Utståande øyrer

Behandlingsprogram, ØNH/kjeve avdeling

Enkelte er fødde med avvikande form av ytre øyra, på eit eller begge øyrer. Dette kan gje seg utslag i psykiske plager/sjenanse over utsjånaden, og somme tider ubehag/smerter når ein ligg på øyra. Tilstanden gjev i hovudsak kosmetiske problem. Ved markante avvik som gjev psykiske problem, og/eller dersom det er fysiske plager (som smerter), er det grunnlag for plastisk korreksjon av ytre øyra. Det er imidlertid vanskeleg å prioritere behandling av denne tilstanden i offentleg helsevesen.

Innleiing

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Utgreiing

Hos barn vert operasjonen utført i narkose, hos ungdom og vaksne stort sett i lokalbedøving. Du må uansett vere fastande frå mat / drikke / tobakk / tyggegummi / drops eller anna frå kl 02.00 natta før operasjonen. Du kan drikke klare væsker (saft/vatn) inntil 2 timar før oppmøte.

2. Behandling

Det vert lagt eit hudsnitt bak til på ytre øyra, og deretter fjerna overskytande hud. Øyrebrusken vert slipt slik at denne krummar seg rett, og ein nyttar ein spesiell teknikk når ein syr dette saman, slik at det vert danna ein krumming på framsida av øyra, som ofte er manglande hos desse pasientane. Til slutt vet det lagt ein relativt stram bandasje rundt hovudet som skal halde øyrene inn til hovudet, og som skal hindre bløding etter inngrepet. Operasjonen tek ca. 45 min på kvart øyre. Operatør vil ta foto av øyrene før operasjonen, og informere nærare om inngrepet. Ein kan ikkje garantere 100% symmetri av øyrene etter operasjonen.

Inngrepet vert stortsett gjort som dagbehandling, dvs. utan at ein treng innlegging i sjukehus. For enkelte kan det verte naudsynt med eit opphald på pasienthotellet i samband med inngrepet. Ved heimreise same dag må du nytte offentleg transportmiddel eller få nokon til å hente deg då du ikkje kan føre køyretøy sjølv før 24 timar etter operasjonen.

3. Oppfølging

Operatør vil som regel sjå deg og kontrollere øyrene under bandasjen første dag etter inngrepet. Bandasjen skal imidlertid vere på i 8-10 dagar etter operasjonen, då den vert fjerna saman med sting bak øyra. Kontrollen føregår ved poliklinikken. Det er vanleg med litt dunking /smerte i øyrene første par døger etter operasjonen, deretter skal det ikkje være særlege smerter. Dei opererte øyrene vil ha ein mørk raudfiolett farge ei tid etter inngrepet, men dette vil gradvis normalisere seg i løpet av dei næraste vekene.

Det er vanleg å kontrollere resultatet med foto 3-4 mnd. etter operasjonen.

Det kan vere behov for litt smertestillande, men Paracet eller liknande er ofte nok.

Faresignal

For barn må ein pårekne ei god veke heime frå skulen etter behandling. Ein bør fritakast for gymnastikk i 3-4 veker.

For vaksne i arbeid reknar ein 10-12 dagar sjukemelding, alt etter type arbeid.

Kontakt

ØNH/kjeve avdeling

Telefon
ØNH poliklinikk: 57 83 94 40 - Kjevekirurgisk poliklinikk: 57 83 93 65
E-post
Postadresse
Helse Førde, ØNH/kjeve, postboks 1000, 6807 Førde.

Førde sentralsjukehus

Besøksadresse
Svanehaugvegen 2(Google maps)
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Telefon
57839000
E-post

Praktisk informasjon

Apotek

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

Bank

​Du finn banktenester i 1. etasje.

Sparebanken Sogn og Fjordane har terminal for kontantuttak og terminal for å nytte nettbank.

Blomar

​Du finn eige utsal av blomar. Det er Astri Blomster som sel blomar til pasientar og pårørande, og elles til besøkjande ved sjukehuset.

NB:
Det er ikkje høve til å ta med potteplantar, avskorne blomar og tørka blomar i postoperative overvakingseiningar, intensivavdelingar og fødestover.

Eigendel på sjukehus og poliklinikk

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Kiosk

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Mattilbod i Helse Førde

​Alle dei tre sjukehusa i Helse Førde har kantiner som tilsette, pasientar og pårørande kan nytte. 

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. I Førde finn du også ein pasientkafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid fram til klokka 19.00 frå måndag til fredag. I denne kafèen kan du no også kjøpe varm mat.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle dagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og beburar.

Mobiltelefon

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Parkering FSS

​Det er sett av 99 parkeringsplassar som er eksklusive for pasientar og pårørande (sjå raudt område på kartet). All parkering ved alle Helse Førde sine institusjonar er gratis, men det blir gitt parkeringsbot ved feilparkering. Ein må følge skiltinga rundt Førde sentralsjukehus.

trafikkplan_fss_900_ny2.jpg

På to parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus er det automat for parkeringsbillett. Eller pasientar kan nytte parkeringsbeviset som er tilsendt ved innkalling.

Pårørande kan nytte automaten til å ta kontakt med resepsjonen inne på sjukehuset. Pårørande må då gi beskjed om kven de skal besøke på sjukehuset for så å få ein billett frå automaten.

Blodgjevarar har eigne parkeringsplassar og må nytte eige parkeringsbevis som blodgjevarar får.

Pasienthotell

​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthote.

Pasienthotellet har 21 senger. Dei er fordelt på sju enkle rom og sju doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

Trådlaust nett - internett

​​Alle somatiske sengepostar i Helse Førde har trådlaust gjestenettverk. Dette er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.

​Du kan ta med bærbar PC, mobiltelefon og nettbrett og nytte vårt gjestenett uten kostnad.

Passord på SMS

Du som ønskjer å nytte internett blir beden om å legge inn mobilnummeret ditt. Du treng ikkje gje opp andre opplysningar enn det. Brukarnamn og passord får du tilsendt som ei tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar før du treng å be om nytt passord på innloggingssida.

Årsaka til innlogging er krav til tryggleik i sjukehusnettverket og er same type løysing som du finn på flyplassar og hotell.

Ta kontakt med resepsjonen eller avdelinga for meir informasjon.

Visittider Førde sentralsjukehus

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller annan nær omsorgsperson samt søsken til barnet kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.