Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En mann og en kvinne som snakker

NPS Dag (poliklinikk og ambulant team)

Vi består av vaksenpsykiatrisk poliklinikk, dagpost og ambulant team. Poliklinikken utgreier og behandlar dei fleste psykiske lidingar. Poliklinikken har ruskonsulent og spesialkonsulent for psykiske lidingar ved psykisk utviklingshemming. Ambulant team tilbyr behandling på Nordfjord psykiatrisenter eller der pasientane elles ønskjer, til dømes heime hos folk. Teamet tilbyr òg akutthjelp ved psykiske kriser.

I løpet av livet vil dei aller fleste av oss oppleve psykiske vanskar. Dersom desse vert så store at det vert vanskeleg å handtere kvardagen, kan det for nokon vere nyttig å få drøfta vanskane med ein terapeut. Det er fastlegen din som eventuelt sender ei tilvising til samtale ved poliklinikken. Både vaksenpsykiatrisk poliklinikk og ambulant team tilbyr poliklinisk behandling på dagtid. I tillegg kan ambulant team tilby behandling på ettermiddag/ kveld. Teamet har vakt heile døgnet. På kvardagar 08.00 og 21.30 -helg/helgedagar 10.00-16.30 kan ein ta kontakt utan tilvising frå lege. Dersom det skjer noko utanom desse opningstidene er det legevakta som tilviser for vurderingssamtale. Tenesta er bemanna med psykolog eller høgskuleutdanna terapeut.

Innan 10 dagar etter at vi har motteke tilvisinga, vil du få eit brev frå oss. Der står det når du har første time og namnet til terapeuten du skal møte.
Første time er ei vurderingssamtale. Dersom det er behov, og vi har eit behandlingstilbod som kan vere aktuelt for deg og dei utfordringane du slit med, vil du få tilbod om vidare behandling. Behandlinga føregår på Nordfjord psykiatrisenter, men terapeuten kan møte deg andre stader.
Når du kjem til psykiatrisenteret til din første time, kan du vende deg til resepsjonen.

Våre terapeutar er lege, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, pedagog eller har anna høgskuleutdanning. Alle har vidareutdanning, og mange er kliniske spesialistar innan sitt fag. Alle som møter deg har kompetanse til å gjere diagnostisk vurdering. Våre terapeutar har alle ei eller fleire terapiutdanningar. Vi har terapeutar med spesialkompetanse innan alderspsykiatri og psykisk utviklingshemming. Vi har tilsett to jobbspesialistar. Desse kan saman med terapeuten din hjelpe deg med å komme tilbake i arbeidslivet. Dette gjeld spesielt dei som ikkje lenger har ein jobb å gå til eller aldri har vore i arbeid.

Dersom du står utan jobb, men ønskjer å kome ut i arbeid, kan du få tilbod om jobbstøtte. Du vil då møte ein jobbkonsulent som, saman med din terapeut og deg, vil arbeide for å finne ein jobb som kan høve for deg i den situasjonen du er i.

Lenkje kjem

Dersom du treng akutt hjelp har vi eit ambulant team. Den som treng hjelp, pårørande eller tilsette i hjelpeapparatet kan ta kontakt med teamet for rask vurdering. Telefonnummer til vakttelefon er: 41530370.  Der vil du og ein terapeut saman kartlegge dine behov og korleis vi best kan hjelpe deg vidare.
Tilbodet er ope for Nordfjord legevakt og Gloppen legevakt heile døgnet. Ordinær opningstid: kl. 08.00 – kl. 21.30 kvardagar og kl. 10.00 – kl. 16.30 helg og heilagdagar. Tenesta er bemanna med psykolog eller høgskuleutdanna terapeut. Lege kan kontaktast av teamet per telefon. Utrykning ved lege inngår ikkje i tenesta. Pasientar kan, etter tilvising frå legevaktslege, få tilbod om vurdering innan 2 timar. Vurderinga skjer i Nordfjord legevakt sine lokale utanom ordinær opningstid.

Som pasient har du mange lovfesta rettar. Det er til dømes rett til behandling innan ein tidsfrist, rett til å klage, rett til å få dekka kostnader ved reise, rett til innsyn i eigen journal m.m. Du kan lese meir om rettane du har ved å følgje lenkjene under. Du kan også ta det opp med din aktuelle behandlar.
Meir om pasientrettar:
https://helse-vest.no/rettar https://helse-forde.no/om-oss/rettar-og-moglegheiterhttps://helsenorge.no/rettigheter/taushetsplikt

Når ein pasient treng hjelp frå spesialisthelsetenesta for psykisk uhelse eller rusproblem, er det berre å tilvise til Nordfjord psykiatrisenter. Dersom vi ikkje sjølv har turvande kompetanse, vil vi ta ansvar for å vise pasienten vidare til rette instans.
https://helse-forde.no/avdelinger/psykisk-helsevern/informasjon-til-kommunehelsetenestaAmbulant team
Telefon 415 30 370 kvardagar kl 08-22, helg og høgtid 10-16.30.
Utanom desse tidene: ring Nordfjord legevakt.

