Vi har dei siste åra hatt rundt 550 til 600 søkjarar til kvart opptak. Alle søknadane vert lest og vurdert og om lag 40 søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervjua byrjar om lag tre veker etter at søknadsfristen er gått ut ved telefonintervju. Vi følgjer Helsedirektoratet sine fristar ved tilbod om stilling.
På grunn av stor søkjarmasse, er det viktig med strukturert samandrag av CV-en og at screeningsspørsmåla i søknaden er svara ut best mogleg.
Ønska kvalifikasjonar:
- Arbeidserfaring som legevikar
- Arbeidserfaring frå helsevesen
- Anna relevant arbeidserfaring
- Gode norske språkferdigheiter
- God motivasjon for stillinga
- 2 referansepersonar frå praksis eller relevant arbeidserfaring
- Søkjaren må scanne inn all dokumentasjon på arbeidserfaring og utdanning som vedlegg til søknad
Dersom ein søknad ikkje fyller våre krav, eller som manglar dokumentasjon innan søknadsfrista, vert ikkje vurdert.
Personlege eigenskapar vi ser etter:
- LIS1-tenesta set store krav til den enkelte kandidat. Vi forventar at du er initiativrik og at du bidreg aktivt til eiga læring
- Du skal veksle mellom fleire arbeidsstader og arbeidsformar, difor er det viktig at du er fleksibel og tåler endringar i arbeidsdagen
- Du skal forhalde deg til ulike pasientar og pårørande, og samarbeide godt med ulike yrkesgrupper
- Du skal mellom anna kunne formidle kompleks informasjon til pasientar og pårørande. Dette krev at du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du vil måtte stå i akutte situasjonar som kan vere krevjande, og du bør difor være robust og dyktig til å ta avgjerder
- Du vil treffe menneske i kritiske livsovergangar der di evne til å vise empati kan gjere ein stor forskjell
Det blir laga ei innstilling og ei reserveliste, før tilbod om stilling vert sendt ut elektronisk. Vi har ikkje høve til å fortelje kva plass du får på reservelista.
Oppstart i klinikkane er vårsemesteret 1. mars og haustsemesteret 1. september. Introduksjonsdagane startar tre dagar før oppstart i klinikk. Desse er obligatoriske.
Dei tre sjukehusa i Helse Førde samarbeider om tilsettingsprosessen. Du leverer ein søknad, og kan skrive i søknaden kva sjukehus du føretrekk, men vil kunne få tilbod om tilsetting ved eit av dei andre sjukehusa.