Høyreprøva er i to hovuddelar: rentoneaudiogram og taleaudiogram.
Ved rentoneaudiogram testar vi høyrselen ved frekvensar frå 125 - 8000 Hz, talefrekvensområdet er fortrinnsvis frå 500 - 4000 Hz. For kvar frekvens får du høyre forskjellige lydstyrkar (blir målt i dB = decibel) og skal signalisere ved å trykke på ein knapp kvar gong du høyrer ein lyd. På den måten finn vi fram til den svakaste lydstyrka du høyrer ved kvar frekvens, og det er uttrykk for høyreterskelen for kvar frekvens.
Ved taleaudiogram får du høyre forskjellige taleord ved kvar lydstyrke. Vi registrerer kor mange av taleorda du gjengir rett, og får då eit prosenttal for rette svar ved kvar lydstyrke.