Barseltid
Barseltida er tida frå rett etter fødselen og til kroppen er tilbake til førgravid tilstand og amminga er vel etablert; dei første 6-8 vekene etter fødselen. For kvinner som ammar er det vanleg å bruke 6 veker før dei opplever god etablering av amminga.
Barseltida handlar mykje om omstilling og nye rutinar. Det er ei spennande og flott tid, men også ei tid som kan opplevast som krevjande og utfordrande. Det skjer stor endringar både i kroppen og i livssituasjonen etter ein fødsel. Dei fysiske endringane er dei fleste førebudd på. Men etter fødselen kan mange også oppleve humørsvingningar, trøyttleik og følelsen av å ikkje vere heilt på høgde med den nye situasjonen og det som krevjast. Opplevelse av meistring som foreldre tar ofte litt tid.
Ved tidleg heimreise
Om du drar heim tidleg frå sjukehuset (0-2 dagar etter fødselen), er det enkelte tilstandar som kan oppstå hos barnet som det er viktig å vere merksam på.
Dersom ein av desse tilstandane oppstår i løpet av dei første dagane etter heimreise, tar de kontakt med barselavdelinga. Skjer det seinare enn dette, tar de kontakt med helsestasjon, fastlege eller legevakt.
Gulsott
- Dei fleste barn blir litt gule i huda dei første dagane etter fødselen. Dette er normalt og blir vanlegvis mindre etter 3-4 dagar.
- Hos nokon kan gulfargen vere svært sterk. Dersom barnet i tillegg blir slapt, får problemer med å ete, går ned i vekt eller virker irritabelt - må du kontakte helsepersonell.
Lysbehandling av gulsott hos nyfødde
Mange nyfødte får gulsott etter fødselen, men hos de fleste forsvinner dette av seg selv i løpet av to uker. Gulsott er enkelt å behandle med lysbehandling hvis det er nødvendig.
Et nyfødt barn har mange røde blodceller (høy blodprosent) og når disse brytes ned dannes et avfallsstoff som heter bilirubin. Når det oppstår for mye bilirubin i blodet, klarer ikke den umodne leveren til barnet å skille ut det ekstra bilirubinet kroppen produserer. Gulsott oppstår når det blir for mye bilirubin i barnets blod (hyperbilirubinemi). Dette får huden, det hvite i øynene og innsiden av munnen til å se gule ut.
Gulsott opptrer vanligvis to til fire dager etter fødselen og forsvinner hos de fleste av seg selv i løpet av de neste to ukene. Unntaksvis kan konsentrasjonen av bilirubin i blodet bli så høy, at behandling er nødvendig.
Hvis gulsotten blir alvorlig, kan man merke at barnet blir slapt, søvnig, og kanskje ikke er så interessert i å spise. Hvis barnet er synlig gul i pannen, i det hvite på øynene og på hender blir det tatt en blodprøve for å finne ut om mengden bilirubin er så høy at den krever behandling.
-
Før
På avdelingen kan man undersøke for gulsott med å lyse med et spesielt, håndholdt apparat i pannen på barnet. Hvis den viser forhøyet verdi, tar man en blodprøve for å bekrefte at bilirubin er forhøyet.
-
Under
Lysbehandling:
Barnet ligger avkledd i sengen og får på myke briller for å beskytte øynene. Et stativ med ledlyspanel som lyser blått blir plassert ca. 20 cm over barnet. Lyset hjelper kroppen med å bryte ned bilirubinet.
Det varierer hvor lenge behandlingen varer. Som regel er det behov for lysbehandling i 24 timer, men alt fra 6 til 48 timer er vanlig.
Barnet ligger noen timer i lys før vi tar ny blodprøve for å måle mengde bilirubin (avfallsstoffer) i barnets blod. Når barnet ligger i lys kan det ta pauser for å amme/spise.
