Før operasjonen må vi vete om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisiner. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.
Har de tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose, vil vi gjerne at de fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de om mogleg skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.
Ta med medisinlisten din til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisiner eller kosttilskudd. Det er anestesilegen som avgjer kva for medisiner du kan ta før operasjonen.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.
Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringer, klokker, piercinger, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.
Sjukehuset må vete om du har tannproteser, bro, krone, stift eller lause tenner. Proteser kan du behalde til du er inne på operasjonsstuen. Dei må takast ut før du sovnar.
Oppmøte
På sjukehuset møter du personell som tek i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare eigendelane dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.
For å redusere smerte etter operasjon vil du få smertestillande.