Pasientbrosjyre Nordfjord DPSMål for Nordfjord Psykiatrisenter
NPS Dag (poliklinikk og ambulant team)
Seksjon dag består av vaksenpsykiatrisk poliklinikk og ambulant team. Poliklinikken utgreier og behandlar dei fleste psykiske lidingar. Poliklinikken har ruskonsulent og spesialkonsulent for psykiske lidingar ved psykisk utviklingshemming. Ambulant team tilbyr behandling på Nordfjord psykiatrisenter eller der pasientane elles ynskjer, til dømes heime hjå folk. Teamet tilbyr òg akutthjelp ved psykiske kriser.
Les meir om NPS Dag
NPS Døgn
Døgnavdelinga til Nordfjord psykiatrisenter er for deg som treng innlegging på grunn av psykiske vanskar. Det kan mellom anna vere grunna psykose, utprøving av medisinar, alvorleg depresjon, bipolar liding eller anna som gjer kvardagen ekstra vanskeleg i ein periode. Det er fastlegen din som tilviser deg hit.
Les meir om NPS Døgn
NPS Rus
Seksjon for rusbehandling er eit fylkesdekkjande tilbod som gjev tverrfagleg spesialisert behandling til menneske over 18 år med alle typar rusproblem. Seksjonen har ti døgnplassar, to av desse er brukarstyrte.
Ved seksjon for rusbehandling kan ein verte innlagt for inntil tre månader. Ein vil då få grundig rusfagleg, psykiatrisk, somatisk og sosial utgreiing og individualisert og kunnskapsbasert behandling.
Dersom ein pasient treng medisinsk avrusning der det er risiko for alvorlege komplikasjonar, er det Medisinsk avdeling i Helse Førde som har ansvaret for dette.
Les meir om NPS Rus
Informasjon til kommunehelsetenesta
Tilvising:
Når ein pasient treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for psykisk helse eller rusproblem, kan de tilvise til Nordfjord psykiatrisenter. Dersom vi ikkje sjølv har turvande kompetanse, vil vi ta ansvar for å vise pasienten vidare til rette instans.
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/informasjon-til-kommunehelsetenesta
Samarbeid med kommunar
Rettleiing:
Alle kommunane i Nordfjord har ein månadleg konsultasjonsdag der overlege kjem til kommunen og yter dei tenestene det er ønskje om.
For tida er oppgåva fordelt slik:
Kinn – Kim Øivind Larsen
Gloppen – Trond F. Aarre
Stad – Trond F. Aarre
Stryn – Trond F. Aarre
Meldingsutveksling:
Vi rår til bruk av elektroniske meldingar i form av Forespørsel og PLO-meldingar. Dei kjem snøgt fram til rette vedkomande og vert svarte på ved første høve.
Akuttinnlegging
Psykiatrisk klinikk i Førde har ansvaret for øyeblikkeleg hjelp-innleggingar i Sogn og Fjordane, men Nordfjord psykiatrisenter kan ofte vere til hjelp også i akuttsaker. Vi rår til at ein går fram slik:
1. Ring ambulant team. Telefon 415 30 370 kvardagar kl. 08.00-21.30, helg og høgtid klokka 10.00-16.30 . Utanom desse tidene: ring Nordfjord legevakt på telefon 116117. Teamet kjenner oftast pasienten, har journalopplysningar og oversikt over pågåande behandling. Teamet disponerer også akuttplass på psykiatrisenteret.
2. Når straksinnlegging på lukka post i Førde er uomgjengeleg naudsynt, ring 57 83 90 00 og be om å få snakke med forvakta på Psykiatrisk klinikk.
Les meir her:
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykiatrisk-klinikk/psykiatrisk-klinikk-akutt-dogn Ambulant team
Dersom du treng akutt hjelp har vi eit ambulant team. Den som treng hjelp, pårørande eller tilsette i hjelpeapparatet, kan ta kontakt med teamet for rask vurdering. Telefonnummer til vakttelefon er: 41530370. Der vil du og ein terapeut saman kartlegge dine behov og korleis vi best kan hjelpe deg vidare.
Tilbodet er ope for Nordfjord legevakt og Gloppen legevakt heile døgnet. Ordinær opningstid: Kl. 08.00 – klokka 21.30 kvardagar og klokka 10.00 – 16.30 helg og heilagdagar. Tenesta er bemanna med psykolog eller høgskuleutdanna terapeut. Terapeuten kan ta kontakt med lege ved behov. Utrykning ved lege inngår ikkje i tenesta. Pasientar kan, etter tilvising frå legevaktslege, få tilbod om vurdering innan to timar. Vurderinga skjer i Nordfjord legevakt sine lokale utanom ordinær opningstid.
Informasjon om NORSE
https://www.norsefeedback.no/ Forklaring på ord og uttrykk
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/forklaring-pa-ord-og-uttrykk Brukarmedverknad og pasientrettar
Som pasient har du mange lovfesta rettar. Det er til dømes rett til behandling innan ein tidsfrist, rett til å klage, rett til å få dekka kostnader ved reise, rett til innsyn i eigen journal med meir. Du kan lese meir om rettane du har ved å følgje lenkjene under. Du kan også ta det opp med din aktuelle behandlar.
Meir om pasientrettar:
https://helse-vest.no/rettar
https://helse-forde.no/om-oss/rettar-og-moglegheiter
Pasientreiser
https://helse-forde.no/om-oss/rettar-og-moglegheiter/pasientreiser
Rettar innan rusbehandling
https://helse-bergen.no/avdelinger/rusmedisin/pasientrettar-og-samhandling
Om teieplikt:
https://helse-forde.no/om-oss/rettar-og-moglegheiter/teieplikt
Informasjon om pakkeforløp
Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som er pasient eller pårørande, eit heilskapleg og føreseieleg behandlingsforløp utan unødig ventetid. Du skal i større grad få vere med og påverke behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs. Pakkeforløpa skal innførast trinnvis frå 1. januar 2019.
Helsedirektoratet om pakkeforløp for psykisk helse og rus
For pårørande
God involvering av pårørande er eit prioritert behandlingsmål. Spesialisthelsetenesta har klare lovfesta forpliktingar i høve til pårørande, ikkje minst barn som er pårørande. Ved kvar seksjon på på NPS er det ein som er ansvarleg for born som pårørande. Alle born skal få tilbod om samtale. Sjå meir informasjon under kvar seksjon. Du kan også ta kontakt med seksjonsleiar for å få informasjon om kva støttetilbod vi kan tilby.
Meir om å vere pårørande
https://helsenorge.no/parorende
Våre visjonar og verdiar
Vi skal betre folkehelsa i Nordfjord kva gjeld psykisk helse og bruk av rusmiddel. Vi skal kjempe mot stigmatisering, kategorisering, utstøyting og diskriminering. Våre grunnleggjande verdiar er likeverd, respekt, medverknad og omsorg.
Våre mål er at:
- Pasientane blir møtte med respekt og eit ope sinn og opplever seg som likeverdige samarbeidspartar.
- Pårørande opplever omsorg og interesse og blir sett på som ein ressurs.
- Kommunane er fagleg likeverdige og blir tekne med i tenesteutvikling og godt samarbeid.
- Styresmaktene veit at vi er trufaste mot samfunnsmandatet og set den nasjonale helsepolitikken ut i livet.
- Dei tilsette kjenner seg verdsette og har ein trygg arbeidsplass som er personleg utviklande.
Kontakt