Fiberoptisk lysbehandling:
En annen form for lysbehandling kalles fiberoptisk lysbehandling. Her blir barnet pakket inn i et teppe med fiberoptiske ledlys som påvirker bilirubinen i barnets blod på samme måte som vanlig lysbehandling. Ved denne typen behandling kan barnet ligge på mor eller fars fang mens behandlingen pågår. Ofte kombinerer man behandlingene ved at barnet ligger på en lysmatte samtidig som det gis lysbehandling ovenfra. Dette kalles gjerne dobbeltlys-behandling.
Immunglobuliner og utskiftningstransfusjon:
Dersom mengden bilirubin er svært høy og lysbehandling ikke senker nivået tilstrekkelig, kan det bli nødvendig med utskiftning av barnets blod. Hvis årsaken er at blodet til mor og barnet reagerer mot hverandre, for eksempel fordi de har forskjellig blodtype, er det aktuelt å gi behandling med immunglobuliner. Det er et legemiddel som gis intravenøst og hindrer at det blir så mye bilirubin i blodet.
-
Etter
Dagen etter lysbehandlingen kontrollerer vi ofte mengden bilirubin i barnets blod med ny blodprøve. Det kan være nødvendig med flere kontroller de neste dagene.
Gå til
Lysbehandling av gulsott hos nyfødde
Udiagnostiserte hjartefeil
- Hjartefeil skjer hos ca. 1 prosent av alle nyfødde og blir i dei fleste tilfelle oppdaga ved rutineundersøkinga som blir gjort på barselavdelinga.
- Nokon hjartefeil kan vere vanskeleg å oppdage ved den første undersøkinga fordi symptoma kan vere diffuse. Dersom barnet er annleis enn vanleg eller reagerer annleis, ta kontakt med helsepersonell.
Alvorlege infeksjonar
- Dei første dagane eller vekene etter fødselen kan barnet utvikle alvorlege infeksjonar som treng rask behandling. Symptoma kan vere diffuse, men dersom barnet er annleis enn vanleg eller reagerer annleis, ta kontakt med helsepersonell.
Gode råd til mor
For at barseltida skal bli ei god tid for deg som har fødd og for familien, er det viktig at du som nybakt mor tar godt vare på deg sjølv. Å leggje til rette for og gi den nybakte mora tid og moglegheit til eigenomsorg, til kvile, ro og avlasting frå kvardagens gjeremål er ei god investering for familien.
Samspel
Barseltida er ei "Bli-kjent-tid", og den nyfødde er heilt avhengig av omsorg. Barnet kommuniserer med foreldra sine gjennom lydar, ansiktsuttrykk, gråt og bevegelsar. For å bli kjent med alle desse signala som barnet gir, må de vere mykje saman og ha barnet tett inntil de.
Å ha barnet hud mot hud under mating aukar også tilknyttinga mellom foreldre og barn. Dette gjeld også ved flaskemating dersom du ikkje kan eller ønsker å amme.
Ro hos foreldre, nærleik til barnet og fokus på barnets signal når det gjeld sult er viktig for å styrke ei god start for amming og samspel. Bruk gjerne bæretopp eller sjal.
Ernæring
Spørsmål knytta til ernæring / amming av barnet er barselkvinner og hennar partnar ofte opptatt av. Men det er også viktig å passe på at du sjølv også får regelmessige måltid og nok drikke.
For å få i gong og oppretthalde mjølkeproduksjonen er kroppen din avhengig av tilførsel av mat og drikke. Du treng ikkje mykje ekstra mat; pass på at du et regelmessig, at du får i deg sunn mat og at du får i deg nok drikke.
Mange barselkvinner får ulike kostråd etter fødselen. Nokon erfarer at barnet blir uroleg i magen av enkelte matsorter, mens andre kan ete alle typar mat utan at barnet reagerer. Du og barnet ditt må gjere eigne erfaringar. Ver medviten om kva du et og drikker; om barnet blir uroleg i magen kvar gong du et ein spesiell type mat, kan du unngå eller redusere inntaket av denne matsorten.
Har du eller nær familie sjukdom og allergiar som er knytta opp mot mat / kosthald / mage-tarm sjukdommar, snakk med jordmor, helsesøster eller lege før fødselen eller i barseltida. Då får du råd og rettleiing som er tilpassa deg og ditt barn.
