Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

- Eg valde turnus i Helse Førde

Ingeborg Marie Sleire valde turnus i Helse Førde sidan ho kjente til sjukehuset og med det visste at dette var ein god plass å kome til.

ein ung kvinneleg turnuslege i kvit uniform
Ingeborg Marie Sleire anbefalar å velje turnus i Helse Førde.

 

- Tidlegare turnuslegar har snakka varmt om å ha turnus her, og eg har også erfart kor lærerikt det er ved hospitering og tidlegare arbeidsforhold i føretaket. Med turnus i Helse Førde får du prøvd deg fram og jobbe sjølvstendig – men med bakvakt aldri langt unna, fortel Sleire.

Det er oppfordra og lagt opp til at vi skal bli kjent med prosedyrar og bli ein god klinikar, og det er internundervisning i fag relatert til di avdeling, og også elles på huset, fleire gongar i veka. Det beste er vel det faktum at vi er synleg og ikkje forsvinn i mengda, men ein blir sett og er ein del av fellesskapet påpeikar ho.

Og så må det også seiast at det ikkje skal stå på det sosiale heller – for dei som er glad i frisk luft og friluftsaktivtetar kan velje og vrake i dette, og elles har Førde og omegn mykje å by på. Sogn og Fjordane blir kalla Framtidsfylket av ein grunn!

- Eg hadde Helse Førde som førsteval, og har ikkje angra eit sekund på å ha hatt turnus her. Eg er vel noko subjektiv når eg seier at det finst ikkje betre plass å vere enn i Sogn og Fjordane då eg høyrer til i fylket, men her finst det ein treng av faglege utfordringar og alt det andre ein treng utanom ein inspirerande jobb å gå til, meiner ho.

Mange som ikkje har lokal tilknytning har vald å bli etter turnus fordi dei trivst med arbeidet og livet i Sogn og Fjordane.

- Er du freista? Eg anbefalar det i alle fall på det sterkaste, avsluttar ho.

Sist oppdatert 06.02.2024