Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utviklingsplan for Helse Førde - innsatsområde

05. Bemanning og kompetanse

Medarbeidarane er vår aller viktigaste ressurs. Ei av hovudsatsingane våre er difor å rekruttere, utvikle og behalde dyktige medarbeidarar. Helse Førde har om lag 3000 medarbeidarar, og er ein av dei største og mest mangfaldige arbeidsplassane i regionen.

En gruppe mennesker i laboratoriefrakker

Det er risiko for manglande tilgang til helsepersonell framover. Helse Førde sine sjukehus er også avhengig av mange andre yrkesgrupper for å halde drifta i gang, til dømes innan tekniske-/ingeniørfag, administrasjon, matforsyning og reinhald. 

Vidareutvikling og intern kompetansestyrking er like viktig som å rekruttere nytilsette. I tillegg vil det vere behov for å kartlegge kva kompetanse spesialisthelsetenesta vil ha behov for framover, ettersom helsetenestene stadig er i utvikling. 

Utfordringar og moglegheiter

Det er svært viktig at vi jobbar systematisk for å utdanne, rekruttere, behalde og vidareutvikle medarbeidarar. Helsepersonellkommisjonen sin utredning Tid for handling, NOU 2023: 4, har foreslått tiltak for å møte utfordringane både på kort og lang sikt. 

I vårt område ser vi det som særs viktig med eit nært samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen og vidaregåande skular om å utdanne helsepersonell, legar og fagutdanna/lærlingar. Vestlandslegen er eitt tiltak som kan gjere oss betre rusta til å rekruttere legespesialistar til Helse Førde. Det er under planlegging ein ny, desentralisert studiemodell der medisinstudentar får dei siste åra av si utdanning i Helse Førde. Dette vil gje nye moglegheiter for å rekruttere legar til distriktet. Samarbeid med kommunane om å rekruttere og behalde helsepersonell er også viktig for å gjere begge partar rusta for framtida. 
 

Mål

 

Tiltak for å nå målet

Slik skal vi måle at vi er på rett veg

    Sist oppdatert 02.07.2024