Amming
Mange nybakte mødrer er bekymra for korleis dei skal få til å amme. På helsenorge.no får du ei innføring i ammestart, og nokre råd om amming som kan vere nyttig den første tida etter at barnet ditt er fødd.
Les meir om amming og ammestart på helsenorge.no
Søvn
Som nybakt mor vil du raskt oppdage at døgnrytmen din no er avhengig av ein annan person. Kanskje vil barnet helst sove om dagen og vere vaken om natta, særleg den første tida.
Då kan det vere lurt at du tenkjer nytt og heller søv på dagen samstundes med barnet. Vi anbefaler at du prioriterer å få sove godt og nok framfor å til dømes gjere husarbeid, det kan vente. Kanskje familie eller venner kan låne syskena til babyen ei stund slik at de som foreldre får sove litt ekstra?
Renselse
Det er normalt med frisk bløding dei første dagane etter fødselen. Denne blødinga kallar vi «renselse». Blødinga er størst rett etter fødselen før ho avtar. Blødingane kan opplevast sterkare spesielt om morgonen eller etter at du har lege i ro ei stund. Dette er fordi blodet som har samla seg i livmora mens du låg i ro, kjem lettare ut når du reiser eller beveger deg.
Snakk med jordmor eller lege om du er usikker på om du blør meir enn normalt. Blødinga skal avta gradvis, og i løpet av eit par dagar skal ho vere merkbart mindre. Etter kvart blir blødinga meir brunleg på farge og blir deretter lik utflod med brunleg farge.
Det er individuelt kor lenge renselsen varer, men for dei fleste gir den seg i løpet av dei første seks vekene. Det er vanleg å få ei lita frisk bløding igjen ti til tolv dagar etter fødselen. Denne varer vanlegvis i to dagar, for nokon litt lenger. Denne blødinga kjem frå området der morkaka var festa til livmora. Her har det danna seg ei sårskorpe som no fell av og gir denne friske blødinga.
Renselsen inneheld mykje bakteriar. Ver derfor nøye med hygiene. Skift bind ofte den første tida, dusj dagleg og eventuelt kan du skylje deg nedantil eit par gongar dagleg dei første dagane etter fødselen. Ver forsiktig med «hard» dusjstråle mot underlivet dersom du har sydd nedantil. Vask alltid hendene godt etter toalettbesøk og når du har skifta bind. Den nyfødde er veldig sårbar og mottakeleg for infeksjonar. Vi tilrår at du ikkje badar i badekar eller offentlege basseng så lenge renselsen pågår.
Dersom renselsen skulle bli illeluktande, ta kontakt med jordmor / lege. Renselsen skal normalt ha same lukt som ei menstruasjonsbløding mot slutten av ein menstruasjon.
Ta kontakt med lege om:
- Blødinga ikkje avtar eller aukar på
- Om blødinga begynner å lukte sterkt - «stinkande» renselse
- Om du får feber eller magesmerter
Sting - fødselsrifter
Har du fått ei rift eller episiotomi (klipp i mellomkjøtet / perineum) i samband med fødselen, vil dette kunne gjere vondt den første tida etter fødselen. Mest ubehag vil du kjenne dei første dagane, men det er ikkje uvanleg å kjenne ubehag i nokre veker etter fødselen. Den første tida må ein ta omsyn til at ein har sydd i underlivet og avlaste området med kvile. Legg deg gjerne ned framfor å sitte.
Om smertene i såret ikkje avtar eller aukar på, må du ta kontakt med lege / jordmor. Dei vil då sjå på stinga og såret for å utelukke at det har oppstått f.eks. infeksjon i såret. I så fall vil du få behandling for dette.
Eit tørt og reint sår gror som oftast utan problem. Det er derfor viktig å halde såret tørt og reint, noko som kan vere vanskeleg når ein også har bløding. Vi tilrår å dusje dagleg i barseltida. Eit par gonger om dagen kan du bruke ei rein kanne med lunka vatn (eventuelt tilsett litt intimvasksåpe), og skylje deg når du sit på toalettskåla. Når du vaskar deg nedantil, bruk ei mjuk og rein klut, tørk lett framfrå og bakover. Tørk deg godt.
