Etter operasjonen blir pasienten observert på eit oppvakingsrom. Viss inngrepet har gått fint og det ikkje er komplikasjonar, kan pasienten reise heim etter nokre timar.
Inngrepet gir lite eller inga smerte, men narkosen kan gi lett ubehag, irritabilitet og kvalme. Paracetamol kan nyttast i vanleg dosering, som står på eska.
Høyrsla vil ofte vere betra allereie like etter operasjonen.
Før heimreise vil sjukepleiar gi informasjon om dagane etter operasjonen. Lege skriv ut resept på øyredråpar eller andre meidsinar viss det trengs. Pasienten får time til kontroll etter operasjonen.
Pasienten kan vanlegvis gå tilbake til barnehage/skule dagen etter operasjonen.
Pasienten skal halde øyret heilt tørt den første veka etter operasjonen. Deretter kan ein bade utan beskyttelse i øyret. Skal pasienten til utlandet, bør øyret beskyttast ved bading grunna ein annan bakterieflora enn i Norge. Bruk for eksempel ein bomullsdott med feit salve/vaselin i øyregangen, eller spesialprodukt frå apotek.