Kunnskap om verknader av koronavaksinering, kunstig intelligens i kreftbehandling og rusavhengiges vei til rusfridom. I 2021 blei det forska og drive innovasjon for meir enn ein milliard kroner i spesialisthelsetenesta i landet.
Nyleg fekk Helse Førde besøk av Norconsult AS, den viktigaste eksterne rådgjevaren i byggeprosjektet. Konsernsjefen og hans følgje fekk omvising i både Daga- og Livbygget. Dei fekk sjå, lytte til våre erfaringar og samle seg inntrykk av båd...
Fem lærlingar har i vår gjennomført fagprøver som helsefagarbeidar i Helse Førde.Fagprøvenemndene har begge åra trekt fram at det høge faglege nivået er imponerande.
Asle Kjørlaug er fast tilsett som fagdirektør i Helse Førde. Kjørlaug har vore konstituert i stillinga sidan september i fjor. - Det blir viktig å jobbe for kvalitet i helsetenestene vi yter, seier han.
Det blir halde styremøte i Helse Førde torsdag 16. juni. Møtet startar klokka 10.00 og blir i kantina på Lærdal sjukehus, Sjukehusvegen, Lærdal.
Har du tenkt over at Helse Førde-stafetten er meir enn ei tørr fysisk utfordring? 15. juni blir dagen då du slepp å lage middag heime, og i staden tek med familien ut til eit deilig gratismåltid, mosjon og sosialt samver!
Sogn og Fjordane er for alle! Helse Førde oppmodar alle tilsette som er samde i dette utsegnet om å stille seg bak Helse Førde si Pride-fane under opptoget laurdag 11. juni.
To nye katamaranar skal i mange år framover gje ambulansetenester i kystlinja og fjordområda frå Gulen i sør til Stad i nord. Båtane er rekna som dei mest moderne i landet.
Helse Førde presenterer no eit splitter nytt, landsdekkande samhandlingsbarometer. Her kan du for første gong finne fram til mengder med data og fakta frå helsevesen og kommunar over heile landet – på ein og same stad!
Studien IMPRESS-Norway, som Helse Førde deltek i, publiserer denne veka artikkelen om kreftstudien. Artikkelen er godkjend i Nature Medicine, eit internasjonalt svært velrenomert vitskapeleg tidsskrift. Helse Førde deltek med to kosortiumforfattarar.
Det blir halde styremøte i Helse Førde fredag 13. mai. Møtet startar klokka 09.00 og blir i styrerommet, 3. etasje Hildrabygget, ved Førde sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2, Førde.
Hvor du bor i landet kan ha noe å si for hvilken oppfølging du får om du har kroniske sykdommer som MS, Parkinson, migrene og epilepsi.
1. mai overtek GulenSkyss AS drift av ambulansebåtane i Helse Førde for dei komande ti åra. Operasjonsområda til båtane er kystlinja og fjordområda frå Gulen i sør til Stad i nord.
Smittepresset i samfunnet rundt oss avtar, og det er ikkje lenger smittevernfagleg grunnlag for å tilrå bruk av munnbind i all kontakt med pasientar i Helse Førde.
Nye avtalar mellom Helse Førde og Lærdal kommune betyr blant anna at Sogn lokalmedisinske senter får sitt eige lokale på sjukehuset, med to kommunale døgnsenger for øyeblikkeleg hjelp.
Vidar Øvrebø (56) er fast tilsett som stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Øvrebø har vore konstituert i stillinga sidan i fjor vår.
Pandemien er over, og gode tradisjonar kjem tilbake. I år blir det sommar og hyggeleg stemning med tradisjonell Helse Førde-stafett i juni.
Helse Førde avviklar no beredskapen i samband med koronapandemien. Frå klokka 12 i dag går føretaket ut av beredskap.
I ein fersk rapport om det psyikatriske tilbodet til barn og unge under pandemien, kjem det fram at Helse Førde er blant helseføretaka i landet som avviser færast til behandling. Berre eitt anna føretak har lægre tal.
Styret i Helse Vest vedtok denne veka å oppgradere rusposten på Tronvik til 20 døgnplassar. Dermed blir institusjonen i Høyanger kommune ei sentral brikke i rusomsorga for heile Helse Vest-regionen.
Ny undersøking viser kor mange medarbeidarar i sjukehusa i Vest som sluttar i jobben, og kvar dei blir av. Dette skal no brukast for å finne dei beste tiltaka for at medarbeidar med viktig kompetanse og erfaring skal halde fram i jobben.
Utbrotet med bakterien pseudomonas aeruginosa i 33 sjukehus omfattar over 240 pasientar. Oslo universitetssykehus har påvist utbrotsbakterien i éin pakke med fukta eingongs vaskeklutar som ofte brukast til intensivpasientar i sjukehus.
Sjukehusa i Helse Vest samarbeider tett om å hjelpe pasientar og flyktningar som følgje av krigen i Ukraina.
Helse Førde HF fekk i 2021 eit positivt resultat på 26,2 millionar kroner, som er 8 millionar kroner svakare enn styrets resultatkrav. - Hovudårsaka er dei økonomiske effektane av pandemien, seier Helse Førde sin økonomidirektør Øystein Helleseth.