Ved smerter kan du ta smertestillande tablettar. Snakk med jordmor før utreise frå sjukehus om kva for smertelindring du kan bruke.
Snakk også med jordmor på avdelinga før du reiser heim, om korleis du bør stelle såret ditt. Då får du råd og rettleiing tilpassa deg og din situasjon. Det kan vere lurt å sjå på stinga dine sjølv, saman med jordmor, før du drar frå sjukehuset. Då veit du korleis såret ser ut, og kan sjølv følge med om såret gror eller endrar seg.
Barseltårer
Barseltida er ei tid med store omveltningar og forandringar - både kroppsleg og i livssituasjon. Foreldre og barn skal bli kjende med kvarandre, det er mykje nytt å lære og ta stilling til. Ein kan bli både trøytt og sliten, og det er ikkje uvanleg å kjenne seg veldig sårbar i denne tida. Tårene kjem fort og det skal lite til før ein kan bli sint, trist og ute av seg. Dette er heilt normale humørsvingningar, men som kan opplevast som uvanlege for far / partnar. Det er viktig at far / partnar forstår at dette er ei sårbar tid for barselkvinna, og at dei gir ho omsorg, støtte og avlasting. For mange vil det hjelpe å snakke om dette med nokon som står deg nær og som du stoler på.
Det kan hende at den jublande lykkekjensla og mors- / farskjærleiken, som du hadde forventa straks barnet blei fødd, lar vente på seg. For mange tar det litt tid å fordøye opplevingane før gledja over barnet kjem. Dette er vanleg og ikkje unormalt.
Om du kjenner deg veldig trist, nedstemt og har mange negative tankar, bør du snakke med lege, jordmor eller helsesøster om dette. Depresjonar etter eit svangerskap og fødsel kan oppstå, og mange treng hjelp til å handtere dette.
Det er også nokon kvinner som utviklar psykose etter fødselen, med tap av verkelegheitsforståing, ekstrem uro og forvirring. Dette er ein alvorleg tilstand som ikkje barselkvinna sjølv kan setje ord på. Pårørande må i slike tilfelle straks søkje legehjelp til kvinna.
Etterkontroll
Mot slutten av barseltida, innan 8 veker etter fødselen, anbefaler vi deg å gå til etterkontroll. Denne kontrollen er frivillig, og du må sjølv bestille legetimen enten hos eigen lege eller jordmor.
På etterkontrollen vil legen / jordmora høyre om du har spesielle plagar eller spørsmål etter fødsel og barseltid, undersøke at livmora er tilbake til førgravid tilstand, at renselsen er normal, høyre om ammestatus og korleis du har det.
Samliv og prevensjon er eit naturleg tema under denne konsultasjonen, og du kan snakke med legen / jordmora om du ønsker å starte med prevensjon.
Samleie etter fødselen
Det er individuelt når ein ønskjer å ha samleie igjen etter ein fødsel. Amming og hormonstatus etter fødselen kan gjere at slimhinnene i skjeden kan vere tørrare enn vanleg. Har du i tillegg hatt ei rift, kan det vere ubehageleg å ha samleie dei første vekene etter fødselen. Eit glidemiddel kan vere til god hjelp i denne fasen.
Det er også vanleg at lysten til å ha samleie lar vente litt på seg etter ein fødsel. Dette gjeld både for kvinna og mannen. Vent til du / de er klare og kjenner lyst. Hugs at du kan blir gravid sjølv om du ammar, så bruk prevensjon om du ikkje ønsker eit nytt svangerskap.
Heim frå barselavdelinga - kven kan vi snakke med då?
Når du og barnet ditt drar heim frå avdelinga blir det sendt melding til helsestasjonen i ditt distrikt om at du har fått barn. Helsesøster vil etter kort tid (vanlegvis innan ei veke) ta kontakt med deg for å avtale vidare oppfølging og kontroll av barnet.
