Du kan reise heim, eller på arbeid, rett etter inngrepet. Før heimreise får du snakke med legen, som informerer deg om operasjonen og om eventuelle forholdsreglar. Om du er operert på ei av leppene, skal du vere forsiktig med strekk på leppa, fordi såret då kan sprekke opp. Sjukemelding er ikkje nødvendig, bortsett frå eventuelt dagen inngrepet utførast. Du kan bli nummen i leppa etter operasjonen. Dette er nesten alltid forbigåande.
Smertestillande
Lokalbedøvinga går ut etter eit par timar. Du kan trenge smertestillande nokre dagar etter operasjonen. Dersom du har smerter etter heimreise held det oftast med smertestillande paracetamol tablettar. Følg dosering anbefalt på pakken frå apoteket.
Bløding
For å minske risikoen for bløding skal du halde deg i ro operasjonsdagen. Ikkje ta del i trening eller annan tung fysisk aktivitet operasjonsdagen.
Mat og drikke
Operasjonsdagen skal mat og drikke vere avkjølt eller kald for å minske ubehag og risiko for bløding. Du bør vente med å ete eit par timar, til lokalbedøvinga er gått ut.
Vi anbefaler at du skyller munnen med vatn etter måltida i nokre dagar, slik at matrestar ikkje festar seg i såret.
Svar på biopsien
Når svaret på analysen av spyttkjertelprøvane kjem tilbake til oss, sender vi det videre til henvisande lege. Svar og eventuelt videre kontrollar får du hos den som har tilvist deg.