Tiltrua til sjukehusa på Vestlandet er framleis høg - to år ut i koronapandemien. Det viser ei fersk undersøking gjort av Respons Analyse på oppdrag frå Helse Vest.
Det blir halde styremøte i Helse Førde fredag 18. mars. Møtet startar klokka 09.30 og blir halde på Scandic Sunnfjord hotell, Storehagen 2, Førde.
Det pågår eit utbrot med bakterien pseudomonas aeruginosa i fleire norske sjukehus. Ved starten av denne veka var det avdekka ti tilfelle i Helse Vest, av desse tre i Helse Førde.
Lukkast Helse Vest med sitt innovasjonsprosjekt, kan vi om nokre år sjå dronar som fraktar prøvar for analyse til sjukehuslaboratorium - sendt frå kommunale legekontor eller mellom sjukehus.
Du som pasient i Helse Vest vil no sjå svar på utvalde prøvar og undersøkingar ved sjukehus i Helse Vest.
Ole Gunnar Krakhellen er i dag oppnemnd som ny leiar for styret i Helse Førde. Han har vore medlem av styret i føretaket sidan februar 2018.
Samfunnet har i hovudsak gått tilbake til kvardagen slik han var før pandemien, men på sjukehusa gjeld framleis krav om avstand, munnbind og skjerpa besøksreglar.
Fyrste veka i februar var Helse Førde ein av hovudarrangørane for Helseinnovasjonskonferansen 2022. Alt tyder på at det vart ein god oppleving for mange av dei rundt 500 deltakarane - for aktiviteten på konferanseplattformen var høg frå start til slutt.
Helse Førde styrkar ambulanseberedskapen i samband med snøfall, ras og fare for nye skred i Indre Sogn.
Nyleg starta eldremedisinsk poliklinikk oppatt ved Nordfjord sjukehus. Styrken og sårbarheita i tilbodet er det tverrfaglege teamet med rett kombinasjon av kompetanse. No er den på plass igjen.
Det blir halde styremøte i Helse Førde fredag 28. januar. Møtet startar klokka 09.00 og blir halde som eit videomøte.
Lærlingane i PRO Vestland opplæringskontor ga ei julegåve på 10 000 kroner til Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP). Helse Førde har no takka for den rause gåva.
Helse Førde hadde torsdag kveld ti pasientar inneliggande med det svært smittsame noroviruset ved Førde sentralsjukehus. Viruset er den vanlegaste årsaka til omgangssjuke. Ingen av pasientane er alvorleg sjuke.
Helse Førde planlegg for ei meir normal sjukehusdrift i tida framover. Dei strenge smitteverntiltaka gjeld framleis og besøksrestriksjonane blir vidareført.
Helse Førde er ikkje lenger i gul beredskap på grunn av ekstremveret "Gyda". Dette er konklusjonen etter eit koordineringsmøte med statsforvaltaren i dag fredag.
Har du problem med å møte opp til timen på sjukehuset? Det er kanskje ikkje nødvendig. Du kan be om å få fysisk oppmøte omgjort til konsultasjon på video eller telefon. Dette kan du gjere på timeavtalen din på helsenorge.no.
I skrivande stund veit ingen korleis ekstremveret Gyda vil slå ned. Vi må bu oss på ei rekke scenario, og her kjem nokre av dei tiltaka Helse Førde set i verk.
Dagrun Kyrkjebø (bildet) har sidan nyttår vore på plass som ny samhandlingssjef i Helse Førde.
Agnes Landstad (bildet) blir ny styreleiar i Helse Vest RHF. Landstad går dermed av som styreleiar i Helse Førde.
Som følgje av pandemien er det restriksjonar for besøkande til Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus. Reglane gjeld frå og med januar 2022, så lenge det er behov for det. Alle besøk skal vere avtalt på førehand.
931 nye verdsborgarar såg dagens lys i Helse Førde i fjor. Dette er høgaste fødselstalet i området sidan 2017 då det vart fødd 934 barn. Det er i tillegg ein stor oppgang frå 2020 då 826 ungar kom til verda.
Helse Vest deler no ut 15 millionar kroner for å sikre forskingsprosjekt i mindre helseføretak. Helse Førde har fått tilslag for å vidareutvikle programmet Norce Feedback.
Utdanning av allmennlegar skjer også i sjukehusa. No er det lansert ein ny portal for å registrere tilgjengeleg tid for spesialistutdanning for allmennlegar – ALIS portal.
Ei ny smittebølgje har ført til at fleire pasientar endrar eller ikkje møter til timen sin på sjukehuset. Assisterande fagdirektør ber pasientane vurdere å endre timen til video- eller telefonkonsultasjon før dei avbestiller.
Som følge av pandemien er det innført restriksjonar for besøkande i sjukehusa våre.
Styret i Helse Førde har i dag vedteke eit driftsbudsjett for 2022 med ramme på rundt 3,2 milliardar kroner. Dette er det største budsjettet i føretaket nokonsinne, men vart likevel karakterisert som nøkternt og stramt av eit samstemt styre.