HELSENORGE

NPS Rus

Seksjon for rusbehandling er eit fylkesdekkjande tilbod som gjev tverrfagleg spesialisert behandling til menneske over 18 år med alle typar rusproblem. Seksjonen har ti døgnplassar, to av desse er brukarstyrte.

Ein kan verte innlagt for inntil tre månader. Ein vil då få grundig rusfagleg, psykiatrisk, somatisk og sosial utgreiing og individualisert og kunnskapsbasert behandling.
Dersom ein pasient treng medisinsk avrusning der det er risiko for alvorlege komplikasjonar er det Medisinsk avdeling i Helse Førde som har ansvaret for dette.

Fann du det du leita etter?