Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
prøverørsglas med ulike fargar på lokka

Laboratorietenester

Laboratoria tilbyr analysar innan fagområda immunologi og transfusjonsmedisin, medisinsk biokjemi, medisinsk mikrobiologi og patologi. Laboratoria tilbyr også rådgiving for bruk av analysar og tolking av analysesvar.

Informasjon om laboratorieanalysar i Helse Førde

Våre avdelingar

 

Avvising av prøve ved feil og manglar

Krav til kvalitet og pasientsikkerheit gjer at vi i nokre tilfelle må avvise mottatt prøve. Feil og manglar vil bli kommunisert til rekvirent, med grunngjeving for avvising og opplysning om at det ikkje vil komme resultat på prøven.

Eksempel på feil er manglande samsvar mellom opplysningar på rekvisisjon og identifikasjon av pasient eller prøve, feil ved prøveinnhald (mengd, transportmedium), feil ved transport (tid , temperatur).

Laboratoriet kan avgjere at klinisk kritisk eller uerstatteleg prøve likevel skal undersøkast. Rekvirent vil då måtte sikre nødvendig pasient- og prøveinformasjon. Feil og manglar, og ev. følgjer for tolking av resultat, skal vere kommentert i svarrapport.

Handbok i blodprøvetaking

Dei som har tilgang til prosedyrar om venøs og kapillær prøvetaking i Noklus kan med fordel bruke desse. 

Her ligg lenke til Helse Førde sine blodprøvetakingsprosedyrar, som er retta mot prøvetaking i sjukehus:

Forbetringsforslag eller klager

Vi vil gjerne ha forslag til forbetring av laboratorietenestene. Forbetringsforslag og klager kan sendast via "Gi tilbakemelding" i Labanalyse.helse-forde.no.

Hugs at det ikkje må stå pasientopplysningar i denne tilbakemeldingsfunksjonen.

Dersom det kjem skriftleg klage som er knytt til aktiviteten eit laboratorium har ansvar for, vil laboratoriet registrere saka i Helse Førde sitt saksbehandlingssystem.  Avsendar får melding om at klagen er mottatt, og eventuell oppdatering om utfallet av saka.

I blodbank-appen finn du kriterier for å gi blod, karantenereglar og meir info om blodgiving. I Helse Førde kan ein gi blod ved Førde sentralsjukehus, Florø tappestasjon, Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Du kan enkelt bestille time sjølv gjennom web-bookinga vår, eller kontakte oss.

 

Opningstider for blodprøvetaking ved laboratoria

Førde sentralsjukehus

Mandag til fredag kl 08 - 15:30

Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus
Mandag til fredag kl 08 - 15:00

Laboratoria har poliklinikkar for blodprøvetaking, først og fremst for pasientar som er innlagde eller får poliklinisk behandling ved sjukehuset. 
Pasientar som er tilvist frå primærhelsetenesta (f.eks fastlege) må ha med papirrekvisisjon dersom denne ikkje er sendt laboratoriet elektronisk.

Du treng ikkje bestille time for blodprøvetaking, og du betalar heller ikkje eigendel.
 

 

Forsking er ei av hovudoppgåvene til Helse Førde. Laboratoria er viktige samarbeidspartnarar i forskingsprosjekt der prøvetaking, prøvebehandling, analysering og lagring inngår.

Service frå LMBB til forskingsprosjekt

Søknad om prosjektsamarbeid - LMBB

Forsking og prosjekt ved avdeling for patologi

Søknad om prosjektsamarbeid med avdeling for patologi

Alle våre stillingar vert utlyste gjennom Webcruiter.

Labanalysar i Helse Førde

Sjå vår elektroniske oversikt for informasjon om alle våre analysar, laboratorieinformasjon og for bestilling av prøvetakingsutstyr.

Labanalysar i Helse Førde
Forside nettsiden labanalysar i Helse Førde
Sist oppdatert 22.04.2024