NPS Døgn

Les meir om NPS Døgn

NPS Døgn

Seksjon døgn har tolv senger - to brukarstyrte senger. Sengeposten er ein felles post for psykose og allmennpsykiatri. Personalet er tverrfagleg samansett. Seksjonen tilbyr observasjon, kartlegging og behandling av psykiske problem.

Kontakt

Nordfjord psykiatrisenter
Besøksadresse
Sjukehusvegen 9(Google maps)
Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
Telefon
57 86 43 30

Praktisk informasjon

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Visittider Nordfjord psykiatrisenter

​Psykiatrisenteret er ope for besøk av pårørande og andre heile dagen. Vi ber likevel om at besøkande ringjer på førehand slik at besøket ikkje kolliderer med andre aktivitetar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.
​​​​Logo
Organisasjonsnummer 983 974 732
​​​​