HELSENORGE
kunstnar

Arne Vinje Gunnerud

Arne Vinje Gunnerud var svært interessert i historie, og det pregar mykje av arbeidet hans. I denne skulpturen har han leika med «historiske» element. Gunnerud såg på kunst som eit universelt språk, ein viktig reiskap i kommunikasjon mellom menneske. "Kunst taler der det vanlige språk ikke strekker til", sa han blant anna.

Arne Vinje Gunnerud (1930-2007) var født i Oslo, men budde mesteparten av livet sitt i Arendal. Han blei utdanna ved Kunst- og Handtverksskulen (1947–50) og Statens Kunstakademi (1951–54) i Oslo. Gunnerud blei hedra med St. Olavs Orden, og mottok også Ingeborg og Per Palle Storm sin ærespris for billedhoggarar. Gunnerud hadde ein stor produksjon, og omfattende utstillingsverksemd i inn- og utland. Offentlege arbeid av ham finnast over heile Norge og i enkelte andre land.

Gunnerud såg på kunst som eit universelt språk – ein viktig reiskap i kommunikasjonen mellom menneske. «Kunst taler der det vanlige språk ikke strekker til», sa han. I forhistorisk kunst og norrøn mytologi fann han metaforar for å kunne skildre samtida si. Mytane er ikkje berre historie, men ein spegel for den verkeligheita vi har i dag. Han var også opptatt av korleis kalligrafiske teikn kunne uttrykkast tredimensjonalt. Det er også mykje humor i verka hans. Gunnerud arbeidde hovudsakeleg i bronse, tre og stein, og formspråk et hans varierar frå abstraksjon og halvnaturalisme til figurativt og nonfigurativt.



Fann du det du leita etter?