Helsestasjonens helsesøstrer vil følge opp barnet i heile barnealderen; gi tilbod om vaksinasjon, følge utviklinga til barnet og vere til hjelp og støtte for de som er foreldre / føresette.
Det er også vanleg at helsesøster eller jordmor kjem heim til deg og tar første spedbarnskontroll heime. Dette avtaler de når helsesøster / jordmor tar kontakt.
Om du ikkje har blitt kontakta av helsestasjonen innan ei veke etter heimkomst, ringer du sjølv til helsestasjonen for å avtale vidare oppfølging.
Foto: Haukeland universitetssjukehus
Stell og bading av den nyfødde
Vask barnet med lunka vatn som måler om lag 37 grader. Du kan bruke ein mjuk klut eller berre hendene dine. Det er ikkje nødvendig å bade barnet kvar dag, og eit godt alternativ til bad er ein grundig kroppsvask dagleg.
Førebuingar til bad
- Rommet skal vere behageleg varmt, slik at barnet ikkje frys når det kjem opp av vatnet
- Finn fram alt utstyr du treng på førehand: klede, bleier, handklede m.m.
- Gå aldri frå barnet på stellebordet. Har du gløymt noko, så ta barnet med deg for å hente det. Eventuelt kan du leggje barnet i eit handklede på golvet.
- Vask av eventuell avføring før badet startar
- Start med å vaske dine eigne hender. Pass på riktig arbeidsstilling for deg sjølv.
- Fyll i badekaret til barnet med passe varmt vatn, om lag 37 grader. Kontroller med underarmen din for å kjenne at vatnet er behageleg varmt.
Korleis halde ein baby under bading - sjå video
La skuldra / nakken til barnet kvile på den venstre underarmen din, og hald med eit fast grep slik:
- Tommel, peikefinger og langfinger rundt barnet sin venstre overarm.
- Ta den høgre handa di under rumpa til barnet og senk det rolig ned i vatnet slik at det når barnet til halsen.
- Hald barnet godt med venstre hand under heile badet, og vask med høgre hand, eventuelt med en mjuk klut.
- Dersom barnet sklir på underarmen under badet, må du ta eit fastare grep.
Korleis bade ein baby - sjå video
- Start ovanfrå med å vaske andletet med ein mjuk klut. Unngå å la vatn renne ned i auga. Vask så håret til barnet med få dråpar sjampo utan parfyme. Skyll forsiktig med handa.
- Du treng ikkje snu barnet – vask med handa eller ein mjuk klut ovanfrå og ned. Hugs å vaske alle foldane på huda; under haka, bak øyra, under armane og i lysken.
- Hald barnet under rumpa med høgre hand igjen og løft det opp av vatnet. Legg barnet på handduken godt innpå stellebordet eller på golvet.
- Tørk forsiktig med eit mjukt handklede eller ei tøybleie. Hugs alle foldane. Tørk eventuelt gammalt fosterfeitt utover, ikkje lat det bli liggjande feitt i klumpar på kroppen til barnet. Eventuelt størkna blod kan vaskast varsamt vekk med bomullsdottar. Kjenn etter med tørr hand i alle foldane på huda.
- Navlen skal lufttørkast før du kler på barnet igjen.
- Hugs at øving gjer meister og at barnet liker dine kjærlege hender!
Nyfødde barn frå topp til tå
På sjukehuset er det barnepleiarar, jordmødrer og legar som kan hjelpe deg. Etter heimreisa er det helsesøster, kommunejordmor og fastlegen som følger opp barnet og deg som har fødd.
Trygt sovemiljø
Barnet søv tryggast på ryggen.
Her kan du lese meir om trygt sovemiljø for spedbarnet (PDF)
Augo til den nyfødde
Det er vanleg at augelokka til barnet er hovne dei første dagane, og det kan kome ein del sekret eller tårer. Dette kan du vaske bort med lunka kokt vatn eller augebadevatn.
