Til nybakte foreldre i Helse Førde
Eit par timar etter fødselen blir mor og barn flytta over til barselavdelinga. Helse Førde har ei kombinert føde- og barselavdeling i 5. etasje ved Førde sentralsjukehus, så vegen er ikkje lang frå fødsel til barsel. Barselgangen er ein paralell gang til fødegangen. Har vi plass til far/parner kan de ha rom saman på barsel.
Dei som ønskjer det kan overførast til God start eininga ved Lærdal sjukehus for vidare barselopphald.
Rom og klede
Barselromma har toalett med handdusj slik at du kan spyle deg nedantil etter toalettbesøk. I tillegg er det dusjrom for mor og stelleplass til barnet.
Ta med deg komfortable klede og sko til innanbruk på føde-barselseksjonen. Du skal vere oppe både dag og natt, amme og stelle mange gongar i døgnet så det er viktig å tenkje komfort og at kleda er praktiske til sitt føremål. I skapa på barselromma finn du handklede, bind, klutar, eingangstruser og pysjamasjakker til mor.
De må gjerne ta med eigne klede til barnet om de ønskjer det, men i skapa på barselrom har vi bleier, skjorter, truser, klutar og tepper. Vi oppmodar dykk å ta med eit ullteppe til å ha rundt barnet. Ull isolerer godt og regulerer temperaturen hos barnet bra.
Hud mot hud
Vi oppmodar på det sterkaste å ha barnet mest mogleg hud mot hud. Dette for å fremje tilknyting og amming.
Les meir om omsorg for det nye barnet
Amming
Føde- og barselavdelinga er ei godkjend Mor-Barn venleg avdeling. Det betyr at vi føl WHO (verdas helseorganisasjon) sine faglege retningslinjer for amming.
Vi har ammekyndige barnepleiarar, sjukepleiarar og jordmødre som gjerne hjelper deg med amming. Kanskje du opplever at personalet seier ulike ting om same tema. Vi har fått den same opplæringa og skal seie dei same tinga, men hugs at vi alltid vil prøve ut ulike metodar om du har startvanskar med amming. I tillegg forandrar kanskje situasjonen seg frå vakt til vakt.
Les informasjon frå ammehjelpen.no
Liggetid i avdelinga etter fødsel
I barselavdelinga vår er det ikkje fastsette timar eller dagar for når mor og barn skal reise heim. Du bestemmer sjølv kor lenge du har trong for å vere på barselavdelinga. Nokre vel å reise tidleg heim og kjem tilbake til sjukehuset etter 48 timar for å ta nyføddscreening av barnet (hugs at det skal ha gått seks timar etter fødselen før barnelege undersøkjer og godkjenner eventuelt tidleg heimreise for barnet).
Det er heller ikkje uvanleg at kvinner blir i avdelinga i 3-5 dagar etter fødsel om dei har trong for det. Mange kvinner treng kvile og ro etter fødsel samt mykje ammerettleiing. Vi oppmodar deg til å bli i barselavdelinga til du føler deg trygg nok til å reise heim.
Undersøkingar av barnet etter fødsel
Etter fødsel blir det gjennomført ei rekkje rutinemessige undersøkingar.
Les meir om helseundersøkingar på helsenorge.no
I tillegg rettleiar vi deg/dykk i stell og bading av barnet slik at de blir tryggare på dette før heimreisa.
Veging: Vi veg barnet rutinemessig ved fødselen og på andre/tredje dag.
Fleire lenkjer:
Hørselscreening hos nyfødteLysbehandling av gulsott hos nyfødte
Visittar og samtalar
Barnelege visitt:
Kvar dag kjem barnelege til barselavdelinga for å undersøke dei nyfødde. Barnet blir undersøkt to gongar før utreise.
Jordmor/barnepleiar
Det er anten ein barnepleiar eller ei jordmor som har ansvar for rommet ditt. Når du ringer på, er det vedkomande som kjem og hjelp deg. Skriv gjerne ned spørsmål som du ønskjer svar på.
Legevisitt:
Når det er medisinsk naudsyn eller du som pasient har ønskje om dette blir det utførd legevisitt av gynekolog.
Gjennomgang av fødsel (post partum-samtale):
Den jordmora som har teke imot barnet ditt, vil så lang det er mogleg gå gjennom fødselen med deg/dykk før heimreise. Derom ho har fri eller ikkje har høve, vil ei anna jormor ta samtalen.
Utreisesamtale:
Når du skal reise heim, har vi ein samtale med deg, anten kvelden før eller same dag som du reiser. Du får informasjon om amming, fysiske og psykiske forandringar i barseltida, prevensjon med meir. Vi kjenner også på livmor ved ytre palpering og sjekkar sting om du er sydd nedantil.