Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Transport av prøvar til laboratoria i Helse Førde

Prøvar til Helse Førde blir sendt med Posten Norge eller med bodbil som går mellom sjukehusa i Helse Førde.

For Helse Førde sine analysar er haldbarheit oppgitt i Labanalysar i Helse Førde. For meir info om oppbevaring og transport kan du sjekke Laboratoriehandboka til mottakslaboratoriet for å finne haldbarheit på prøven.

Prøvar som skal til laboratorium utanfor Helse Førde vil bli forsinka dersom dei først blir sende til eit av våre laboratorium. Det er å føretrekke at dei blir sende direkte til det aktuelle laboratoriet.

Dersom prøvar må oppbevarast til neste dag før dei kan sendast til analyse, bør prøvane oppbevarast i kjøleskap. Unntak er citratrør til koagulasjon, leddvæske og prøvar til gonokokkdyrking.

For dei aller fleste undersøkingane/ analysane er transport i romtemperatur akseptabelt, sjølv om oppgitt haldbarheit i Labanalysar i Helse Førde forutset oppbevaring i kjøleskap.

Nokre blodprøvar kan pga. kort haldbarheit eller spesielle krav til behandling, ikkje sendast med vanleg transportteneste. Vi anbefaler i slike tilfelle at pasienten møter ved ein av poliklinikkane våra for prøvetaking.

Krav til emballering og merking ved sending av biologisk materiale i kategori B

Pasientprøvar som ikkje blir klassifisert som farleg gods blir pakka i forhold til generelle krav til emballering av smittefarleg biologisk materiale.

Emballasjen skal alltid vere minst tre delar:

  1. Lekkasjesikker primærbehaldar (prøverør) som inneheld prøvematerialet. Hugs på å skru korken godt på for å unngå lekkasje.
  2. Lekkasjesikker sekundæremballasje (td transporthylse). Mellom primær- og sekundærbehaldar, ev. mellom sekundærbehaldar og ytteremballasje skal det vere tilstrekkeleg støytdempande materiale.
  3. Tilstrekkeleg sterk ytteremballasje som kan motstå påkjenningar som normalt kan oppstå under transport. Emballasjen skal ivareta prøven sin integritet.

Det er avsendar sitt ansvar at nasjonale reglar om sending av biologisk materiale blir følgt. Rettleiar for sending av smittefarleg biologisk materiale – DSB

Prøvar sendt med Posten

Krav til merking av ytteremballasjen:

  • Avsendar sitt namn, adresse og telefonnummer
  • Mottakar sitt namn og adresse
  • Krav om UN 3373 symbol
  • Varenamnet ”Biologisk stoff kategori B” (bokstavstørrelse minst 6 mm høge) skal plasserast ved sidan av UN 3373 symbolet
  • Alt nødvendig materiell som rekvisisjonar, prøvetakingsutstyr, transporthylser, fraktetikettar og sendekonvoluttar kan bestillast i Labanalysar i Helse Førde (helse-forde.no)

Fleire konvoluttar kan festast saman (inntil 4 kg) og ha ein fraktetikett. Teip konvoluttane godt saman, og fest fraktetiketten på øvste konvolutten.

Fraktetikett er gyldig 12 mnd frå utskriftsdato.

Prøver sendt med bodbil

Helse Førde har avtale med ekstern leverandør om transport av prøvar mellom sjukehuslaboratoria. Legekontor som ligg på transportrutene kan nytte seg av bodbilen. Prøvane blir transporterte i blå kassar og må vere tydeleg merka med mottakar og avsendar. Kassene skal vere merka med biologisk prøvemateriale, og dei skal vere plomberte.

 

Sist oppdatert 16.04.2024