Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Et par sykepleiere som går gjennom en gang med et stort maleri på veggen

Barne- og ungdomsavdeling

Velkommen til Barne og ungdomsavdelinga i Helse Førde. Vi yter spesialisthelsetenester innan barnesjukdommar og nyføddmedisin. Vi behandlar barn og ungdom i alderen 0-16/18 år. Dei fleste som kjem til oss vert tilvist frå fastlege eller legevakt. Barne- og ungdomsavdelinga har flytta inn i nye lokaler i Livabygget. Vi held framleis til i 5. etasje, og du tek trappa eller heisen som før.

Hos oss vert barn og ungdom utreda og behandla for:

  • indremedisinske sjukdommar, bl.a. diabetes, astma og luftvegsinfeksjonar, infeksjonar, sjukdommar i mage-/tarmsystemet, nevrologiske sjukdommar, kreft, hjernehinnebetennelse m.m.
  • kirurgiske tilstandar som for eksempel brokk, blindtarmbetennelse
  • kirurgiske skader som hovudskader, hjernerystelse, brannskader
  • ortopediske tilstandar som brotskader
  • Øyre-nase-hals-tilstandar

Dei fleste innleggingane er akutt hjelp, men vi har også planlagde innleggingar. I tillegg driv vi dagpost i sengeeininga, dette omfattar medisinske pasientar som skal inn til enklare undersøkingar/vurderingar, som ikkje krev innlegging.

 

Barne- og ungdomsavdelinga
Barne- og ungdomsavdelinga er delt inn i tre seksjonar:

På sengeposten ligg barn frå nyfødd alder til 16 år fordelt på to avsnitt.  Personalet jobbar på tvers av avsnitta. Dette gjer til at det er helsepersonell med kompetanse lett tilgjengeleg for pasienter og pårørende til ei kvar tid.  Dei fleste pasientrom ved avsnitt for store barn, er einerom med eige bad.

Nyfødtintensiv behandlar barn som er født for tidleg (prematur), og sjuke nyfødte.

Avansert heimesjukehus (AHS) er eit tilbod til barn og unge som får behandlinga si på barne- og ungdomsavdelinga. AHS legg til rette for behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime i trygge omgjevnadar, i stadenfor på sjukehuset, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand, og om barn og familie sjølve ønskjer det. 

Barnepalliativt team (BPT) er eit tilbod til alle barn og unge som lever med livstruande eller livsavgrensande sjukdom. 

Barnet har rett til å ha ein av foreldra eller andre føresette hos seg under heile opphaldet. Det vert gjeve anledning til å sove på same rom som barnet. For å ivareta barnet sitt behov for tryggleik under opphaldet, anbefaler vi at barnet har mor, far eller annen kjend person hos seg. Foreldre/pårørande tar aktivt del i dagleg stell av barnet, alt etter barnet sin tilstand, og i samarbeid med sjukepleiar.
Den av foreldra som bur på sjukehuset saman med barnet får alle måltida gratis. Dette gjeld frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Ytterlegare pårørande kan kjøpe kald mat og drikke i buffeen. Det er det buffet for inneliggande pasientar i 7 etg. Der finn ein eit variert utvalg av god og næringsriktig mat og drikke.


Dersom du har spørsmål om ei timeavtale, ønskjer å endre eller avbestille time, må du ta direkte kontakt på telefon i kontortida måndag - fredag kl. 08.00-15.30.
Bruk telefonnummeret på innkallingsbrevet. Her kan du også spørre om ventetid.
Du kan også gå inn på Vestlandspasienten.no og endre/avbestille din timeavtale.  Det er mange pasientar som ventar på behandling hos oss. Vi oppfordrar dirfor at du gjev beskjed om endring eller avbestilling av time så tidleg som mogeleg.
Timeavtalen må avbestillast/endrast minst 24 timar (kun hverdager) på førehand. Dersom timen din er på ein mandag, må du avbestille den seinast fredagen før.
Avbestiller du timen seinare enn 24 timar før, må du betale ein eigenandel. Sjå informasjon om prisar her

I utgangspunktet er det ikkje fastlagte besøkstider ved Barne- og ungdomsavdelinga, men av hensyn til måltid og behandling, er det fint om besøk vert avklart med sengepost Barn og unge.
Enkelte pasientar har større behov for å vere sammen med sine pårørande enn andre. Avdelingar som behandlar barn, har plikt til å leggje forholda til rette slik at ein eller begge foreldra kan vere hos barnet.

Du står fritt i å velge om du vil ha besøk når du er innlagt på sjukehus. Gje beskjed på avdelinga der du ligg, dersom du ønsker å leggje begrensningar for besøk når du er innlagt.

Skal du ta blodprøve før undersøking eller behandling på sentralsjukehuset i Førde kan du ta blodprøver samme dag i 2. etasje. Opningstider er 07.45 til 15.00 på kvardagar. Ta då heisen ved sidan av resepsjonen opp til 2 etg.
Andre som skal ta blodprøver kan nytte seg av våre andre sjukehus i Helse Førde:
• Nordfjord sjukehus
• Lærdal sjukehus


 
 

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, barne- og ungdomsavdelinga, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Barne- og ungdomsavdelinga er på flyttefot
Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Med flytting følger det med litt endringar, og vi jobbar med å få dette på plass så fort som mogleg. Ønsker du å nå oss på telefon, har vi dei samme telefonnummera som før. Velkommen til oss!

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.