Kunstverk av gatekunstnaren Pøbel

Kunsten å si takk - Kunstverk av Pøbel utanfor hovudinngangen ved Førde Sentralsjukehus. Foto: Helse Førde
Verket illustrerer takksemd ovanfor helsepersonell i ei svært spesiell tid, då nærleik var vanskeleg grunna den pågåande pandemien. Kunstverket vart først illustrert på julekortet som alle tilsette fekk i 2020. Motivet gjorde inntrykk på svært mange. Kunstnaren vart oppfordra om å overføre verket til storformat, slik at kvart helseføretak kunne få eitt kvar.

Dirty Dancing - Kunstverk av Pøbel. Foto: Helse Førde
Det vart laga 250 trykk av verket "Dirty Dancing", der første halvdel av trykka blei gitt til alle sjukehusa i Noreg som eit teikn på takksemd ovanfor helsepersonell i høve pandemien.
Kunstverk av Nils Aas

Stav og støtte - kunstverk i stål av Nils Aas som heng utvendig på Førde Sentralsjukehus. Foto: Oddleiv Apneseth
Aas sin kunstproduksjon strekk seg frå det intime til det monumentale, frå det figurative til det abstrakte, og frå papir til stål. Nils Aas var ein kunstnar med ei enorm spennvidde og materialbeherskelse.
Om kunstnaren Nils AasKunstverk av Ludvig Eikaas

Gatekunstverk av Ludvig Eikaas på betongvegg ved Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth
Ludvig Eikaas frå Jølster var ein av etterkrigstida i Noreg sin mest markante biletkunstnar. Han var både grafikar, målar, skulptør og konseptkunstnar, og var kjend som ein utprøvande og spontan kunstnar som aldri slo seg til ro med ein teknikk og eitt bestemt uttrykk. Dette kunstverket gjorde han ved hjelp av Gunhild Bakke, Agnete Erichsen og Hanne Nielsen.
Om kunstnaren Ludvig EikaasKunstverk av Odd Gjerstad og Steinar Christensen

Gjennombrudd av Odd Gjerstad og Steinar Christensen i restauranten i 1. etasje i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth
Gjennombrudd er eit kunstverk utarbeidd av den norske billedhoggaren og postkonseptualisten Steinar Christensen, saman med keramikaren Odd Gjerstad. Verket heng i restauranten i hovudblokka, 1. etasje.
Om kunstnarane Gjerstad og Christensen
Kunstverk av Reidun Færøy Bergstrøm

Ferje - Keramisk verk av Reidun Færøy Bergstrøm som heng i restauranten i 1. etasje i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth
Dei keramiske kunstverka til Reidun Færøy Bergstrøm fortel historier vi kjenner oss igjen i. Skulpturen tek deg med på eit eventyr. Bergstrøm sin kunst er utstilt i fleire offentlege rom, som i den ny-restaurerte vestibyla til Lærdal sjukehus.
Kunstverk av Jane Balsgård

Sametrollet som vokter over Alta av kunsnar Jane Balsgård. Foto: Oddleiv Apneseth
Med poetisk lettheit har Jane Balsgaard (f. 1939) skapt eit sjølvstendig billedspråk der både haldning og estetikk nærmar seg naturfolkeleg eksistens. Balsgaard sitt arbeid uttrykker ein samhøyrigheit med samlar- og jegerfolket sin mentalitet.
Kunstverk av Svein Tenol-Tuxen

Sommarnatt av kunstnar Svein Tenol-Tuxen. Foto: Oddleiv Apneseth
Tenol-Tuxen (1920-2008) var ein Norsk billedkunstnar, musikar og komponist. Tenol-Tuxen blei utdanna som fiolinist ved Musikk-konservatoriet i Oslo i 1937. Han var aktiv i Sogn Symfoniorkester og komponerte blant anna stykket "Vidda". Kunstverka hans er kjøpt inn av blant andre Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane, Norsk kulturråd og Sentralsjukehuset i Førde.
Kunstverk av Elisabeth Haarr

Tre av kunstnar Elisabeth Haarr - Billedvev som heng ved inngangen i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth
Haarr har vore ei av dei mest betydningsfulle kunstnarane i Noreg. Sidan slutten av 1960-talet har ho jobba med tekstilar i ei rekke ulike formspråk.

Fra motorveien av Elisabeth Haarr - heng i trappeoppgang i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth
Om kunstnaren Elisabeth Haarr
Kunstverk av Arne Vinje Gunnerud

Framandfugl av Arne Vinje Gunnerud - tre reliefff som heng i restauranten i 1. etasje i Svanabygget. Foto: Oddleiv Apneseth
Gunnerud var svært interessert i historie, noko som pregar mykje av hans arbeid. I denne skulpturen, eit tre relieff, har han leika seg med historiske element.