God involvering av pårørande er eit prioritert behandlingsmål. Spesialisthelsetenesta har klare lovfesta forpliktingar i høve til pårørande, ikkje minst barn som er pårørande. Ved kvar seksjon på NPS er det ein som er ansvarleg for born som pårørande. Alle born skal få tilbod om samtale. Sjå meir informasjon under kvar seksjon. Du kan også ta kontakt med seksjonsleiar for å få informasjon om kva støttetilbod vi kan tilby.

Meir om å vere pårørande:

https://helsenorge.no/parorende

En mann med skjegg

Børre Taklo

Seksjonsleiar NPS Dag

91314965

 

Behandlingar

Kva type behandling som kan høve for deg vil du og din terapeut verte einige om, basert på kva som kjem fram i kartlegginga. Ofte kan det også vere føremålstenleg med ein kombinasjon av ulike typar behandling. Vi forsøker å sjå dine individuelle vanskar og korleis dei påverkar din kvardag og livssituasjon.

EMDR er ein psykoterapeutisk metode som kan redusere det ubehaget som kan prege kvardagen om du har vore utsett for, eller har vore vitne til, traume.  Eit traume kan til dømes vere overgrep, ulukker eller naturkatastrofer. Det kan gjere til at du opplever invaderande minner, overveldande kjensler, mareritt, angst eller å kjenne deg kjenslemessig nummen. I sånne tilfelle kan EMDR vere ein aktuell behandlingsmetode. EMDR er også brukt til å hjelpe menneske med å handtere langvarige sorgreaksjonar.

IMR er eit gruppebasert behandlingsprogram for læring av individuelle meistrings- og tilfriskningsstrategiar. Behandlingsprogrammet er for personar med psykoselidingar, bipolare lidingar og alvorleg depresjon. Det består av 11 modular og går over 40 timar.
For meir informasjon sjå link til brosjyre
Meir informasjon:

https://www.napha.no/search/?pageNumber=0&q=IMR

Kunstterapi er ein psykoterapeutisk metode der ein nyttar skapande uttrykk i kombinasjon med terapeutiske samtalar. Gjennom kunstterapi kan ein utforske mentale, psykososiale og eksistensielle problemstillingar hos den einskilde pasient. Dette kan skje gjennom teikning, maling, forming i leire, kroppslege rørsler, dans, rytme, tekst og poesi. Det er ikkje ein føresetnad at ein har erfaring med å uttrykke seg gjennom kunst for å ha nytte av terapien. Kunstterapi kan foregå både individuelt og i grupper.
For meir informasjon:
www.kunstterapi.org
www.internationalarttherapy.org  

Medikament kan vere til hjelp mot mange psykiske plager. Behandling med medikament skal være frivillig og lyt byggje på eit informert og fritt samtykke. Føresetnaden for det er at pasienten får god nok informasjon til å kunne velje i tråd med eigne ynskje. Medikamentell behandling krev dermed eit nært samarbeid mellom pasienten og legen.

Tverrfaglig spesialisert behandling for rusmiddelproblemer (TSB) skjer vanlegvis poliklinisk. TSB har både som oppgåve å handsame rusmiddelproblem og å samarbeide med og tilvise til andre instansar som døgninstitusjonar, NAV og lokale ruskonsulentar eller psykisk helsevern.
For meir informasjon:
https://helse-forde.no/behandlinger/rus-poliklinisk-behandling

Føremålet med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er at den som er avhengig av opiod skal få auka  livskvalitet og betre sitt meistrings- og funksjonsnivå. Eit mål er også å redusere skadene av opioidavhengnaden og faren for overdosedødsfall.
Les meir om legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
https://helse-forde.no/behandlinger/lar-legemiddelassistert-rehabilitering-rus

Ein definisjon på å vere speleavhengig er at du har mista kontrollen på spelinga og at denne åtferda dominerer livet både i høve til tankar, kjensler og åtferd. Behandling kan hjelpe deg til å akseptere problemet, ta kontroll over spelinga og å lære deg å handtere risikosituasjonar.
Les meir her:
Lenkje kjem.

Lenkje kjem

Lenkje kjem.

Lenkje kjem.

Lenkje kjem.

Lenkje kjem

Lenkje kjem

Salutogen samtalegruppe vert leia av to erfarne gruppeleiarar med grupper på 5-8 deltakarar uavhengig av diagnose. Gruppa møtast to timer ein dag i veka i 16 veker. Verkemiddel er dialog, støttande klima og fokus på relasjon. Salutogen behandling set fokus på ressursar og mestring i kvardagen.

Dette er eit gruppetilbod for pasientar med alvorlege psykiske lidingar.  Pasienten veljer sjølv kven som skal vere med i gruppa. Det kan vere foreldre/søsken eller nære vener. Måten ein kommuniserar på er viktig for å hindre tilbakefall, og det vert difor jobba mykje med dette i gruppa. Det er gruppeleiarar med eiga utdanning  som driv gruppene. Det varer 1 - 1,5 år og møta er annakvar veke på ettermiddag. Opplegget er basert på undervisning og problemløysing i felleskap.
Meir om famile- og nettverksgrupper kan du lese her:

Lenkje kjem

Lenkje kjem

Lenkje kjem

Lenkje kjem

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En bygning med en fontene i fronten

Nordfjord psykiatrisenter

Sjukehusvegen 9

6770 Nordfjordeid