Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, Tonsillectomi

Fjerning av mandlar

Mandlane er lymfatiske organ som du ser på kvar side bak i halsen. I tidleg barndom bidrar mandlane til å danne immunstoffa og utvikle immunforsvaret i kroppen. Disse immunstoffa varer heile livet. Liknande vev finst også andre stader i svelget og i øvre luftveger. Fjerning av mandlane har derfor ingen innverknad på immunforsvaret i kroppen.

Fjerning av mandlane blir utført viss du har

  • Gjentatte akutte betennelsar i mandlane.
  • Kronisk betennelse i mandlane med symptom som dårleg ande, pussproppar frå mandlane eller lymfeknuteutheving på halsen.
  • Forstørra mandlar som gir svelg-og pustevansker.
  • Abcess/byll i mandlane.
  • Mistanke om ikkje-godtarta forandringar i mandlane. 
Fjerning av mandlane utføres i narkose. Dette er ikkje eit komplisert inngrep, men det kan vere ein risiko for etterbløding. Slike blødingar kan vere alvorlege og ein bør derfor ha god indikasjon og ein grundig utgreiing før operasjonen. 
Delvis fjerning av mandler (tonsillotomi) kan vere eit alternativ. 

Generelt før du kjem til operasjon

Tilvising og vurdering

I forkant av inngrepet må det avklarast om du har andre sjukdommar eller om du bruker medisinar som kan ha betyding for operasjonen eller narkosen.
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar må det avklarast med din fastlege om du kan slutte med desse før operasjonen.



Før

Du vil få informasjon om operasjonen og om forholdsregler før og etter operasjonen.
På operasjonsdagen må du dusje med hårvask hjemme, eventuelt kvelden før.

Faste

Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikke kan spise, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må være tom for at ikke mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonene om hvordan du skal komme godt forberedt til sykehuset. Dersom du ikke følger regler om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.

Du skal ikke spise fast føde eller drikke melk i 6 timer før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vann, saft, juice uten fruktkjøtt, brus, te, kaffe uten melk/fløte) inntil 2 timer før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timer før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisiner med et glass vann (maks. 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det være andre rutiner som gjelder. Dette blir du orientert om på sykehuset før operasjonen.


På sykehuset møter du personell som tar imot deg. Vær forberedt på at det kan bli noe venting før det er klart til operasjon.

For å redusere smerter etter operasjonen, vil du få smertestillende medisiner før operasjonen.


Under

Ei munnsperre eller gag (eit instrument som held tunga nede) brukast for å halde munnen open. Mandlane fjernast ("skrellast ut") frå tonsillengene. Sjølve inngrepet tek 15-45 minutt. 

Vi bruker ein såkalla «kald teknikk» utan laser eller andre termiske prosedyrar. Alle studier har vist at det er minst risiko for etterbløding når vi bruker denne teknikken. 


Etter

Til deg som skal reise heim same dag

Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar før du kan reise heim. Ein lege undersøker deg før heimreise. Du må ha med deg følge. Du kan ikkje køyre bil sjølv og kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen. 

Til deg som skal vere inneliggande

Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar før du kan reise heim. Du kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen, og derfor må pasienter som overnatter ved enkelte pasienthotell ha med ein vaksen pårørande. Om dette gjeld deg vil du få beskjed av oss om dette i god tid før innleggjinga. Neste dag skal du ha ein utskrivingssamtale med lege. 

Sjukmelding

Sjukehuset skriv ut sjukmelding. 

Resept

Du vil få resept på smertestillande medisinar. 

Ved blødning etter operasjon

Det er ikkje uvanleg å ha litt blodig slim, men dersom du blør må du ta direkte kontakt med avdelinga. 
Blødning etter fjerning av mandler kan vere alvorleg. Vi ønsker derfor at du tar kontakt om du er i tvil. Du skal ha lav terskel for å ringe 113

Dei første 24 timane etter operasjonen bør du ikkie køyre bil, drikke alkohol eller røyke/snuse. Ei mogeleg bløding etter operasjonen vil du sjå ved blod frå nase eller munn, blodig hoste eller mørk avføring. Ein stadig svelgetendens hos barn kan og tyde på ei eventuell bløding.

For å redusere risiko for blødning etter operasjonen

Trening og aktivitet

Unngå fysisk anstrenging (sport/gym) og tunge løft. Når blodtrykket stig utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren. Etter 14 dagar kan du starte forsiktig og øke treningen gradvis. Det beste er å begynne med uthaldenheitstrening og deretter forsiktig med styrketrening.

Dusj/bad
Unngå varmt vatn i dusj/bad den første veka

Mat og drikke

Unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar (knekkebrød, brødskorper, nøtter) den første veka. 

Generell risiko/komplikasjonar

Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter legens anbefaling. Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår ca. 2 dagar etter operasjonen. Øyresmerten skyldast hevelse rundt nervar som går frå hals og opp til øyrene. Dersom du ligg med hovudet og overkroppen heva kan det redusera ubehaget. Det er viktig at du drikk mykje og ofte for å unngå å få harde skorper i såra. Det kan gi meir smerte. 

Andre følger etter operasjonen kan vere endra smakssans. Hevelse i drøvelen som kan gjer at du brekk deg, gjere det vanskeleg å svelge, gi dårleg ande, tannskader og hud-og bløtvevsskader. Dersom du plagast med svært dårleg ande kan det vere teikn på infeksjon. 

Ta kontakt om du har teikn på infeksjon, bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med væskeinntak. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Helse Førde føretrekk å ha 4-5 timar observering av pasient etter operasjon.

Informasjon om omsorgsplassering i forhold til alder og bustad:

 

 

Ver merksam

Det er ikkje uvanleg å ha litt blodig slim, men dersom du blør må du ta direkte kontakt med sjukehus eller ambulanse på tlf.113. 
Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg. Kontakt oss om du er i tvil. Du skal ha lav terskel for å ringe 113. 


Kontakt

Førde sentralsjukehus ØNH/kjeve avdeling

Kontakt ØNH/kjeve avdeling

Oppmøtestad

Førde sentalsjukehus, 1. etasje. ØNH-poliklinikk.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.