Pasientreiser

 

Når du reiser til og frå offentleg godkjent behandling, kan du ha rett til å få dekt reiseutgifter.

​Søk om å få dekt reiseutgifter

På helsenoreg.no kan du søke om å få dekt reiseutgifter. Søknadsskjema på papir får du hos behandlaren din, eller du kan finne det på helsenoreg.no. Hugs å søke innan seks månader etter at reisa er gjennomført.

Reglar for pasientreiser

Hovudregelen er at du får dekt reisa di med ein standardsats per kilometer, uansett kva transportmiddel du har brukt.  Reisa må vere lengre enn ti kilometer kvar veg, og koste meir enn ein billett til lokal minstetakst med offentleg transport.

For reiser over 300 kilometer får du dekt utgifter tilsvarande billegaste offentlege transport på strekninga.

Krav til dokumentasjon

Du som pasient treng i utgangspunktet ikkje å legge ved stadfesting frå behandlar på oppmøtet. Når du av helsemessige årsaker har behov for å bruke bil til behandling, må ansvarleg behandlar dokumentere dette behovet. Når det er trafikale årsaker til behovet for bil, er det pasientreisekontoret som skal stadfeste behovet. Då kan du få dekt tilleggsutgifter som parkering, bom eller ferge.

Behov for tilrettelagt transport?

Når det er helsemessige årsaker til at du ikkje kan gjennomføre reise på eiga hand, må behandlaren din bestille transport. Når du treng hjelp med reisa på ei strekning der det ikkje finst rutegåande transport, ta kontakt med ditt lokale pasientreisekontor.

Kontakt Pasientreise

Har du spørsmål, treng hjelp til utfylling av søknad eller bestilling av reise? Ring Pasientreiser på telefon 05515

Du finn meir informasjon om pasientreiser og rettane dine på helsenoreg.no