Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av en haug med fargede knapper

Merking av prøverør

Korleis merke prøverør

  • Alle prøver må vere merka med pasienten sitt namn, fødselsnummer og prøvetakingstidspunkt. Feilmerka prøver, eller prøverør som ikkje stemmer med rekvisisjonen, må vi dessverre kaste.
  •  Blodprøver skal merkast ved pasienten like etter prøvetaking.
  •  Dersom det er anna type materiale enn serum som blir overført til fordelingsrør, må type materiale skrivast på prøveetiketten (til dømes EDTA-plasma til PTH). 
  •  Prøver med kjent eller mistenkt blodsmitte skal merkast med gul lapp. Her skal og rekvisisjonen merkast med blodsmitte. 
  • Prøver til blodtyping og pretransfusjonsundersøking må signerast av prøvetakar, som stadfesting på at heile fødeslsnummeret er kontrollert. Prøver utan signatur kan ikkje nyttast.
 
 

Barkodeetikettar blir lest i analysemaskinene, og det er ønskeleg at etikettane blir klistra loddrett med strekkodene øverst. Det er også ønskeleg at etikettane blir klistra slik at vi kan sjå  blod-/serumsøylene i prøverøra.

 

 

klistring av etikett på rør

 

Prøverøret til venstre er korrrekt merka (strekkoden opp, blodsøyla viser)

Feil klistring:

  1. Etiketten er klistra slik at blodsøyla ikkje viser
  2. Strekkoden vender nedover 
  3. Etiketten er klistra saman på tvers av prøverøret
  4. Etiketten er klistra på skrå

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 17.04.2024