Bl.a. skriv han: "Dette er et felt som er vanskelig å forholde seg til. Det finnes ingen nasjonale anbefalinger om testpraksis og denne vil i stor grad påvirke ressursbruken. En annen utfordring er at pakkeforløpet ikke forholder seg til negativ test og henvisning til pakkeforløp for CRC. Videre er det som dette illustrer, ulike tester med ulike egenskaper som gjør det hele enda mer vanskelig. Dermed synes jeg det er utfordrende å komme med noe entydig svar eller holdning"
Jfr lenka under samt referanselenker som nok også kan vere nyttige å klikke seg inn på.
Påvising av okkult blod i feces_ved Torgeir Finnjord.pdf
https://www.brukerhandboken.no/
https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC8284629/
02.02.23
Helsepersonellkommisjonen legg fram si utgreiing torsdag 2. februar
https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/helsepersonellkommisjonen-overleverer-nou/id2949137/
22.12.22
Fagdag i Helse Førde for fastlegar og spesialistar vedr forebygging av tvang i psykisk helsevern for vaksne
Teaser fagdag 21.04.2023.pdf
"Purring" på tilvising skal sendast som dialogmelding!
PTA/ audiometrivedlegg på pasientar ved tilvising med audiologiske problemstillingar.
Samhandlingsbarometert er ein kunnskapsbank mellom kommune- og spesialisthelsetenesta. Den blei i si tid etablert rundt Helse Førde og kommunane omkring. Etter kvart har barometeret vorte ein nasjonal kunnskapsbank, men informasjonen er lett søkbar ned på kommunenivå. Siste oppslag handlar om kommunale akutte døgnplassar (KAD/ØHD) og bruken av desse.
https://samhandlingsbarometeret.no/
Oppdaterte samhandlingsnettsider for Helse Førde med nytt visuelt uttrykk
Samhandlingssidene i Helse Førde har mykje viktig og interessant stoff - også for allmennlegetenesta. Sidene blir redigert av samhandlingssjefen og samler det meste av dokumentasjon som har med samhandlinga mellom Helse Førde og kommunane å gjere.
https://helse-forde.no/samhandling-i-sogn-og-fjordane
Rekvisisjon av poliklinisk obduksjon
Rekvisisjon av poliklinisk obduksjon (sykehusobduksjon, kfr. obduksjonslova) MÅ rekvireres som før – dvs. på dertil laget obduksjonsrekvisisjon eller alternativt i fritekst der det må fremgå at omstendigheter vis a vis politiobduksjon er avklart («ikke rettsmed. obduksjon»), og at pårørende ikke reserverer seg mot obduksjon. Det vanligste er at slik rekvisisjon følger avdøde til sykehuset, dette i samråd med byrået som bringer inn avdøde. Det er sikrest dessuten alltid å ta kontakt med patologiavd. telefonisk på forhånd, der kan også omstendigheter rundt dødsfall diskuteres ved behov.
Rekvisisjon av poliklinisk obduksjon.pdf
Rutetider for Intern transport i HF for jul og nyttår 2022
Pilotprosjekt ved nevrologisk avdeling vedr diagnostisering av tidleg demens. Ber om tilvisingar.
"Vi skriver til Dere for å informere om et pågående pilotprosjekt ved Nevrologisk avd. i Førde. Prosjektet har som formål å utvikle bedre verktøy for tidlig identifikasjon av demens. Målgruppen er personer i aldrene 50-85 år med lette kognitive symptomer uten direkte funksjonssvikt i hverdagen. Personene bør være relativt friske, uten sykdom eller skade med direkte betydning for kognitiv fungering (dvs. ikke tidligere slag, hodetraumer eller annen sykdom/skade med sentralnervøs påvirkning). "
Brev til fastlegekontorene_kort info_HT-22.pdf
Brev til fastlegekontorene_informasjonsblad om studien_HT-22.pdf
Tilbod om sexologisk rådgiving i Helse Førde
Nyhetsbrev tilbud om sexologisk rådgivning.pdf
17.11.22
Oppdatert luftveistatistikk
https://helse-forde.no/seksjon/laboriatoriehandbok_mikrobiologi/Sider/Luftvegstatistikk.aspx
Alt klart for oppstart av tarmscreening
https://helse-forde.no/nyhende/alt-klart-for-oppstart-av-tarmscreening
Gratis SKIL-kurs i bruk av radiologiske undersøkelser. Påmeldingsfrist 15. desember 2022
SKIL (Senter for Kvalitet i Legekontor) har sendt ut informasjon om dette kurset:https://www.skilnet.no/kurs/radiologi-rad/
Informasjon til dei som kjem til tidleg ultralyd ved Førde sjukehus
Kvinneklinikken i Helse Førde skriv i ein epost:Informasjon til deg som kjem til tidleg ultralyd ved Førde sjukehus.pdf
Informasjon om fosterdiagnostikk på ulike språk
06.10.22
Ledig stilling i 20% som praksiskonsulent i Helse Førde med hovudansvar for Sogne-regionen.
Praksiskonsulent allmennlege Sogn - Referansenr. 4560746058.pdf
Fredagsmøter i Helse Førde
Annakvar fredag kl. 08.00 – 08.45 presenterer ulike avdelingar eit tema i auditoriet v/ Førde Sentralsjukehus. Tema’ene er ofte medisinsk faglege, men forelesninga er opent for alle interesserte.
Presentasjonane vert overført via denne lenka:
https://join.nhn.no/webapp/conference/712403?callType=video
OBS: Lenka fungerer ikkje i nettlesaren: Internett Explorer
https://samhandling-sfj.no/samhandlingstiltak/fredagsmote/
15.09.22
Informasjon til gravide om tidleg ultralyd
Trude Hansen Folkestad, avdelingsjef/overlege ved kvinneklinkken Helse Førde har sendt epost til PKO. Ho skriv:
"No har Helse Vest åpna for å ta imot alle gravide til tidleg ultralyd. Helse Førde kan ta imot alle frå 1. november 2022. Vi opplever at mange av dei som er henvist sålangt ikkje har lest informasjonen eller sett informasjonsvideoen som er laga av OUS.
Eg har lagt ved eit informasjonskriv. Vi ønsker at de gjev dette til kvinna/paret når de henviser henne til oss.
Eg minner om at vi i Førde kun tek imot rettighetspasientar til NIPT som har indikasjon for alder.
Dersom det er genetisk sjukdom som er årsak skal dei henvisast til fostermedisinsk senter ved Kvinneklinikken på HUS."
Informasjonskriv til gravide som skal til tidleg ultralyd.pdf
Ny pasientløype rus starta opp 22. august
Rekruttering av lungesyke til Pust Deg Bedre- prosjektet
Påminning til fastlegane om rekruttering_1.pdf
01.09.22
Manglande melding til telefonsentral/innskriving ved innlegging av akutte pasientar
Tidsavgrensa førarkort ved behandlingskrevjande diabetes
"Vi har registrert at noen legekontorer som har «lister uten fast lege» har begynt å opprette tjenester for dette i Norsk helsenetts adresseregister. Vi har også fått beskjed om at denne tjenesten benyttes eksempelvis av vikarleger når de henviser/rekvirerer og de mottar da også svar elektronisk til denne tjenesten.
andreas.jasund@helse-vest-ikt.no