Pakkeforløp for psykisk helse og rus – informasjon til deg som er pasient eller pårørande

Pakkeforløp for psykisk helse og rus skal gi deg som er pasient eller pårørande, eit heilskapleg og føreseieleg behandlingsforløp utan unødig ventetid. Du skal i større grad få vere med og påverke behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs. Pakkeforløpa skal innførast trinnvis frå 1. januar 2019.

Når kjem pakkeforløpa?

Dei tre første pakkeforløpa skal takast i bruk frå 1. januar 2019:

  • pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
  • pakkeforløp for utgreiing og behandling i psykisk helsevern, vaksne
  • pakkeforløp for tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)

Dei tilstandsspesifikke pakkeforløpa skal takast i bruk frå 15. februar 2019:

  • pakkeforløp for mistanke om psykoseutvikling og psykoselidingar
  • pakkeforløp for utgreiing og behandling av tvangsliding (OCD)
  • pakkeforløp for eteforstyrringar hos barn og unge

Det blir òg jobba med pakkeforløp for gravide som bruker eller har brukt alkohol, vanedannande legemiddel og/eller illegale rusmiddel. Dette forløpet kjem seinare.


Brukarmedverknad

Helsepersonell skal involvere deg som pasient i alle avgjerder som gjeld deg. Når du ber om hjelp, skal du få god informasjon om dei ulike behandlingsalternativa og tenestetilboda vi tilbyr, slik at du kan ta eit informert val om behandling og oppfølging.

Du skal få tilbod om å vere med og utforme tilvisinga til behandling saman med tilvisaren. Du skal òg få vere med og utarbeide behandlingsplanen saman med behandlaren. Undervegs skal det jamleg vurderast om tilbodet er i tråd med det du ønskjer og forventar.

Brukarmedverknad inneber òg at du har ansvar for å seie frå om kva som er viktig for deg, og om du synest behandlinga og oppfølginga gir deg det du treng for å bli betre. Dersom du opplever at du ikkje blir høyrd eller teken med i avgjerder som gjeld deg, bør du snakke med ein ansvarleg fagperson eller nokon andre du har tillit til som kan hjelpe deg med å formidle dette vidare.

Du bør få informasjon om kva slags brukar- og pårørandeorganisasjonar som finst innanfor feltet psykisk helse og rus. Dersom du ikkje får denne informasjonen, kan du sjølv be om informasjon hos behandlaren. Brukarorganisasjonane er drivne av brukarar som sjølve har erfaring med psykisk helse og rusutfordringar. Her kan du få hjelp og støtte frå likepersonar, du kan få informasjon om rettane dine, og du kan få hjelp til å klage.


Rolla og rettane til dei pårørande

Du som er pårørande, er ofte den viktigaste støtta til pasienten. Du kan bidra med viktig informasjon, gi gode råd og vere ein samarbeidspartnar for pasienten gjennom forløpet. Helsepersonell skal vere merksame på behova dine og bidra til at behandlinga og oppfølginga har eit familieperspektiv. Barn og søsken som er pårørande, skal takast vare på på ein god måte.
Korleis du som pårørande er involvert, er mellom anna avhengig av kva for ei rolle du har i behandlings- og omsorgssituasjonen, til dømes om du har omsorg for pasienten, om du er ein del av nærmiljøet til pasienten, eller om du representerer han eller henne. Jo meir alvorleg tilstanden eller lidinga er, desto viktigare er det å involvere dei pårørande.
Uansett skal helsepersonellet leggje til rette for ein god og føreseieleg dialog med deg som pårørande under heile behandlinga og oppfølginga.
Har du behov for å snakke med andre som har vore eller er i same situasjon? Lurer du på korleis andre takla den første tida med sjukdom? Det finst pårørandesenter og pårørandeorganisasjonar med høg kompetanse i å støtte og rettleie pårørande. Tilboda er gratis, og du treng ikkje tilvising.


Tilvising

Kommunen startar pakkeforløpet ved å sende ei tilvising til spesialisthelsetenesta. Kommunen har ansvar for å sikre den nødvendige oppfølginga mens du ventar på ei eventuell behandling i spesialisthelsetenesta.

Når spesialisthelsetenesta har fått tilvisinga, vurderer dei om du har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. Dersom du har det, får du eit brev med informasjon om kven du skal møte til samtale, og kvar og når du skal møte. Planlegging av utgreiing og behandling skal skje i tett samarbeid med deg.


Forløpskoordinator

Det skal vere ein forløpskoordinator både i kommunen og i spesialisthelsetenesta. Forløpskoordinatoren skal vere med og sikre at utgreiing, behandling og oppfølging er individuelt tilpassa og skjer utan unødvendig ventetid.

Forløpskoordinatoren vil vere ein viktig kontaktperson for deg og eventuelt dei pårørande og kan svare på spørsmål og gi informasjon om kva som skal skje undervegs i eit forløp. Du finn telefonnummeret til forløpskoordinatoren på heimesida til helseføretaka.


Samhandling

Mange har bruk for fleire tenester over lang tid. Dersom du har behov for det, har du rett til ein individuell plan der du i samarbeid med dei som yter tenestene, set opp kva slags mål du har, kva for tiltak som skal til for å nå måla, og kven som har ansvaret.  


Du finn meir informasjon her:

Infoside HelsedirektoratetInfoside Helse Vest RHF

Infoside Helsenorge.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.