Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny ordning for Legar i spesialisering

Lege i spesialisering del 1 (LIS1)

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Forskrift om ny spesialistutdanning for legar trådde i kraft 1.3.2017. Første kull av LIS1 starta opp 1.9.2017. Andre og tredje del, LIS2 og LIS3, trer i kraft 1.3.2019. Totalt varer LIS1-tenesta i 18 månader, kor 12 av desse skal gjennomførast på sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta (fastlege).

I den nye ordninga er det innført læringsmål og læringsaktivitetar som må godkjennast i kvar enkelt del. 12 månader på sjukehus må vere gjennomført og aktivitetane godkjent, før du kan starte i kommunehelsetenesta. 

- Eg valde turnus i Helse Førde

Ledige LIS1-stillingar lysast ut vår og haust via Helsedirektoratet sin stillingsportal (lenkje).

Les meir om den nye ordninga

Les meir om forskrifta

Helse Førde har totalt 18 LIS1-stillingar fordelt på tre sjukehus. Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.

Slik ser fordelinga ut:

  • 3 av stillingane er 3-delt med fire månadar praksis i indremedisin, kirurgi og psykisk helsevern.
  • 15 av stillingane er 2-delt med seks månadar praksis i indremedisin og seks månadar praksis i kirurgi/ortopedi.
  • 8 av stillingane (tre 3-delt og fem 2-delt) har heile sjukehuspraksis ved Førde sentralsjukehus.
  • 6 av stillingane har medisinsk praksis ved Nordfjord sjukehus og 6 månadar praksis i kirurgi/ortopedi ved Førde sentralsjukehus.
  • 4 av stillingane har 9 månadar praksis i indremedisin og ortopedi ved Lærdal sjukehus, og 3 månadar kirurgisk praksis ved Førde sentralsjukehus.

Etter eit år som LIS1 i Helse Førde, følgjer seks månadars teneste i ein av dei 20 kommunane i Sogn og Fjordane som har LIS1. Før ein får starte opp i kommunehelsetenesta, må sjukehustenesta vere gjennomført og godkjent.

Fagdirektør og konsulent frå HR gjennomfører rekrutteringsprosessen med innspel frå legar frå sjukehuset, legar frå kommunehelsetenesta, avdelingsleiarane og YLF (Yngre legers forening).

Vi har dei siste åra hatt rundt 550 til 600 søkjarar til kvart opptak. Alle søknadane vert lest og vurdert og om lag 40 søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervjua byrjar om lag tre veker etter at søknadsfristen er gått ut ved telefonintervju. Vi følgjer Helsedirektoratet sine fristar ved tilbod om stilling.

På grunn av stor søkjarmasse, er det viktig med strukturert samandrag av CV-en og at screeningsspørsmåla i søknaden er svara ut best mogleg.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Arbeidserfaring som legevikar
  • Arbeidserfaring frå helsevesen
  • Anna relevant arbeidserfaring
  • Gode norske språkferdigheiter
  • God motivasjon for stillinga
  • 2 referansepersonar frå praksis eller relevant arbeidserfaring
  • Søkjaren må scanne inn all dokumentasjon på arbeidserfaring og utdanning som vedlegg til søknad

Dersom ein søknad ikkje fyller våre krav, eller som manglar dokumentasjon innan søknadsfrista, vert ikkje vurdert.

Personlege eigenskapar vi ser etter:

  • LIS1-tenesta set store krav til den enkelte kandidat. Vi forventar at du er initiativrik og at du bidreg aktivt til eiga læring
  • Du skal veksle mellom fleire arbeidsstader og arbeidsformar, difor er det viktig at du er fleksibel og tåler endringar i arbeidsdagen
  • Du skal forhalde deg til ulike pasientar og pårørande, og samarbeide godt med ulike yrkesgrupper
  • Du skal mellom anna kunne formidle kompleks informasjon til pasientar og pårørande. Dette krev at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du vil måtte stå i akutte situasjonar som kan vere krevjande, og du bør difor være robust og dyktig til å ta avgjerder
  • Du vil treffe menneske i kritiske livsovergangar der di evne til å vise empati kan gjere ein stor forskjell

Det blir laga ei innstilling og ei reserveliste, før tilbod om stilling vert sendt ut elektronisk. Vi har ikkje høve til å fortelje kva plass du får på reservelista.

Oppstart i klinikkane er vårsemesteret 1. mars og haustsemesteret 1. september. Introduksjonsdagane startar tre dagar før oppstart i klinikk. Desse er obligatoriske.

