Brystvorterekonstruksjon
Før
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Under
Etter
Ver merksam
Bløding og infeksjon er dei hyppigast førekommande komplikasjonane og er som regel ikkje alvorlege ved så små inngrep. Ein kan også oppleve at noko av brystvorta ikkje får nok blodtilførsel, slik at noko av vevet døyr. Du vil då få ei noko mindre brystvorte.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Kirurgisk avdeling
Oppmøtestad
Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde