Operasjonen vert utførd i lokalanestesi eller narkose.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Barn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timer før operasjon/undersøking, og morsmjølk inntil 3 timer før. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre.
Frem til 2 timer før operasjon/undersøking kan vaksne drikke klare væsker. Barn kan drikke klare væsker frem til 1 time før. Klare væsker er: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Alle kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før. Du kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, snus og røyk: Skal stoppast 2 timer før
Klare væsker, barn: Skal stoppast 1 time før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Kva bedøving som vert valde, er individuelt. Dine eventuelle andre sjukdomar vil og vere med å avgjere anestesiform.