Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

God Start - Lærdal sjukehus

Vi tilbyr barselopphald for mor og barn som ikkje har trong for medisinsk oppfølging. Tilbodet gir vi i "Paviljongen barseleining".

Gynekolog eller barnelege ved fødestaden vurderer når mor og barn kan overflyttast til Lærdal sjukehus for barselopphald.

Barseleininga vår kan utføre:

  • Nyfødd screening
  • Hørselstest
  • Pox mpling (oksygenmetning i blod)
  • Lysbehandling av barnet

Mødre og barn som treng oppfølging ut over det barseleininga kan tilby, vert flytta over til fødeavdelinga.

Det vil alltid vere tilgjengeleg jordmor ved barseleininga. Vi tek imot kvinner som ønskjer barselopphald. Tilbodet omfattar alle kvinner frå kommunane i Indre Sogn. Det er døgnkontiuerleg vaktberedskap med følgjeteneste for fødande kvinner som har trong for det.

Elles har vi:

  • Barselopphald for mor/paret/familien
  • Barnelegeundersøking
  • Poliklinikk for gravide med ultralydscreening
  • Svangerskapsomsorg av jordmor
  • Barsel-/ammepoliklinikk

Vi har familierom og ingen faste visittider.

Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Paviljongen barselseining.
En bygning med et flagg foran

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

​Buss

Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Flybuss

Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.