Barne- og ungdomsavdeling
Velkommen til Barne og ungdomsavdelinga i Helse Førde. Vi yter spesialisthelsetenester innan barnesjukdommar og nyføddmedisin. Vi behandlar barn og ungdom i alderen 0-16/18 år. Dei fleste som kjem til oss vert tilvist frå fastlege eller legevakt. Barne- og ungdomsavdelinga har flytta inn i nye lokaler i Livabygget. Vi held framleis til i 5. etasje, og du tek trappa eller heisen som før.
Kontakt
Postadresse
Kontakt oss via eDialog
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Barne- og ungdomsavdelinga er på flyttefot
Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost.
Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!
Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga.
Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde