Du kan reise heim etter operasjonen.
Eventuell kontroll vert avtalt med lege/sjukepleiar.
Du skal skylje av nasen med saltvatn og eventuell spraye med sesamolje i 2-3 veker. I same periode kan du oppleve forverring av nasetettheit og lokalt trykk/ubehag samt blødingar over nokre dagar. Dette skuldast heving i slimhinna etter behandlinga, samt tendens til skorper i nasa av same grunn. Dersom du er usikker på om plagene du har etter operasjonen er innanfor det normale, ta kontakt med oss på ØNH- poliklinikk, eventuelt eigen fastlege.
Smertestillande
Det er oftast lite eller inga smerte etterpå. Om du skulle få smerter, kan du bruke reseptfrie smertestillande (Paracetalmol).
Sjukmelding
Du treng i utgangspunktet ikkje sjukmelding, men du bør vere heime frå arbeid operasjonsdagen, avhengig av type arbeid. Konferer med operatør når du kjem til operasjon.