We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Samhandlingskalenderen

Samhandlingkalenderen omhandlar møter, kurs og konferansar innan samhandling som er relevant for legar i Helse Førde området av Vestland Fylke. Vi mottek gjerne info om slike aktivitetar slik at vi kan legge dei ut i kalenderen. Ein del ekstra viktige kurs/møter/konferanser blir også annonsert i eigne epostar frå oss.

Ny nasjonal fagleg retningslinje for førebygging av sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling

Psykiatrisk klinikk , Helse Førde inviterar fastlegar til å delta digitalt på undervisning i januar 2025.

  1. og 17. januar 2025 kjem Ewa Ness til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde for å gå gjennom ny nasjonal fagleg retningslinje for førebygging av sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Vi set opp undervisning i to dagar, lik undervisning begge dagane.

16.januar 2025  kl 1200-1400 Auditoriet FSS

17.januar 2025 kl 1200-1400 Auditoriet FSS

Fastlegar kan delta digitalt via https://join.nhn.no/webapp/conference/999469?callType=video. Vi nyttar ikkje PIN-kode, trykk delta.

Det er dessverre ikkje open mikrofon eller mogleg å stille spørsmål. Iom at møtet går over kun to timar er det ikkje muleg med tejlande timar for denne videoseansen. 

Last updated 12/19/2024