Bruk ein våt bomullsdott og tørk frå yttersida av auget og inn mot augekroken - eller frå den reinaste sida av auget mot der det er sekret.
Om augo ikkje viser teikn til betring, må det bli tatt bakterieprøve for å undersøke om det kan skyldast ein infeksjon som krev antibiotikabehandling. Du må då ta kontakt med lege som kan vurdere om behandling er nødvendig.
Øyra til den nyfødde
Barnet har ofte ein del belegg i øyra rett etter fødselen. Du kan sjå eit kvitaktig belegg som er restar etter det fettlaget som beskyttar huda til barnet under svangerskapet. Du kan og sjå restar av blod som har kome under fødselen.
Øyra til barnet skal kun tørkast av ytterst. Ikkje vask inne i øyra på barnet, berre tørk av heilt i ytre del av øyret.
Nysing
Nyfødde barn nys mykje. Dette er ikkje eit teikn på forkjøling eller sjukdom. Barnet nys for å rense opp i sine litt tronge nasekanalar.
Raping
Nokon barn raper mens andre barn ikkje raper. Barn har ulike «rapevanar». Det kan vere ein god vane å gi barnet anledning til å rape etter eit måltid. Lufta kjem som oftast opp etter få minutt, men hugs at ikkje alle barn må rape.
Om barnet ditt er uroleg kan du gjere det lettare for barnet å få rapt ved å halde barnet inntil deg med barnet sitt hovud mot skuldra di. Støtt rygg og hovud og stryk gjerne barnet lett over ryggen.
Hikking
Nokon barn hikkar mykje og følger ofte same «hikkemønster» som det hadde i svangerskapet. Dette er heilt normalt, og det er ikkje farleg eller eit teikn på sjukdom hos barnet. Legg barnet til brystet, så det får litt morsmjølk. Dette kan hjelpe til med å stoppe hikkinga.
Trøske
Trøske viser seg som eit kvitt belegg på tunga til barnet og / eller på innsida av kinna. Trøske er ein vanleg soppinfeksjon hos nyfødde. Vanlegvis forsvinn dette av seg sjølv utan andre symptom enn det kvite belegget.
Snakk med jordmor, helsesøster eller lege om du ser at barnet har mykje trøske og alltid om barnet i tillegg vegrar seg for å ta brystet / maten.
Trøske kan smitte til brystknoppen og føre til at det blir smertefullt å amme for deg. Det er ikkje farleg, men krev behandling med soppdrepande middel. Ser du at barnet har trøske og du får smerter ved amming, må du oppsøke lege for å få behandling.
Les meir om trøske på ammehjelpen.noNegler
Neglene til barnet er ofte lange og skarpe, og gjer at barnet kan klore seg i ansiktet. Neglene til nyfødde skal ikkje klippast då det er lett for at du klippar i huda under naglen. Neglene er veldig mjuke, og i ytterkanten er dei ofte litt flisete. Ta forsiktig tak ytterkanten og sjå om det er mogleg å rive av ein bit. Du kan også bruke tynne bomullsvantar eller ein babysokk på hendene til barnet, for å unngså at barnet klorer seg sjølv.
Urin og avføring
Den første avføringa til barnet er svart og blir kalla «barnebek». Denne er seig og luktar ikkje då tarmen til barnet enno er steril. Etter kvart som barnet får mjølk, vil den normale tarmfloraen bli etablert. Etter nokre dagar vil avføringa skifte farge frå svart til grønbrun, for deretter å bli kornete og sennepsgul, og ofte svært flytande når mjølkeproduksjonen er komen godt i gong.
Får barnet morsmjølkerstatning kan det nokon gonger gå fortare med etablering av avføringsmønsteret.
Omstillinga frå livmora der «maten» kom via navlesnoren, til at barnet sjølv skal ete er stor. Barnet skal lære å spise, og fordøyingssystemet skal venne seg til å ta imot og fordøye mjølka. Dette kan føre til litt uroleg mage hos barnet dei første dagane, og er ikkje eit teikn på begynnande kolikk eller sjukdom.
