Dersom du brukar blodfortynnande medisinar som til dømes Marevan, Albyl-E, Dispril, Plavix, Globoid eller Globentyl, skal det avtalast på førehand korleis desse skal takast før og etter inngrepet. Dersom dette ikkje er avklara må du kontakte avdelinga.
Forkjøling/influensa kan hindre at du vert operert. Ta kontakt dersom du er i tvikl.
Vi anbefalar deg å ta med minst mogleg verdisaker med deg på sjukehuset.