Rutine ultralyd veke 18-19
Dette er eit tilbod om Ultralyd som er frivilleg for alle gravide. Det blir utført av jordmor eller lege. Denne undersøkinga omfattar ikkje jordmorkontroll.
Innhald i ultralydundersøkinga
Ei ultralydundersøking har ein gjennomgang av foster og livmor for å få informasjon om:
- Svangerskapslengd og termin
- Tal foster
- Morkakas plassering
- Fosterets utvikling og anatomi
Les meir:
Graviditet og svangerskap
Tilbod om fødselssamtale
I dei fleste tilfelle der du har behov for ein fødselssamtale kan ein ha dette med jordmor i kommunen. Nokre gravide kvinner har behov for ein utvida samtale med jordmor på fødepoliklinikk. Ønskjer du dette treng du ei tilvisning frå jordmor eller lege i kommunen.
Les meir:
Fødselsangst (helsenorge.no)

Ammepoliklinikk
Dette er eit poliklinisk tilbud (tysdagar) for deg med tidlegare eller noverende ammeproblemer. På ammepoliklinikken møter du erfarne jordmødre og barnepleiarar som kan hjelpe deg med mellom anna:
- Kartlegge årsak til problem, finne løysingar og tilby oppfølging
- For lite mjølk - for mykje mjølk
- Såre bryst eller smerter ved amming
- Brystbetenning
- Amming av barn med spesielle behov
- Ammesamtale før og etter fødsel for kvinner med til dømes tidlegare ammeproblem
Du treng ikkje tilvisning til ammepoliklinikk men kan sjølv ta direkte kontakt for time på telefon 57 83 92 33.
Kvinneklinikken er ein godkjend Mor-barn-vennleg sjukehus og føl faglege retningslinjer frå Nasjonal kompetanseteneste for amming.
Viktige lenker om amming:
Mor-barn-venleg-initiativ
Ammehjelpen.no