Akutt døgn har einerom med eige toalett og dusj. Sengeposten har låste ytterdører for å gje trygge rammer for deg og dei andre pasientane. Det inneber at du må kontakte personale for å gå ut eller kome inn i sengeposten.
Innlegging
Ved trong for akutt psykiatrisk hjelp skal fastlege, legevaktslege eller lege frå anna sjukehusavdeling sende tilvising til Akutt døgn. Sengeposten tek imot pasientar til både frivilleg og tvunget psykisk helsevern.
Målgruppe
Dei tilstandar som i hovudsak vil trenge akutt hjelp er psykoser, djupe depresjonar, sjølvmordstrua pasientar og akutte kriser.
Behandling
Akuttposten tilbyr allmenpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, stabilisering og behandling.
Som pasient får du tildelt fast terapeut. Dette er lege eller psykolog. På kvar vakt vil du få tildelt eigen miljøkontakt. Dette kan vere sjukepleiar, hjelpepleiar, miljøterapeut eller assistent. Behandlingstilbodet vil vere individuelt tilpassa og kan bestå av samtale med terapeut (psykoterapi), legeundersøking inkludert blodprøvar og urinprøvar, sosionomtenester, medikamentell behandling og ECT. Miljøterapeutiske tiltak består mellom anna av aktivitetar og støttesamtalar med miljøkontakt. Som ein del av behandlinga vert det lagt vekt på individuelt tilpassa formingsaktivitet, fysisk aktivitet og trening.
Lengde på innlegging varierer vanligvis frå eit døgn til få veker. Når den akutte sjukdomsfasen er over, vert det vurdert kva oppfølging du treng vidare.
Vi ønskjer å ha god kontakt med pårørande og samarbeidande instansar.
Akutt døgn har ein barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.