Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

God Start Nordfjord

Vi tilbyr barselopphald for mor og barn som ikkje har trong for medisinsk oppfølging, og på jordmorsenteret kan gravide, ammande og barselkvinner få oppfølging.

Jordmorsenter

Jordmorsenter er eit tilbod til gravide, ammande, barselkvinner og nyfødte som bur i Nordfjord. Jordmorsenteret held til ved God Start eininga på Nordfjord sjukehus, og vert drifta av jordmødre som jobbar ved eininga.

Gravide treng ikkje tilvising for å få time på Jordmorsenter, og ein kan få time hos jordmor frå svangerskapsveke 8. 

For å bestille time kan ein ringe 57 86 42 00, måndag til fredag kl. 13.00-15.00. 
For andre henvendingar er telefonen bemanna heile døgnet.

Opningstid jordmorsenteret

Måndag til fredag kl. 08.00-20.00

Tilbod ved jordmorsenteret

  • Svangerskapskontroll frå veke 8 (for blant anna å sende tilvising til tidleg ultralyd)
  • Oppfølging i svangerskapet av primærjordmor
  • Ultralyd (ikkje tidlig ultralyd)
  • Seleksjonkontroll veke 36 (barnets leie, omvisning på barsel, beslutte fødestad)
  • Videokonsultasjon med jordmor (etter fødsel og heimreise)
  • Etterkontroll (6-10 veker etter fødsel. Kvinna bestiller dette sjølv)
  • Kontroll av nyfødtscreening og vekt ved tidlig heimreise
  • Vidare kontroll av bilirubin for nyfødte ved behov
  • Ammepoliklinikk
  • Fødselførebuande kurs for gravide par i svangerskapet
  • Ammeførebuande kurs for gravide par i svangerskapet
  • Vi tek blodprøver knytt til svangerskap og barsel ved laberatoriet på Nordfjord Sjukehus. 

Jordmorsenteret har samarbeid med følgjande helsestasjonar i Nordfjord: Stad helsestasjon, Stryn helsestasjon, Bremanger helsestasjon, Kinn helsestasjon, Gloppen helsestasjon. 

God start

Barseleininga har 4 familierom der vi tilbyr opphald til friske barselkvinner som har født i Førde og Volda. Den nye familien får ein god start og tett oppfølgjing for ein mjuk overgang til å reise heim, i rolege omgjevnadar. 

Det er jordmor og pleiar tilstades for å hjelpe til på familieromma med barselpleie og amming, på dag og kveld. På natta er det passiv jordmor i avdelinga som er behjelpelig og tilgjengeleg ved behov. 

Under opphaldet på barseleininga er det nokre rutineundersøkingar som skal gjennomførast, samt litt informasjon som skal formidlast.

  • Nyfødtscreening av nyfødte
  • Hørselstest av nyfødte
  • Vektkontroll av barn
  • Utreisesamtale av mor

Partnar er hjarteleg velkomen til å overnatte på familierom saman med mor og barn for ein kostpris. Barselkvinna kan ligge aleine dersom situasjonen tilseie det, men det mest ønskjelege er at partner er med. Søsken av barnet er velkomen til å komme på besøk.

VELKOMEN TIL GOD START!

Kontakt

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

En stor sykehusbygning med en plen foran seg

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

God start eininga:
Barseleininga har visittid heile døgnet.

Medisinsk sengepost:
14.00-15.00 og 18.30-19.00.