Etter 4-7 dagar bør barnet ha 4-6 tissevåte bleier og dagleg avføring. Dette er teikn på at barnet ditt får i seg nok mjølk. Brysternærte barn har ofte færre «bæsjebleier» enn de barna som får morsmjølkerstatning i starten. Går barnet fint opp i vekt, er det ingen grunn til å bli bekymra for om barnet får nok mat.
Oransje / raude flekkar i bleien til barnet dei første dagane etter fødselen er vanleg. Det er urat (kalkavleiringar) som skiljast ut via nyrene og som gir den oransje / raude fargen. Dette er heilt normalt, og er ikkje eit teikn på sjukdom hos barnet. Etter kvart som mjølkeproduksjonen kjem i gong og gjennomstrømminga i nyrene til barnet blir større, vil spor av urat i bleien forsvinne.
Les meir om avføring hos barnet på ammehjelpen.noUtflod hos nyfødde
Jentebarn kan ofte ha kvitaktig utflod med noko raudt i. Dette skyldast hormonpåverknad frå mor og blir ofte kalla «minimens». Dette er ikkje farleg, og forsvinn gradvis av seg sjølv. Barnet kan også ha lange slimtrådar frå vagina som tørkar opp og løyser seg av seg sjølv.
Navlen
Mange foreldre bekymrer seg for navlestumpen til den nyfødde. Korleis skal dei stelle han? Den delen av navlesnoren som sit att på navlemansjetten (hudområdet der navlesnoren er festa) vil falle av i løpet av tre til ti dagar. Etter nokon dagar fil det komme ein litt emmen lukt av navlestumpen som eit teikn på at den normale prosessen er i gong.
Hald navlestumpen til barnet tørr og rein. Det er vanleg at det kan sive litt blodvæske om for eksempel bleien har gnissa rundt navleområdet. Dette er ikkje farleg, men det er viktig å tørke dette vekk slik at ikkje huda rundt blir irritert. Blir huda rundt stumpen raud, varm og væskar utover dette - bør du ta kontakt med helsesøster, jordmor eller lege for råd om stell.
Huda til barnet
Hender og føter
Spedbarn har ofte litt blåleg farge på hender og føter dei første dagane etter fødselen. Dette er på grunn av litt dårlegare blodsirkulasjon i dei områda av kroppen som er lengst frå hjartet.
Då kan varme sokkar vere godt for barnet. Om du skal vurdere om barnet er passeleg varmt, kan du kjenne på det i nakken. Eit barn som er for varmt er ofte raud i andletet og irritabel.
Milier
Dei små kvite prikkane i andletet på barnet, spesielt på nasen, heiter milier. Desse prikkane er forstørra talgkjertlar og dette er heilt normalt. Det tar gjerne nokre veker før dei forsvinn av seg sjølv.
Spedbarnsutslett
Spedbarnsutslett artar seg ofte som små lyseraude flekkar, eller litt større område spesielt på hals, bryst og underarmar. Ofte kan ein sjå ein liten hard og kvit prikk inne i flekken/området. Dette utslettet kjem fort og forsvinn fort. Årsaka er hormonell påverknad frå mor.
Varmeutslett
Varmeutslett kjem når barnet har det for varmt. Det artar seg som små raude nuppar som forsvinn ved avkjøling.
«Heksemjølk»
Både gutar og jenter kan få litt opphovna brystkjertlar etter fødselen. Dette kjem som følgje av hormonpåverknad frå mor i svangerskapet og vil forsvinne etter nokre dagar. Det kan vere litt ømt for barnet, så ver forsiktig når du er borti området.
«Storkebitt»
Om barnet ditt har eit raudt merke på augelokk, i panna eller nakken, kallar vi det gjerne «storkebitt». Desse merka blir mindre synlege eller forsvinn etter kvart, helst innan første leveår. Iblant ser du at dei kjem fram igjen hos barnet når det anstrengjer seg.
Fødselsmerke
Det er vanleg med fødselsmerke hos nyfødde og dei fleste er godarta og ufarlege.