Rus, poliklinisk behandling
Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om polikliniske tenester. TSB er heimla i spesialisthelsetenestelova, og rettane til pasienten går fram av pasient- og brukerrettighetsloven.
Før
Før oppstart i poliklinikken blir tilvisinga gått gjennom, og du blir kontakta for første samtale. Denne fasen består av:
Kartlegging og utgreiing
Det blir gjort ei grundig kartlegging av deg, både når det gjeld helse, sosial situasjon og eventuelle andre utfordringar. Dette gjer vi for å kunne tilby ei individuelt tilpassa behandling. Det inneber både medisinske og psykososiale vurderingar.
Informasjon og planlegging
Du får tydeleg informasjon om behandlingsforløpet, kva du kan vente, og korleis vi treng å samarbeide. Her vil det også vere aktuelt å diskutere eventuell oppstart av ein individuell plan (IP), som skal sikre at alle nødvendige tenester er koordinerte gjennom behandlingsforløpet ditt.
Under
Behandlinga i poliklinikken er bygd på evidensbaserte metodar som er tilpassa din situasjon. Behandlingsforløpet består av:
Behandlingsstart
Saman med ditt tildelte behandlingsteam utarbeider vi ein behandlingsplan. Denne kan inkludere samtaleterapi, medisinsk oppfølging, arbeid med meistringsstrategiar, ønske om jobb. Vi fokuserer på både psykisk og somatisk helse.
Løpande oppfølging
Gjennom behandlingsforløpet har vi jamlege møte for å evaluere behandlinga, justere behandlingsplanen ved behov, og sørge for at du får nødvendig støtte. Vi samarbeider tett med fastlegen din og kommunehelsetenester for å sikre heilskapleg oppfølging. Samarbeid og oppfølging av dine pårørande er også eit viktig fokusområde.
Gruppebehandling
Vi har etablert eit breitt gruppebehandlingstilbod til pasientar som har behov for forsterka poliklinisk behandling eller som er ferdig behandla i døgnavdeling.
Akuttbehandling og krisesituasjonar
Ved behov for akuttbehandling, inkludert behandling etter rusmiddeloverdosar, har vi eit eige tilbod om rask oppfølging og vidare behandling.
Etter
Når behandlinga nærmar seg avslutning, fokuserer vi på å sikre god oppfølging og støtte også etterpå.
Avslutning av behandling
Vi avsluttar behandlinga gradvis og i tett samarbeid med deg for å sikre at du er klar for tida etter poliklinikken. Saman vil vi evaluere behandlingsforløpet og sikre at du har nødvendige tiltak på plass.
Vidare oppfølging
Etter avslutning av behandlinga vil vi legge til rette for vidare oppfølging i samarbeid med fastlege, kommunen og eventuelle andre tenester. Dersom du har ein individuell plan (IP), vil denne bli oppdatert i tråd med behova dine.
Levevanar og somatisk helse
Vi fokuserer på å støtte deg i å halde oppe gode levevanar og vareta den somatiske helsa di. Vi tilbyr også rådgiving og støtte til både deg og dine pårørande.