Samhandlingskalenderen
Samhandlingkalenderen omhandlar møter, kurs og konferansar innan samhandling som er relevant for legar i Helse Førde området av Vestland Fylke. Vi mottek gjerne info om slike aktivitetar slik at vi kan legge dei ut i kalenderen. Ein del ekstra viktige kurs/møter/konferanser blir også annonsert i eigne epostar frå oss.
Kurs i individuell rettleiing i spesialistutdanninga for legar
ALIS og SamLIS Vest held kurs i Bergen 4.-5. februar.
Kurset er søkt godkjent i allmennmedisin som klinisk emnekurs (18 timar) i vidare- og etterutdanning og i samfunnsmedisin som valfritt kurs (18 timar) i vidare- og etterutdanning.
Kurs i individuell rettleiing i spesialistutdanninga for legar | Statsforvaltaren i Vestland
Kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell
Helse Førde gjennomfører praktisk kurs i akuttmedisin for personell i legevakt. Kurset er primært retta mot helsepersonell i Helse Førde sitt nedslagsfelt. Ved fullteikna kurs, kan kursplassar bli prioritert til kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
3.-4. mars: Akuttmedisinsk Legevaktkurs (24 plassar)
4. mars: Nødnett Radiobrukarkurs (15 plassar) kl. 18:00-21:00
5.-6. mars: Akuttmedisinsk Legevaktkurs for LIS 1 i kommunehelsetenesta (24 plassar)
8.-9. september: Akuttmedisinsk Legevaktkurs (24 plassar)
9. september: Nødnett Radiobrukarkurs (15 plassar) kl. 18:00-21:00
Kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell - Helse Førde HF
Oversikt over kurs for LIS1 våren 2025
På denne sida finn ein relevant informasjon for dei som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i våren 2025.
Oversikt over kurs for LIS1 våren 2025 | Statsforvaltaren i Vestland
Fagdag psykiatri
Psykiatrisk klinikk, Helse Førde ønsker velkomen til fagdag for fastlegar og spesialistar
Scandic Sunnfjord hotell 02. april 2025
Inga kursavgift, lunsj inkludert.
Det er søkt om godkjenning som valfritt kurs frå DNLF for allmenlege og spesialist.
Fagdag psykiatri_ Invitasjon med program og påmelding 2025.pdf
Digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A
Statsforvaltaren inviterer helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova.
Dato: 3. april 2025 09:00 - 12:00
Stad: Teams - lenkje blir sendt påmeldte deltakarar
Arrangør: Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe: Helsepersonell i kommunane i Vestland
Påmeldingsfrist: 1. april 2025 23:59
Vi inviterer helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova.
Digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A | Statsforvaltaren i Vestland