Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Motta nyheitsbrevet Lab-info!

Informasjon frå laboratorieavdelingane i Helse Førde blir sendt elektronisk for å informere om endringar eller nyheiter som helsepersonell har nytte av. Lab-info blir publisert på nettsida Labanalysar i Helse Førde, og blir i tillegg sendt til dei som melder seg på vårt nyheitsbrev.

Sjå aktuelle Lab-info i Labanalysar og meld deg gjerne på vårt elektroniske nyheitsbrev.

Påmelding gjerast på følgjande måte:

  • Gå til Lab-info
  • Skriv inn e-postadressa du ønskjer å motta nyheitsbrev til.
  • E-post blir med ein gong sendt frå Labanalysar til den oppgitte adressa. Trykk "Bekreft din e-postadresse" i denne e-posten.
  • Du blir sendt tilbake til Lab-info for å bekrefte.

Påmeldinga er ferdig registrert!

Hugs å sjekke andre filter i e-postboksen dersom du ikkje mottek epost frå labanalyse@helse-forde.no i innboksen.

Dersom du ikkje lenger ønskjer å motta nyheitsbrev, er det enkelt å melde seg av nyheitsbrevet. Lenke for avmelding følgjer med i kvart nyheitsbrev.

 

Sist oppdatert 16.04.2024