Dei tre sjukehusa i Helse Førde samarbeider om tilsettingsprosessen. Du leverer ein søknad, og kan skrive i søknaden kva sjukehus du føretrekk, men vil kunne få tilbod om tilsetting ved eit av dei andre sjukehusa.

Alle LIS1 blir tilsett i Helse Førde før tilsetting i ein av kommunane i Sogn og Fjordane. Du får vite kva kommune du får tildelt innan 6 månader før du skal ut i kommunehelsetenesta.

Du må ha norsk personnummer (11 siffer), gyldig opphalds- og arbeidstillatelse og norsk bankkonto for å kunne stare i stillinga som LIS1. Det må vere i orden minst 30 arbeidsdagar før oppstart.

LIS1-legar har ei gjensidig prøvetid på seks månader og ei gjensidig oppseiingstid på ein månad. Om ein LIS1 ikkje fungerer i praksis, vil denne bli tatt ut av teneste etter gjeldande forskrift og regelverk. Norsk autorisasjon som lege eller lisens må foreligge før kandidatar kan begynne si LIS1-teneste. Dette søkjer du om sjølv via Helsedirektoratet.no. Hugs at gebyr må vere betalt før saksbehandling av sin søknad startar.

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som mellom anna kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket.

Vi kan tilby deg som tilsett:

  • Gode moglegheiter for å utvikle deg fagleg og personleg
  • Triveleg og oversiktleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå
  • Introduksjonskurs og rettleiing
  • Personalbustad

Helse Førde er eit mindre føretak og har saman med kommunane lang og god erfaring med mottak av og opplæring av LIS1. Helse Førde arrangerer internundervisning ein gong i veka, med videooverføring til lokalsjukehusa. Her flettar vi inn tema for å oppnå læringsmål definert i forskrift. Alle som skal rettleie LIS1 skal gå på kurs i forkant.

Tillitsvalde

Yngre legers forening i Den norske legeforening ivaretek LIS1 sine interesser.

Introduksjonskurs

Nytilsette LIS1 startar med obligatorisk introduksjonskurs på tre arbeidsdagar. Her knyter vi læringsaktivitetar mot programmet, for å oppnå læringsmåla som er definert i forskrift. Ein del av programmet er felles for dei tre sjukehusa. Den felles undervisninga føregår i Førde, og videooverført til Nordfjord og Lærdal. Noko av programmet er lokalt tilpassa, og blir heldt separat på dei forskjellige sjukehusa. 

Introduksjonskurset inneheld blant anna:

  • Prosedyrar/instruksar
  • Omvising sjukehus
  • Rutinar for transport
  • Rutinar for mottak og triagering av pasientar
  • Rutinar for ambulanse
  • Akutt slagbehandling
  • Smittevern
  • HLR-kurs
  • Strålehygiene
  • Akutt abdomen
  • Mottak av dårlege pasientar
  • Traumemottak
  • Informasjon om KAD-avdeling og ny legevaktsordning
  • Pasienttryggleik
  • DIPS
  • Laboratoriemedisin
  • Kompetanseportalen 
  • MEONA
  • DRG-koding
  • Mingat
  • Rapportering – den gode epikrise
  • YLF + tillitsvalte + BHT + verneombod informerer

I tillegg må alle gjennomføre ulike e-læringskurs:

  • Brannvern
  • Informasjonstryggleik
  • Handhygiene

Dette seier våre avdelingssjefar:

  • LIS1-lege kan alltid få hjelp og støtte til sine avgjersler ved at det alltid er meir erfarne å konferere med og som dei skal konfrontere med om dei er usikre.
  • Dette gjer at det kan og bør bli lærerikt å vere LIS1 i Helse Førde.
  • Det å sjølv vere aktiv og å oppsøke, og ikkje unngå arbeidsoppgåver for å lære mest mogleg, er og blir viktig.
  • Gjennomgåande godt arbeidsmiljø med flat struktur der det er legitimt å spørje den ein ønskjer.
  • Alle LIS1 får personleg rettleiar, på kirurgisk avdeling er det LIS'ane.
  • Intensjonen er å halde rettleiingssamtale med personleg rettleiar til dømes ein gong kvar månad, og elles når ein av partane ber om det.
  • Arbeidsplassen er oversiktleg og ein har god oversikt over si eiga avdeling samstundes som det er lett å få tak i spesialistar i andre avdelingar.
  • Vi kjem tett på kvarandre og ein står aldri åleine.

Ved eventuelle spørsmål kan du kontakte
fagdirektør Evy-Helen Helleseth eller konsulent Gro Øksland

 

 

 

Sist oppdatert 06.02.2024