Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

ØNH/kjeve avdeling

Vi utgreier og behandlar dei fleste ØNH-tilstandar og utfører dei vanlegaste kirurgiske inngrepa. Vi gjev og tilbod til deg som har behov for undersøking og behandling av sjukdomar i tenner, munn og kjeve.

Øyre-nase-hals

Vi utgreier og behandlar dei fleste ØNH-tilstandar og utfører dei vanlegaste kirurgiske inngrepa. Som oftast skjer dette som dagkirurgi, men vi har og sengeplassar for innlegging. Vi har hørselsentral, allergipoliklinikk og søvnlaboratorium. Innlagde pasientar ligg på barneavdelinga, kirurgisk- eller kreftsengepost.

Kjevekirurgisk

Vi gjev tilbod til deg som har behov for undersøking og behandling av sjukdomar i tenner, munn og kjeve. Du må vere tilvist frå tannlege eller lege. Operasjonane blir oftast gjort med lokalbedøving, av og til i narkose. Den offentlege tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane utfører tannbehandling i narkose hos oss.

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, ØNH/kjeve, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Klart eg kan - NRK - Thea på Førde sentralsjukehus

Thea må alltid passe ekstra på når ho skal ete slik at ho ikkje set maten fast i halsen. Mandlane i halsen er store og gjer det vanskeleg å ete og puste. No skal Thea operere vekk mandlane, men ho gruar seg til operasjonen og er redd det vil gjere vondt.
Sjå episoden på NRK3
thea_nrk_3.JPG