Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Føde og barselavdelinga Helse Førde

Til deg som skal føde

Kvinneklinikken Helse Førde

​​Fødea​vdelinga i Helse Førde har årleg mellom 900 og 950 fødslar. Vi har ein Kvinneklinikk med tilgang til spesialkompetanse innan fødselshjelp. Det betyr at vi kan ivareta både deg som føder normalt - og deg med kjende risikofaktorar som treng ekstra oppfølging og overvaking både før, under og etter fødsel. Barselavdelinga der du og barnet er etter fødsel, er i same avdeling.

Kvinner som føder hos oss kan og velje å ha barselopphald ved "God Start" einingane på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.

Vi har nyføddavdeling i same etasje med tilgang til god kompetanse i nyføddmedisin om det skulle vere naudsynt. Vi har og fleire andre relevante spesialitetar tilgjengeleg.

Vi tek imot barn frå og med svangerskapsveke 31. Trugande fødslar før veke 31 vert flytta over til Kvinneklinikken i Bergen.

Vi legg vekt på at fødselen skal føregå på naturleg måte, og vil så langt det er mogleg å imøtekome dine ønskjer. Ved ein naturleg og ukomplisert fødsel vil du først og fremst møte jordmor og barnepleiar. Oppstår det komplikasjonar under fødselen din tilkallar vi gynekolog. Jordmødre, gynekologar og barnepleiarar jobbar tett saman og rådfører seg med kvarandre.

Omvising på fødeavdelinga

Kvar onsdag frå klokka 19.00 har vi tilbod om omvisning på føde- og barselavdelinga for gravide og deira partnarar. Jordmor gjev dykk omvisning og det er eit fint høve for deg/dykk å stille spørsmål. Ver venleg å ringe fødeavdelinga på telefon 57 83 91 32 nokre timar på førehand og spør om det blir omvisning. Dette i tilfelle vi har fulle fødestover og ikkje har tilgjengeleg jordmor.

Innlegging i påvente av fødsel

I Sogn og Fjordane er det mange gravide med lang reiseveg til fødeavdelinga. Dei fleste kvinner når likevel fødeavdelinga før de føder. Dette ofte ut frå god planlegging saman med kommunejordmor/lege med tilbod om jordmorfølgje i ambulanse til sjukehuset eller avtale om å kome til sjukehuset så raskt fødselen startar.

Dersom du har hatt rask fødsel tidlegare og har ekstra lang reiseveg kan du ha samtale om dette med jormor eller lege i kommunen din. Dei tek då kontakt med fødeavdelinga for eventuellt å planlegge om du skal leggast inn på pasienthotell i påvente av fødsel. Fødeavdelinga dekkjer då overnattingskostnader for mor. Far må sjølv betale.

Innleggingstelefon for fødande

Ved begynnande fødsel ringer du telefon 57 83 91 32. Dette telefonnummeret er direkte på vaktrommet på fødeavdelinga. Her får du snakke med ei erfaren jordmor som kan rettleiie deg, gje råd og gjer ein avtale om når du skal kome på sjukehuset. Det er fint at du ringer på førehand slik at vi som jordmødre og gynekologar kan førebu oss på at du kjem og kan planlegge mottakinga av deg slik at du får best mogleg oppfølging.

Vi er svært oppteken av at du som fødande skal føle deg trygg. Ikkje sit heime og bekymre deg. Ring heller for å få råd om du er usikker på om fødselen er i gang.

I nokre kommunar har den gravide avtale om å ringe kommunejordmor når ho trur at fødslen er i gang. Det er bra, spesielt om du bur i ein kommune med lang reiseveg til sjukehuset og treng følgje av jordmor. Då kontaktar kommunejordmor fødeavdelinga for deg.

Hugs å ta med helsekort for gravide og papira med blodtypesvar som du har fått i svangerskapet.

KK-oppmote-web.jpg

Kva skjer når du blir lagt inn?

Når du kjem til Førde sentralsjukehus møter du direkte i fødeavdelinga. Det er jordmor som ønskjer deg/dykk velkomen. Du blit tatt inn på eit motaksrom. Her måler jordmor blodtrykk, puls og temperatur samt at ho lyttar på barnet sine hjarteslag og tek eventuelt ein sparketest/CTG. Jordmor undersøker også magen din utvendig for å kjenne korleis babyen din ligg. Jordmor vil også  vaginalt undersøke deg for å kjenne etter om livmorhalsen er i ferd med å opne seg.

Utfrå funn bestemmer vi vidare om du skal direkte inn på fødestove, om du får seng på rom for uforløyste gravide, om du skal heim igjen, eller berre ta deg ein tur ut. Har du lang reiseveg er også innlegging i påventa av fødsel ei moglegheit.

Her kan du lese meir om fødsel og barseltid

kk-smerte-web.jpg

Smertelindring

Å føde eit barn er ein naturleg men smertefull prosess. Det varierer likevel frå kvinne til kvinne kor vonde føderiene er. Hugs at det å lytte til kroppen din og finne best moglege stillingar, bevege deg og bruke pusteteknikkar når du har føderier kan vere smertestillande (jordmor kan tipse deg om dette).

Treng du smertelindring gir vi deg dette etter ønskje og behov. Vi har:

  • varmepakningar til smertefullt område
  • varmt bad eller dusj (badekar på ei av fødestovene)
  • massasje på smertefullt område
  • akupunktur (når kvalifisert jordmor er tilgjengeleg)
  • steriltvasspalpler (sterilt vatn sprøytast under huda for å lindre lokal smerte)
  • lystgass
  • epiduralbedøving
  • morfin - smertestillande medisin i sprøyteform
  • pundendalblokade (dette blir tilbydd under siste del av fødselen når kvalifisert jordmor eller gynekolog er tilgjengeleg)
lystgass_web.jpg

Vassfødsel

Fødeavdelinga har 4 fødestover. Ei av desse fødestovene vert kalla Miljøstova. På Miljøstova har vi eit stort og fint badekar som du kan bruke som smertestillande under opningsriene dine. Vi tilbyr deg også å føde i vatn om vi har kvalifisert jordmor tilgjengeleg på vakt.

Om vassfødsel, eller bruk av badekar/spesialkar kan vere aktuelt for deg, vil vere avhengig av din og barnet sin medisinske tilstand. Dette vert avklart med jordmora de møter når de kjem til fødeavdelinga.

Les meir om vassfødsel

vassfødsel-web.jpg

Igangsetting av fødsel

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel mellom veke 37-42. I nokre tilfelle kan det vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen. Om og når fødselen skal setjast i gang vert bestemt av gynekolgog. Ved bestemt igangsetting får du ein dato og eit tidspunkt der du møter i fødeavdelinga.

Les meir om igangsetting av fødsel

Keisarsnitt/sectio

Planlagd keisarsnitt:

Eit keisarsnitt som er planlagt og du har fått ein fastsett dato og tidspunkt til. (vanlegvis omlag ei veke før termin). Det er gynekolog som avgjer om keisarsnitt skal gjerast og bestemmer tidspunktet for keisarsnittet.

Akutt keisarsnitt:

Om det skjer komplikasjonar under fødselen, kan det bli aktuelt å utføre eit akutt keisarsnitt. Det er alltid ein gynekolog som vurderer om det skal utførast keisarsnitt og i kor stor grad dette hastar.

Les meir om planlagt og akutt keisarsnitt

 

Sist oppdatert 29.04.2022