Mediekontakt
Vi hjelper journalistar med opplysningar og formidlar kontakt med ulike fagfolk eller leiinga ved helseføretaket så langt råd er.
Kontakt Kommunikasjonsavdelinga:
kommunikasjon@helse-forde.no
Vi les kun e-post kvardagar i ordinær kontortid dersom ikkje anna er avtalt.
Telefon: (+47) 57 83 96 48 - kvardagar kl. 08.00 - 15.30
Vakttelefon: (+47) 951 29 355 - utanom vanleg kontortid.
Under beredskapshendingar har vi dette kontaktnummeret: 57 83 17 01.
Informasjon til pårørande
Ved større ulukker og beredskapshendingar vil Helse Førde opprette kontaktsenter for pårørande, telefon 57 83 17 00.
Får du ikkje svar der ringer du sentralbordet: 57 83 90 00
Det vil og bli lagt ut informasjon under nyhende på våre heimesider.
Dette betyr grøn, gul og raud beredskap
Grøn beredskap
Ein uavklart situasjon, der det kan bli behov for ekstraordinære ressursar og tiltak. Det er eit avgrensa behov for ekstra ressursar. Situasjonen krev auka merksemd.
Gul beredskap
Ei uønskt hending med avgrensa omfang har skjedd. Situasjonen må handterast med utvida innsats eller ekstraordinære ressursar og tiltak.
Raud beredskap
Ei alvorleg uønskt hending har skjedd. Det er stort behov for ekstraordinære ressursar og tiltak.
Regional helseberedskap
God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår vi gjennom gode beredskapsplanar og gode rutinar, som vi øver kontinuerleg på.
Regional helseberedskapsplan for Helse Vest er ein rammeplan som beskriv roller og ansvar i ei krise, både når det gjeld administrasjon, førebygging og handtering.
Føringane som er lagde i denne planen, skal speglast av i beredskapsplanane i helseføretaka, slik at beredskapsarbeidet i Helse Vest står fram som heilskapleg og samordna.
Regional beredskapsplan (PDF)
Nasjonal helseberedskap
Nasjonal helseberedskapsplan - PDF (regjeringen.no)kriseinfo.no
Smittevern
Regional smittevernsplan (PDF)pandemi.no (Folkehelseinstituttet)