Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Samhandlingskalenderen

Samhandlingkalenderen omhandlar møter, kurs og konferansar innan samhandling som er relevant for legar i Helse Førde området av Vestland Fylke. Vi mottek gjerne info om slike aktivitetar slik at vi kan legge dei ut i kalenderen. Ein del ekstra viktige kurs/møter/konferanser blir også annonsert i eigne epostar frå oss.

Fagdag om digitale helsetenester

Inviterer til spennande og framtidsretta fagdag om digitale helsetenester. No med oppdatert program!
Dato: 12.03.25 
Utgangspunktet for fagdagen er oppsummering av fleirårlege utviklingsarbeid innan digital heimeoppfølging, velferdsteknologi og digital inkludering. Samstundes skal vi vidareutvikle tilboda innan digitale helsetenester.
Vedlagt ligg informasjon om fagdagen program.
Påmeldingsfrist 20.februar. Her.
 
Velkommen!
Håpar vi ser deg!
Kari Eidnes Bjørkheim
Prosjektleiar e-helse
Telefon: +47 97 56 20 26 |
Sunnfjord kommune
Sentralbord: +47 57 72 20 00

Kurs i individuell veiledning i spesialistutdanninga for legar - Flåm

 
ALIS og SamLIS Vest held kurs på Fretheim hotel, Flåm, 240425-250425. 
Kurset er søkt godkjent i allmennmedisin som klinisk emnekurs (18 timar) i vidare- og etterutdanning og i samfunnsmedisin som valfritt kurs (18 timar) i vidare- og etterutdanning.
For meir informasjon og påmelding:
 

Kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell

Helse Førde gjennomfører praktisk kurs i akuttmedisin for personell i legevakt. Kurset er primært retta mot helsepersonell i Helse Førde sitt nedslagsfelt. Ved fullteikna kurs, kan kursplassar bli prioritert til kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.
3.-4. mars: Akuttmedisinsk Legevaktkurs (24 plassar)
4. mars: Nødnett Radiobrukarkurs (15 plassar) kl. 18:00-21:00
5.-6. mars: Akuttmedisinsk Legevaktkurs for LIS 1 i kommunehelsetenesta (24 plassar)
8.-9. september: Akuttmedisinsk Legevaktkurs (24 plassar)
9. september: Nødnett Radiobrukarkurs (15 plassar) kl. 18:00-21:00

Kurs i akuttmedisin for legevaktpersonell - Helse Førde HF

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2025

På denne sida finn ein relevant informasjon for dei som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i våren 2025.

Oversikt over kurs for LIS1 våren 2025 | Statsforvaltaren i Vestland

Fagdag psykiatri 

Psykiatrisk klinikk, Helse Førde ønsker velkomen til fagdag for fastlegar og spesialistar 
Scandic Sunnfjord hotell 02. april 2025
Inga kursavgift, lunsj inkludert.
Det er søkt om godkjenning som valfritt kurs frå DNLF for allmenlege og spesialist.
Fagdag psykiatri_ Invitasjon med program og påmelding 2025.pdf

Digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A

Statsforvaltaren inviterer helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova.

Dato: 3. april 2025 09:00 - 12:00
Stad: Teams - lenkje blir sendt påmeldte deltakarar
Arrangør: Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe: Helsepersonell i kommunane i Vestland
Påmeldingsfrist: 1. april 2025 23:59
Vi inviterer helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester til kurs om tvungen somatisk helsehjelp etter pasient- og brukarrettslova.

Digitalt kurs i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A | Statsforvaltaren i Vestland

Sist oppdatert 13.02.2025